Meld. St. 26 (2010–2011)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2011 og fisket etter avtalane i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

Del 4
Fisket etter avtalane i 2009 og 2010

5 Fisket etter avtalane i 2009 og 2010

5.1 Den felles forvaltninga

I omtalen av fisket etter avtalane for 2009 og 2010 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 5.2 nedanfor. Deretter, i punkt 5.3, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2009 og 2010.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.2 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.2 og 5.3 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

Noreg – Russland

Fellesbestandane

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til tredjeland) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar3 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

244 100

282 729

238 057

283 2172

Hyse

97 050

122 859

104 885

123 518

Blåkveite

-

7650

-

8175

Lodde

233 000

245 000

233 005

244 163

1 Kvotetala inneheld kvotar avsett til forskning. For åra 2009 & 2010 vart det avsett 7 000 tonn torsk til forskingsfangst. Avtalen med Russland for 2009 (2010) opna for å avsette 9000 (7000) tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål, men ein fann det tilstrekkeleg å vidareføre kvoten på 7000 tonn. Avtalen for 2009 og 2010 opna vidare for å avsette 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsformål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norskefartøy. I 2010 vart det overført 30 000 tonn lodde frå Russland til Noreg i bytte mot 10 000 tonn norsk vårgytande sild.

2 Registrert ungdoms- og rekreasjonsfiske utgjer 1233 tonn, men ein reknar med at heile avsetninga på 7000 tonn vert teken.

3 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 14.02.2011 og inneheld forskingsfangst.

Torskekvoten nord om 62°N vart ikkje oppfiska i 2009, og utnyttingsgraden var på 97,5 prosent. Dette kan forklarast ut frå den særskilte vanskelege marknadssituasjonen dette året. I 2010 kjem den uregistrerte delen av rekreasjonsfisket i tillegg, og ein legg til grunn at heile avsetninga på 7 000 tonn vert teken. Både hyse og torske kvoten vært fullt utnytta i 2010. Utnyttigsgraden for hyse var 108 prosent i 2009. Kvoten vart altså noko overfiska. Bakgrunnen for dette er samansett. Mellom anna vart tilgjengelegheita betre enn venta, og trålarane og dei konvensjonelle havfiskefartøya kunne i større grad enn tidlegare gå på eit reint hysefiske. Loddekvoten vart godt utnytta i 2009 og 2010.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i 2009 einige om ein totalkvote på 15 000 tonn blåkveite i tre år framover, og ein fordelingsnøkkel som gav Noreg ein kvote på 7650 tonn blåkveite. Denne kvoten vart godt utnytta i 2010.

Generelt har trålarane og andre havfiskefartøy fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimal-/fartøykvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten, differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimal-/fartøykvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 prosent. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan også føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

140 000

140 000

4245

-

Hyse

20 000

30 000

4420

-

Blåkveite

-

7650

-

-

Reker

2500

2500

1

-

Grønlandssel

7000

7000

-

105

Lodde

233 000

245 000

22 125

408

Steinbit

1200

2200

105

-

Flyndre

500

500

1

-

Bifangstkvote

500

500

52

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 14.02.2011. Fangstala for lodde inneheld forskningsfangst.

Kommentarar til oversikta

Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2009 fiska Noreg 1,7 prosent av torskefangstane og 4,2 prosent av hysefangstane i RØS. Norske fartøy fiska ikkje etter botnfisk i RØS i 2010. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane. Noreg kunne fiska heile loddekvoten i RØS.

I 2009 deltok berre ein reketrålar i fisket etter reker i RØS, medan ingen er registrert med rekefangst i 2010. Når det gjeld grønlandssel var det eit norsk fartøy som gjekk til Austisen for å fangste i 2010.

Noreg – EU

Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4.

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

4514

5704

4255

4485

Hyse

7978

8073

1254

1117

Sei

63 881

55683

57 748

53101

Kviting

1327

790

73

117

Raudspette

2885

4268

1116

1089

Makrell

190 802

180 424

121 229

233 9573

Nordsjøsild

53 400

50 955

52 935

50 007

1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15.02.2011. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, IIIa ,IV og VIa.

3 Ufiska kvantum i 2009 vart overført til 2010.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

Norske kvotar i EU sitt farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2009 og 2010 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland, og fekk i tillegg tildelt kvotar av torsk frå EU for fiske i grønlandsk sone i 2009 og frå Grønland i 2010. For desse artane er det i denne meldinga berekna at kvoten frå Grønland vert utnytta først (sjå tabell 5.6). Eventuelle fangstar ut over Grønland-kvotane vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelte av EU (sjå tabell 5.4)

.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2009

2010

2009

2010

EUF, Nordsjøen1:

Torsk2

4514

5704

1212

1104

Hyse2

7979

8073

385

367

Sei2

63 881

56 613

18 539

24 197

Kviting2

1517

790

39

37

Raudspette2

2885

4268

1078

983

Makrell

153 365

115 000

55 501

111 624

Sild2

49 590

47 647

42 903

36 532

Augepål

1000

6000

1289

6907

Tobis

27 500

27 500

27 418

27 542

Brisling

10 000

10 000

7956

11 121

Reker

-

-

-

-

Hestmakrell

3600

3600

3734

565

Sjøtunge

90

50

1

2

Andre artar

2720

2720

539

652

EUF, vest om 4°V3:

Makrell4

12 300

11 626

121

2163

Kolmule

158 458

148 602

155 584

139 790

Blålange5

150

150

117

145

Lange5

5638

6140

5107

5260

Brosme5

3350

2923

2608

2744

Pigghå

50

-

-

-

Håbrann

-

-

-

-

Kombinert kvote

140

140

204

182

Blåkveite

350

350

3

99

EUGRL, Vest-Grønland6:

Blåkveite

800

800

800

640

Kveite

75

75

59

6

Skolest/Isgalt o.a.7

120

120

6

25

Torsk8

500

-

-

-

EUGRL, Aust-Grønland6:

Reker

3500

3100

882

721

Blåkveite

824

824

-

206

Kveite

75

75

-

-

Uer9

3000

1500

-

1500

Lodde

-

-

-

-

Skolest/isgalt o.a.7

120

120

-

-

Torsk8

500

-

252

-

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15.02.2011. Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå: Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15.02.2011. Fangsttala på blåkveite inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IIa og VI .

4 Kvotane i EU farvatn vest om 4°V var ein del av nordsjøkvoten for begge åra.

5 Fangsttala på artane blålange, lange og brosme inneheld fangst i EU-sona i ICES-områda IV, Vb, VI, VII og IIa. Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

6 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 15.03.2011, og Grønlands Fiskerilicenskontrol per 21.12.2010

7 For begge åra har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

8 For 2009 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 500 tonn torsk.

9 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan også fiskast i internasjonalt farvatn og EU-sona.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU-farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy berre fiske 1000 tonn augepål i 2009 og 6000 tonn i 2010. EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2009 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis. Av ein kvote på 27 500 tonn tobis i EU-sona, fiska norske fartøy 27 418 tonn i 2009 og 27 542 tonn i 2010.

Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av Dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS sør om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 155 584 tonn kolmule i 2009 og 139 790 tonn i 2010 i desse områda.

Den norske makrellkvoten i EU-farvatn vart dårleg utnytta i 2009. Dette hadde samanheng med at norske fartøy som fiska makrell vart bedt om å forlate EU-farvatn 1. oktober 2009. På den bakgrunn har forvaltninga lagt til rette for at det resterande kvantum kunne fiskast i 2010. På bakgrunn av konflikten mellom Noreg og EU om norske fartøy sin tilgang til å fiske i EU-sona forhandla partane seg fram til eit nytt tilgangsregime for makrell. I følgje denne avtalen kan norske fartøy i 2010 fiske inntil 115 000 tonn i EU-sona i ICES statistikkområde IVa, derav inntil 11 626 tonn kan fiskast i EU-sona i ICES statistikkområde IIa, VIa (nord for 56°30°N) og VII d, e, f og h. Noreg sin kvote i EU-farvatn vart i 2010 tilnærma oppfiska.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme og isgalt.

Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Når det gjeld dei tildelte kvotane i grønlandske farvatn, vert desse slått saman med kvotane som Noreg får tildelt av Grønland. I denne meldinga vert den norske fangsten kvoteavrekna kvoten tildelt frå EU sist, men det er ingen avtale som seier at det er slik det skal gjerast.

Noreg – Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Lange/ blålange

2525

2425

819

823

Brosme

1847

1774

939

1169

Sei

105

101

24

27

Blåkveite

-

2

1

Håbrann/Pigghå

-

-

Breiflabb

-

1

1

Makrell

2157

2000

-

Hestmakrell

50

50

-

Kolmule

11 300

12 995

3355

1735

Andre artar

891

855

82

56

1 Vaktar- og Bjargingartænastan på Færøyane per 03.02.2011

Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.5.

Fisket etter botnfisk kunne drivast med garn og line, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 1867 tonn botnfisk i færøysk sone i 2009, tilsvarande tal for 2010 var 2077 tonn botnfisk. Dette gjev ein utnyttingsgrad på om lag 35 prosent i 2009 og 40 prosent i 2010.

Noreg hadde ei relativt låg utnytting av kvotane i færøysk sone i begge åra. Dette kan mellom anna sjåast i samanheng med høge torske- og hysekvotar i norsk sone og at kvoteavtalen ikkje vart inngått før i februar 2009 og januar 2010 slik at lineflåten allereie hadde valt andre alternativ.

Norske ringnotfartøy pleier å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 3355 tonn i 2009 og 1735 tonn i 2010.

Noreg – Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Vest-Grønland:

Blåkveite

700

900

715

900

Aust-Grønland:

Blåkveite

375

275

116

275

Kveite

235

235

6

51

Uer

700

700

89

787

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

750

750

750

310

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 15.03.2010, og Grønlands Fiskerilicenskontrol per 21.12.2010

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2009 og 2010 går fram av tabell 5.6. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4). Det deltok 3 trålarar i fisket både i 2009 og 2010. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok berre eitt linefartøy og ein trålar i 2009, medan eitt linefartøy og to trålarar deltok i 2010.

I 2009 var det 16 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland, medan det i 2010 var 15 (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Totalt to fartøy deltok i rekefisket i 2009, medan fire fartøy deltok i 2010.

I 2009 vart det fiska 89 tonn uer av ein kvote på til saman 3700 tonn. Kvoten vart altså dårleg utnytta, men i 2010 vart kvoten overfiska med 87 tonn av ein kvote på til saman 2 2000 tonn. Heile kvoten frå Grønland og EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn.

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. Både i 2009 og 2010 deltok berre eitt fartøy. I begge åra var det fritt fiske innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. I 2009 vart denne kvota godt utnytta, medan i 2010 vart utnyttingsgraden berre 41 prosent.

Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

 

2009

2010

2009

2010

Brosme, lange, blålange

500

500

387

444

Kveite

-

-

2

4

Uer

-

-

19

10

Anna

-

-

57

42

Lodde2

28 431

30 671

28 252

30 805

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 14.03.2011.

2 Sesongen 2009/2010 og 2010/2011

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt i både 2009 og 2010.

Noreg – Grønland – Island: lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2009/2010 og 2010/2011

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

Art

2009/2010

2010/2011

2009/2010

2010/2011

Lodde

28 431

30 671

28 252

30 805

1 Norges Sildesalgslag per 14.03.2011.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2009/2010 og 2010/2011 går fram av tabell 5.8.

På grunn av at 2007-årsklassa vart estimert til å vere svært låg, tilrådde ikkje ICES at det vart opna for eit loddefiske sesongen 2009/2010. På bakgrunn av bestandsmålingar gjort vinteren 2009/2010 fann det islandske havforskingsinstituttet det likevel tilrådeleg å gå inn for å opne loddefiske den 29. januar 2010, ut frå ein TAC på 130 000 tonn.

Noreg hadde ein førebels kvote på totalt 28 431 tonn og heile kvoten kunne fiskast i Island si økonomiske sone (IØS).

Førebels TAC for 2009/2010 vart 23. februar auka til 150 000 tonn lodde. Den norske totalkvoten vart då auka med 1600 tonn. Kvoten var samansett av 12 000 tonn frå trepartsavtalen og 18 031 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet.

Til saman vart det fiska 28 252 tonn lodde i sesongen 2009/2010 av totalt 31 ringnotfartøy.

For sesongen 2010/2011 vart førebels TAC fastsett til 200 000 tonn 25.november 2010. Norsk kvote var samansett av 16 000 tonn frå trepartsavtalen, der 5600 tonn kunne fiskast i IØS, og 21 011 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Sidan endeleg TAC for sesongen 2009/2010 vart sett høgare enn førebels TAC, fekk Noreg ein tilleggskvote på 1600 tonn, der 560 tonn kunne fiskast i IØS.

27. januar 2011 vart TAC auka frå 201 100 tonn til 325 000 tonn. Den norske totalkvoten vart då auka med 10 000 tonn der 3500 tonn kunne fiskast i IØS.

Til saman vart det fiska 30 805 tonn av totalt 33 ringnotfartøy. Norsk kvote vart sesongen 2010/2011 totalt 48 611 tonn lodde, der 30 671 tonn kunne fiskast i IØS.

Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

133

155

118

58

Hyse

109

93

101

95

Kviting

19

19

10

10

Raudspette

187

187

60

49

Sild2

5032

4515

3296

3282

Makrell

3000

3000

1406

1236

Brisling

3900

3900

672

914

Reker

5415

4567

4268

2601

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 14.03.201.

2 Inntil 20 prosent av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i begge åra.

Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2009 vart det fiska 343 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2010 var 377 tonn.

Desse kvotane vart fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2009 og 2010 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell i Skagerrak.

I 2009 vart sildekvoten delt med 3000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2010. Kystbrislingflåten fiska om lag 17 prosent i 2009 og 23 prosent i 2010 av brislingkvoten på 3900 tonn. Kystreketrålarane utnytta 79 prosent av kvoten i 2009, og 57 prosent i 2010.

Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

-

509

-

519

Lodde

-

-

-

-

Uer

-

-

-

-

Reker 3M

-

-

-

Reker 3L

668

334

662

325

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 14.03.2011.

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske, men i 2010 vart det opna for eitt torskefiske i underområde 3M etter elleve års moratorium. Den norske kvoten utgjorde 509 tonn. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 90-talet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Norske fartøy hadde høve til å fiske reker i 1985 døgn i 2009 og 992 døgn i 2010 i NAFO-underområde 3M. Fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I 2009 var den norske kvoten i 3L i utgangspunktet sett til 334 tonn, men som kompensasjon for manglande loddekvote frå Island vart Noreg i tillegg tildelt den islandske rekekvoten i 3L på 334. Den totale norske kvoten i 3L i 2009 vart dermed på 668 tonn. I 2010 vart den norske rekekvoten i 3L 334 tonn.

I 2009 fiska ein reketrålar i 3L 662 tonn, medan eitt fartøy fiska 325 tonn i same område i 2010. Ingen norske fartøy fiska etter reker i underområde 3M desse åra.

Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)1

2009

2010

2009

2010

Uer

5291

3491

-

4568

1 Inkluderer også fangstar under kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.6

Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.11. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Norske fangstar auka drastisk frå ingen fangst i 2009 til 4568 tonn i 2010. Årsaka til dette var redusert deltaking på grunn av høge drivstoffprisar, og at det vart funne lite uer i 2009, medan tilgangen på uer var god i 2010.

Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde I og II (Smotthavet), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2009 rapporterte norske fartøy 1742 tonn og i 2010 682 tonn frå dette området.

Norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.12 og 5.13.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2010

STAT

Kvote

Balanse 2009

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst 2010

EU

96 543

-4678

-

91 865

93 382

Færøyane2

76 523

-580

-

75 943

72 703

Island

215 183

-9745

-

205 438

205 864

Noreg

904 630

-59 256

-10 000

835 374

871 116

Russland

190 121

3477

10 000

203 598

198 767

Totalt

1 483 000

-70 782

1 412 218

1 441 832

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 24. mars 2011 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. april 2011.

2 Inkludert kvote overført til Grønland. Fangst ukjent.

Tabell 5.13 Oversikt over kvotar og fangstar1 (tonn) før og etter overføringar i 2009

STAT

Kvote

 

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangst

Balanse 2010

EU

106 959

-2577

-

104 382

109 060

-4678

Færøyane2

84 779

1957

-

86 736

87 316

-580

Island

238 399

12 026

-

250 425

260 170

-9745

Noreg

1 002 230

-38 003

-

964 227

1 023 483

-59 256

Russland

210 633

2308

-

212 941

209 464

3477

Totalt

1 643 000

-24 289

-

1 618 711

1 689 493

-70 782

1 Fangsttala er førebels og innrapportert frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. april 2011.

2 Inkludert kvote og fangst teken av Grønland

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2009

 

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

Balanse 2010

EU

104 382

3 228

-

-

-

89 956

-

15 876

-

109 060

-4678

Færøyane

86 736

5 758

-

1570

5291

59 062

1883

13 752

-

87 316

-580

Island

250 425

18 041

-

4957

193 997

38 848

4328

-

-

260 170

-9745

Noreg

964 227

55 995

-

-

-

967 369

119

-

-

1 023 483

-59 256

Russland

212 941

36 442

-

-

-

113 079

2574

57 369

-

209 464

3477

Totalt

1 618 711

119 464

-

6527

199 288

1 268 314

8904

86 997

-

1 689 493

-70 783

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. april 2011.

Tabell 5.15 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2010

 

Fangst fordelt på soner (tonn)

STAT

Kvote etter overføringar og fleksibilitet

INT

EU

FRO

IØS

NØS

JM

VS

RØS

Totalt

EU

91 865

8198

-

-

-

65 686

2932

16 566

-

93 382

Færøyane

75 943

1430

-

4397

3040

63186

650

-

-

72 703

Island

205 438

3676

-

4945

171 396

25 823

24

-

-

205 864

Noreg

835 374

12 122

2

-

3131

855 211

650

-

-

871 116

Russland

203 598

27 466

-

482

-

117 428

3455

49 936

-

198 767

Totalt

1 412 218

52 892

2

9824

177 567

1 127 334

7711

66 502

-

1441 832

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 24. mars 2011 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. april 2011.

2 Inkludert kvote overført til Grønland. Fangst ukjent.

Kommentarar til oversikta (tabellane 5.12, 5.13, 5.14 og 5.15)

12. november 2008 vart kyststatsavtalen mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2009 underteikna. Partane vart einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart også høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skulle trekkjast frå kvoten neste år. Denne ordninga har seinare vorte ført vidare.

Noreg fiska i 2009 heile 59 256 tonn meir enn den norske kvoten på 964 227 tonn (etter overføring og fleksibilitet). Dette kvantumet vart trekt frå norsk kvote for 2010. Både i 2009 og 2010 vart kvoten fiska i NØS, internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen. I 2010 vart det og fiska 3131 tonn sild til agn i IØS. I 2009 fiska Noreg heile 55 995 tonn sild i internasjonalt farvatn, mot 12 122 tonn i 2010.

I 2009 og 2010 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn og i vernesona rundt Svalbard. Det russiske hovudfisket føregjekk i NØS nord for 62°N.

Islendingane fiska i 2009 og 2010 heile 193 997 tonn og 171 396 tonn sild i si eiga sone. I 2009 og 2010 vart sonetilgangen til NØS ikkje fullt nytta.

Alle landa med unntak av Russland fiska i 2009 på forskot på 2010-kvoten. I følgje førebelse fangsttal for 2010 har Russland og Færøyene ikkje utnytta kvoten sin for 2010.

5.3 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2009 og 2010

Russland – Noreg

Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2009 og 2010 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.16).

Tabell 5.16 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

231 100

266 045

229 291

267 822

Hyse

88 050

111 400

85 514

111 361

Blåkveite

-

6750

-

?

Lodde

157 000

115 000

73 151

77 236

Tala i tabell 5.16 inneheld murmansktorsk, kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål og overført tredjelandskvote. For åra 2009 og 2010 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk og 7 000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsformål. I tillegg har Russland i 2010 overført 1 480 tonn torsk og 234,9 tonn hyse frå avsett tredjelandskvote til nasjonal kvote. Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Blåkveitebestanden vart fordelt i 2010, her manglar fangsttal for 2010.

Tabell 5.17 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

NØS N 62°N:

Torsk

140 000

140 000

57 608

63 645

Hyse

20 000

30 000

20 124

20 695

Sei

15 000

15 000

10 923

12 919

Blåkveite

-

6750

1099

4313

Steinbit

3000

4000

2015

1037

Uer

1000

1500

1327

766

Snabeluer

1500

1500

950

411

Kolmule

10 268

9398

2800

2175

Norsk vårgytande sild

210 633

201 290

112 929

117 428

Lodde

152 000

110 000

276

18 125

Andre artar

3000

3000

144

143

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

-

-

3994

3455

Makrell

-

-

387

18

Kolmule

-

-

282

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011.

Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.17. Av torskekvoten i NØS i 2009 og 2010 vart høvesvis 41 prosent og 45 prosent fiska. I 2009 fiska Russland opp heile hysekvoten sin, medan dei i 2010 hadde ei utnytting på 69 prosent.

Kvoten for snabeluer og uer kunne berre nyttast til bifangst i 2009 og 2010, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direktefiske og bifangst. Bifangstkvoten for snabeluer og uer auka med 500 tonn 30. juni 2009. I 2009 kunne russiske fartøy fiske 7000 tonn sei innanfor kvoten på 15 000 tonn i eit direktefiske, dette fisket vart stoppa 28. august 2009. I 2010 vart kvantumet til direktefiske etter sei auka til inntil 8000 tonn av kvoten på totalt 15 000 tonn. Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord om 62°N kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2009 og 2010 er ikkje spesifisert.

EU – Noreg

Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.19. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2009 og 2010, går fram av tabell 5.18.

Tabell 5.18 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland.

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

23 902

27 848

22 393

22 026

Hyse

33 425

27 711

29 736

22 913

Sei

60 448

50 431

42 329

32 103

Kviting

13 656

12 107

12 277

9 672

Raudspette

52 615

59 557

50 812

38 016

Makrell

22 518

21 392

20 987

22 053

Nordsjøsild

121 410

116 653

113 778

91 517

1 Fangsttala for heile 2009 og 2010 per 31. oktober 2010 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2010. Fangsttala for makrell i 2010 er per 31. oktober 2010.

Tabell 5.19 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

NØS, N 62°N:

Torsk

20 074

20571

19 753

22 419

Hyse

2500

2050

2155

2031

Sei

3000

3000

2872

2351

Blåkveite

50

50

30

11

Uer

750

750

96

111

Snabeluer

750

750

226

56

Kolmule

114 781

103 393

50

14

Makrell

12 300

11 626

-

245

Sild

96 263

86 889

89 956

65 585

Andre artar

350

350

149

73

NØS, Nordsjøen2:

Torsk3

21 157

24 586

6658

8665

Hyse3

25 570

21 320

7087

6247

Sei3

61 328

51 311

26 117

22 068

Kviting3

9442

8543

678

812

Raudspette3

21 590

24 539

2224

2214

Makrell3

22 760

115 000

6457

648

Nordsjøsild3

50 846

50 846

2055

3820

Augepål

1000

1000

45

4

Kolmule

115 581

104 193

14

3

Tobis

-

-

603

645

Reker

664

558

373

248

Andre artar

8780

8760

7666

7608

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

-

-

-

2932

Kolmule

-

-

-

-

1 Kvotekontrollen/Elektronisk fangstrapportering i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2009 og 2010 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.24.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.19. I åra 2009 og 2010 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62°N godt. Torskekvoten vart overfiska med 9 prosent i 2010.

EU sin sildekvote nord om 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

EU sin makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2009. EU si kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EU sin kolmulekvote bestod av kvantum gjennom EU-avtalen og kolmuleavtalen. I 2009 kunne EU fiske 110 781 tonn gjennom kolmuleavtalen og 4000 tonn gjennom EU-avtalen i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I 2010 kunne EU fiske 2000 tonn gjennom EU-avtalen og 101 393 tonn gjennom kolmuleavtalen. Kvotane kunne fiskast i heile NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU (Sverige) fiske 800 tonn industrifisk sør for 62°N.

EU sine fangstar i NØS sør om 62°N som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2009 og 2010 desse prosentane: for torsk 32 og 35 prosent, for hyse 28 og 29 prosent, for sei 43 og 43 prosent, for kviting 7 og 10 prosent og for raudspette 10 og 9 prosent.

EU utnytta 87 prosent av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2009 og i 2010.

Færøyane – Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2009

2010

2009

2010

NØS, N 62°N:

Torsk

4251

4244

3964

4245

Hyse

1460

1581

1455

1542

Sei

3550

807

1501

817

Blåkveite

-

-

2

17

Sild

67 224

63 599

60 495

63 361

Kolmule

12 107

11 258

398

31

Makrell

24 973

2000

185

Andre artar3

450

450

186

111

NØS, Nordsjøen:

Sei

2050

368

911

140

Nordsjøsild

442

712

710

712

Kolmule

12 107

11 258

10

Brisling

500

500

Makrell

24 973

2000

1360

Hestmakrell

200

200

-

-

Håbrann/pigghå

-

-

Andre artar

100

100

152

53

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Makrell

23 468

-

Kolmule

12 107

11 258

Sild

50 061

75 185

1792

650

1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011.

3 Inkludert kvote på snabeluer.

Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20. Færøyane sine kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62°N er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland.

Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2009 utgjorde kvotane frå Noreg 1 951 tonn torsk, 1460 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar. Færøyane fekk hausten 2009 auka seikvoten sin frå 1550 til 3550 tonn, tilleggskvoten kunne også fiskast sør om 62°N. Færøyane utnytta ikkje tilleggskvoten på 2000 tonn sei nord om 62°N. Kvotane på torsk og hyse vart godt utnytta. I 2010 vart kvotane frå Noreg på 2244 tonn torsk, 1581 tonn hyse, 1125 tonn sei og 100 tonn andre artar. Det vart overført 318 tonn sei frå kvoten nord for 62°N til sør for 62°N den 17. november 2010. Torske-, hyse- og seikvoten nord for 62°N vart godt utnytta i 2010.

Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 5.20 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone.

Færøyane kunne fiske totalt 50 061 tonn norsk vårgytande sild i norske havområde i 2009, av desse kunne 37 224 tonn fiskast i NØS nord for 62°N. I tillegg fekk Færøyane gjennom kolmuleavtalen og kyststatsavtalen for norsk vårgytande sild 11. februar 2009 lov til å fiske ytterlegare 30 000 tonn sild i NØS. I 2010 kunne Færøyane fiske totalt 45 185 tonn i norske havområde i 2010, av desse kunne maksimalt 33 599 tonn fiskast nord for 62°N. I tillegg fekk Færøyane den 13. januar 2010 høve til å fiske ytterlegare 30 000 tonn sild i NØS.

I 2009 og 2010 kunne 12 107 tonn og 11 258 tonn av kolmulekvoten fiskast nord for 62°N og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICESs område IVa). I 2009 kunne 23 468 tonn av makrellkvoten også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I praksis har fisket dei siste åra vore i Nordsjøen. I 2010 hadde Færøyene ein kvote på 2000 tonn makrell, kvoten kunne fiskast i heile NØS med unntak av Skagerrak.

Færøyane sin seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Færøyane fiska totalt 911 tonn sei sør for 62°N i 2009. I 2010 vart det overført 318 tonn sei frå kvoten nord for 62°N til sør for 62°N. Færøyene utnytta 38 prosent av seikvoten i 2010. Kvoten på andre artar vart overfiska med 51 prosent i 2009, torsk og hyse utgjorde 49 prosent av den samla fangsten.

Kvoten på hestmakrell kan også fiskast nord om 62°N.

Grønland – Noreg

Tabell 5.21 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

NØS, N 62°N:

Torsk

5075

6600

4977

6584

Hyse

1410

1980

1407

1969

Sei

730

1000

697

956

Sild

4000

3600

2920

3600

Andre artar

150

260

83

114

NØS, Nordsjøen:

Torsk

-

-

10

Sei

925

-

933

Andre artar

110

-

22

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011

Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.21. Grønland har nytta kvotane sine godt i 2009 og 2010.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande 3450 tonn og 1050 tonn i 2009. I 2010 fekk Grønland auka torskekvoten med 750 tonn 25. mars 2010. I tillegg overførte Grønland 4450 tonn torsk og 1350 tonn hyse frå Russland til NØS.

I 2009 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen. Grønland hadde ingen kvotar i dette området i 2010.

Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62°N på 4720 tonn i 2009 og 5500 tonn i 2010 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.22.

Tabell 5.22 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2009 og 2010 i NØS nord for 62°N

Art

Kvoter (tonn)

Fangst1 (tonn)

 

2009 2010

2009 2010

NØS, N 62°N:

Torsk

4720

5500

4493

5809

Hyse2

-

302

749

Sei2

-

67

109

Sild

44 361

40 041

38 715

25 957

Anna2

1416

1650

98

60

Fiskerisona ved Jan Mayen:

Sild

238 399

215 183

4672

43

Kolmule

-

Annet

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011

2 Bifangst inntil 30 prosent.

Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 238 399 tonn og 215 183 tonn sild i 2009 og 2010 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 44 361 tonn og 40 041 tonn fiskast i NØS nord av 62°N.

Island utnytta 95 prosent av torskekvoten i NØS i 2009. I 2010 overfiska Island torskekvoten sin med 6 prosent. Bifangst av hyse er auka betrakteleg i 2010 samanlikna med 2009.

Av sildekvoten i NØS i 2009 og 2010 vart høvesvis 87 prosent og 65 prosent utnytta.

EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.23 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

Torsk

3981

4638

3554

3021

Hyse

2481

2108

1543

1168

Kviting

1031

1031

106

54

Raudspette

9163

9163

6024

7331

Nordsjøsild

32 690

28 890

29 542

22 133

Brisling

48 100

48 100

8830

5873

Reker

6205

5233

3988

2325

1 Fangsttala for heile 2009 og 2010 per 31. oktober 2010 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2010.

Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.23. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 5.23 syner at EU nyttar kvotane på torsk, nordsjøsild, raudspette og hyse best. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Sverige – Noreg

Tabell 5.24 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2009

2010

2009

2010

NØS, Nordsjøen:

Torsk

382

382

345

322

Hyse

707

707

140

82

Sei

880

880

675

779

Kviting

190

190

32

38

Industrifisk

800

800

621

724

Makrell

242

242

242

242

Nordsjøsild

846

846

846

846

Reker

164

138

164

138

Andre artar

-

-

104

71

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.24. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2009 fiska svenske fartøy 621 tonn industrifisk, medan dei i 2010 fiska 724 tonn.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

Tabell 5.25 Oversikt over fangst av reker ved Svalbard

Fangstar1 (tonn)

Maksimalt tilletne fiskedøgn

Land

2009

2010

2009

2010

EU

662

1141

1080

1080

Færøyane

388

558

922

922

Grønland

-

-

450

450

Noreg

8034

3034

5795

5795

Island

-

-

70

70

Russland

-

-

3256

3256

Canada

-

-

108

108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2011

Til forsida