St.meld. nr. 26 (2008-2009)

Om offentleg rettshjelp— Rett hjelp

Til innhaldsliste

11 Barnefordelingssaker

11.1 Innleiing

Saker som gjeld foreldreansvar for barn, kven barn skal bu fast hos og samværsordningar – såkalla barnefordelingssaker – er opplevde som særleg vanskelege og belastande, både for foreldra og barna. Foreldra har ofte vore gjennom eit samlivsbrot med store kjenslepåkjenningar. I tillegg medfører brotet ofte økonomiske, praktiske og sosiale endringar. Konfliktnivået er gjerne høgt, og utfallet av barnefordelingssaka har stor personleg betydning for dei involverte. Sjølv om sakene i høgste grad angår barnet, har det ikkje formell partsstatus. Også andre enn barnet og foreldra kan bli sterkt involverte, for eksempel besteforeldre og nye partnarar i parforhold. I tråd med velferdsperspektivet i rettshjelpslova er barnefordelingssakene prioriterte saker underlagt behovsprøving.

Barnefordelingssakene utgjer ein betydeleg del av sakene der det offentlege yter rettshjelp, både på rettsråds- og sakførselsstadiet. Sakene er den klart største enkeltsaksgruppa av godkjende søknader om fri sakførsel. Av alle behovsprøvde saker for tingrettane og lagmannsrettane der det vart innvilga fri sakførsel i 2007, var 61 prosent barnefordelingssaker. Dette inneber at ein svært stor del av rettshjelpsmidlane går til denne sakstypen.

Figur 11.1 Talet på fri sakførselssaker fordelt på behovsprøvde sakstypar

Figur 11.1 Talet på fri sakførselssaker fordelt på behovsprøvde sakstypar

Barnefordelingssakene utgjer òg ein betydeleg del av saksmengda ved domstolane. I 2007 kom det inn ca. 2200 barnefordelingssaker til tingrettane. Dette utgjorde om lag 17 prosent av alle innkomne sivile saker (totalt 13 307) ved førsteinstansdomstolane i 2007. Mellom 2002 og 2005 auka talet barnefordelingssaker med over 25 prosent. 1 Mens det totale talet innkomne sivile saker har vore forholdsvis stabilt (i 2002 kom det inn 12 915 sivile saker), har altså talet og delen barnefordelingssaker auka sidan 2002. Mange av barnefordelingssakene er dessutan behandla i domstolen tidlegare, og delen slike saker er blitt større.

Det er òg ein svært stor del rettshjelpsmottakarar blant partar i barnefordelingssaker. Undersøkingar departementet har gjort, viser at i heile 75 prosent av barnefordelingssakene har minst ein av partane fri rettshjelp. 2

Det betydelege omfanget av barnefordelingssaker, både i rettshjelpssamanheng og i forhold til den totale saksmengda ved domstolane, gjer at det er viktig å ha særleg merksemd retta mot desse sakene i ei ny rettshjelpsordning. Sakene påfører det offentlege store utgifter, blant anna gjennom rettshjelpsordninga. Sakene utgjer òg ei stor økonomisk belastning for dei partane som dekkjer gebyr og advokatutgifter sjølve. Viktigast er likevel dei store ikkje-økonomiske kostnadene sakene har, for foreldra og særleg for dei barna det gjeld.

I dette kapitlet er det drøfta tiltak som legg til rette for at saker blir løyste så tidleg som mogleg, på den måten som er mest skånsam for barna. Barnet sitt beste må vere eit viktig utgangspunkt i desse sakene.

11.2 Saksbehandlingsreglane i barnefordelingssaker i domstolane

Etter barnelova § 51 er kravet at foreldre må møte til mekling før dei reiser sak om foreldreansvar, bustad og samvær. Frå 1. januar 2007 vart ordninga endra slik at den obligatoriske delen vart redusert frå tre til ein time, mens den frivillige delen auka. Målet var å gjere ordninga meir fleksibel og kanalisere ressursane inn mot dei sakene der det var behov for/føremålstenleg med ytterlegare mekling. Ved familievernkontora og hos eksterne meklarar vart det i 2007 utført til saman 5458 meklingar etter barnelova § 51 første ledd. I tillegg vart det mekla i 7278 saker etter ekteskapslova § 26. Mekling etter ekteskapslova § 26 er obligatorisk for alle med felles barn under 16 år som ønskjer separasjons- eller skilsmissebevilling. Frå 1. januar 2007 må òg sambuarar med felles barn møte til mekling ved samlivsbrot. I 2007 vart det utført 4492 slike meklingar. 3 Føremålet med mekling i samband med separasjon/skilsmisse og samlivsbrot er at foreldra skal komme fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær.

Saksbehandlingsreglane for behandling av barnefordelingssaker i domstolane vart endra i 2003. Dei nye reglane, som tredde i kraft 1. april 2004, byggjer blant anna på forslaget frå barnefordelingsprosessutvalet i NOU 1998: 17 Barnefordelingssaker. Dei nye reglane har barnet sitt beste som overordna omsyn. Den tidlegare ordninga med fylkesmannsbehandling av barnefordelingssaker er fjerna. Reglane inneber at dommaren på eit tidleg stadium i saka kan late seg assistere av barnefagleg sakkunnige for å medverke til avtaleløysingar (blant anna hjelpe og mekle mellom foreldra i og utanfor saksførebuande møte og rettleie foreldra ved praktisering av avtala i ein prøveperiode). Målet med tilføring av meir barnefagleg kompetanse til domstolane er å få ein betre prosess og meir gjennomarbeidde og robuste avtaler med fokus på barnet sitt beste. 4 Det er òg enklare enn før å setje i gang ei barnefordelingssak utan advokat (forenkla krav til stemning), og det er òg mogleg å få ein dom utan hovudforhandling der dette er forsvarleg.

Enkelte av utgiftene til sakkunnige er dekte av det offentlege. Dette gjeld utgifter til bruk av sakkunnig i samband med saksførebuande møte mv. (barnelova § 61 første ledd nr. 1), til bruk av sakkunnig i samband med samtaler med barnet (§ 61 første ledd nr. 4) og til bruk av sakkunnig som rettleiar for partane under utprøving av ei avtale dei i mellom (§ 61 første ledd nr. 7). Vidare gjeld det kostnader til mekling etter § 61 første ledd nr. 2 og kostnadene til oppnemning av advokat for barnet i særlege tilfelle etter § 61 første ledd nr. 5.

Utgiftene til sakkunnige etter barnelova § 61 første ledd nr. 3 (utgreiing) blir dekte av partane sjølve, eventuelt av det offentlege dersom ein eller begge har fri sakførsel.

11.3 Evaluering av saksbehandlingsreglane

Dei nye saksbehandlingsreglane vart i 2008 evaluerte av psykolog Katrin Koch på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet. Gjennom evalueringa ønskte ein å få belyst om «reglene har virket etter intensjonene, og om de har hatt utilsiktede konsekvenser». Hovudspørsmålet var om barna sitt beste blir betre teke vare på gjennom dei nye reglane. Evalueringsresultata er offentleggjort i rapporten «Evaluering av saksbehandlingsreglene for domstolene i barneloven – saker om foreldreansvar, fast bosted og samvær» frå 2008 (heretter Koch-rapporten).

Evalueringa viser at foreldra er meir nøgde med prosessen enn tidlegare. Vidare er opplevinga foreldra har av å ha fått hjelp til å finne ei løysing av respektive dommar, advokat og sakkunnig tydeleg betre i 2005 enn i 2002. Rettsaktørane er i hovudsak nøgde med reglane og kvarandre si ivaretaking av roller, men framhever òg fagetiske dilemma.

Når det gjeld konfliktutvikling i ettertid, er det ei viss positiv forskyving etter regelverksendringane ved at noko fleire foreldre rapporterer om uendra konfliktnivå og færre vurderer konfliktnivået som forverra. Funna frå evalueringa tyder likevel ikkje på at rettsforlika har blitt meir varige eller robuste.

Av rapporten går det vidare fram at talet barnefordelingssaker auka med 50 prosent i femårsperioden 2001-2006 hos 32 undersøkte tingrettar. Den største auken – 25 prosent – skjedde mellom 2002 og 2005, og det går fram av rapporten punkt 1 jf. punkt 3.2 at dette mest sannsynleg har samanheng med innføringa av dei nye saksbehandlingsreglane. Resten av auken (dei andre 25 prosent, jamt fordelte med ca. fem prosent kvart år) er blant anna forklart med ein auke i talet på skilsmisser og sambuarbrot der barn har vore involverte, og med auka engasjement og deltaking frå menn si side i livet til eigne barn.

Særleg om saker som har vore behandla tidlegare

Det går òg fram av rapporten at det i perioden 2002-2005 har vore ein auke i delen saker som har vore behandla i domstolsapparatet tidlegare. Mens ein firedel av foreldra i 2002 svarte at saka hadde vore behandla tidlegare, var tilsvarande for 2005 ein tredel. Vidare går det fram at 18 prosent av barnefordelingssakene som vart behandla i utvalte domstolar i 2005 var blitt behandla på nytt seinare, og at halvparten av desse var blitt behandla både før og etter 2005, det vil seie at dei hadde vore gjennom rettsapparatet minst tre gonger.

I ein delrapport til Koch-rapporten, «Kjennetegn ved sakene som behandles flere ganger av domstolen – gjengangerne» levert til Barne- og likestillingsdepartementet 20. september 2008, framhever Koch særleg følgjande kjenneteikn ved desse sakene:

  • Det er ein overrepresentasjon av tilfelle med bekymring knytt til samværs- og omsorgssituasjon der òg barnevernstenesta eller andre delar av hjelpeapparatet er involvert.

  • Saksøkjar har oftare fri rettshjelp enn i andre saker.

  • Det blir brukt fleire rettsmøte før eventuelt forlik blir inngått, og fleire saker går vidare til hovudforhandling.

  • Det blir avsagt dom i fleire av sakene.

  • Det blir brukt meir enn eitt år på sakene i 39 prosent av tilfella, mot ti prosent i andre saker.

  • Færre foreldre rapporterer at barna har fått det betre etter rettssaka.

I delrapporten er det teke atterhald om at grunnlagsmaterialet som undersøkinga byggjer på er forholdsvis lite.

11.4 Tiltak og verkemiddel

11.4.1 Innleiing

Den eine eller begge partane mottek fri rettshjelp i 75 prosent av alle barnefordelingssaker i domstolane. Sakstypen utgjer den største enkeltsaksgruppa av innvilga søknader om fri sakførsel. Departementet meiner det er mykje som kan tyde på at dei gjeldande rettshjelpsreglane, som gir partane offentleg betalt sakførsel, saman med saksbehandlingsreglane i barnelova, verkar prosessdrivande i den forstand at fleire saker enn før blir bringa inn for domstolane.

Det er etter departementet sitt syn naturleg å spørje om terskelen for å be om rettsleg behandling av ein barnefordelingskonflikt kan ha blitt for låg, og om dette er rett bruk av rettshjelps- og domstolsressursane, ikkje minst i lys av dei belastningane dette påfører partane og barna. Domstolane er ikkje nødvendigvis den rette arenaen for mange av barnefordelingssakene som i dag blir behandla der. Av omsyn til barna vil det oftast vere betre å få løyst konflikten før den hamnar i rettsapparatet. Sjølv om også prosessen i domstolane er meklings- og forliksorientert, er det etter departementet sitt syn liten tvil om at ein konflikt mellom foreldre ofte vil bli forsterka i det stemning blir teken ut.

Gjennom utforminga av rettshjelpsreglane og saksbehandlingsreglane etter barnelova, kan partane og advokatane stimulerast til å løyse konflikten før den kjem så langt som til domstolsbehandling. Viktig er òg verkemiddel som kan betre praktiseringa av regelverket, under dette informasjon til foreldra om høva til utanrettsleg løysing av tvisten og fordelane ved dette. Ikkje minst er god og tidleg informasjon og rettleiing om regelverk, rettar og aktuelle hjelpetilbod viktig når det gjeld partar med innvandrarbakgrunn. Særleg gjeld dette når partane er sjølvprosederande. Sjå meir om informasjon under 11.4.3.2.

Enkelte barnefordelingssaker er så vidt kompliserte – for eksempel på grunn av forhold ved partane (vald, overgrep, dårleg foreldrefungering, psykisk helse eller rusrelaterte problemstillingar) – at domstolsbehandling, og ofte hovudforhandling og dom, er det einaste rette. Det er derfor viktig å syte for at det er lagt til rette for at desse sakene raskt kjem til domstolane og ikkje må gjennom meklingsrundar eller andre tiltak som likevel ikkje vil føre fram, og som i verste fall kan forverre situasjonen, ikkje minst for barna. Også andre saker som må sjåast på som særleg krevjande kan vere best eigna for domstolsbehandling.

Som det går fram av 11.3 ovanfor har mange barnefordelingssaker vore behandla i domstolen både ein og fleire gonger tidlegare. I desse sakene vil det vere særleg viktig med tidlegast mogleg identifisering av saka sin karakter og rett verkemiddelbruk. Departementet trur at det i dei tyngste sakene, under dette saker med bekymring knytt til omsorgsituasjonen for barnet, som hovudregel vil vere føremålstenleg at saka går raskt til hovudforhandling med tradisjonell sakkunnig utgreiing. For andre saker vil likevel ein ny runde i rettsapparatet ofte ikkje vere til beste for barnet. Det er heller ikkje gitt at det er rimeleg at det offentlege skal betale for at partane endå ein gong skal bringe saka inn for rettsapparatet, for at dei skal få gjennomført – ofte små – endringar i den eksisterande ordninga. Departementet meiner derfor det er viktig at det blir sett i verk tiltak som vil avgrense talet på unødig gjentekne saksanlegg i barnefordelingssaker.

11.4.2 Verkemiddel som gjeld rettshjelpsordninga generelt

Departementet meiner at førstelinjetenesta, der foreldre vil kunne få inntil ein times gratis rådgiving og rettleiing om eller tilvising til aktuelle hjelpetiltak eller rådgivings- eller konfliktløysingstilbod, vil kunne gjera hjelpa meir målretta og betre koordinert i ein del barnefordelingssaker. Dette gjeld for eksempel der partane har vore hos familierådgivar og den eine eller begge føler behov for synspunkt frå ein advokat. Hjelp og rådgiving frå førstelinjetenesta i ein slik fase, under dette tilråding om (ytterlegare) bruk av utanrettslege meklingsordningar, vil kunne medverke til tidleg løysing og hindre framtidige saksanlegg.

Departementet meiner vidare at eigendelordninga som er omtalt i kapittel 8, vil føre til auka kostnadsmedvit hos rettshjelpsmottakarane i barnefordelingssakene. Dette gjer at partane vil ha interesse i å avgrense omfanget av saka, og bli motiverte til å løyse konflikten på eit tidleg tidspunkt – gjerne før den kjem til domstolen. Ei eventuell innføring av høgare inntektsgrenser og eit gradert eigendelsystem vil føre til at fleire blir omfatta av regelverket, samtidig som ein gjennomsnittleg må betale noko meir sjølv. Ordninga vil medføre at terskelen for å bringe ei barnefordelingssak inn for domstolen blir lågare for enkelte saker der domstolsbehandling er nødvendig – ved at dei partane som tidlegare ikkje fall inn under rettshjelpsordninga, no vil få dekt delar av utgiftene. Samtidig vil ordninga motverke at barnefordelingssaker blir bringa inn for domstolane dersom dei kan løysast raskare og minst like godt utanfor domstolane.

Departementet ser likevel at gradert eigendelsbetaling i enkelte særskilt tunge eller konfliktfylte saker kan føre til eit uheldig økonomisk betinga tidspress. Departementet meiner derfor at det bør vurderast eit snevert høve til å avgrense eigendelsbetalinga i saker der barnets beste tilseier det.

I gjeldande rettshjelpsordning er ein anten «innanfor» og får dekt praktisk talt alt av eigne kostnader, eller ein er «utanfor» og får ikkje dekt noko. Ei særleg utfordring i barnefordelingssakene – som er påpeikt både av partar, advokatar og offentlege styresmakter – er den ubalansen som oppstår når berre den eine parten har offentleg betalt rettshjelp og derfor har liten økonomisk interesse i å avgrense omfanget av saka. 5 Problemet er særleg påtakeleg ved gjentekne saksanlegg. Motparten kan ha avgrensa økonomiske ressursar sjølv om vedkommande ikkje tilfredsstiller dei økonomiske krava for offentleg betalt rettshjelp.

Stortinget bad i Innst. O. nr. 43 (2004-2005) regjeringa om å endre rettshjelpsregelverket slik at det blir innvilga fri sakførsel til begge partar i barnefordelingssaker dersom den eine parten er tilstått fri sakførsel og inntekta til den andre parten ikkje overstig inntektsgrensa med 100 000 kroner. Den dåverande regjeringa utsette iverksetjinga av vedtaket av budsjettmessige omsyn. Etter at regjeringa Stoltenberg II i 2005 bestemte å gjennomgå heile rettshjelpsordninga fann ein det føremålstenleg å utsetje iverksetjinga til gjennomgangen var gjennomført. I meldinga her er omtalt tiltak som etter regjeringa sitt syn vil betre balansen mellom partane og som tek vare på omsyna bak oppmodinga frå Stortinget.

Innføring av ei ordning med graderte eigendelar der òg dei med høgare inntekt enn gjeldande inntektsgrense vil få dekt noko rettshjelp, vil redusere den ubalansen som i dag kan oppstå mellom partar i barnefordelingssakene. I eit system med graderte eigendelar vil det i større grad vere slik at begge partar får dekt noko, og den økonomiske skilnaden mellom partane blir redusert.

Som det går fram av 8.2.6 vil departementet vurdere om gjeldande identifikasjonsregel bør justerast. Etter regelen i dag må par med felles økonomi ha ei samla inntekt under 369 000 kroner om ein av dei skal kunne få fri rettshjelp. Regelen er kritisert for å vere for streng, blant anna fordi den legg til grunn ein forholdsvis stor økonomisk fordel knytt til det å vere to vaksne i same hushald. Ei endring av regelen slik at fleire som lever i parforhold får rettshjelp, vil vere ytterlegare eit tiltak som vil medverke til å betre den økonomiske balansen mellom partane i mange barnefordelingssaker. Ein vil òg redusere ulempene ved at ein blir økonomisk identifisert med den nye partnaren sin i ei sak mot tidlegare partnar om fordeling av eigne særkullsbarn. Også eit frådrag for forsyting av barn, jf. 8.3.2, vil kunne medverke i same retninga.

Departementet drøfter i kapittel 10 ei generell styrking av høvet til å avslå søknader om rettshjelp basert på ei konkret heilskapsvurdering av om det er rimeleg og nødvendig at det offentlege betaler for juridisk hjelp i saka. Ei slik vurdering av det rimelege og nødvendige, som er tilrådd å gjelde på rettsrådsstadiet òg, vil motverke vidløftiggjering av barnefordelingssaker og hindre at saker blir fremja i sjikanehensikt. I søknader om hjelp til sakførsel i barnefordelingssaker bør det etter departementet sitt syn blant anna leggjast særleg vekt på om søkjaren, i saker som er eigna for det, har vist vilje til å løyse saka ved mekling, forlik eller alternative rådgivings- og konfliktløysingstilbod. Vidare bør det tale i mot å innvilge rettshjelp dersom saka har vore behandla tidlegare og eit nytt søksmål kan verke som unødvendig vidløftiggjering av saka, eller søksmålet objektivt sett berre vil medføre marginale endringar i den gjeldande ordninga mellom partane.

Kompetansen til å innvilge rettshjelp på sakførselsstadiet, under dette kompetansen til å vurdere om det er rimeleg og nødvendig at det offentlege betaler rettshjelp, skal i medhald av drøftinga i kapittel 7 vurderast samla hos fylkesmennene, eventuelt hos utvalte fylkesmannsembete. Samling av erfaring og kompetanse hos fylkesmennene vil fremje einskapleg behandling av søknader om rettshjelp og medverke til ei meir einsarta og føreseieleg praktisering av reglane for å innvilge rettshjelp i barnefordelingssaker.

Ei ordning der advokatar som ønskjer å ta på seg rettshjelpssaker må søkje om godkjenning eller oppnemnast til vervet som «fast rettshjelpstilbydar», vil sikre at barnefordelingssakene blir behandla av advokatar som er godt eigna til denne typen oppdrag. Advokatane vil ha kompetanse og erfaring som gjer at dei raskt vil kunne identifisere karakteren av sakene og kanalisere dei over i rett behandlingsform. Ein må kunne føresetje at rettshjelpsadvokatane er godt kjende med hjelpeapparatet og høva til alternativ tvisteløysing. Dette vil ha betydning for å få til ei tidleg løysing og færre saksanlegg i desse sakene.

11.4.3 Verkemiddel for barnefordelingssaker spesielt

11.4.3.1 Verkemiddel utanfor rettargang

Dei fleste barnefordelingssakene som blir bringa inn for domstolane, blir løyste ved forlik. Domstolane er ein dyr tvisteløysingsarena. Fordelane for partane og barnet ved å få løyst omsorgsspørsmåla på eit tidlegare stadium, der saka er eigna for det, er truleg store. For å ta vare på omsynet til barnet sitt beste, må ein etter departementet sitt syn søkje å utnytte høva til mekling utanfor domstolane betre, med sikte på utanrettsleg semje mellom partane.

Mekling ved familievernkontora/hos ekstern meklar

Det er i dag obligatorisk med ein time mekling i barnefordelingssaker før saksanlegg, barnelova § 51, jf. § 54. Foreldra kan få til saman sju timar mekling gjennom familievernkontoret eller eksterne meklarar. I ein del av sakene skjer inga reell mekling, idet det berre er den eine parten som møter. I 2007 møtte den eine av foreldra åleine i knapt 30 prosent av meklingane. I saker etter barnelova før saksanlegg varer 53 prosent av meklingane i ein time, 42 prosent i to til fire timar, mens fem prosent varer i fem timar eller meir. 6

At ein ikkje har møtt til mekling bør vere eit moment som talar mot å innvilge søknad om rettshjelp. Ein viser til vurderinga av kva som er nødvendig og rimeleg i kapittel 10 og 11.4.2 ovanfor.

Barne- og likestillingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familieetaten arbeider med tiltak som skal gjere det meir attraktivt for foreldra å nytte meklingsapparatet i regi av familievernkontora for å komme fram til avtaleløysingar. Det er teke sikte på å setje i verk tiltak som kan auke frammøteprosenten til mekling, og å setje i gang eit prosjekt for å prøve ut ulike metodar for innretting av den første obligatoriske timen med sikte på å få fleire foreldre til å møte til mekling i meir enn ein time.

God kompetanse hos meklarane er viktig for legitimiteten til ordninga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg overteke det heilskaplege ansvaret for opplæring av meklarane, noko som vil vere ein styrke når det gjeld god og einsarta kompetanseheving. Resultata av det pågåande prosjektet «Metodeutvikling i saker med høyt konfliktnivå», som blir ferdigstilt i 2009, vil òg vere viktige for framtidig kompetanseutvikling hos meklarane.

Advokaten sitt ansvar

Av barnelova § 49 går det fram at advokatar som har saker etter barnelova bør vurdere om det er mogleg for partane å komme fram til ei avtaleløysing, og at advokatane skal opplyse foreldra om høva til mekling. Det er etter departementet sitt syn viktig at advokatane er særleg merksame på plikta si etter § 49, slik at klientane blir gjort kjent med den hjelpa dei kan få av meklingsapparatet og høva til avtaleløysing før det blir teke ut stemning.

Advokatmekling

Departementet meiner det i større utstrekning enn i dag bør stimulerast til bruk av advokatmekling, for eksempel i dei tilfella der meklinga ved familievernkontora ikkje fører fram. Det bør etablerast ordningar som gjer det enklare enn i dag å få dekt utgifter til advokatmekling, under dette utgifter til meklar og eventuelt også til sakkunnig som deltek under meklinga. Tilgang til sakkunne utanfor domstolane vil kunne verke prosessdempande.

11.4.3.2 Verkemiddel i eller i samband med rettargang

Saksbehandlingsreglane i barnelova og tvistelova gir etter departementet sitt syn gode rammer for behandlinga av barnefordelingssaker for domstolane, men inneber nye og krevjande roller for dommarane, dei sakkunnige og advokatane. Det er viktig med god kompetanse og kunnskap rundt rolleutøvinga for å oppnå gode og robuste forlik eller avgjerder til barnet sitt beste.

For å førebyggje unødig gjentekne saksanlegg og sikre best mogleg behandling av saker som blir reiste på nytt, er det viktig at foreldra før og under domstolsbehandling får informasjon om høva til å få hjelp frå hjelpeapparatet elles, under dette frå familievernkontor (hjelp til foreldresamarbeid og terapi), barnevern, psykisk helsevern og NAV. Dette vil kunne medverke til at foreldre får meir heilskapleg hjelp der det er behov for det, og sikre at foreldra har kjennskap til alternativa til å reise sak for retten dersom dei blir usamde på eit seinare tidspunkt.

Departementet meiner det i større grad bør gjerast synleg at ein part i ei barnefordelingssak må betale sakskostnadene til motparten etter reglane i tvistelova der det er grunnlag for det, sjølv om vedkommande er innvilga rettshjelp. Dette vil kunne verke preventivt på gjentekne, unødige saksanlegg, og hindre vidløftiggjering av saker.

Barne- og likestillingsdepartementet har i samband med dei nye saksbehandlingsreglane utgitt ein rettleiar (Q-15/2004) som tek opp sentrale tema knytte til verkemiddelbruk, rolleforståing og fagetikk. Vidare gav Barne- og likestillingsdepartementet våren 2008 ut informasjonsheftet «Barnefordelingssaker der det er påstander om vold. Psykologfaglig informasjon til dommere, advokater og sakkyndige» (Q-1144B). Heftet handlar om utfordringar ved domstolsbehandlinga av desse sakene.

Barne- og likestillingsdepartementet har i januar 2009 sendt eit brev til dommarar, advokatar og sakkunnige om saksbehandlinga av barnefordelingssaker der det er peikt på viktige utfordringar og gitt tilrådingar om saksbehandlinga. Domstolane blir oppmoda til å nytte høvet til å vise saka tilbake til familievernkontora for ytterlegare mekling, jf. barnelova § 61 første ledd nr. 2, i enklare saker der føregåande mekling i regi av familievernkontora ikkje har vore tilstrekkeleg utprøvd. Dette høvet blir i dag utnytta berre i svært lita grad. I 2007 vart berre 24 av omlag 2200 barnefordelingssaker sende frå domstolane og tilbake til utanrettsleg mekling. 7 Retur av saka til mekling kan for eksempel vere aktuelt i tilfelle av manglande oppmøte frå den eine forelderen eller der foreldra berre har møtt til den første obligatoriske timen. Bruk av dette verkemiddelet kan òg vere eigna dersom meklaren ved aktuelt familievernkontor/ekstern meklar har spesialkompetanse innanfor dei problemstillingane som saka reiser.

Fotnotar

1.

2007-talet er utrekna av departementet ut frå overslag i rapporten «Evaluering av saksbehandlingsreglene for domstolene i barneloven – saker om foreldreansvar, fast bosted og samvær» av psykolog Katrin Koch. I punkt 3.2 er anslått at det innkom ca. 2000 saker i 2005 med ein auke deretter på fem prosent pr. år. Auken mellom 2002-2005 var på 25 prosent i tillegg til fem prosent pr. år.

2.

Tingrettane foretok utbetalingar over rettshjelpsbudsjettet i 75 prosent av dei sakene som kom inn i første kvartal 2007, og som ifølgje opplysningar i Lovisas database gjaldt barnefordeling.

3.

Statistisk sentralbyrå.

4.

Ot.prp. nr. 29 (2002-2003) punkt 1.

5.

Sjå blant anna Koch-rapporten punkt 7.1.

6.

Statistisk sentralbyrå.

7.

Statistisk sentralbyrå.

Til forsida