Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen for verdas urfolk (090810)

I dag, på den internasjonale dagen for verdas urfolk, ønskjer eg å sende ein bodskap om støtte til urfolk verda over på vegner av Den europeiske unionen.

I dag, på den internasjonale dagen for verdas urfolk, ønskjer eg å sende ein bodskap om støtte til urfolk verda over på vegner av Den europeiske unionen. 

På denne dagen feirar vi urfolka og heidrar det enorme bidraget tradisjonane og kunnskapen deira har gjeve til den kulturelle verdsarven og til berekraftig utvikling av kloden vår.  

Vi står no midt i det andre internasjonale tiåret for verdas urfolk (2005–2015). Det er difor tid for å tenkje over kva som er gjort for å verne om rettane til urfolk, slik dei er fastslegne i FN-erklæringa om rettane til urfolk, og for å sikre dei likebehandling. Det er òg tid for å gjere opp status for kva som står att. 

Blant det som er utretta, ragar vedtakinga av FN-erklæringa om rettane til urfolk i 2007, som vart støtta av Den europeiske unionen, over alt anna. Erklæringa ville ikkje ha vorte vedteken om det ikkje hadde vore for iherdig innsats frå representantar for urfolka. Erklæringa har fremja rettane til og sikra vidare utvikling for urfolk verda over. Bodskapen er enkel, men kraftfull: likskap for alle. 

Prinsippa er difor på plass, men utfordringa er å få omsett dei i praksis. Diverre vert urfolk verda over framleis utsette for diskriminering og urettferdig behandling. Den internasjonale dagen er eit høve for EU til å fornye engasjementet sitt for å fremje og verne rettane til urfolk, i tråd med FN-erklæringa om rettane til urfolk. På vegner av Den europeiske unionen lovar eg å arbeide for å få slutt på diskriminering og urettferdig behandling – ikkje berre i prinsippet, men framfor alt i praksis. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen. 

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.