Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Taiwan (12.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på den vedvarande innsatsen begge sider gjer for å betre tilhøva over Taiwan-sundet, som medverkar vesentleg til stabilitet og tryggleik i Aust-Asia.

(1) Den europeiske unionen ser positivt på den vedvarande innsatsen begge sider gjer for å betre tilhøva over Taiwan-sundet, som medverkar vesentleg til stabilitet og tryggleik i Aust-Asia.

(2) I denne samanhengen rosar EU den andre runden med uoffisielle forhandlingar mellom dei to sidene, som blei haldne i samband med at leiaren for ARATS (Association for Relations Across the Taiwan Straits), CHEN Yunlin, besøkte Taiwan og førte samtalar med leiaren for SEF (Straits Exchange Foundation), CHIANG Pin-kung. Unionen gler seg over dei vellykka samtalane, som førte til at det kunne underteiknast ei rekkje konkrete avtalar på områda transport, post og matvaretryggleik, samtidig som det vart oppretta ytterlegare høgnivåkontaktar og fastsett eit tidsskjema for vidare diskusjonar.

(3) Den europeiske unionen ser særleg positivt på at desse samtalane medverkar til å utvikle den gjensidige tilliten og forståinga mellom dei to sidene som er avgjerande for betre samarbeid over Taiwan-sundet.

(4) EU håpar at denne prosessen held fram dei kommande månadene og åra i samsvar med det tidsskjemaet dei to partane har sett opp.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.