Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

I samsvar med avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 av 8. april 2014 skal vedlegg XX (Miljø) til EØS-avtala endrast.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 av 8. april 2012 inneheld ein innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 nr. 1 slår i fast at vedlegg XX til EØS-avtala vert endra ved at følgjande vert lagt til nr. 2a (europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010):

«32013 R 0782: Kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 (EUT L 219 av 15.8.2013, s. 26).»

Artikkel 2 slår fast at teksta i forordning (EU) nr. 782/2013 og avgjerd 2013/641/EU på islandsk og norsk, som vil bli kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 9. april 2014, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.