Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo (14.12.09)

EU minner om erklæringa frå 26. juni 2009 og uttrykkjer på nytt djup uro over at menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo framleis sit fengsla, er tiltalt og skal stillast for retten.

EU minner om erklæringa frå 26. juni 2009 og uttrykkjer på nytt djup uro over at menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo framleis sit fengsla, er tiltalt og skal stillast for retten.

Liu vart arrestert 8. desember 2008 og vart nyleg tiltalt for å vere den påståtte opphavsmannen til Charter 08, ein plan for demokratiske og menneskerettsbaserte reformer i Kina.

EU minner om dei internasjonale forpliktingane til Kina på menneskerettsområdet, i tillegg til garantiane om ytringsfridom i den kinesiske grunnlova, og oppmodar dei kinesiske styresmaktene om å setje Liu Xiaobo fri utan vilkår og gjere slutt på trakasseringa og interneringa av andre som har underteikna Charter 08.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.