Forbrukarrettar og tvisteløysing

Trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er viktig både for at marknaden skal fungere godt, og for å sikre den økonomiske utviklinga. Regjeringa jobbar òg for at forbrukarane skal ha tilgang til ei enkel, rask og rimeleg løysing ved forbrukartvistar.

Forbrukarrettar

Kjøp av bustad
Regjeringa er oppteken av forbrukarane sine rettar ved kjøp av ny og brukt bustad. Dette gjer vi mellom anna ved å sikre ei trygg omsetjing av bustader.
 
Handverkartenester
Eit anna viktig område for regjeringa er arbeid for å sikre forbrukarane sine rettar ved kjøp av handverkartenester.

Forbrukarkjøpslova
Forbrukarkjøpslova gjeld kjøp av varer i butikk, og gir mellom anna 2 eller 5 års reklamasjonsfrist dersom det er mangel ved vara.

Angrerettlova
Når du handlar utanfor fast utsalsstad, som til dømes på internett, ved telefonsal, postordre, på messer eller på gata gjeld angrerettlova. Den gir deg mellom anna rett til informasjon før avtaleinngåing, rett til skriftleg stadfesting av informasjonen og angrerett i 14 dagar.

Tidspartlova og pakkereiselova
Det er eigne forbrukarrettar knytt til ferie og reiser. Dette gjeld kjøp av timeshare, medlemskap i ferieklubbar og ved avtaler om pakkereiser.

Tvisteløysing

Rettshjelp
Når det oppstår konflikt mellom forbrukar og næringsdrivande, kan forbrukaren ofte ha trong for hjelp til å handtere konflikten. Ein kan til dømes søkje gratis eller rimeleg rådgiving hjå Forbrukarrådet, eller dra nytte av rettshjelpstiltak drive av studentar og medlemsorganisasjonar. I tillegg er det òg mange advokatar som yter rettshjelp innanfor forbrukarjuss.

Tvisteløysing utanfor domstolane
I saker der partane ikkje blir einige og det oppstår ein tvist, er det eit sentralt forbrukarpolitisk mål å leggje til rette for god tilgang til effektive og rimelege ordningar for å løyse tvisten. Forbrukarsakene handlar ofte om mindre summar, og domstolsbehandling kan vere kostbart og ressurskrevjande. Tvisteløysing av forbrukarsaker utanfor domstolane skjer i hovudsak hjå Forbrukarklageutvalet eller i dei bransjevise klagenemndene som er oppretta for ei rekkje område, som til dømes Parkeringsklagenemnda, Pakkereisenemnda og Finansklagenemnda. Det er berre skriftleg sakshandsaming etter desse ordningane. Vedtaka i Forbrukarklageutvalet blir bindande dersom saka ikkje blir ført inn for domstolane, medan avgjerder i dei fleste klagenemndene berre er ei rettleiing for partane. 

Regjeringa arbeider med å styrkje klagetilbodet til forbrukarane. Frå 1. juli 2016 trådde lov om godkjenning av klageorganer i forbrukersaker i kraft. Lova regulerer meklingstilbodet til Forbrukarrådet, og gir klageorgan høve til å søke om godkjenning.

Tvisteløysing i domstolane
I ein del saker er domstolsbehandling den mest eigna forma for handsaming av ei forbrukarsak. Dette vil særleg vere i saker som ikkje er eigna for skriftleg handsaming, eller i saker av stor prinsipiell vekt. Tvistelova har lagt til rette for ei meir effektiv og rimeleg handsaming i saker der tvistesummen er lågare enn kr. 125 000, såkalla småkravsprosess. Dette er ofte aktuelt i forbrukarsaker.

Tvistar med ein utanlandsk part
Dersom forbrukar og næringsdrivande oppheld seg i ulike land, kan det oppstå utfordringar dersom det oppstår ei tvistesak.
EU har i samarbeid med nasjonale myndigheiter etablert eit nettverk av europeiske forbrukarkontor – ECC-Net.  Forbrukarar kan alltid vende seg til eit kontor i heimlandet for å få råd og hjelp i tvistar som gjeld næringsdrivande i eit anna europeisk land. I Noreg er det Forbrukar Europa som er kontaktpunkt i slike klagesaker. Det er òg oppretta eit tilsvarande nettverk for finansielle tenester, FIN-nett.