Rusmiddelfeltet
Artikkel | Sist oppdatert: 10.12.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Det overordna målet med rusmiddelpolitikken er å redusere dei negative konsekvensane rusmiddelbruk har for enkeltpersonar, tredjepersonar og samfunn. Hovudansvaret for alkohol- og narkotikapolitikken (rusmiddelpolitikken) er forankra i Helse- og omsorgsdepartementet.
Skadeleg og risikofull rusmiddelbruk og rusmiddellidingar har store samfunnsmessige konsekvensar, for den enkelte og dei pårørande.
Bruk av alkohol og ulovlege rusmiddel er blant dei viktigaste risikofaktorane for å døy før fylte 70 år i Noreg, og resultat frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet viser at rusbrukslidingar bidrar betydeleg til helsetap (sjukdom) og tapte leveår både globalt og i den norske befolkninga.
Førekomsten av alkoholbrukslidingar er betydeleg høgare enn for andre rusmiddellidingar.
Rett til verdige liv
Personar med rusmiddelproblem har rett til verdige liv med god tilgang på behandling og oppfølging, og deltaking i arbeid og meiningsfull aktivitet. Tenestene som blir gitt skal vere tilgjengelege, heilskaplege, koordinerte og individuelt tilpassa.
Kommunane har ei sentral rolle i det helsefremjande og førebyggande arbeidet på rusmiddelfeltet og skal gi nødvendige og fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen.
Samanheng mellom rusmiddelproblem og psykiske lidingar
Det er ein klar samanheng mellom psykiske problem og lidingar og rusmiddelproblem. Ein høg del av pasientar i rusbehandling har òg ei psykisk liding, og difor er det kommunale rusarbeidet ofte samorganisert med den psykiske helsetenesta i kommunen.
Tenestetilbodet følgjer av helse- og omsorgstjenesteloven (lovdata.no) og for personar med rusmiddelproblem og rusmiddellidingar kan dette mellom anna omfatte utgreiing og behandling, rådgjeving og rettleiing, psykososial støtte, inkludert bistand til å skaffe bustad og yte oppfølging i eigen bustad, og tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (helsedirektoratet.no) i spesialisthelsetenesta (TSB).
I tillegg har sosialtenesta ei rekke ansvarsoppgåver, tenester og tilbod som også omfattar personar med rusmiddelproblem, inkludert økonomiske ytingar, mellombels bustadtilbod mv.
Samarbeid mellom ulike nivå
Personar som står i fare for å utvikle, eller har utvikla rusproblematikk eller rusbrukslidingar, kan ofte ha behov for tenester frå ulike instansar og nivå for å oppnå god effekt av behandlinga og oppfølginga som blir gitt.
Den kommunale helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre forvaltningsnivå og sektorar for å gi forsvarleg hjelp, inkludert samarbeid med spesialisthelsetenesta om oppfølging før, under og etter institusjonsopphald, og med kriminalomsorga ved lauslating frå fengsel mv.
Også samarbeidet med arbeids- og velferdsforvaltninga står sentralt, til dømes gjennom tiltak for sosial- og arbeidsretta rehabilitering (nav.no) mv.
Kva betyr tverrfaglege tenester?
Spesialisthelsetenesta har ansvaret for å tilby befolkninga tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), jf. lov om spesialisthelsetjenester (lovdata.no) § 2-1 5. ledd. At tenestene er tverrfaglege, betyr at dei skal bli utført av personell med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.
Rusbehandling i spesialisthelsetenesta omfattar augeblikkeleg hjelp (rusakuttmottak), avrusingstilbod, poliklinisk behandling, døgnbehandling, inkludert institusjonsplassar som kan ta imot rusmiddelavhengige med heimel i helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 til 10-4 og legemiddelassistert rehabilitering (LAR) (helsenorge.no).
Heilskaplege behandlingsforløp med TSB
Utgreiing og behandling i TSB kan føregå i poliklinikk, i regi av ambulante tenester eller i samband med døgninnlegging. Pasientar i TSB skal framleis få heilskaplege behandlingsforløp, men pakkeforløpa for psykisk helse og rus endrar namn til nasjonale pasientforløp, og Helsedirektoratet er i gang med å vidareutvikle forløpa (helsedirektoratet.no).
Målet er å styrke samhandlinga, betre kvaliteten og brukarmedverknaden, og gjere rapporteringa enklare for fagfolka.
Samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane er mellom anna regulert i dei lovpålagde samarbeidsavtalane, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 6-1 og 6-2, samt forskrift om kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar (lovdata.no).