Felles avgiftsregelverk for flysikringstenesta

Kommisjonsforordning (EF) nr. 1794/2006 av 6. desember 2006 om etablering av eit felles system for avgifter på flysikringstenester...

Commission regulation (EC) No 1794/2006 of 6 December 2006 laying down a common charging scheme for air navigation services...

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 06.09.2006

Spesialutvalg: Transport

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 12.06.2007

Hovedansvarlig(e) departement(er): Samferdselsdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg XIII. Transport

Kapittel i EØS-avtalen: VI. Sivil luftfart

Status

Forordninga er teken inn i norsk rett med verknad frå og med 1. januar 2008.

Samandrag og innhald

Lufttrafikktenesta er den delen av flysikringstenesta som kontrollerer luftrommet og medverkar til ei sikker avvikling av flytrafikken. Lufttrafikktenesta kan delast i undervegstenesta, som styrer flytrafikken mellom lufthamnene, og tårntenesta som stryrer trafikken på og rundt lufthamnene.

I eropaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 550/2004 er det fastsett eit prinsipp om at innan det felleseuropeiske luftrommet skal lufttrafikktenestene brukarfinansierast gjennom kostnadsrelaterte avgifter. Det skal vidare vere openheit rundt fastsettinga av avgiftene og moglegheit for konsultasjonar med organisasjonane til brukarane. Eit konkret avgiftsregelverk for lufttrafikktenestene skal ifølgje forordninga fastsetjast i ei eiga kommisjonsforordning. Forordninga legg også opp til at ei nasjonal tilsynsmyndigheit skal føre tilsyn med at avgiftsregelverket blir etterlevd.

I tråd med forordning 550/2004 fastsette EU-kommisjonen kommisjonsforordning 1794/2006 av 6. desember 2006 om etablering av eit felles system for avgifter på flysikringstenester. I forordninga er det lagt til grunn at undervegstenestene skal finansierast gjennom ei eiga undervegsavgift, mens tårntenestene skal kunne finansierast gjennom ei eiga tårnavgift eller via andre inntekter, inkludert kryssubsidiar, så lenge finansieringsmåten ikkje kjem i strid med fellesskapsretten. Kommisjonsforordning 1974/2006 gir detaljerte reglar for korleis avgiftene skal bereknast.

Merknader

Forslaget til rettsakt er heimla i EF-traktaten artikkel 80 (2). 

I Noreg driv det heileigde statlege aksjeselskapet Avinor 46 lufthamner. Med unntak av eit fåtal små ikkje-statlege lufthamner som driv sine eigne tårntenester, er Avinor også eineleverandør av lufttrafikktenester til sivil og militær sektor.  

Takstregulativet til Avinor blir fastsett av Samferdselsdepartementet gjennom ei årlig forskrift. I dag finst det ikkje noka eiga tårnavgift i takstregulativet. Tårntenestene blir i staden finansierte gjennom andre inntekter i Avinor innanfor ramma av ei omfattande kryssubsidiering frå bedriftsøkonomisk lønsamme til bedriftsøkonomisk ulønsamme lufthamner. Slik Samferdselsdepartementet ser det, er ikkje denne finansieringsmodellen i strid med fellesskapsretten, og EU-kommisjonen har skriftlig stadfesta at Noreg kan vidareføre denne finansieringsmodellen innanfor det felleseuropeiske luftrommet.  

Regelverket for undervegsavgifta er i stor grad ei vidareføring av dagens regelverk for undervegsavgifta innan Eurocontrol der Noreg har vore medlem sidan 1994. 

Forsvaret har i dag eit generelt avgiftsfritak i takstregulativet til Avinor. Det økonomiske forholdet mellom Forsvaret og Avinor er regulert gjennom eigne avtaler. Etter Samferdselsdepartementets vurdering kan dagens avtaleverk mellom Forsvaret og Avinor i all hovudsak vidareførast. Det felles avgiftsregelverket fører likevel til at Forsvaret må byrje å betale undervegsavgift til Avinor for militære flygingar med sivile fly. Dette vil føre til auka kostnader for Forsvaret på rundt 0,5 mill. kr i året. Dessutan må takstregulativet til Avinor endrast på dette punktet. 

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Luftfartstilsynet skal få oppgåva med å føre tilsyn med at regelverket blir følgt. Dette vil føre til auka kostnader i tilsynet på rundt 1,0 mill. kr i året. 

Merknader frå sakkyndige instansar

Forslaget til rettsakt var ikkje på formell høring, men Luftfartstilsynet og Avinor tok del i ein internasjonal konsultasjonsprosess organisert av Eurocontrol. I tillegg var det ein løpande koordineringsprosess mellom departementet og andre instansar. Luftfartstilsynet og Forsvaret har sete som observatørar på uformell basis i komiteen for det felleseuropeiske luftrommet. Avinor meiner at selskapet vil vere i stand til å gjennomføre bestemmingane i forordninga innan dei tidsfristane som er oppgjevne.

Vurdering

Innholder informasjon unntatt offentligheten ihht. offentlighetsloven § 5.1

Andre opplysninger

Ingen

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Forordning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: 1794/2006
Basis rettsaktnr.: 550/2004
Celexnr.: 32006R1794

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 07.12.2006
Frist returnering standardskjema: 18.01.2007
Dato returnert standardskjema: 15.01.2007
Dato innlemmet i EØS-avtalen: 06.07.2007
Nummer for EØS-komitebeslutning: 091/2007
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Ja

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart: 29.10.2007
Høringsfrist: 10.12.2007
Frist for gjennomføring: 07.07.2007
Dato for faktisk gjennomføring: 01.01.2008
Dato varsling til ESA om gjennomføring: 14.01.2008

Lenker