St.meld. nr. 40 (2001-2002)

Om barne- og ungdomsvernet

Til innholdsfortegnelse

2 Verdiar og hovudfokus i meldinga

2.1 Innleiing

I den politiske plattforma for samarbeidsregjeringa (Semerklæringa) heiter det om barnevernet:

«Samarbeidsregjeringa vil satse sterkare på førebyggjande barnevern. I første rekkje må foreldra og miljøet omkring få hjelp til å løyse oppgåvene. Først når dette i stor nok grad er utprøvd, må det bli aktuelt å skilje barn frå foreldra.»

Når ein tek dette som utgangspunkt, er det fordi det her ligg under at det er foreldra som har hovudansvaret for barna sine. Foreldra er normalt den viktigaste ressursen barna har. Barn har godt av foreldre. Der foreldra sviktar eller kjem til kort, har både barn og foreldre rett til hjelp. Likeverdet har inga gradering i alder eller livssituasjon.

Barnevernet skal hjelpe vanskelegstilte barn og familiar til å meistre liva sine best mogleg. Først og fremst skal familiane få hjelp til å leve og bu saman. Når det ikkje lèt seg gjere, har barnevernet eit lovpålagt ansvar for å skaffe barn og unge omsorgstilbod utanfor heimen. Alle barn og unge skal få rett hjelp når dei treng det, dei skal ikkje måtte vente på å få dekt primærbehov som bustad, mat, tryggleik og positive utviklingsvilkår.

Barnevernet må ofte vege for og imot og velje mellom ulike normer og verdiar. Det er ikkje mogleg å ta heilt objektive avgjerder i barnevernsaker. Barnevernet må bruke skjønn, basert på rettar, lovreglar og barnefagleg kompetanse, her medrekna kunnskap om kva som generelt er til beste for barnet. Samstundes er det det enkelte barnet og familien og nettverket omkring det som skal stå i fokus. Dette gjev barnevernet ei utfordrande rolle.

I eit moderne barnevern må rettane til barnet og dei reint faglege vurderingane alltid vege tyngst. Personleg klokskap og etisk kompetanse er også svært viktig. I dei enkelte prosessane må barnevernet streve etter både faglege og verdiforankra vurderingar og evna til å lytte og forstå dei som er involverte i saka. Det er eit viktig korrektiv å sjå foreldre og barn som medspelarar i vurderingsarbeidet. Men barnevernet vil miste sin legitimitet dersom det ikkje bruker sin kompetanse som profesjonelle på grunn av den kritikken som kan reisast mot all bruk av skjønn. Svaret frå barnevernet på kritikken bør heller vere å utvikle betre kunnskap og å utøve dei profesjonelle rollene sine betre, og kanskje framfor alt å vere meir audmjuke i staden for skråsikre i arbeidet sitt.

Korleis brukarane og folk flest oppfattar barnevernet, vil alltid vere avhengig av om dei som arbeider innanfor barnevernet, er opne og er tydelege i dei vurderingane dei gjer. Den tolkinga av normer som barnevernet står for og kompetansen, klokskapen og samarbeidsevna deira får konsekvensar for den tilliten og legitimiteten barnevernet blir møtt med.

Det ukrenkjelege menneskeverdet og likeverdsprinsippet er retningsgjevande for regjeringa sin politikk. Dette vil seie at enkeltmennesket skal vere i sentrum, og at alle er like mykje verdt. Derfor har alle rett til den same tryggleiken uavhengig av alder og livssituasjon.

Tryggleik for den enkelte er ein grunnverdi i alle former for sosialteneste. Tryggleik for det enkelte barnet er nært knytt til spørsmålet om den evna foreldra har til å ta ansvar. I utgangspunktet tek ein det for sjølvsagt at foreldra vernar barna sine og er i stand til å ta vare på dei behova barnet har. Det beste for familien vil i dei fleste tilfelle også vere det beste for barnet. Men erkjenninga av at så ikkje alltid er tilfelle, er også ein del av fundamentet for barnevernet. Når samfunnet oppfattar at foreldra, som har hovudansvaret, sviktar sitt ansvar overfor barna, grip samfunnet ved barnevernet inn. På den eine sida skal barnevernet verne om rettane til barnet som samfunnsborgar, på den andre sida skal barnevernet stø opp om barnet og foreldra.

Det har skjedd store endringar i samfunnet sitt syn på barn. I dag er det ein sjølvsagd ting at barn og unge skal informerast og høyrast i saker som vedkjem dei. Samstundes har førebyggingsperspektivet kome i fokus på ein mykje meir gjennomgripande måte enn tidlegare. Men framleis er fokuseringa på vern og tryggleik svært viktig for alt som har med barn og oppvekst å gjere. Barn og ungdom er sårbare og treng skjerming mot forhold som har negative konsekvensar. Vi treng ansvarsnormer, og det er foreldra og andre vaksne som forvaltar desse verdiane på vegner av barna. Ei viktig side ved den personlege integriteten ligg i retten den enkelte har til å få verna om sin sjølvrespekt og få utvikla tiltru til eigne evner og framtidsutsikter. Dette forholdet må ein sjå på som ei utfordring også for barnevernet.

2.2 Familien og nærmiljøet

Familien utgjer eit fundament i samfunnet. Ein av dei primære verdifunksjonane familien har, er omsorg og oppseding av barn. Karakteristisk nok slår FN-konvensjonen om barnerettane fast alt i innleiinga at familien er den grunnleggjande eininga i samfunnet og det naturlege miljøet for vekst og velvære for barna. Det blir peikt på at barn bør vekse opp i eit familiemiljø, i ein atmosfære av glede, kjærleik og forståing. Dette vil gje dei beste føresetnadene for ei fullstendig og harmonisk utvikling. Den retten barna har til å ta vare på sin identitet, her medrekna slikt som nasjonalitet, namn og familieforhold, står også sentralt i konvensjonen. Den verdien foreldra har for barnet, er vanskeleg å erstatte. Derfor er det ei overordna oppgåve for barnevernet å gjere sitt til at foreldre får så gode vilkår som mogleg for å ta vare på barna sine. I dei fleste tilfelle treng det ikkje oppstå noko motsetningsforhold mellom ei slik tilrettelegging og barnevernet si oppgåve med å setje inn nødvendige tiltak for å skjerme barn mot skadelege familieforhold.

Familiefokuset er ein viktig premiss i verksemda til barnevernet. Her kan ein også vise til den europeiske menneskerettskonvensjonen der Noreg har plikta seg til å respektere familien sin integritet. Det blir understreka i artikkel 8 at kvar og ein har rett til respekt for sitt privatliv, sitt familieliv og heimen sin. Med direkte relevans for barnevernet kan ein også vise til rettsavgjerder der Høgsterett har framheva kor viktig det biologiske prinsippet er. Dette inneber at barn først og fremst skal vekse opp hos dei biologiske foreldra, og at dette i seg sjølv representerer ein stor eigenverdi for barnet.

I dette ligg også at barnevernet må sitje inne med den nødvendige profesjonelle toleransen for ulikskap når det gjeld verdiar og kulturbakgrunn, så lenge desse ulikskapane ikkje bryt med dei grunnleggjande verdiane bak velferdssamfunnet og hjelpetenestene. Her må ein likevel peike på at den grunnfesta ideen om at menneske har rett til sjølve å bestemme over sitt privatliv, inklusive korleis dei vil oppfostre barna sine, ikkje gjeld utan vidare i alle samanhengar. Dei avgrensingane som her gjeld, har i første rekkje samanheng med den verdien at barn har ein sjølvstendig rett til eit utviklingsfremjande oppvekstmiljø. Kvart enkelt barn representerer ein ukrenkjeleg verdi, og det behovet barnet har for vern og vekstvilkår, er overordna alle andre omsyn, som til dømes verdien om «foreldra sin rett til å oppsede barna sine som dei vil». Men også dette reiser ei rekkje kompliserte spørsmål, mellom anna på bakgrunn av at det ikkje eksisterer eintydige normer om kva som best tener utviklinga hos barnet. Like fullt er det grunnlag for, som det mellom anna går fram av det tverrdepartementale «Foreldrerettleiingsprogrammet», å tilrå nokre generelle prinsipp. Samstundes er det også mogleg å peike på forhold som ein kan vente vil ha skadelege verknader. I gråsona mellom desse to ytterpunkta vil det både vere behov for fagleg skjønn og menneskeleg dømmekraft, og det er barnevernet og samarbeidspartnarane deira som i første rekkje må vise slike eigenskapar.

Mange av dei vesentlege verdiane som knyter seg til oppvekst i vårt samfunn, har forankring til familien som institusjon. Å vere foreldre inneber å forvalte verdiar som kjærleik, omsorg, vern og læring med «barnets beste» for auge. Men familien representerer langt frå nokon garanti for ein trygg base. Det same kan ein seie om nærmiljøet. Foreldre i arbeid, barn i barnehage, skolar og organiserte fritidsaktivitetar fører til at heimane er lukka, og at lokalsamfunna nærmast er tømde for menneske på dagtid. Dei uformelle tryggleiks- og kontrollfaktorane som kjende menneske i nabolaget kunne verke med til, er svekte. For nokre kjem også problem som heng saman med dei vanskane foreldra har med å meistre sin eigen livssituasjon.

Raske kulturelle endringar kan føre til at foreldre kjenner seg framande og i verste fall makteslause overfor dei påverknadene som barna deira blir utsette for. Rolla som førebilete, oppsedar og rettleiar kan opplevast vanskeleg. Dette blir tydeleg i ein moderne databasert og kommersiell kultur der barn og unge orienterer seg raskare enn foreldra. I innvandrarfamiliar vil barna ofte vere på veg inn i ein ny kultur, medan foreldra meir eller mindre blir verande i den gamle.

Når barnevernet grip inn, blir søkjelyset retta mot foreldra. På den eine sida kan ein sjå på det som rimeleg i og med at foreldra har eit ansvar for å verne barna sine. På den andre sida er det mange andre faktorar som kan truge tryggleiken hos barnet, og dei er ofte lite kommuniserte. Sosiale og strukturelle tilhøve påverkar oppveksten til barnet. Dei ulike oppvekstarenaene som barnet er knytt til, ikkje berre heimen, men også skolen og fritidsarenaene, har stor innverknad.

Trass i ei viss utarming av nærmiljøa har det utan tvil skjedd ei prinsipiell oppgradering av det oppvekstansvaret som lokalsamfunnet har. Befringutvalet peiker på at dette viser seg tydeleg til dømes i skolepolitikken, der integreringstankegangen har vore sentral sidan 1970-talet. Denne tankegangen hevdar utvalet la grunnlaget for den seinare nedlegginga av statlege spesialskolar for barn og unge med åtferdsvanskar. Prinsippet om integrering gjev uttrykk for ein verdi om å tilhøyre det sosiale fellesskapet som lokalmiljøet og den lokale skolen representerer.

Regjeringa meiner det skal sterke grunnar til for at barn og unge skal skiljast ut eller ekskluderast frå det sosiale fellesskapet på heimstaden. Det vi kan kalle nærleiksprinsippet, bør vere grunnleggjande for alle oppvekstinstansar. Av og til er det likevel nødvendig å verne barna frå deira eigne nære omgjevnader.

Ein god oppvekstpolitikk må først og fremst byggje på at foreldre og familie tek på seg sitt ansvar som stabile omsorgspersonar. Ein politikk for å styrkje familien sin situasjon må innebere å hjelpe utsette familiar til å halde saman. Det vil også gjere samfunnet betre å leve i for barn og unge som treng hjelp og særleg oppfølging.

2.3 Det biologiske prinsippet

Sjølv om barn aldri berre er foreldra sine barn, dei er også samfunnet sine barn og nasjonen si framtid, er like fullt ein av dei berande grunnverdiane forankra til det såkalla biologiske prinsippet. Gjennom at foreldre får barn, blir etterslekta sikra. Dette biologiske faktumet er akseptert som eit grunnlag for den rettslege reguleringa av forholdet mellom foreldre og barn. Retten til å stifte familie, med alt det dette inneber, er ein av dei universelle menneskerettane. Ein kan også vise til at FN-konvensjonen om barnerettane sikrar barnet rett til å kjenne sitt biologiske opphav, til å få omsorg frå dei og til ikkje vilkårleg å bli skilt frå foreldra. Denne regelen opnar likevel samstundes for at barna kan skiljast frå foreldra dersom omsorga ikkje er forsvarleg.

Det biologiske prinsippet har kome klart til uttrykk i forarbeida både til barnelova og barnevernlova sjølv om vi ikkje finn det uttalt i teksten. Ein kan sjå det som ein del av samfunnsordninga vår at foreldre oppsedar sine eigne barn. Tilknyting til dei biologiske foreldra er i seg sjølv ein ressurs for barnet. Gjennom at foreldra tek ansvar for oppveksten til barnet, får dei høve for å føre vidare sine eigne verdiar til barnet. Denne oppfatninga ligg også til grunn for § 32 i barnelova som regulerer det ansvaret foreldra har for at barna får utdanning. Det at barn og foreldre har høve til å innrette seg i samsvar med eigne prioriteringar, blir av mange sett på som ein garanti mot einsretting og gjev ein pluralisme som er ein rikdom for samfunnet.

Korleis vektlegg så barnevernet det biologiske bandet mellom barn og foreldre? Utgangspunktet er klart: Det primære er at barnet skal vekse opp hos dei biologiske foreldra. Denne tilknytinga blir sett som verdifull i seg sjølv. Sjølv om dette er utgangspunktet, kan det vektleggjast ulikt. Kva skal til for at det skal vere legitimt, juridisk og moralsk, at barnevernet svekkjer eller bryt bandet mellom barnet og dei biologiske foreldra? Å flytte frå sin biologiske familie blir sett på som eit traume for barn. Temaet der barnevernet vurderer å flytte barnet frå heimen, er knytt til korleis ein skal vektleggje ei slik belastning i forhold til å utsetje barnet for vidare omsorgssvikt og overgrep i heimen. Forskings- og teorigrunnlaget for barnevernet gjev ikkje eintydige svar på kva som er god nok omsorg. Det finst ingen enkle kriterium til bruk i enkeltsaker når ein skal ta stilling til kor mykje som skal stå på spel for barnet før det er akseptabelt å svekkje eller bryte banda til biologiske foreldre. Det synest likevel å ha vore ein tendens på 90-talet at ein har auka vektlegginga av dei biologiske relasjonane i psykologiske og juridiske vurderingar omkring omsorgssituasjonen til barn.

Ein verdi som er særleg viktig for mange av dei nye minoritetskulturane våre, er knytt til storfamilien. Befringutvalet peiker på at barnevernet generelt har vore skeptisk til fosterheimsplassering hos slektningar. Undersøkingar tyder likevel på at det ofte er ubrukte ressursar i barnet sin eigen familie, samstundes som sosialarbeidarane ofte lèt vere å leite etter desse ressursane. Barne- og familiedepartementet meiner det kan vere behov for å revurdere ein slik praksis. Samstundes ser det ut til at barnevernet har endra syn på kor viktig foreldra er for barn under omsorg. Tidlegare var det ei oppfatning at det kunne vere bra for barn som var i ein vanskeleg situasjon, at kontakten med foreldra blei broten. I den seinare tid synest det å vere ei veksande erkjenning av at foreldra er viktige også når dei ikkje er gode nok foreldre til å ha omsorg for barna.

Identitetskjensle er grunnleggjande for barn, og biologisk tilknyting er vanskeleg å erstatte. Til og med menneske som har hatt ein god oppvekst i andre heimar enn hos sine biologiske foreldre, til dømes unge vaksne som blei adopterte som barn, viser til dels sterk interesse for å finne «røtene» sine. Somme gonger assosierer likevel barn den biologiske tilknytinga til foreldra hovudsakleg med noko negativt. Då må barnevernet av omsyn til det beste for barnet hjelpe til med å byggje opp ei alternativ og positiv tilknyting til andre vaksne.

2.4 Det beste for barnet – medverknad frå barnet

I barnevernlova står det beste for barnet som ein overordna grunnverdi. Det er også i samsvar med FN-konvensjonen om barnerettane. Korleis denne verdien skal operasjonaliserast og leggjast til grunn for avgjerder, er derimot eit komplisert spørsmål som krev eit godt fagleg skjønn. Grunnleggjande verdivurderingar og kompliserte avvegingar blir særleg tydelege i samband med omsorgsovertaking og samværsrett og ved spørsmål om fråtaking av foreldreansvar og eventuelt adopsjon.

Ved alle handlingar som vedkjem barn og som blir utførte av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgjevande organ, skal det først og fremst takast omsyn til kva som gagnar barnet best. Partane tek på seg å sikre barnet det vernet og den omsorga som er nødvendig for hans eller hennar trivsel og utvikling. Partane skal sørgje for at dei institusjonane og tenestene som har ansvaret for omsorga eller for vernet av barn, har den standarden som er fastsett av kompetent styresmakt, særleg med omsyn til tryggleik, helse, personaltal og kvalifikasjonar så vel som overoppsyn. Det er fleire viktige spørsmål og krav som er forankra til den overordna verdien «det beste for barnet». Kva som er «det beste for barnet» er ikkje eintydig gjeve. Her kan ulike faginstansar ha ulike vurderingar. Det som gjer dette komplisert, er først og fremst at kvart enkelt barn og kvar familie er unik, og det beste for barnet endrar seg over tid.

Ei av utfordringane ved det skjønnet som skal brukast, er knytt til den verdien foreldra er for barna, og at det ofte kan vere lettare å finne det mangelfulle enn det verdifulle hos både foreldre og barn. Befringutvalet peiker på at barnevernet og andre hjelpeinstansar har lang tradisjon i å fokusere det som er negativt. Utvalet hevdar at hjelpeinstansane derfor har meir avgrensa erfaringar når det gjeld å fokusere på det som kan vere positivt.

Barne- og familiedepartementet vil i denne samanhengen understreke kor viktig det er at det skjønnsmessige ikkje bør løynast eller mystifiserast i barnevernsaker. Barnevernet bør ytterlegare styrkje sin kompetanse i å kommunisere kva for avvegingar som blir gjorde. Barne- og familiedepartementet ønskjer å setje i verk særlege tiltak for å styrkje ei slik open innstilling. Til dømes kan det tenkjast at pressa under ansvar og med nødvendig samtykke får eit noko større innsyn i barnevernsaker enn tilfellet er i dag. Dette er nærmare omtalt i kapittel 8.6 om open saksgang i fylkesnemnda.

Dei sjølvstendige rettane barnet har, er også ein vesentleg verdi. På den eine sida dreier dette seg om retten barnet har til vern, ein passiv rett. Barn har rett til å bli verna, også mot sine nærmaste, mot familien sin. På den andre sida er det snakk om rett til medverknad, ein aktiv rett. At barn og unge får gje uttrykk for si meining, representerer ein vesentleg føresetnad for å få klarlagt kva som er det beste for det enkelte barnet. Behovet for den første typen rett er større dess mindre barnet er. Evna til og behovet for medverknad aukar i takt med alder og modning hos barnet.

Retten for eit barn til fritt å gje uttrykk for sine synspunkt i alle forhold som vedkjem barnet, og plikta til å leggje tydeleg vekt på synspunkta hos barnet i samsvar med alder og modning, er nedfelt i barnekonvensjonen artikkel 12. Barnet skal særleg få høve til å bli høyrt i all rettsleg og administrativ saksbehandling som vedkjem barnet, anten direkte eller ved ein representant eller eit eigna styresmaktorgan og på ein måte som samsvarer med saksbehandlingsreglane i vedkomande land. Både barnelova og barnevernlova gjev barn rett til å få seie si meining og bli høyrde i saker som gjeld dei, frå dei er 12 år. Som eit ledd i innarbeidinga av barnekonvensjonen i norsk rett, arbeider regjeringa med å endre mellom anna denne aldersgrensa i barnevernlova, og gjer framlegg om at aldersgrensa her blir sett ned til 7 år. For nærmare omtale sjå kapittel 6.3.2. Når det gjeld saker etter barnelova, vil departementet i ein odelstingsproposisjon foreslå å senke aldersgrensa i barnelova til 7 år. Ein tek sikte på å fremje proposisjonen ved årsskiftet 2002/2003.

2.5 Fokus på førebyggjande familiearbeid

Barnevernhistorikaren Gerd Hagen har karakterisert dei siste ti til tjue åra som den perioden då barnevernet kom ut av skuggen frå velferdspolitikken. Særleg i løpet av det siste tiåret har barnevernet utvikla seg til ei moderne hjelpeteneste med vekt på kompetanse og varierte tiltak. Gjennom eit nasjonalt utviklingsprogram frå 1991 til 1993 blei barnevernet rusta kraftig opp, samstundes som fokus blei dreidd meir mot førebyggjande innsats.

Regjeringa meiner det er viktig at denne dreiinga i retning av at barnevernet så langt som mogleg skal vere ei førebyggjande hjelpeteneste, blir ført vidare og forsterka i åra som kjem. Siktemålet må vere at barnevernet på eit så tidleg tidspunkt som mogleg skal oppdage dei barna som er problemutsette og setje i verk tiltak for dei i familien i lokalmiljøet. Slik vil ein i flest mogleg tilfelle kunne hindre at barn i vanskelegstilte familiar utviklar alvorlege problem. I tillegg vil ein ved å starte tidleg kunne førebyggje forverring for dei barna som alt har fått problem. Dette er også ei klok økonomisk prioritering. Målet med denne vektlegginga av tidleg hjelp og støtte er også at det i minst mogleg grad skal bli nødvendig å plassere barn og unge utanfor heimen. Dette bør vere ein del av verdigrunnlaget i eit moderne barnevern.

Samstundes må barnevernet halde fast også på dei andre lovpålagde oppgåvene sine, til dømes oppgåva som kontrollør og den instansen som på vegner av samfunnet skal ta vare på dei mest utsette barna. Både familiane og barnevernet må innsjå at det på eit tidspunkt kan bli nødvendig å erkjenne at hjelpetiltaka ikkje fører fram, og at barnevernet då må gripe inn med tiltak – kanskje mot foreldra sin vilje. I slike tilfelle skal barnevernet utelukkande tenkje på det beste for barnet. Å meistre balansegangen mellom hjelpetiltak og meir inngripande tiltak er ein del av kompetansen i eit moderne barnevern.

Familien er grunneininga i samfunnet når det gjeld omsorg og oppseding. I dei fleste tilfelle vil det beste for familien også vere det beste for barnet. Barnevernet skal først og fremst sjå på seg sjølv som eit støttetilbod til utsette barn og familiar. Her er det viktig å samarbeide med andre instansar og tiltak, til dømes familievern, foreldrerettleiing og samlivskurs. I den grad dette inneber endring av haldningar og ny kompetanse, er det ei utfordring barnevernet må ta.

Opprustinga av barnevernet som har gått føre seg dei siste åra med fleire stillingar, fleire tiltak og plasseringsalternativ, har utan tvil styrkt mange sider av barnevernet. Samstundes har det skjedd ei dreiing i barnevernet som inneber meir vekt på den delen av tenesta som arbeider ute i familiane nettopp for å hindre meir inngripande tiltak. Dette er ei utvikling regjeringa stør. Barnevernet skal først og fremst assistere vanskelegstilte familiar. Utfordringa er å hjelpe den enkelte familien med å etablere eit daglegliv som familiemedlemmene kan stå inne for, som fungerer her og no og som gjev aksept i omgjevnadene. Familiane kan trenge hjelp som dekkjer mange sider ved livet. Det kan handle om å skaffe seg ein anstendig økonomi og bustad, kanskje jobb og barnehage, og det kan dreie seg om avlasting, vern, aktiv rådgjeving, terapeutiske tilbod eller «berre nokon å snakke med».

I barnevernet – som i andre delar av hjelpeapparatet – har det vore ein tendens til å basere seg på tilnærmingar inspirerte av medisin og psykiatri. Med fokus på dei «indre» problema i den enkelte familien, til dømes samspelet mellom mor og barn, har det vore nærliggjande å gjere eigenskapar i familien til årsaker til problema i familien. Dermed har det vore vanskeleg å sjå strevet i den enkelte familien her og no, og dei vilkåra og utsiktene familien og barnet står overfor. Men utfordringa for barnevernet er i dei fleste tilfella å hjelpe familiane til å meistre livet og krava som blir stilte. Hjelpetiltaka må derfor setjast inn for å styrkje dei ressursane som er til stades. Når barnevernet gjev positive tilbakemeldingar på det familien prøver å få til, kan det vere eit grunnlag for også å ta opp meir problematiske sider ved situasjonen for familien og barnet. For at familiane best mogleg skal kunne gjere seg nytte av hjelp frå barnevernet, må dei bli møtte på ein open og respektfull måte.

Somme barn og foreldre har behov for ein kortare eller lengre periode borte frå kvarandre, kanskje for å omstille seg og finne fram til nye relasjonar. Det er viktig å informere om at eit tiltak gjerne kan vere av mellombels karakter, og jobbe ut frå dette. Det må få konsekvensar for begge partar når det gjeld kontakt og konkretisering av målsetjingar. Også her må ein søkje likeverdig samarbeid og dialog. Somme barn og unge meistrar ikkje livet i ein vanleg familie. Nokre gonger er omsorgsevna i familien så dårleg at barnevernet må overta omsorga så fort som mogleg. Nokre få gonger finst det ingen familie i det heile teke. I alle desse tilfella er det barnevernet sitt ansvar å skaffe trygge omsorgstilbod utanfor heimen. Som oftast blir fosterheimar nytta. Fosterheimane er ein krumtapp i barnevernet, og det er svært viktig at dei får god oppfølging og hjelp når det oppstår problem. Her er det openbert eit betringspotensiale. Når det gjeld barneverninstitusjonane, blei dei tradisjonelt sedde på som erstatning for vanlege heimar. I dag ser ein meir på institusjonane som mellomstasjonar mellom foreldreheim, fosterheim og eigen bustad. På den måten er familieperspektivet sentralt også når barnet blir plassert på institusjon.

2.6 Legitimiteten til barnevernet

Barne- og familiedepartementet vil understreke at det blir gjort mykje godt barnevernarbeid, og at det finst mange dugande og engasjerte barnevernarbeidarar. Tenesta får ofte ei karikert profilering gjennom nokre få negative eller vanskelege enkeltsaker i media, der journalistikk basert på éi kjelde i mange tilfelle gjer saka verre. I møte med praktikarar, administratorar og barnevernforskarar har Barne- og familiedepartementet motteke klare signal om at tenestene sjølve ønskjer ei utvikling med større vekt på open innstilling og førebyggjande familiearbeid. Barnevernet må sikrast auka kompetanse og få betra føresetnadene sine for å kommunisere utetter viktige verdiar om det beste for barnet. Barne- og familiedepartementet ser at ei positiv utvikling alt er i gang. Dette er eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle barnevernet i åra som kjem.

Barnevernet har alltid vore utsett for kritikk. Slik vil det framleis vere; det vil aldri kunne bli full semje om alle tiltak som blir sette i verk i barnevernet. Dei tilsette i barnevernet fortener lovord for å utføre nokre av dei vanskelegaste oppgåvene i velferdssamfunnet. Likevel kan det vere slik at når det offentlege må ta omsorga for eit barn, kan det vere fordi barnevernet og hjelpeapparatet elles ikkje har treft godt nok med tiltaka sine i tidlegare fasar.

Ein av grunnane til at barnevernet ikkje alltid når fram, er nok at det kan opplevast som stigmatiserande å ha kontakt med barnevernet. Eit anna forhold kan vere at vissa om at barnevernet kan kome til å foreslå tiltak mot foreldra sin vilje, gjer arbeidet med å skape tillit vanskeleg. I dei seinare åra har vi likevel sett ein positiv tendens i retning av at dei som har hatt kontakt med barnevernet, er meir positivt innstilte enn dei som ikkje har hatt det. Barnevernet må derfor i åra som kjem, byggje vidare på det gode forholdet som er etablert til mange barn og unge og familiane deira. Målet er størst mogleg tillit og legitimitet i heile folket vårt.

Historia har mange døme på at det kan vere kort mellom gode siktemål og uheldige konsekvensar i hjelpeinstansane. I løpet av nokre tiår har det gått føre seg ei brei fagleg utvikling på mange område som grensar inn til barnevernet, mellom anna er det satsa på å byggje opp tillit hos publikum til ulike tenester, etatar og profesjonar. Trass i mange framsteg kan ein av og til få negative tilbakemeldingar om barnevernet som kan vitne om mangel på dialog med brukarar og manglande evne til å setje barnet i sentrum. For at barnevernet skal ha legitimitet hos folk flest, må det vise respekt for mangfaldet og vere audmjukt overfor variasjonane i befolkninga. Barnevernet må samstundes vise open haldning overfor familiane og folk elles om sitt eige verdigrunnlag. Spissformulert er hovudproblemet å ta vare på familien utan å tape av syne at familien i somme tilfelle kan vere skadeleg for barn.

Barnevernet utøver faget sitt i spenningsfeltet mellom på den eine sida krav til samhandling og samarbeid, og på den andre sida plikt til å handle når omsynet til barnet tilseier det. Barnevernet er både hjelpar og tvangsmakt – begge delar til beste for barnet. Denne dobbeltrolla bør barnevernet kommunisere ope om. Foreldre skal ikkje kjenne seg svikta når barnevernet ser seg nøydd til å skifte fokus frå hjelp til tvang. Både for familiane det gjeld og for folk flest er det svært viktig at barnevernet med fylkesnemnda er opne og er tydelege om dei vurderingane dei gjer. Større innsyn i barnevernet vil kunne ha positiv verdi for legitimiteten.

2.7 Samarbeid på tvers

Samarbeid mellom dei ulike etatane og hjelpetenestene er viktig, ikkje minst for å få eit rett bilete av kva barneverntenesta kan bidra med. Godt samarbeid kan hjelpe til å dempe eventuell skepsis til barnevernet, og i staden få folk til å sjå på barnevernet som ein sentral hjelpeinstans. Tverretatleg samarbeid er ikkje minst viktig for å utvikle eit heilskapleg og samanhengande tenestetilbod. Eit godt samarbeid i kommunen vil gjere sitt til å skape gjensidig tryggleik om kva andre kommunale tenester står for og kan tilby. Barne- og familiedepartementet vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for at foreldre, barnehagepersonale, barnevern og andre i det offentlege tenesteapparatet utviklar god kontakt. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid er heilt nødvendig for å skape gode velferdstilbod for barn og foreldre.

Det er viktig å understreke at barneverntenesta i kommunane ikkje fritek andre hjelpeinstansar frå å ta sin del av ansvaret for det førebyggjande arbeidet retta mot særleg utsette barn og unge. Departementet ser det som viktig at andre hjelpetenester i kommunen aktivt nyttar sin kompetanse og si erfaring når det gjeld barn og unge som har eller står i fare for å utvikle problem. Samstundes vil Barne- og familiedepartementet kome med framlegg om at barnevernet får eit meir sentralt ansvar i det førebyggjande arbeidet, fordi nokon må ta eit hovudansvar for at dette samarbeidet mellom etatane fungerer. Samarbeidet må basere seg på at alle etatane arbeider aktivt for det beste for kvart enkelt barn. Det er ikkje intensjonen i barnevernlova at teieplikta skal vere til hinder for nødvendig samarbeid til beste for barnet.

Det er viktig med open innstilling og tillit mellom dei etatane som samarbeider.

2.8 Barnevernet på den politiske dagsorden

Etter 1953-lova var det barnevernsnemnda som hadde ansvaret for barnevernet i kommunen. Dermed måtte lokalpolitikarane skaffe seg direkte informasjon om korleis vanskelegstilte barn og familiane deira levde og strevde med vanskane sine. Når lekfolka etter 1992-lova er blitt borte som obligatorisk innslag i det kommunale barnevernet, kan det ha ført til at politikarane er dårlegare informerte, og dermed i mindre grad kjenner eit ansvar for det som skjer i barnevernet.

Vilkåra for at politikarar skal få eit meir aktivt forhold til barnevernsarbeidet, heng likevel også saman med korleis det politiske arbeidet er organisert i kommunen. Nokre kommunar har komitear med eit overordna ansvar for visse område. Barnevernet sorterer som oftast under såkalla oppvekst- og levekårskomitear (eller utval), helse- og sosialkomitear eller somme gonger skole- og kulturkomitear. Gjennom denne organiseringa kan dei vanskelegstilte barna bli synleggjorde, sjølv om det også her kan vere ein viss fare for at barnevernet «druknar» der komiteane også har ansvaret for andre tunge budsjettpostar.

Uavhengig av engasjement, kunnskap og kommunal organisering: Det overordna ansvaret for barnevernet ligg hos dei folkevalde. Gjennom budsjettet, årsmeldingar frå det kommunale barnevernet og høyringar, har politikarane gode sjansar til å halde seg orienterte om utviklinga i det kommunale barnevernet. Ulike rapportar og statistikk er også viktige reiskapar for å følgje med i utviklinga. Men dette er til dels overordna informasjon som det kan vere vanskeleg å få eit aktivt forhold til, og skaper ikkje det engasjement vi har sett enkeltsaker kan gjere. Det er derfor nødvendig å vurdere om det er andre tiltak som kan takast i bruk for å auke den politiske ansvarskjensla for dette området.

2.9 Kort oppsummering

Barnevernet er ikkje berre ein del av hjelpeapparatet, men også ein del av det offentlege kontrollsystemet og har på vegner av samfunnet stor makt. Mellom anna derfor er lovreglar og klare ansvarsgrenser viktige. Samstundes må ikkje omsynet til rettferd og rettstryggleik kome i motsetnad til barnevernet sitt behov for og plikt til å ta vare på relasjonar og nettverk. Jussen i barnevernet har tyngdepunktet sitt i ei universell tenking om rettar og likeverd. Sosialfaga er i større grad forankra i den konkrete sosiale samanhengen som barnet og familien står i. Desse to perspektiva er alltid til stades i barnevernet. Barnevernet kan aldri bli hundre prosent regelstyrt og målrasjonelt. Evne til dialog, innleving og samhandling vil alltid vere viktig.

Departementet ønskjer eit barnevern som er seg denne todelte rolla bevisst. Vi treng klare reglar som fjernar tvil og plasserer ansvar, og metodar der ein kan evaluere og måle resultat. Men verken reglar eller metodar er mål i seg sjølve, men middel til å nå målet om flest mogleg barn og familiar som fungerer godt. Likevel, når det oppstår situasjonar som ein må sjå på som eit trugsmål mot grunnleggjande behov og rettar hos barnet, skal barnevernet på vegner av samfunnet ta på seg foreldrerolla for kortare eller lengre tid. Barnevernet skal så langt som mogleg gje førebyggjande hjelp til barn og familiar. Men å kunne gripe inn med tiltak utanfor heimen er like fullt ein viktig del av kompetansen i eit moderne barnevern.

Til forsiden