Lihkku sámi álbmotbeiviin! – Gratulerer med samefolkets dag!

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– I dag er det 30 år sidan samefolkets dag blei feira for første gong. Stadig fleire kommunar, organisasjonar og privatpersonar tek del i feiringa av vår samiske kultur. Det er gledeleg å sjå at markeringa blir større år for år, seier Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa jobbar for at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld urfolk sine rettar.

– Dei samiske språka skal vere levande språk òg for kommande generasjonar. Då treng vi kvalifiserte samisklærarar i barnehagen og i skulen. Derfor tek regjeringa si neste stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv for seg rekruttering av samisklærarar, seier Gjelsvik.

Sannings- og forsoningskommisjonen legg fram sin rapport sommaren 2023

Sannings- og forsoningskommisjonen tar for seg norske myndigheter si fornorskingspolitikk overfor samar og kvener/norskfinnar og kva slags konsekvensar dette har hatt for dei som gruppe og individ

- At Sannings- og forsoningskommisjonen leverer arbeid sitt i år er eit viktig skritt på vegen til forsoning. For at forsoninga skal vere mogleg, treng vi både meir kunnskap og meir openheit om konsekvensane av fornorskingspolitikken, seier Gjelsvik.

Om samefolkets dag

Samefolkets dag blir feira til minne om det første samelandsmøtet som blei halde i Trondheim 6. februar i 1917. Dagen markerer fellesskapet på tvers av landegrensene på Nordkalotten. Dagen blei feira for første gang i 1993 og blei offisiell flaggdag i Noreg i 2004.

– Dette blir første gong eg deltek på markeringa av samefolkets dag som statsråd med ansvar for samiske saker. Eg gler meg til feiringa, og til å halda fram arbeidet med å styrke den samiske kulturen og dei samiske språka, seier Gjelsvik.

Gratulerer med samefolkets dag!  

Læhkoeh biejjine – Vuorbbe biejvijn – Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!