Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter utviklinga i Xinjiang i Kina (09.07.09)

EU uttrykkjer sterk uro over uroa i Xinjiang i Kina. EU seier seg lei for tapet av liv og uttrykkjer medkjensle med familiane til offera.

EU uttrykkjer sterk uro over uroa i Xinjiang i Kina. EU seier seg lei for tapet av liv og uttrykkjer medkjensle med familiane til offera.

EU oppmodar alle partar til måtehald og ber om at situasjonen vert løyst på ein fredeleg måte. Rettane til alle internerte bør respekterast fullt ut. EU understrekar at unionen legg stor vekt på alle menneskerettane, medrekna ytringsfridom og rett til å delta i fredelege samkomer.

EU vil halde fram med å følgje utviklinga nøye.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.