St.meld. nr. 40 (2001-2002)

Om barne- og ungdomsvernet

Til innholdsfortegnelse

4 Fakta om dagens barnevern

4.1 Barn i barnevernet

Barnevernstatistikken til Statistisk sentralbyrå blei endra i 1993, det same året som den nye barnevernlova tok til å gjelde. Endringane i statistikken er såpass store at opplysningar frå tidlegare år ikkje kan samanliknast direkte. Der det blir vist til tal frå før 1993, må tala brukast med varsemd som indikatorar på endring. I dei avsnitta som følgjer, blir det brukt tal frå barnevernstatistikken frå Statistisk sentralbyrå, dersom ikkje andre kjelder eller referansar blir oppgjevne.

Etter barnevernlova § 4-2 skal barneverntenesta snarast og seinast innan ei veke gjennomgå meldingar og vurdere om meldingane skal følgjast opp med undersøkingar etter barnevernlova § 4-3. 89 prosent av meldingane blei i 1996 gjennomgått innan tidsfristen i lova. Ut frå halvårsrapporteringane frå kommunane (til fylkesmenn og departement) om barnevern er det i 2000 registrert totalt 22 851 nye meldingar til barneverntenesta. 96 prosent av desse meldingane blei gjennomgått innan tidsfristen. Delen av bortlagde meldingar har vore etter måten stabil mellom 1993 og 2000.

Etter barnevernlova § 4-3 har barneverntenesta rett og plikt til å undersøkje når det er rimeleg grunn til å tru at barn lever under forhold som kan gje grunnlag for tiltak etter lova. Barnevernet starta i alt 17 550 undersøkingar overfor barn i løpet av 2000. Til samanlikning blei 12 939 undersøkingar starta i 1993. Veksten i talet på undersøkingssaker har vore jamt stigande i denne perioden.

Etter barnevernlova § 6-9 første ledd skal undersøkingar gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. I særlege tilfelle kan fristen vere seks månader. Av dei 17 271 undersøkingssakene som blei avslutta i 2000, blei 70 prosent avslutta innan fristen på tre månader og ytterlegare 23 prosent innan fristen på seks månader. I om lag 6 prosent av sakene blei tidsfristen på 6 månader overskriden i 2000, samanlikna med 4 prosent i 1999. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå om overhald av den ekstraordinære fristen på 6 månader finst først frå 1996, også då var fristoverskridingane på 6 prosent. Truleg kan ein forklare mange av fristoverskridingane med at kommunane har venta på utgreiingar frå sakkunnige.

På landsbasis var delen av undersøkingssaker som førte til tiltak etter barneverntenester, om lag 54 prosent i 2000. Dette er den høgaste registrerte delen, medan den lågaste var 49 prosent i 1993. Resten av sakene blei lagde bort utan tiltak etter barnevernlova. Det blei i heile perioden oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn jenter. Overvekta av gutar gjeld også i forhold til dei fleste tiltaka i barnevernet. På same måten som for tidlegare år var det i 2000 ein tydeleg skilnad mellom fylka når det gjaldt påbegynte undersøkingssaker i forhold til talet på barn og unge under 18 år (sjå tabell 4.4).

Tabell 4.1 Barn med tiltak frå barnevernet per 31.12

År

Barn i alt med tiltak frå barnevernet

Omsorgstiltak (barn under omsorg)

Hjelpetiltak (barn med hjelpetiltak)

Barn med barnevern- tiltak per 1 000 barn 0-17 år

1987

12 147

3 795

8 352

11,0

1990

15 337

4 836

10 502

14,1

1993

20 532

6 018

14 514

19,8

1996

21 505

4 845

16 660

20,2

1999

23 810

4 952

18 858

21,2

2000

24 817

5 136

19 681

21,8

Kilde: SSB

Som det går fram av tabell 4.1, auka talet på barn med tiltak frå barnevernet sterkt i den etter måten korte perioden 1990-1993. Dette var også perioden for det nasjonale utviklingsprogrammet for barnevernet (sjå kapittel 3.3). Auken kan truleg knytast til at barnevernet fekk kapasitet til å arbeide systematisk med meldingar og undersøkingar som barnevernet tidlegare ikkje hadde behandla. Ved starten av perioden låg mange ubehandla meldingar i kommunane.(I mediedebatten rundt 1990 blei dei ubehandla sakene ofte omtalte som «mappebarna«). Veksten i talet på og delen av barn under tiltak frå barnevernet har stige jamt også i perioden etter utviklingsprogrammet.

Ved utgangen av 2000 mottok om lag 19 700 barn frivillige hjelpetiltak frå barnevernet, medan 5 136 barn var under omsorg (tabell 4.1). Av 5 136 barn under omsorg var 4 462 i fosterheim, 460 i barneverninstitusjon (tabell 4.2) og resten i andre butiltak som rusmiddelinstitusjonar, bu- og arbeidskollektiv, psykiatriske institusjonar og avdelingar. (Publiserte tal frå SSB om bruken av dei nemnde andre butiltaka skil ikkje mellom plasseringar som omsorgstiltak og hjelpetiltak. Frivillige plasseringar i åtferdstiltak etter barnevernlova § 4-26 inngår i statistikken som ein del av plasseringar utanfor heimen som hjelpetiltak, i likskap med åtferdsplasseringar etter barnevernlova § 4-24 i saker der det ikkje også er gjort omsorgsvedtak etter § 4-12. )

Til samanlikning kan ein nemne at totalt 31 905 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2000. Av desse barna var 25 870 i hjelpetiltak og 6 035 i omsorgstiltak. Denne samanlikninga gjev ein indikasjon på at særleg hjelpetiltaka ofte er kortvarige.

Ved utgangen av 2000 var det i gjennomsnitt 22 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok barneverntiltak, mot 21 året før. Som i tidlegare år var det store variasjonar mellom fylka (sjå tabell 4.4).

Tabell 4.2 Barn i fosterheimar og barneverninstitusjonar per 31.12

År­Fosterheimari alt­Fosterheimar(omsorg)­Fosterheimar(hjelpetiltak)Barnevern-institusjonari altBarnevern-institusjonar(omsorg)Barnevern-institusjonar(hjelpetiltak)
19934 9524 641311748583165
19944 8434 267576782515267
19954 9594 216743787428359
19964 9023 981921824408416
19975 1184 0551 063788357431
19985 4564 1981 258933424509
19995 6644 2771 3871 011438573
20006 0074 4621 5451 140460680

Kilde: SSB

Som det går fram av tabell 4.2, har talet på plasseringar i fosterheimar som hjelpetiltak auka sterkt frå 311 barn i 1993 til 1 545 barn i 2000. Også plasseringar i barneverninstitusjon som frivillig hjelpetiltak etter § 4–4 femte ledd (eller åtferdstiltak) har auka frå 165 i 1993 til 680 i 2000. Her er det snakk om meir enn ei firedobling av plasseringar utanfor heimen i slike hjelpetiltak i den aktuelle perioden. Barnevernstatistikken frå før 1993 gjev berre opplysningar om talet på barn som blei plasserte utanfor heimen etter den tidlegare barnevernlova, og skil ikkje mellom plasseringar med og utan formelt samtykke frå foreldra.

Frå 1993 til 2000 steig talet på barn i fosterheimar frå 4 952 til 6 007. Tilsvarande steig talet på barn plasserte på barneverninstitusjon frå 748 til 1 140. På same tidspunkt var i tillegg 244, 109 og 181 barn og unge plasserte i høvesvis bu- og arbeidskollektiv/rusmiddelinstitusjon, psykiatriske institusjonar/avdelingar eller i butilbod for barn og foreldre. (For nærmare opplysningar om inndelingar i typar barneverninstitusjonar, sjå kapittel 9.7.2)

Dei vanlegaste hjelpetiltaka frå barnevernet si side for barn som bur i eigen heim, er besøksheim, støttekontakt og barnehage. Talet på barn med barnehageplass som tiltak frå barnevernet har likevel gått noko ned dei seinare åra. Dette kan ha samanheng med at det har blitt lettare å få barnehageplass på ordinære vilkår i takt med auka barnehageutbygging. Statistikk om bruk av hjelpetiltak er nærmare omtalt i tiltakskapitlet i denne meldinga.

Den nye barnevernlova sette ned aldersgrensa for etterverntiltak i barnevernet til 20 år. Ved lovendring i 1998 blei denne grensa på nytt heva til 23 år. Per 31.12.00 mottok 1 366 ungdommar i alderen 18–19 år slike tiltak frå barnevernet. På same tidspunkt mottok 353 unge vaksne over 20 år etterverntiltak. Dei oftast brukte etterverntiltaka var økonomisk støtte, fosterheim, institusjon, støttekontakt og bustad.

Det har vore eit gjennomgåande trekk at nokon fleire gutar enn jenter har motteke tiltak frå barnevernet. Til dømes utgjorde gutar 55 prosent av barn og unge med barneverntiltak ved utgangen av 2000.

Rapport 99:11 frå Statistisk sentralbyrå (Kalve, 1999) om innvandrarbarn i barnevernet byggjer på data frå 1995 og 1996. Med unntak for den etter måten vesle gruppa barn med flyktningbakgrunn, skilde barn med ein eller begge biologiske foreldre som var fødde i utlandet, seg generelt sett ikkje særleg sterkt ut frå gjennomsnittet. Skilnadene blir gjorde greie for i kapittel 6.2.4. Rapporten poengterer her at samanhengane mellom typar tiltak, inngrepskriterium, familietypar, landbakgrunn og innvandringskategoriar (første- og andregenerasjons innvandrarar, barn der éin av dei biologiske foreldra er fødd i Noreg, flyktningar, adoptivbarn) viser mange nyansar. Nyare data frå utgangen av 1999 stadfester dette inntrykket. (Kalve, 2001).

Aldersfordelinga blant dei «nye» barna (sjå nedst i tabell 4.3), det vil seie dei barna som ikkje var registrerte i barnevernet året før, har også halde seg stort sett stabil i perioden etter den nye barnevernlova blei vedteken. At barnet har eit særleg behov på grunn av forholda i heimen, er det kriteriet som kvart år oftast blir oppgjeve som grunnlag for tiltak, jf. § 4-4 2. ledd. Dette gjeld særleg for barn i førskolealder. Åtferd i form av sosialt avvik eller kriminalitet blir i særleg grad brukt som kriterium for ungdom mellom 14 og 17 år. Åtferdskriteriet blir oppgjeve, med ein viss årleg variasjon, som grunnlag i vel ein tredjedel av dei sakene som gjeld 14 til 17-åringar. Generelt sett har veksten i delen (og spesielt talet) av tiltak grunngjevne med åtferda hos barn og unge, vore lågare enn det debatten i media om problemfeltet kan gje inntrykk av.

Frå og med 1993 inneheld barnevernstatistikken opplysningar om det grunnlaget barnevernet har for å setje i verk tiltak overfor barn som ikkje var registrerte i barnevernet året før. For enkelte barn blir det oppgjeve fleire grunnar for å setje i verk tiltak, og summen av grunngjevingar er derfor høgare enn talet på barn. Grunnlaga som blir oppgjevne, er meir spesifiserte enn dei inngrepskriteria for hjelpetiltak, omsorgstiltak og åtferdstiltak som barnevernlova nemner. Grunnlaget for inngrep kan delast inn i fire hovudkategoriar som i den følgjande tabellen er kategoriserte etter kor ofte dei blir brukte. Kategoriane er forholda i heimen (jf. barnevernlova § 4-4, 2. ledd), omsorgssvikt, åtferdsproblema hos barnet eller ungdommen og mishandling. Utrekningane av prosentar er i tabellen nedanfor berre gjorde i forhold til hovudkategoriane, med unntak for 2000. (Prosentar er rekna i forhold til talet på barn og avrunda nedover til nærmaste desimal).

Tabell 4.3 Grunnlag hos barnevernet for å setje inn tiltak for «nye barn» (hjelpetiltak, omsorgstiltak og ­åtferdstiltak)

Grunnlag

1993

1995

1997

1999

2000

2000 i %

Forholda i heimen (i %)

45,9

50,9

48,8

44,5

45,7

Forholda i heimen, særlege behov

4 252

4 027

3 831

3 452

3 798

44,2

Funksjonshemming hos barnet

312

193

131

103

127

1,4

Omsorgssvikt (i %)

37,4

29,4

29,0

26,1

27,7

Vanstell

331

154

105

77

109

1,2

Manglande omsorgsevner hos foreldre

1 671

987

906

731

785

9,1

Psykisk helse hos foreldre

886

651

686

673

828

9,6

Rusmisbruk hos foreldre

837

645

657

604

662

7,7

Åtferdsproblem (i %)

17,1

17,9

16,9

17,6

19,7

Rusmisbruk hos barnet

153

130

121

144

185

2,1

Barnet si åtferd (avvik, kriminalitet)

1 551

1 359

1 255

1 266

1 508

17,5

Mishandling (i %)

5,4

4,3

3,8

3,6

4,2

Fysisk mishandling

154

121

131

120

168

1,9

Psykisk mishandling

186

113

86

74

96

1,1

Seksuelle overgrep/incest

199

123

91

96

99

1,1

Anna grunnlag (ikkje spesifisert)

1 755

1 472

1 666

1 557

1 577

18,3

Foreldre er døde

171

88

74

71

70

0,8

Ikkje oppgjeve grunnlag

1 223

958

1 000

1 229

1 221

14,2

Talet på nye barn med barneverntiltak i løpet av året

9 937

8 280

8 105

7 986

8 583

Kilde: SSB

Som tidlegare nemnt har det totale talet på barn med tiltak frå barnevernet heile tida vore stigande. Tabellen viser at talet på nye barn i barnevernet heldt seg stabilt etter ein mellombels nedgang midt i perioden. Den mellombelse nedgangen kan tolkast som indikasjon på at barnevernet hadde behandla «mappene» av ubehandla saker frå førstninga av 90-talet, og at talet på nye barn derfor stabiliserte seg på eit litt lågare nivå enn i 1993. Veksten i tiltak grunngjevne med forholda i heimen og nedgangen i tiltak grunngjevne med omsorgssvikt (sjå avsnitt nedanfor) kunne også tolkast i same retninga.

Forholda i heimen – særlege behov – var i heile perioden den klart vanlegaste grunngjevinga for å setje i verk tiltak, og bruken av denne hovudkategorien har halde seg stabil etter ein relativ auke i midten av perioden. Hovudkategoriar knytte til omsorgssvikt, og særleg grunngjevingar som vanstell og «foreldres manglende omsorgsevne», blei brukte oftare tidleg enn i resten av perioden. Oppgjevne åtferdsproblem stig markant mellom 1999 og 2000, men var når det gjeld talet på barn og unge i barnevernet, då på same nivå som i 1993. Den klart minst brukte hovudkategorien – mishandling – gjekk først noko ned, for deretter å stige litt i 2000. Grunngjevinga for vedtak som seksuelle overgrep/incest og psykisk mishandling, ligg på eit lågare nivå mot slutten enn ved starten av perioden. Når det gjeld seksuelle overgrepssaker, har somme tolka nedgangen som ein langtidsverknad av «Bjugn-saka» (varte frå 1992 til 1994/1995).

Dei oppgjevne grunnane byggjer på vurderingane til dei som fyller ut statistikkskjemaa til SSB i kommunane. Truleg vil derfor liknande saker bli kategoriserte noko ulikt i ulike kommune- og bydelar. Endringar i grunngjevingane kan i tillegg til faktiske skilnader i problem og behov, også vere uttrykk for endring av problemoppfatningar innanfor barnevernet.

4.2 Kort om barneverninstitusjonar

I 2000 var det registrert i alt 183 barneverninstitusjonar med til saman 1 724 plassar. Fordelinga var 21 barneheimar, 66 ungdomsheimar, 20 kombinerte barne – og ungdomsheimar, 14 institusjonar for foreldre og barn (mødreheimar ), 11 bu- og arbeidskollektiv, 29 akutt- og utgreiingsinstitusjonar og 22 andre. Vel fem av ti barneverninstitusjonar (54 prosent) er i dag anten barne- eller ungdomsheimar. Mange av desse institusjonane har nokre akuttplassar i tillegg til plassar for langvarige plasseringar.

(Den spesifikke barneverninstitusjonsstatistikken bruker litt andre kategoriar og datainnsamlingsmetodar enn resten av barnevernstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Den ordinære barnevernstatistikken er basert på individopplysnin-gar om kvart barn og bruk av personnummer, medan statistikken frå barneverninstitusjonane byggjer på oppsummeringar frå kvar institusjon. Barneverninstitusjonsstatistikken inkluderer fleire typar institusjonar enn barnevernstatistikken. Tala for bebuarar rundt årsskiftet 2000/2001 avvik derfor noko frå tidlegare oppgjevne tal i kapittel 4.1.)

Dei nemnde institusjonane hadde per 15.01.01 registrert ca. 1 500 bebuarar. Av bebuarane hadde den gongen 38 prosent budd på institusjonen i under eit halvt år, 20 prosent hadde budd der mellom eit halvt og eitt år, 25 prosent hadde butid mellom eitt og to år, og resten hadde vore på institusjon i minst to år.

Det offentlege eig og driv 57 prosent av dei registrerte barneverninstitusjonane. Dei fleste av dei har fylkeskommunane ansvar for. Private, organisasjonar og stiftingar eig resten av institusjonane. Fylkeskommunane har i dag eit særskilt ansvar for å følgje opp den faglege standarden på desse institusjonane.

Ein plass i barneverninstitusjon kosta i 2000 i gjennomsnitt 964 000 kroner per år. Kostnadene per institusjonsplass varierer mykje. Plassane i bu- og arbeidskollektiv og i akutt- og utgreiingsinstitusjon var dei dyraste og kosta i gjennomsnitt 1,39 og 1,116 mill. kroner per år (Kjelde: SSB). For nærmare omtale av barneverninstitusjonane, sjå kapittel 9.7.2.

4.3 Om klientkarrierar i barnevernet

Gjennom Noregs forskingsråd er det i fleire år blitt løyvt midlar til Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) for å gjennomarbeide og analysere barnevernstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Ved å følgje utviklinga over fleire år og kople barnevernstatistikken til annan statistikk, viser denne forskinga eit noko anna bilete av barnevernet enn det statistikken for kvart enkelt år gjev inntrykk av.

Mellom 1990 og 1997 blei om lag 71 000 barn og unge registrerte i barnevernet i den forstand at dei debuterte som mottakarar av tiltak i dette tidsrommet. Dette utgjorde ca. 5 prosent av totalbefolkninga i same aldersgruppe (0–17 år). Til samanlikning mottok 2 prosent av 0–17-åringane tiltak frå barnevernet ved utgangen av 1997.

Om lag 70 prosent av barna mottok berre hjelpetiltak (eller førebyggjande tiltak som dei blei kalla etter den gamle barnevernlova fram til 1993). Dei vanlegaste klientkarrierane for desse barna var anten å vere klient i eitt år eller minst fem år.

Blant dei resterande 30 prosent av barna som mottok omsorgstiltak for kort eller lang tid, varierte karrieremønstra mellom anna etter alder. Av dei som var 0–12 år ved første gongs registrering i barnevernet, mottok om lag seks tidelar av dei også hjelpetiltak i heimen i løpet av tidsperioden, medan «ungdomsdebutantar» i over halvparten av sakene ikkje mottok hjelpetiltak i perioden.

I NOU 2000:12 side 145 blir det vist til ei undersøking (Havik, 1997) av 43 saker som blei lagde fram for fylkesnemndene. I desse sakene rekna fylkesnemndene med at 61 % av barna ikkje ville bli førte tilbake til heimen. Sjølv om det ikkje finst nøyaktige tal for tilbakeføringsprosenten, indikerer seinare studiar at ein mykje mindre del av barna blir verande under omsorg fram til dei blir vaksne.

Mellom barn og unge som blei plasserte utanfor heimen første gong mellom 1991 og 1993, var 14 prosent av dei framleis plasserte fem år etterpå. Karrieremønstra over 5 år varierte mykje, særleg i forhold til alder ved plassering. Den aktuelle rapporten gjev ikkje nærmare informasjon om kor mange som gjekk ut av barneverntiltak på grunn av alder. Det som kan seiast sikkert når det gjeld tilbakeføring, er at blant 0–5-åringane blei 80 prosent av barna «varig» eller mellombels tilbakeførte til heimen i løpet av fem år. Drygt 80 prosent av dei aktuelle 6–12-åringane blei tilbakeførte til heimen «permanent» eller for eit kortare tidsrom.

Barna som blir plasserte utanfor heimen, kan i ei forenkla framstilling delast opp i hovudgruppene korttidsklientar og langtidsklientar.

  • Kortidsklientar er plasserte i inntil eitt år og har ei overvekt av: jenter, barn frå «den tredje verda», barn av tidlegare gifte mødrer og barn av foreldre med forholdsvis høg utdanning og inntekt.

  • Langtidsklientar er plasserte i minimum fire år og har ei overvekt av: gutar, barn frå Noreg og andre vestlege land, barn av ugifte mødrer og barn av foreldre med låg utdanning og inntekt. I langt større grad enn kortidsklientane hadde langtidsklientane vore utsette for omsorgssvikt eller mishandling.

4.4 Geografiske skilnader i barnevernet

Som tidlegare illustrert med enkelte døme, finst det store geografiske skilnader i det norske barnevernet. Barnevernstatistikken i perioden 1993–2000 viser skilnader mellom fylka på dei nemnde variablane i heile perioden. Kva for fylke som har høge og låge tal, varierer i forhold til dei ulike variablane og til dels også frå år til år. Tabell 4.4 viser skilnader mellom fylka når det gjeld delen av undersøkingssaker, barn med barneverntiltak (hjelpetiltak, omsorgstiltak, åtferdstiltak) og delen av meldingar som førte til tiltak frå barnevernet.

Tabell 4.4 Skilnader mellom fylka: undersøkingssaker, barn med barneverntiltak, og avgjerder etter ­undersøkingssaker i 1996 og 2000

Fylke

Undersøkingssaker per 1000 barn 0–17

Delen av barn med barneverntiltak per 1000 barn 0–17 ved årsslutt

Delen av undersøkingssaker som førte til barneverntiltak

1996

2000

1996

2000

1996

2000

Østfold

14

19

26

27

45 %

43 %

Akershus

11

12

17

17

52 %

52 %

Oslo

16

17

23

24

46 %

59 %

Hedmark

16

15

26

21

61 %

49 %

Oppland

13

11

18

18

62 %

59 %

Buskerud

14

20

20

21

47 %

54 %

Vestfold

17

21

19

19

46 %

48 %

Telemark

17

22

24

27

53 %

51 %

Aust – Agder

13

19

25

22

66 %

54 %

Vest- Agder

14

18

21

22

53 %

49 %

Rogaland

12

15

21

24

49 %

60 %

Hordaland

15

15

17

20

36 %

53 %

Sogn og Fjordane

12

14

15

18

59 %

63 %

Møre og Romsdal

13

15

16

19

58 %

63 %

Sør- Trøndelag

14

14

19

22

52 %

59 %

Nord- Trøndelag

17

16

24

23

67 %

62 %

Nordland

19

22

22

26

57 %

54 %

Troms

17

20

18

20

61 %

55 %

Finnmark

19

22

24

24

60 %

47 %

Heile landet

15

17

20

22

52 %

54 %

Kilde: SSB

Når det gjaldt undersøkingssaker, låg Finnmark, Telemark og Nordland høgast i 2000 med 22 promille, og Oppland låg lågast med 11 promille. I 1996 hadde også Finnmark og Nordland den høgaste delen av oppstarta undersøkingssaker, medan Akershus hadde relativt sett færrast saker.

Variasjonane mellom fylka var stor også når det gjaldt delen av undersøkingssaker som førte til tiltak etter barnevernlova. Delen av igangsette tiltak etter undersøkingssaker låg i 2000 på over 60 prosent i tre fylke, medan i fem fylke førte under halvparten av undersøkingane til barneverntiltak. Som tabellen viser, endra denne delen seg mykje (pluss eller minus 5 prosent) i om lag halvparten av fylka samanlikna med 1996. Fylka som hadde spesielt høge eller spesielt låge tal i 1996, var med få unntak (Nord-Trøndelag, Østfold og Vestfold) ikkje dei same fylka som i 2000.

Telemark og Østfold låg ved utgangen av 2000 på topp med 27 barnevernklientar per 1000 barn. Til samanlikning hadde Akershus 17 barn med tiltak per 1000 innbyggjarar mellom 0 og17 år. Samanlikna med 1996 hadde delen barn med barneverntiltak gått ned i tre fylke, halde seg på same nivå i tre andre fylke og auka i dei tretten andre fylka.

Det er vanskeleg å tenkje seg at trekk ved fylka eller fylkeskommunane i seg sjølv kan forklare kvifor praksis varierer mellom kommunale barneverntenester. Ein studie basert på barnevernstatistikk frå 1993–1996, indikerer at kommunestorleik generelt sett har ein etter måten svak statistisk samanheng med talet på meldingar og undersøkingssaker og etterfølgjande kommunale avgjerder. Forenkla framstilt auka talet på meldingar og undersøkingssaker noko i takt med storleiken på kommunane. Desse skilnadene blei stort sett jamna ut ved at bortleggingsprosenten frå undersøkingssaker også auka med kommunestorleiken. Kanskje noko overraskande hadde kommunar med under 5 000 innbyggjarar den gongen den høgaste delen hjelpetiltak. Skilnadene mellom kommunar av ulik storleik var særleg klar når det gjeld delen av omsorgsplasseringar. Særleg kommunar med over 50 000 innbyggjarar plasserte barn og unge oftare utanfor heimen enn det mindre kommunar gjorde.

Barn frå kommunar med over 40 000 innbyggjarar blir plasserte utanfor heimen mykje oftare enn barn frå mindre kommunar, går det fram av Prosjektrapport 2000: 7 frå NIBR.

For dei siste åra er det til no ikkje gjort tilsvarande analysar om korleis kommunestorleiken heng saman med tiltaksnivået i barnevernet. Barnevernstatistikken for 2000 viser likevel at kommunestorleik framleis heng saman med tiltaksnivået dette året. I løpet av heile 2000 mottok 27,3 av 1000 barn og unge på landsbasis tiltak frå barnevernet. Kommunar med over 50 000 innbyggjarar hadde den høgaste delen på 29,6 promille, medan kommunar med 5 000–10 000 innbyggjarar hadde den lågaste delen med 24,5 promille (Kjelde: SSB).

I NOU 2000:12 oppsummerer (side 97, 100 og 111) utvalet kva det meiner tilgjengeleg forsking indikerer om dei regionale variasjonane i barnevernet. Utvalet meiner at store skilnader i bortleggingsprosentar frå år til år ved dei same kontora, kan tolkast som teikn på at lokale standardar ikkje er den dominerande årsaka til variasjonane. Skilnader mellom kommunar og bydelar er likevel i ein del tilfelle så store over lengre tid at ulikskapane neppe kan tolkast som anna enn uttrykk for at det er skilnader på når dei meiner det er nødvendig å gripe inn.

Variasjonane i avgjerdsresultat kan hypotetisk mellom anna henge saman med variasjonar mellom kommunale barnevernkontor når det gjeld organisering, sosiale omgjevnader, faglege forståingsrammer, økonomi, personellressursar og behov/problem. Ikkje overraskande er eit klart funn at kommunestorleik isolert sett ikkje heng saman med delen av barn under omsorg dersom ein samanliknar kommunar med liknande utgiftsnivå. Stillingsratane i barnevernet heng sterkt saman med omfanget av hjelpe- og omsorgstiltak. Generelt sett aukar stillingsratane i barnevernet noko i takt med kommunestorleik. I kommunar der delen av tilsette i barnevernet i forhold til talet på mindreårige i kommunen ligg på same nivå, forsvinn nesten skilnadene i tiltaksnivå mellom kommunar med ulik storleik.

Ulike empiriske studiar gjev til dels ganske ulike inntrykk av korleis barnevernet i Noreg arbeider, og kva slags kriterium barnevernet legg til grunn for sine avgjerder. Det verkar samstundes klart at det er klare skilnader når det gjeld korleis meldings- og undersøkingssaker blir behandla i ulike delar av landet. Utan at dette strengt teke er dokumentert, er det lite som indikerer at skilnadene hovudsakleg dreier seg om variasjonar i behov og problem. Det ser med andre ord ut til å finnast ulike lokale «kulturar» eller «tradisjonar» i barnevernet, men kva som ligg i dei, er ikkje nærmare forklart eller analysert i faglitteraturen. Generelt sett meiner Befringutvalet at det ikkje er mogleg å spore nokon samanheng mellom kor alvorlege sakene som blir melde til barnevernet, i utgangspunktet verkar, og dei avgjerdene barnevernet deretter tek. Forskingsbasert norsk litteratur som blir referert i utgreiinga, kan gje inntrykk av at barnevernet i Noreg som oftast legg stor vekt på ønske hos foreldre og samarbeid med foreldre i barnevernsaker. Dette gjev mellom anna grunnlag for å spørje om kvifor barnevernet i nokre saker vurderer forholda i heimen som så dårlege at tenesta vel å reise sak for fylkesnemnda om omsorgsovertaking, medan barnevernet i andre saker ikkje gjer det. Vi har få empiriske studiar frå Noreg om avgjerdsprosessen i det kommunale barnevernet i dei tilfella der barnevernet går inn for omsorgsovertaking. Utanlandsk litteratur og nokre norske studiar indikerer likevel at når barnevernet går inn for omsorgsovertaking, er avgjerda i barnevernet ofte det siste leddet i ein serie avgjerder om dei involverte barna og familiane deira.

Verken kvantitativ eller kvalitativ forsking gjev klare svar på kva som er bakgrunnen for dei geografiske skilnadene barnevernstatistikken viser. Til ein viss grad kan variasjonane knytast til talet på tilsette i barnevernet i forhold til folketalet og storleiken på kommunen. I kva grad dei geografiske skilnadene heng saman med ulike behov, lar seg førebels i mindre grad dokumentere.

Til forsiden