Meld. St. 9 (2014-2015)

Gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

6 Dei praktiske røynslene med ordninga

6.1 Innleiing

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomførte i 2008 ei undersøking ved dei lokale einingane i etaten som handsama flest søknader om supplerande stønad. Målet med undersøkinga var å få eit bilete av ordninga ut frå sakshandsamarane sine røynsler med ho. Kontora som var med i undersøkinga, hadde to tredelar av stønadsmassen, og fråsegnene deira burde difor gje eit godt bilete av ordninga i praksis.

Ei tilsvarande undersøking vart gjort i byrjinga av 2014. Ein har òg fått fråsegner frå NAV Forvaltning Rogaland, som sidan september 2013 har handsama alle søknader om supplerande stønad, og frå NAV Klageinstans.

6.2 Behov for oppfølging

Sakshandsamarane opplever mottakarane av supplerande stønad som særleg krevjande brukarar. Ikkje sjeldan er dei analfabetar eller har problem med å lese eller skrive. Den høge alderen gjer at mange er fysisk sjuke og har problem med å kome til det lokale kontoret for å levere søknaden og for å møte til kontroll med at dei oppheld seg i Noreg. Gruppa treng generelt mykje hjelp og rettleiing ved kvart steg i sakshandsaminga, inkludert påminningar om å møte til kontrollsamtaler og orientering om kva dette har å seie for framtidige ytingar.

Språkproblema er ein stor del av vanskane i praksis. Størsteparten av brukarane har budd kort tid i Noreg og forstår ikkje norsk, ofte heller ikkje engelsk. I stor grad er medlemer i familien med søkjaren for å hjelpe til med å setje fram søknaden og for å omsetje. Dersom det ikkje er familie som kan vere med, kallar sakshandsamaren inn ein tolk. Språkvanskane har ein tre gonger i året – ved søknaden om ytinga og ved kontrollsamtalene i stønadsperioden. Språkvanskane gjer seg òg gjeldande i telefonsamtalar der brukarar har spørsmål til ordninga eller til eiga yting.

Sakshandsamarane opplever at dei som høyrer til i den aktuelle personkrinsen, har god kjennskap til ordninga med supplerande stønad, mellom anna via sosialetaten. Ordninga er med andre ord godt kjend i målgruppa, men ikkje i samfunnet elles. Truleg er det ikkje mange som går glipp av supplerande stønad som dei kunne ha fått.

6.3 Kontrollmøta

Innkalling til kontrollmøte skjer automatisk i alle saker. Mottakarane får tilsendt innkallingsbrev to gonger i året. Kontrollmøta med personleg frammøte på det lokale kontoret i Arbeids- og velferdsetaten kjem i tillegg til frammøtet som er naudsynt for å setje fram søknaden om supplerande stønad eller fornying av ytinga. Mottakaren sin ektemake eller sambuar vert kalla inn til det same møtet. Manglande frammøte utan gyldig grunn fører til at stønaden automatisk vert stansa. Ein reknar med at mellom 90 og 100 prosent av mottakarane møter når dei skal.

6.4 Prøvinga mot formue m.m.

Ved undersøkinga i etaten i 2008 ytra sakshandsamarane ønske om å få meir utfyllande føresegner om formue. Etaten hadde hatt søkjarar som eigde fleire bustader og bil, men ikkje hadde pengar å leve for. Sakshandsamarane opplevde det òg som uklart korleis dei skulle sjå på gjeld og renteutgifter eller inntekter og utgifter i samband med utleigebustader. Dei meinte likevel at reglane i liten grad gjer det mogleg for brukarane å skaffe seg stønad gjennom gjeldsopptak og investeringar. Det at sakshandsaminga for supplerande stønad no er sentralisert til NAV Forvaltning Rogaland, vil innebere at den einskilde sakshandsamaren får betre kjennskap til reglane og dei ulike vurderingstemaa enn når kvar sakshandsamar berre har nokre få søknader om året.

Fast eigedom eller annan formue i utlandet har Arbeids- og velferdsetaten små sjansar til å avdekkje. Ein må spørje søkjaren sjølv, og fleire av sakshandsamarane opplever dette som eit lite effektivt kontrolltiltak.

Brukarane opplever det ofte som urimeleg at dei ikkje får supplerande stønad fordi dei har ein finansformue over 0,5 G. Nokre av dei lever så nøysamt at dei greier å leggje til side delar av stønaden til gravlegging, eller til arv til barn og barnebarn. I slike tilfelle opplever mottakarane det som særleg urettvist at stønaden vert stansa sjølv om dei dokumenterer at dei ikkje har noka anna inntekt enn den supplerande stønaden.

Eit anna punkt der sakshandsamarane i praksis har vore usikre på løysinga, er regelen i § 12 i lova om supplerande stønad om at retten til stønaden fell bort ved opphald i institusjon der det offentlege dekkjer utgiftene. Her har det vore ein viss tvil om regelen skal tolkast til å omfatte alders- og sjukeheimar der dei innlagde har plikt til eigenbetaling av inntekter dei har.

Praksis har òg avdekt visse manglar ved reglane om korleis supplerande stønad skal samordnast med økonomisk stønad og alderspensjon. Såleis vert det gjort trekk i etterbetalingar av supplerande stønad for økonomisk stønad i den same perioden utan at kommunane får refusjon for utlegga sine. Det vert i nokon grad òg etterbetalt alderspensjon utan at ein har heimel til å trekke for supplerande stønad i etterbetalingsperioden.

Desse spørsmåla er tekne opp i punkt 8.1–8.4.

6.5 Opphald i utlandet

Ein person som får supplerande stønad, kan ikkje opphalde seg i utlandet i meir enn tre månader i den einskilde stønadsperioden på tolv månader. Sakshandsamarane opplever det som vanskeleg for etaten å kontrollere at mottakarane ikkje har utanlandsopphald utover dette. Dei nemner at å kontrollere passa til mottakarane og eventuelt passa til barn eller ektemakar for stempel ikkje er nok til å avgjere om mottakarane har opphalde seg i utlandet, sidan det ikkje vert stempla i pass ved reiser innanfor Schengen-området, og ikkje alltid ved reiser utanfor dette området heller. I tillegg har mange av mottakarane pass både frå heimlandet sitt og frå Noreg. Dei kan da bruke det eine passet på reise og det andre på det lokale kontoret i Arbeids- og velferdsetaten. Dette er det vanskeleg å etterprøve. Generelt vurderer sakshandsamarane likevel reglane om personleg frammøte ved søking og i stønadsperioden som kontrolltiltak gode nok til å avgrense og hindre feilutbetalingar.

6.6 Klage, anke og tilbakekrevjing av supplerande stønad

Ifølgje undersøkinga frå 2008 var dei tre vanlegaste grunnane til avslag på søknader om supplerande stønad at søkjaren hadde for høg inntekt eller for høg formue eller ikkje hadde løyve til fast busetjing i Noreg. Det var ikkje mange søkjarar som fekk avslag fordi stønaden på årsbasis ville verte lågare enn to prosent av full stønad til einsleg.

Framleis ifølgje 2008-undersøkinga var det 1–2 prosent av søkjarane som klaga på vedtaket i saka si i åra 2006 og 2007. Det var 13 saker som vart anka til Trygderetten. I det store fleirtalet av sakene vart det første vedtaket stadfesta.

Det finst ikkje fullgod statistikk om tilbakekrevjingssaker som gjeld supplerande stønad. I perioden frå desember 2012 til november 2013 vart det registrert 170 nye slike saker. På usikkert grunnlag reknar ein med at det feilutbetalte beløpet i desse sakene utgjer 5,7 millionar kroner, gjennomsnittleg 33 500 kroner per sak. Undersøkinga gjev ikkje grunnlag for å gå inn på årsakene til feilutbetalingane.

Til forsida