Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen etter presidentvalet i Iran (26.10.09)

EU følgjer nøye med på utviklinga i Iran etter presidentvalet 12. juni. EU understrekar på nytt sitt engasjement for menneskerettane og dei demokratiske verdiane, ikkje minst ytrings- og forsamlingsfridomen.

EU følgjer nøye med på utviklinga i Iran etter presidentvalet 12. juni. EU understrekar på nytt sitt engasjement for menneskerettane og dei demokratiske verdiane, ikkje minst ytrings- og forsamlingsfridomen.

Dette er universelle menneskerettar, og EU minner om at Iran har forplikta seg til å respektere desse rettane som part i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. EU beklagar at ytrings- og pressefridomen – både når det gjeld nasjonal og internasjonal presse – er krenkt i samband med hendingane etter valet. Restriksjonane er no endå strengare enn før valet.

EU er djupt uroa over at mange journalistar, menneskerettsforsvararar og politiske aktivistar framleis sit fengsla i Iran etter valet, til dømes Mohsen Mirdamadi og Behzad Nabavi. Mohammad Ghouchani, Ahmad Zeidabadi og Bahman Ahmadi Amouie er nokre av dei journalistane som framleis sit fengsla. Minst 4000 personar vart arresterte over heile landet i etterkant av valet. Nokre er sette fri, men mange andre sit framleis i forvaring.

I samband med desse arrestasjonane er det ofte brukt brutal makt, slik det var tilfelle med journalisten Issa Saharkhiz og menneskerettsadvokaten Shadi Sadr. EU er forferda over dei alarmerande rapportane om mishandling og tortur i fengsel og forvaringssenter. EU oppmodar dei iranske styresmaktene om å undersøkje påstandane som er sette fram, svært nøye.

EU er djupt uroa over masserettssakene – fem til no – mot om lag 150 fangar som er sikta for brotsverk mot den nasjonale tryggleiken, til dømes saka til forskaren Kian Tajbakhsh som er dømd til 12–15 års fengselsstraff. EU er uroa over dommane som er avsagde til no, sidan det vert rapportert om fangar som ikkje er informerte om kva dei står tiltalte for og ikkje har fått tilgang til uavhengig juridisk bistand.

Desse rettssakene oppfyller ikkje dei internasjonale krava til ein rettferdig rettargang som Iran har slutta seg til, og i mange tilfelle utgjer dei alvorlege brot på Irans forfatning og lovgjeving. EU oppmodar dei iranske styresmaktene om å setje fri journalistar og andre personar som er fengsla for politiske brotsverk.

EU fordømmer alle dødsstraffer, ikkje minst for politiske lovbrot. EU er djupt uroa over at minst fire personar er dømde til døden i ei av dei fem masserettssakene. Det ser ut til at desse personane vart arresterte før presidentvalet i juni, men at dei vart dømde i skodeprosessar der det ikkje vart teke omsyn til retten til ein rettferdig rettargang i samsvar med krava som er fastsette i internasjonal menneskerettslovgjeving.

EU er òg uroa over den kraftige auken i bruken av dødsstraff i Iran og minner om at EU i mange år har vore imot dødsstraff under alle omstende. EU minner vidare om at alle justismord ved bruk av dødsstraff representerer uopprettelege og irreversible tap av menneskeliv. EU oppmodar på nytt dei iranske styresmaktene om å avskaffe dødsstraffa og ber om at det i mellomtida vert innført eit moratorium på avrettingar, slik det innstendig vert oppmoda om i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.