St.meld. nr. 40 (2001-2002)

Om barne- og ungdomsvernet

Til innholdsfortegnelse

12 Økonomiske og administrative konsekvensar

Meldinga gjev ein heilskapleg gjennomgang av barne- og ungdomsvernet i Noreg. Meldinga argumenterer for ein snunad av barne- og ungdomsvernet i retning mot meir førebyggjande familiearbeid til beste for barnet. Dette inneber at hjelp frå barnevernet i enda større grad skal skje i samarbeid med brukarane av tenesta. Tidleg og heilskapleg hjelp til barn og familiar er viktig for å førebyggje problemåtferd, mishandling og omsorgssvikt. Utsette barn og familiar har ofte problem på fleire område. Det kan derfor vere avgjerande at barnevernet går inn i eit tett samarbeid med andre etatar og hjelpeinstansar. For å få til ein samla og målretta innsats kan det vere behov for at éin instans tek på seg ei koordinerande rolle i forhold til dei samarbeidande hjelpetenestene for barn, unge og familiar. Meldinga tek til orde for at barnevernet kan ha ei slik rolle. Regjeringa vil styrkje ei kompetanse- og ei tiltaksutvikling som harmonerer med dreiinga mot større vekt på tidleg og god hjelp til barn og familiar.

Regjeringa ønskjer også eit større politisk engasjement rundt barnevernet i kommunane. Dette vil kunne føre til at oppvekst- og familie­politikken i kommunen blir styrkt, og at det ­førebyggjande arbeidet blir oppvurdert. Barnevernet har til no hatt for låg legitimitet i befolkninga. Dersom barnevernet får ei meir framskoten rolle i det samla førebyggjande arbeidet i kommunen, vil dette kunne føre til auka legitimitet.

Sjølv med auka vekt på førebygging og utvikling av tiltak tilpassa ulike brukarar, vil det framleis vere nødvendig at barnevernet plasserer barn utanfor heimen, eventuelt mot foreldra sin vilje. Å ta vare på desse barna som har det aller vanskelegast, vil framleis vere ei sentral oppgåve for barnevernet.

Kommunen har stor fridom til å organisere førebyggingsarbeidet på den måten dei finn mest formålstenleg. Regjeringa vil oppmode kommunane til å leggje til rette for tverretatleg og tverrfagleg samarbeid.

Ein tendens i dei seinare åra har vore auka behov for tyngre og meir kostbare tiltak i barnevernet. Det er uklart korleis utviklinga vil bli når det gjeld dei tiltaka i barnevernet som kostar mest, det vil seie institusjonsplassar og forsterka fosterheimar. Om behovet for kostbare tiltak vil halde fram med å auke, avheng mellom anna av kor godt ein lykkast med å utvikle og implementere familie- og nærmiljøbaserte tiltak. Gjennom styrkt innsats i familiane vil fleire kunne få hjelp, samstundes som dei omfattande og dyre tiltaka kan bli sjeldnare. Gjennom ei sterkare satsing på førebyggjande familiearbeid vil samfunnet på sikt også kunne oppnå stor innsparing i form av fleire funksjonsdyktige familiar, færre omsorgs- og behandlingstiltak utanfor heimen og mindre kriminalitet og andre alvorlege åtferdsproblem. Det vil likevel ta noko tid og krevje ein viss ressursauke før effekten av ei slik satsing på førebygging gjev resultat. Dette inneber at sjølv om innsatsen blir snudd mot meir førebygging, vil det framleis vere barn som alt er så skadde eller utagerande at dei vil ha behov for kostnadskrevjande tiltak frå barnevernet.

Meldinga inneheld ei rekkje konkrete framlegg til tiltak, både nye tiltak og tiltak som alt er i gang. Mange av tiltaka vil ikkje medføre auka kostnader, eller dei kan langt på veg finansierast gjennom dei ordinære budsjetta. Forutan tiltak som ligg inne i Barne- og familiedepartementet sitt eige budsjett, gjeld dette til dømes tiltaka innanfor Opptrappingsplanen for psykisk helse og Handlingsplanen mot barne- og ungdomskriminalitet. For ein del av tiltaka vil det likevel vere nødvendig med auka ressursar. Dette vil regjeringa kome tilbake til i dei årlege budsjettframlegga. Det er særleg på to område det kan bli nødvendig med auka ressursar. Det eine gjeld styrking av kapasiteten og kompetansen hos det kommunale barnevernet når det gjeld det førebyggjande arbeidet med barn og familiar. Det andre gjeld vidareutvikling av familie- og nærmiljøbaserte metodar for å førebyggje, dempe og behandle alvorlege åtferdsproblem hos barn og unge.

Til forsiden