Meld. St. 9 (2014-2015)

Gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

7 Departementet si vurdering av ordninga med supplerande stønad

I punkt 4 og 5 er det gjort greie for utviklinga når det gjeld talet på mottakarar, stønadsutgifter, stønadsbeløp i den nye stønadsordninga og endringar i bruken av økonomisk stønad etter at ordninga med supplerande stønad vart etablert. Ein viser til framstillinga der.

Departementet konstaterer at talet på personar med supplerande stønad og samansetnaden av denne stønadspopulasjonen frå 2006 og fram til i dag i det alt vesentlege har vore i samsvar med det ein rekna med da ordninga vart etablert. Talet på mottakarar har auka frå 2 401 personar ved utgangen av 2006 (290 millioner kroner i 2013-kroner) til 3 243 personar ved utgangen av 2013. Om lag halvparten av mottakarane bur i eit av fylka Oslo, Akershus eller Østfold, om lag to tredelar av mottakarane er einslege, og om lag to tredelar er kvinner. Det er relativt få mottakarar som forsørgjer ektemake/sambuar eller barn.

Utgiftene til supplerande stønad var 214 millionar kroner i 2006 (290 millioner kroner i 2013-kroner) og 411 millionar kroner i 2013. Utgiftene i 2006 var klart høgare enn ein hadde rekna med på førehand. Årsaka var i hovudsak at ein overvurderte effekten av inntektsprøvinga, mellom anna reduksjonane på grunn av opptent alderspensjon i folketrygda.

Gjennomsnittleg årleg yting var 93 009 kroner i 2006 (124 816 kroner i 2013-kroner) og 131 271 kroner i 2013. I 2006 fekk 64,6 prosent av mottakarane ytingar som var reduserte på grunn av inntektsprøvinga. Dette hadde auka til 75,3 prosent i 2013. Gjennomsnittleg yting som prosent av full stønad er tilsvarande redusert gjennom heile perioden frå 2006 til 2013. Reduksjonen er reelt sett større enn tala viser, ettersom fullt stønadsnivå auka fram til 2010 i takt med opptrappinga av særtillegget i folketrygda. Den viktigaste årsaka til reduserte ytingar er eigen opptent alderspensjon frå folketrygda.

Talet på personar som er 67 år eller eldre og tek imot økonomisk stønad, gjekk markert ned frå 2006 og enda meir frå 2007. Det same gjeld det beløpet som totalt vart utbetalt i økonomisk stønad til denne aldersgruppa. Det er vanskeleg å sjå andre årsaker til dette enn innføringa av ordninga med supplerande stønad.

SSB-undersøkinga som kartla endringane i bruken av økonomisk stønad frå 2005 (året før innføringa av supplerande stønad) til 2006 og 2007, viser at etableringa av den nye stønadsordninga hadde klar innverknad på uttaket av økonomisk stønad. Dette gjeld både talet på personar med økonomisk stønad, gjennomsnittleg utbetalt stønad og gjennomsnittleg tid med økonomisk stønad.

I budsjettet for 2006 vart det lagt til grunn at ordninga med supplerande stønad ville føre til ein reduksjon i utgiftene til økonomisk stønad på 164 millionar kroner, og kommunerammene vart stramma inn i samsvar med dette. Det er ikkje mogleg å rekne nærare på dette, men tala frå SSB kan tyde på at innsparinga i økonomisk stønad vart om lag som venta, men at full effekt kom først i 2007.

Vilkåra for supplerande stønad, mellom anna med omsyn til prøving mot inntekt og formue og avgrensa høve til å få ytinga under opphald i utlandet, gjer at ordninga stiller store krav til kontroll. Samtidig gjer avgrensinga til eldre med kort butid i Noreg at denne stønadspopulasjonen har eit stort behov for oppfølging. Dette kjem klart fram i tilbakemeldingane frå dei som handsamar sakene i praksis, sjå punkt 6. Det kjem òg fram at ordninga i hovudsak ser ut til å fungere etter intensjonane, og at utfordringane med omsyn til kontroll ikkje er større enn at ein bør kunne leve med dei i praksis. Avgrensinga av personkrinsen til eldre bidreg venteleg til dette.

Det ser ikkje ut til å vere større behov for endringar i stønadsordninga når det gjeld vilkåra for stønad m.m. Departementet har merka seg at ordninga på den eine sida vert kritisert for å gje for gunstige ytingar sett i høve til personar som har vore i Noreg heile livet, men ikkje har opptent pensjon utover minstenivået, og på den andre sida for å vere for lite gunstig med omsyn til utbetaling i utlandet m.m. Ein legg likevel til grunn at det ikkje er aktuelt å endre den prinsipielle innretninga til ordninga. Supplerande stønad bør framleis vere ei minimumsløysing med ytingar som er subsidiære til andre inntekter. Avgrensingar bør skje med økonomisk stønad som modell og med minstenivået i folketrygda som utgangspunkt for stønadsnivået.

Som nemnd i punkt 1, er det lagt fram forslag om å avvikle tillegga til mottakarar av supplerande stønad for forsørging av ektemake og/eller barn (Prop. 14 L (2014–2015)). Endringa vil gje auka insentiv for dei forsørgde ektemakane til å ta seg arbeid, og stønadsordninga står klarare fram som ei minimumsløysing. Samtidig held ein fast ved minsteytingane i folketrygda som utgangspunkt for stønadsnivået.

Spørsmåla som er tekne opp i punkt 6, gjev likevel grunn til å vurdere visse justeringar i regelverket eller peikar på endringar som bør gjennomførast. Forslag til visse endringar er drøfta i punkt 8, medan punkt 9 tek føre seg spørsmålet om å utvide ordninga til personar under 67 år, slik Stortinget bad om i vedtak 17. mars 2005.

Til forsida