St.prp. nr. 29 (2003-2004)

Om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 5619 Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

Post 80 Renter

Oslo Lufthavn AS skal i tre år frå og med 2003 ikkje betale avdrag på statslåna. Renter skal betalast på vanleg måte. Endringar i renta i seinare tid gjer at rentene på den del av selskapet sitt statslån som er knytt opp mot NIBOR-renta, blir lågare. For 2003 vil rentene bli 433,9 mill. kr, noko som er 29,1 mill. kr lågare enn i saldert budsjett 2003. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at løvinga på kap. 5619, post 80 Renter, blir redusert med 29,1 mill. kr, frå 463 mill. kr til 433,9 mill. kr.