Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Zimbabwe (21.10.09)

EU er uroa over situasjonen i Zimbabwe, blant anna den utilstrekkelege utviklinga på området menneskerettar og demokrati, dei uløyste spørsmåla kring nomineringar og utnemningar og den kontinuerlege trakasseringa av MDC-medlemer på politisk grunnlag.

EU er uroa over situasjonen i Zimbabwe, blant anna den utilstrekkelege utviklinga på området menneskerettar og demokrati, dei uløyste spørsmåla kring nomineringar og utnemningar og den kontinuerlege trakasseringa av MDC-medlemer på politisk grunnlag.

Etter meklinga i regi av SADC vart partia Zanu-PF, MDC-T og MDC-M samde om å samarbeide i regjering og å gjennomføre den samla politiske avtalen (GPA). Det er likevel visse element innanfor Zanu-PF som konsekvent har nekta å godta reell maktdeling og å syne vilje til å ta del i gjennomføringa av reformene dei har slutta seg til.

EU oppmodar SADC om å løyse denne krisa og arbeide for ei rask gjennomføring av GPA og reformagendaen. Unionen oppmodar òg SADC og Sør-Afrika, som garantistar for GPA, om å gjere alt som står i deira makt for å skape eit konstruktivt klima der dei resterande problema kan løysast.

EU er fast bestemt på å vidareføre den politiske dialogen med samlingsregjeringa og gjentek at gjennomføring av GPA vil vere nøkkelen til eit nytt engasjement overfor Zimbabwe.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.