St.prp. nr. 33 (2001-2002)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Chile, underskriven i Santiago den 26. oktober 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 26. oktober 2001 blei det i Santiago underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekt og formue mellom Noreg og Chile. Samtykke til underskriving blei gitt i Kongeleg resolusjon av 1. juni 2001. Avtalen blei på vegner av Noreg underskriven av ambassadør Mona E. Brøther og på vegner av Chile av finansminister Nicolas Eyzaguirre.

Avtalen vil tre i kraft på den dagen da begge statar har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt og formue som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

Til forsida av dokumentet