Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

2 Generelt om kommisjonsforordninga

EU-miljømerket (EU Ecolabel) vart innført ved rådsforordning (EØF) nr. 880/92 av 23. mars 1992, og vart seinare vidareført i forordning (EF) nr. 66/2010 (miljømerkeforordninga). EU-miljømerket er ei frivillig merkeordning. Produkt, dvs. varer og tenester, kan få miljømerket når dei tilfredsstiller visse minstekrav som er fastsette i såkalla kriteriedokument. Kriteria skal utformast slik at det i størst mogleg grad vert teke heilskapleg omsyn til miljøaspekta ved det einskilde produktet. Produsentar som søkjer om å få merkt produkta sine med miljømerket, må dokumentere at produkta tilfredsstiller ei rekkje strenge helse- og miljøkrav.

Føremålet med miljømerkeforordninga var å skape eit heilskapleg og effektivt miljømerkesystem i Europa. Gjennom informasjon om korleis produkt verkar inn på miljøet, skulle forbrukarane bli i stand til å treffe gode miljøval. Det var òg venta at ordninga ville stimulere til produksjon og marknadsføring av dei produktalternativa som har minst negativ innverknad på miljøet.

Bakgrunnen for kommisjonsforordninga er mellom anna å auke bruken av EU-miljømerket og oppmuntre dei som har produkt som fyller kriteria for merket. For å oppnå dette bør kostnadene som er knytte til bruk av merket, vere så låge som mogleg, men likevel tilstrekkelege til at dei dekkjer kostnadene til drift av ordninga. Miljømerkeforordninga gjer det mogleg å auke høgstegebyra der dette er naudsynt og føremålstenleg.

Vedlegg III til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket gjeld gebyr som er knytte til merkeordninga.

Ved kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 vert vedlegg III til forordning (EF) nr. 66/2010 bytt ut med teksta i vedlegget til førstnemnde forordning.