Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avskaffing av dødsstraff og kriminalisering av homoseksualitet (11.05.09)

EU seier seg glad for at dødsstraffa vart avskaffa i Burundi 22. april 2009.

EU seier seg glad for at dødsstraffa vart avskaffa i Burundi 22. april 2009. EU gratulerer regjeringa og folket i Burundi med den viktige avgjerda om å vedta ei ny straffelov som gjer slutt på bruken av dødsstraff i landet og gjer tortur, folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta til straffbare handlingar. 

EU meiner at det å avskaffe dødsstraff er med på å styrkje menneskeverdet. EU stadfester på nytt at unionen har som mål å arbeide for ei universell avskaffing av dødsstraff. EU meiner at avskaffinga i Burundi er eit viktig steg på vegen mot dette målet, og håpar at denne avgjerda vil oppmuntre andre land i regionen til å gjere det same. 

EU seier seg derimot svært lei for at det i den same straffelova vert innført ei føresegn som kriminaliserer homoseksualitet. 

I denne samanhengen minner EU om at kriminalisering av frivillig seksuell omgang mellom personar av same kjønn er eit brot på retten til privatliv, likeverd og ikkje-diskriminering som er nedfelt i Verdserklæringa om menneskerettane. Innføringa av denne straffeføresegna er i strid med forpliktingane Burundi har etter den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og den afrikanske pakta om menneskerettar og folks rettar. 

EU minner dessutan om standpunktet til FNs menneskerettskomité, nemleg at lover mot homoseksualitet motverkar effektiv opplæring i HIV/AIDS-førebygging ved å tvinge marginaliserte grupper under jorda, eit standpunkt som er stadfesta gjentekne gonger av spesialrapportøren for alles rett til å nyte godt av høgast mogeleg helsestandard både fysisk og psykisk. 

EU oppmuntrar såleis regjeringa i Burundi til å gjennomføre den nye straffelova fullt ut når det gjeld avskaffing av dødsstraff og kriminalisering av tortur, folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta. Derimot oppmodar EU dei burundiske styremaktene om å ikkje gjennomføre lovføresegna som kriminaliserer homoseksualitet, å fjerne denne føresegna frå lova og å setje straffelova i samsvar med dei internasjonale traktatane Burundi har underteikna og ratifisert. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.