Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Georgia (05.08.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen merkar seg med uro skuldingar i den siste tida om artilleriskyting og andre hendingar på begge sider av den sørossetiske administrative grenselina.

Den europeiske unionen merkar seg med uro skuldingar i den siste tida om artilleriskyting og andre hendingar på begge sider av den sørossetiske administrative grenselina.

Patruljane frå EUs observatørgruppe på bakken i Georgia har hittil ikkje sett noko som kan stadfeste gjensidige skuldingar om artilleriskyting. EU ber innstendig alle partar om å avstå frå fråsegner eller handlingar som kan føre til auka spenning i denne særleg sensitive tida.

EU stadfestar at det er viktig at alle partar deltek fullt ut innanfor ramma av hendingsførebyggings- og reaksjonsordninga (IPRM), og oppmodar alle partar til å samarbeide fullt ut med IPRM for å klarleggje hendingar, medrekna hendingane i dei siste par dagane. EU oppmodar vidare alle partar til å gje EUMM uavgrensa tilgang til begge sider av den sørossetiske administrative grenselina.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.