Erklæring frå EU om Kina (11.06.10)

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen i Kina. EU beklagar avgjerda frå den høge folkedomstolen i Sichuan-provinsen om å stadfeste dommen mot Tan Zuoren om fem års fengsel for «undergraving av statsmakta».

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen i Kina.

EU beklagar avgjerda frå den høge folkedomstolen i Sichuan-provinsen om å stadfeste dommen mot Tan Zuoren om fem års fengsel for «undergraving av statsmakta». Dommen mot Tan Zuoren bryt fullstendig med retten til ytringsfridom og er ikkje i samsvar med internasjonale standardar for rettferd.

EU seier seg òg svært lei for at Tan ikkje fekk føre eit ordentleg forsvar, og at rettargangen som førte til denne dommen, hadde prosedyrefeil, slik at Tan ikkje fekk høve til fullt ut å utøve retten sin til å forsvare seg. EU beklagar at oppmodingane frå verdssamfunnet om at saka må takast oppatt, ikkje vert tekne omsyn til. EU oppmodar difor på nytt den kinesiske regjeringa om å setje fri Tan Zuoren utan vilkår.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).