Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve Taiwans deltaking som observatør på det 62. møtet i Verdas helseforsamling (08.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg glad for og gjev si fulle støtte til at Taiwan tek del i det 62. møtet i Verdas helseforsamling som observatør.

EU seier seg glad for og gjev si fulle støtte til at Taiwan tek del i det 62. møtet i Verdas helseforsamling som observatør. EU meiner at dette, saman med at Taiwan tek del i gjennomføringa av det internasjonale helsereglementet, gjer at Taiwan på ein meiningsfylt måte kan delta i det verdsomspennande helsesystemet til WHO og medverke til at det fungerer som det skal. Takka vere denne avgjerda kan Taiwan òg ta del i det internasjonale arbeidet mot potensielle pandemiar som AH1N1-influensaen. 

EU støttar at Taiwan deltek på ein meiningsfylt måte i multilaterale spesialforum der taiwansk deltaking er viktig for EU og globale interesser. 

EU anerkjenner og seier seg glad for dei konkrete stega og tillitsbyggjande tiltaka som partane på begge sider av Taiwan-sundet har sett i verk i løpet av det siste året, deriblant avtalane som vart underteikna i Nanjing den 26. april. EU set pris på innsatsen begge partane gjer for å finne pragmatiske løysingar og utvikle relasjonane seg imellom på fredeleg vis. Dette er i stor grad med på å sikre stabiliteten og tryggleiken i Aust-Asia. 

EU støttar denne tilnærmingsprosessen mellom Kina og Taiwan på det sterkaste. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.