Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 29 (2003-2004)

Om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar, samt under Andre saker.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.20 Luftfartsformål

  • Samferdselsdepartementet foreslår å redusere kap. 5619, post 80 Renter, med 29,1 mill. kr.

Under 21.30 Vegformål

  • I samband med avsluttinga av kap. 1320, post 24 Statens vegvesens produksjon, orienterer departementet om vegvesenets underskot for arbeid utført for fylkeskommunane og vidare oppfølging av saka.

  • Departementet orienterer om at delar av midlar løyvd i 2003 til kollektivtrafikk på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, i Hordaland vil bli nytta til driftstilskot for utvida ruteproduksjon.

  • Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 4321, post 70 Overdraging av eigedelar til selskapet med 67 mill. kr fordi skattetrekk for november og desember 2002 for Mesta AS blei betalt av Statens vegvesen.

  • Stikkordet «kan overførast» blir foreslått tilføydd kap. 1322, post 91 Lån.

  • Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322, post 92 Kapitaliserte renter, med 4 mill. kr og å tilføye stikkordet «overslagsløyving» på posten.

Under 21.50 Jernbaneformål

  • Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 20 mill. kr.

  • Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1350, post 25 Drift og vedlikehald av Gardermobanen, med 10 mill. kr.

  • Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 300 mill. kr i eigenkapital til Flytoget AS.

  • Det blir foreslått endring i løyvingar som følgje av oppretting av eit interimselskap i samband med arbeidet med å omdanne eininga BaneService i Jernbaneverket til aksjeselskap.

  • Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 5671, post 81 Utbyte, med 16 mill. kr.

Under 22.10 Post og telekommunikasjonar

  • Samferdselsdepartementet foreslår å redusere kap. 5618, post 80 Utbyte, med 54 mill. kr.

Under andre saker:

  • Det blir gjort greie for omfanget og bruk av gebyrer til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område.

Til toppen
Til forsida av dokumentet