Historisk arkiv

Lokal vekstkraft og framtidstru

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa legg i dag fram ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken med tittelen Lokal vekstkraft og framtidstru. Ei hovudline i denne meldinga er å utvida handlingsrommet for kommunar og lokalsamfunn slik at den lokale vekstkrafta kan utnyttast, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa legg i dag fram ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken med tittelen Lokal vekstkraft og framtidstru. Ei hovudline i denne meldinga er å utvida handlingsrommet for kommunar og lokalsamfunn slik at den lokale vekstkrafta kan utnyttast, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa har som mål at folk skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Ein aktiv distriktspolitikk skal leggja tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet. Regjeringa har i inneverande stortingsperiode ført ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk. Det har gitt resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.

- Vi kan frå regjeringa si side laga ambisiøse planar og løyva pengar, men det medfører ikkje utan vidare ei positiv lokal-samfunnsutvikling. For å skapa attraktive lokalsamfunn treng vi ein aktiv innsats frå kommunane og lokalbefolkninga sjølve. Vekstkrafta kjem nedanfrå. Vår oppgåve og ambisjon er derfor å gjera kommunar og lokalsamfunn i stand til å nytta det lokale handlingsrommet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Fylkeskommunane skal ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

Innretninga på ei rekkje politikkområde skal medverka til å møta utfordringar i ulike delar av landet. Det gjeld til dømes ein styrkt kommuneøkonomi, satsing på samferdsel, utdanning og forsking, helsetenester, forvaltningsplanar for verneområda, fiskeri, havbruk og landbruk.
 
Meldinga varslar også ei rekkje nye tiltak:

  • Nye mål for breiband for å sikra større kapasitet i heile landet
  • Eit program for styrka kapasitet og kompetanse til å driva lokal samfunnsutvikling i kommunane
  • Eit nytt næringshageprogram frå 2011
  • Ei mentorordning slik at unge gründarar kan få hjelp og støtte frå ein erfaren ”oppmann”
  • Eit nytt nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet

- Å gje folk i heile landet like moglegheiter og likeverdige levekår er eit viktig verdival for denne regjeringa, seier kommunal- og regionalministeren.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.