Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

6 Styringsmodell for Vegpakke Harstad

Vegpakke Harstad skal gjennomførast som eit porteføljestyrt prosjekt med fleire delprosjekt innafor 5 tiltaksområde:

  • Tunnel utanom Harstad sentrum

  • Tiltak langs rv 83

  • Kollektivtrafikktiltak

  • Tilrettelegging for gåande og syklande på riks- og fylkesvegar

  • Tilrettelegging for gåande og syklande på kommunale vegar

Vegpakke Harstad er samansett ut frå omsynet til rasjonell utbygging, utnytting av tunnelmassar, rekkefølgjekrav som følgje av annan utbyggingsaktivitet i området og politiske vedtak innafor fastsett økonomisk ramme. Porteføljestyring vil sikre ei optimal prosjektgjennomføring i høve til dei strategiske og økonomiske måla for pakka.

Bygginga av tunnel utanom Harstad sentrum er høgt prioritert då dette er eit prosjekt med få høve til å kutte i kostnadene. I tillegg er arealet som blir frigjort med bygging av tunnelen, ein føresetnad for gjennomføring av dei andre tiltaksområda. Utover tunnelprosjektet vil ikkje gjennomføringa av Vegpakke Harstad bli låst til ei gitt framdrift eller rekkjefølgje på delprosjekta.

Som for andre bompengepakkar er det føresett at utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Det inneber at dersom kostnadene på nokre av delprosjekta aukar, vil andre delprosjekt ikkje bli gjennomførte. Det er likevel ein føresetnad at profilen på pakka blir oppretthalden. Dersom enkelte delprosjekt blir billegare enn føresett, kan ein velje om ein vil ta inn fleire delprosjekt i vegpakka eller redusere innkrevjingstida.

Styring og prioritering mellom delprosjekta blir gjort i nært samarbeid med Harstad kommune og Troms fylkeskommune med sikte på effektiv gjennomføring innafor den økonomiske ramma for pakka. I samband med dette kan det nemnast at kommunen har valt å nedprioritere delprosjekta «Stien langs sjøen» og «Gang-/sykkelveg Kilbotn-Blomjoten» som er nemnde i kommunestyrevedtaket av 26. januar 2012, jf. kap. 3.

Det er etablert ei styringsgruppe for Vegpakke Harstad som skal prioritere tiltaka innafor kvart område ut frå gitte faglege og politiske rammer. Styringsgruppa er sett saman av representantar frå Harstad kommune, Troms fylkeskommune og Statens vegvesen.

Som det går fram av Harstad kommunestyre sitt vedtak av 26. april 2012, ynskjer kommunen at finansieringa av eit pilotprosjekt for ferjesambandet Bjørnerå – Stornes skal inngå i vegpakka. Gjennom dette prosjektet ynskjer kommunen at ferjebillettar kan nyttast som passeringsbevis gjennom bomringen. Kommunen meiner at det òg bør vurderast om ferjesambandet Sørrollnes – Stangnes bør inkluderast i pilotprosjektet. Saka er handsama av Troms fylkeskommune som har avvist forslaget i brev av 24. september 2012. Troms fylkeskommune finn tiltaket vanskeleg å gjennomføre i praksis.