Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2009

518 millionar kroner til statleg kjøp av posttenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om at det over statsbudsjettet for 2009 skal løyvast 518 millionar kroner til statleg kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. - Dette gjer vi for å sikre at vi framleis skal ha eit godt tenestetilbod i heile landet, trass finanskrisa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I budsjettet for 2009 blei det ikkje løyvd midlar til statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester staten har pålagt Posten. No føreslår regjeringa i revidert nasjonalbudsjett 518 millionar kroner til kjøp av slike tenester.

- Då budsjettet vart lagt fram i haust, tyda alle prognosar på at inntektene frå den samla verksemda i Posten også i år kunne dekkje opp kostnadene for desse. No ser verda heilt annleis ut. Det blir sendt langt mindre brev, reklame og pakkar enn tidlegare, og det påverkar sjølvsagt økonomien i Posten. Det er viktig for oss å bidra til at folk og næringsliv skal ha tilgang til gode og likeverdige posttenester også i framtida, og difor går vi no likevel inn og kjøper tenester, seier samferdselsminister Navarsete.