Meld. St. 9 (2014-2015)

Gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

3 Kort om ordninga slik ho ser ut i dag

Supplerande stønad er ifølgje lov om supplerande stønad § 1 meint å garantere ei minste samla inntekt for personar med liten eller ingen pensjon frå folketrygda på grunn av kort butid i Noreg. Målgruppa er

  • innvandrarar som er komne til Noreg seint i livet

  • nordmenn som har hatt lange opphald i utlandet utan å ha tent opp pensjonsrett i eit anna land

For å få supplerande stønad må ein ifølgje § 3 i lova ha fylt 67 år, opphalde seg her og ha opphaldsløyve som gjev grunnlag for varig busetjing i Noreg. Familiemedlemer i oppstigande linje som har fått opphaldsløyve av di dei er forsørgde av personar som oppheld seg her, kan først få supplerande stønad etter at dei har fått løyve til fast busetjing i Noreg. Dette tek som regel tre år, slik at regelen om at referansepersonen skal sikre underhaldet til familiemedlemen, får ein viss realitet. Ein kan ikkje ta far eller mor til Noreg og straks overføre ansvaret for underhaldet til det offentlege.

Stønaden er tidsavgrensa og vert ifølgje § 11 første leddet i lova gjeven for ein periode på 12 månader om gongen. Det er eit krav at ein møter personleg når ein fremjar søknad om supplerande stønad, og når ein eventuelt søkjer om forlenging av stønadsperioden.

Supplerande stønad er, i likskap med økonomisk stønad, ei subsidiær kjelde til inntekt for personar som ikkje har andre inntekter å forsørgje seg med. Stønaden er difor inntektsprøvd, slik at det vert gjort frådrag i stønaden for anna inntekt. Ifølgje § 6 i lova inngår alle former for inntekt ved prøvinga; pensjonsinntekt, arbeidsinntekt og kapitalinntekt, både frå Noreg og frå utlandet. Inntekta til ektemake, sambuar eller registrert partnar vert òg teken med ved prøvinga. Stønad vert gjeven når garantinivået er høgare enn inntektene som skal inngå ved prøvinga, og skal da utgjere differansen mellom garantinivået og inntektene. Inntektene går til frådrag i full supplerande stønad krone for krone.

Retten til supplerande stønad vert med heimel i § 8 i lova òg prøvd mot formue. Vurderinga er basert på skjønn. NAV lokalt kan gje avslag på ein søknad om supplerande stønad dersom søkjaren eller ektemaken har så stor formue at det ville vere urimeleg å gje ytinga. Det er heimel til å gje forskrifter til utfylling av vurderinga, men så langt er ingen forskrifter fastsette. Ein fann det mest tenleg å sjå sakene i praksis før ein går inn på fastare retningslinjer for vurderinga. I rundskrivet er det spesifisert at finansformue over 0,5 G er nok til at ein søkjar ikkje kan få supplerande stønad. I praksis vil dette seie at ein søkjar ikkje kan få stønad før til dømes eit innskot i bank er redusert til dette nivået.

Lova om supplerande stønad garanterer mottakarane ei samla inntekt på nivå med minstesatsane for pensjon i folketrygda. Etter gjeldande reglar er det tre ulike stønadsnivå etter sivilstatus og forsørgjaransvar for ektemake/sambuar (lova § 5 første leddet). Opphavleg var nivået fastlagt i høve til grunnbeløpet (G), men frå 2011 er ytingane knytte til minste pensjonsnivå i tråd med pensjonsreforma. Satsane for supplerande stønad vart auka i takt med opptrappinga av særtillegget i folketrygda i perioden 2008–2010.

Full supplerande stønad skal etter dette svare til

  • minste pensjonsnivå med høg sats for einslege

  • 125 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats for personar med ektemake under 67 år

  • minste pensjonsnivå med ordinær sats for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år

Frå 1. mai 2014 utgjer dette høvesvis 173 274, 216 593 og 160 285 kroner per år.

Dersom mottakaren forsørgjer barn under 18 år, aukar ytingane med 20 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats for kvart barn. Frå 1. mai 2014 utgjer dette på årsbasis 34 655 kroner per barn.

Som nemnd i punkt 1, er det lagt fram forslag om å avvikle tillegga for forsørging av ektemake og/eller barn (Prop. 14 L (2014–2015)). Det vert da berre to stønadsnivå i ordninga: Minste pensjonsnivå med høg sats for einslege og personar med ektemake under 67 år og minste pensjonsnivå med ordinær sats for mottakarar som har ein ektemake som også har fylt 67 år. For å unngå stønadsbeløp som er så låge at utgiftene til administrasjon og utbetaling vert høgare enn stønaden, vert etter § 9 stønaden ikkje utbetalt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn 2 prosent av full stønad til einslege stønadstakarar. Dette utgjer per i dag 3 465 kroner årleg eller 288 kroner i månaden.

Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter lova om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga kapittel 4 i periodar som det vert etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga svarande til den økonomiske stønaden.

For stønadsmottakarar som vert innlagde i institusjon der opphaldet vert dekt av det offentlege, fell retten til supplerande stønad bort. Det same gjeld ved opphald i fengsel.

Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn tre månader i samanheng eller meir enn tre månader i alt i ein stønadsperiode (§ 4 i lova).

Stønadstakaren har plikt til å møte på lokalt NAV-kontor to gonger i ein stønadsperiode. Dette er for at Arbeids- og velferdsetaten skal ha kontroll med om stønadstakaren oppfyller vilkåret om å opphalde seg i Noreg og dei andre stønadsvilkåra. Desse frammøta kjem i tillegg til det personlege frammøtet i samband med at personen fremjar søknaden om ytinga.

Personar som er busette i utlandet, får ikkje supplerande stønad. Dette gjeld òg i EØS-området. Noreg fekk unntak frå eksportkravet etter rådforordninga 1408/71 før lova tok til å gjelde. I denne samanhengen var det avgjerande at ordninga byggjer på behovsprøving, at siktemålet er å sikre ei minsteinntekt, og at utgiftene ikkje vert dekte ved trygdeavgifter. Utgiftene som Arbeids- og velferdsetaten har til supplerande stønad, vert dekte direkte av statskassa og ikkje av folketrygda. Unntaket frå eksportkravet etter EØS-avtala er ført vidare under den nye trygdeforordninga 883/2004, som gjeld for Noreg frå 1. juni 2012.

Reglane i forvaltningslova gjeld ved handsaminga av saker etter lov om supplerande stønad dersom ikkje anna går fram av den sistnemnde lova.

Arbeids- og velferdsetaten kan hente opplysningar om inntekts- og formuestilhøva til søkjarar eller mottakarar av stønad og eventuell ektemake/sambuar frå likningsetaten m.m. Etaten kan òg påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gje meldingar når ein mottakar av supplerande stønad vert innlagd eller utskriven.

Vedtak om supplerande stønad kan ankast til Trygderetten i samsvar med § 22 i lova.

Til forsida