Meld. St. 26 (2010–2011)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2011 og fisket etter avtalane i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

Del 2
Dei ulike fiskeriavtalane for 2011

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2011

3.1 Bakgrunn

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2011 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Noreg har i 2010 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholavtalen.

Det vart også i 2010 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Tidleg på hausten i 2010 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2011.

Noreg tek vidare del i dei årlege kyststatsforhandlingane om makrell. Her har ein framleis ikkje lukkast å få på plass ein ny avtale. Noreg har også vore med i kyststatsforhandlingane om ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2011.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (North Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization).

Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri- og kystdepartementet si utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Det vitskaplege arbeidet som ligg til grunn for å fastsetje kvotar

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

ICES vart danna i 1902, og sekretariatet ligg i i København. Per i dag har ICES 20 medlemsland. I tillegg har ICES fleire observatørarland.

ICES har eit nettverk som består av meir enn 1600 forskarar frå 200 institutt, som har mandat frå ICES-konvensjonen som er vedteken av medlemmane i ICES. Forskarane samlar informasjon og forsking. ICES publiserer vitskapleg informasjon og rådgjevning i rapportar, publikasjonar (mellom anna ICES Journal of Marine Science) og på ICES sine heimesider.

Arbeidet til den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning i ICES (ACOM) er nærmare omtalt i kapittel 4.5. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figuren viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

3.3 Kvoteavtalane for 2011

Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet, har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse, blåkveite og lodde. Partane vart i 2006 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane. Tredjelandskvoten av nordaust-arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 prosent til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 prosent til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland.

Kvoteavtalen for 2011 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Svolvær, Norge, 8. oktober 2010.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 703 000 tonn i 2011. I tillegg kjem ein norsk kvote på kysttorsk på 21 000 tonn. Partane har i fordeling av kvotane for torsk i 2010 justert den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tek høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 97 494 tonn. Av dette kan 27 560 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 40 681 tonn til NØS og 29 253 tonn til RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 312 253 tonn.

Kvoten for torsk til forskings- og forvaltningsformål er framleis på 7000 tonn i 2011 for kvar av partane.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 303 000 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 14 500 tonn, som er delt med 8 700 tonn til NØS og 5 800 tonn til RØS. Russland har overført 4500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg for 2011. Etter overføring er den norske kvoten på 144 750 tonn og den russiske på 135 750 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontrollomsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2011 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 30 000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

Partane vart i 2009 samde om ein fordelingsnøkkel for blåkveite som inneber at Noreg får 51 prosent, Russland får 45 prosent og 4 prosent er sett av til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. Partane har også fastsett ein totalkvote på 15 000 tonn per år for perioden 2010-2012. Fordelinga er basert på eit omfattande vitskapleg arbeid av norske og russiske forskarar.

I perioden 1993-1999 var det ikkje loddefiske i Barentshavet. I 1999 opna ein for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80 000 tonn, og i 2000, 2001 og 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435 000, 630 000 og 650 000 tonn. For 2003 vart det fastsett ein kvote på 310 000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 prosent sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. På denne bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien, bestemte partane at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. I 2009 vart det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, vedteke å opne fisket etter lodde igjen, og for 2011 vart loddekvoten sett til 370 000 tonn.

I det russiske fisket på eksklusive norske bestandar i 2010, er Russland heller ikkje i år tildelt kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer utgjer 3500 tonn for 2011. Vidare har Russland ein kvote på 15 000 tonn sei, 7000 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 8000 tonn i direkte fiske. Russland har også ein kvote på 4500 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 698 tonn kolmule i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2011, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 2500 tonn reker, 2200 tonn steinbit, 500 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2011.

Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten for kongekrabbe ikkje var fastsett då forhandlingane vart førde. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 4000 tonn for 2011.

Norsk forvaltning av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe, som mellom anna inneber ei todelt forvaltning på norsk side. I eit kystnært område aust for 26°Ø vert bestanden forvalta som ein ressurs og fangsten regulert, medan det utanfor dette området er utkastforbod og fri fangst av kongekrabbe. Den norske totalkvoten for reguleringsåret 2011/2012 i det regulerte området er på 1200 tonn hannkrabbar og 50 tonn hokrabbar. Reguleringsåret går no frå 1. august til 31. juli.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Under den 39. sesjon i Svolvær, diskuterte partane fleire viktige saker for den felles fiskeriforvaltninga for året 2011, inkludert kontrollaktivitetar, UUU-fiske og kvotekontroll. Grunna mange effektive tiltak, så er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert dei siste åra. Dette viser at forvaltninga er god i området og at samarbeidet mellom Noreg og Russland fungerar.

Det er fleire tiltak som er implementert for å oppnå måla om ei berekraftig forvaltning. Mellom anna så har Noreg og Russland løpande utveksling av informasjon om omlastingar til havs og landingar i tredjelands havner av fisk som utgjer fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet på fartøynivå.

Russland og Noreg samarbeider også i NEAFC, og tek sikte på å vidareutvikle regimet for hamnestatskontroll når det gjeld fiskeressursane i NEAFC sitt konvensjonsområde. Noreg og Russland er òg enige om å halde fram med samarbeidet om å gjennomføre inspeksjonar av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar frå kvarandre høve til å opphalde seg på den andre parten sine fartøyer for å gjennomføre inspeksjonar av fartøy med eigen stats flagg som driv fiske i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet.

Både Noreg og Russland har understreka kor viktig det er at det vert ført kontrollar som er i samsvar med dei vedtekne tiltaka i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Regelbrot som vert påviste i kontrollar vil i praksis føre til sanksjonar.

Noreg og Russland er òg enige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa for 2011. Gruppa består av representantar frå Fiskeridirektoratet og Kystvakta og Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og FSB si grenseavdeling i Murmansk fylke. Ekspertar kan engasjerast i gruppa sitt arbeide. Det vart bestemt at analysegruppa skal møtast etter behov i 2011, men at det bør vere minst to møter om året. Analysegruppa skal òg samarbeide for å samkøyre informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy. Dette bidreg til å avdekkje moglege brot på fiskerilovgjevinga. Eit anna formål med arbeidsgruppa er å få ei felles vurdering av totaluttaket av torsk og hyse for Noreg, Russland og tredjeland i Barentshavet og Norskehavet. Analysegruppa skal gjere ferdig berekningane av totaluttaket for torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet for 2010 før ICES startar sitt arbeide med tilrådingane om totalkvotar for 2012. Analysegruppa rapporterer om arbeidet sitt på møta i Det permanente utvalet.

Det har vore reell framgang i det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland dei seinare åra på fleire område. Dette har blant anna fått konkret utslag i redusert overfiske. I følgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har overfisket av torsk i Barentshavet vorte redusert med 84 prosent frå 101 300 tonn i 2005, til om lag 15 000 tonn i 2008. Ein er i samarbeidet einige om at det ikkje er registrert overfiske eller ulovlig fiske av torsk i 2009 og 2010.

Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengder (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka medan bestandar EU gjev Noreg som motyting minkar. Dette gjer at Noreg i 2011 heldt tilbake over 14 000 tonn torsk.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Partane har no på plass forvaltningsplanar for sild, sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er no eit viktig verktøy for forvaltarane. For botnfiskbestandane i Nordsjøen er det særskilt torsken som har vore i dårleg forfatning. Partane har derfor, i samsvar med råd frå ICES, vorte einige om ein ny gjenoppbyggingsplan for torsk, som igjen skal bringe bestanden opp på eit berekraftig nivå.

I arbeidet med å forbetre beskatingsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken (high-grading/utsortering), resten vert kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Den utkasta fisken går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU.

Dei seinare åra er det avtalt mange tiltak for å redusere utkast. EU har innført eit forbod mot high-grading/utsortering av botnfisk i Nordsjøen. Partane vart i 2009 einige om eit system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Dette vart iverksett 1. september 2009 og vart evaluert grundig i 2010. For Noreg var det viktig at systemet er effektivt. Noreg har lang erfaring i Barentshavet med å stengje fiskefelt med for stor innblanding av undermåls fisk. Den svært positive bestandssituasjonen for nordaust-arktisk torsk viser at slike tiltak, i kombinasjon med andre, er sentrale for å oppnå ei berekraftig forvaltning. Evalueringa av systemet for stenging og opning av fiskefelt viste at det ikkje var effektivt nok, og i forhandlingane om ein avtale for 2011 vart vi ikkje einige om eit nytt felles system. Derfor planlegg Noreg å innføre eit betre system i norsk sone i Nordsjøen.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 prosent. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, har Noreg, EU og Færøyane gjennom fleire år blitt einige om å skjerpe kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Vi er også einige om å styrkje kontrollen på havet. Som nemnt over har partane avtalt ytterlegare tiltak i pelagisk sektor. Det vert lagt særleg stor vekt på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) og derfor er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske. For meir om kontroll sjå kapittel 2.6 – 2.8.

2011-avtalen

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2011 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

26 842

4 563

22 278

Hyse

34 057

7 625

26 432

Sei

93 318

49 476

43 843

Kviting

14 832

1 483

13 349

Raudspette

73 400

4 538

68 862

Makrell

71 957

47 197

24 760

Sild

200 000

58 000

142 000

Tala inkluderer overføring av 150 tonn hyse, 500 tonn kviting og 200 tonn raudspette frå Noreg til EU og 950 tonn sei frå EU til Noreg.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 34 057 og 93 318 tonn i 2011. Kvitingkvoten på 14 832 tonn er ein liten auke frå 2010. Kvoten for raudspette er auka frå 2010 til 2011.

For nordsjøsild vart partane einige om ein auke i kvoten til 200 000 tonn.

Partane har høve til å fiske heile eller delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2011 (tonn):

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Tobis

20 000

Blålange

150

Lange

6140

850

Brosme

2923

170

Kombinert kvote

140

Reker

357

Hestmakrell

3550

Andre artar

2720

5000

Tunge

50

Breiflabb

1500

Sjøkreps

1200

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er på same nivå som i 2010. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er redusert frå 1540 tonn til 1500 tonn, medan EU sin kvote på sjøkreps vart vidareført.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2011 (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Nordaust-arktisk torsk

14 127

Nordaust-arktisk hyse

1 350

Sei

2 550

Blåkveite (bifangst)

50

Anna (bifangst)

350

Mellom anna på grunn av reduksjon i kolmulekvoten og auke i torskekvoten, kunne ikkje EU gje Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU vart derfor tildelt 14 127 tonn av eit tilbod på 28 529 tonn.

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2011 er difor redusert, det same er kvotane på hyse og sei. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Noreg pliktar å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2011 på 1500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2011 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

Fiskeslag

Kvote

Brisling (EU-sona)

10 000

Blåkveite (EU-sona)

350

Reker (Grønland si sone)

3100

Blåkveite (Grønland si sone)

1624

Kveite (Grønland si sone)

150

Skolest og isgalt (Grønland si sone)

120

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite, kveite og reker på same nivå, medan kvoten på uer er teken heilt ut. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart vidareført på 10 000 tonn. Loddekvoten ved Grønland er teken ut av kvotebytet for 2011 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen.

Noreg- Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til kvarandre. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere ein godt balansert avtale, der kvoten som Norge byter til seg frå Færøyane i hovudsak skal representere eit reelt høve til fiske for norske fartøy.

Det vart ikkje inngått nokon kvoteavtale mellom Noreg og Færøyane for 2011. Sidan partane ikkje vart einige i makrellforhandlingane, vart det ikkje forhandla om nokon bytteavtale for 2011. Noreg er bekymra over Færøyane si haldning til ei ansvarleg ressursforvaltning.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland har Færøyane fått høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noreg si økonomiske sone for å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane. I fråver av ein avtale mellom Noreg og Færøyane vert det ikkje gjeve høve til eit slikt byte i 2011.

Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 8. desember 2010 kan grønlandske fiskarar ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde i 2011:

I NØS nord om 62ºN: 2150 tonn nordaust-arktisk torsk, 630 tonn nordaust-arktisk hyse, 1000 tonn norsk-arktisk sei og inntil 260 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan òg fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Medan kvoten på torsk er auka frå 1400 tonn er kvotane på hyse og sei uendra frå 2010. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske deler av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Dette elementet gjeld òg så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sitt jurisdiksjonsområde. For 2011 har Grønland fått overført heile kvoten frå Russland, 5000 tonn torsk og 1500 tonn hyse, for fiske i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN.

Grønlands kvotar i Nordsjøen er fasa ut.

Dei reelle fiskemoglegheitene for norske fiskarar i Grønland si fiskerisone har betra seg betydeleg samanlikna med 2009. Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er vidareført frå 2010 til 2011. I 2011 kan Noreg fiske følgjande kvanta i Grønland si sone:

Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland kan trålfisket berre skje sør om 64º30'N.

Ved Aust-Grønland: 275 tonn blåkveite, 300 tonn pelagisk uer, 400 tonn uer fiska med botntrål/line, 235 tonn kveite og 150 tonn bifangst av andre artar.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareførd i 2011. Partane er einige om å setje i verk eit samarbeid om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner i løpet av 2011.

Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2011 fiske 6388 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2010 var tilsvarande tal 5500 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for nordaust-arktisk torsk. For sesongen 2008/2009 var loddekvoten 14 562 tonn, men ettersom det av biologiske grunner ikkje vart noe loddefiske fikk Noreg kompensasjon gjennom å overta Islands rekekvote på 334 tonn i NAFO område 3L. For 2009/2010 var loddekvoten 18 031 tonn og for 2010/2011 var kvoten 21 011 tonn. Ifølgje avtalen har Noreg krav på 24 404 tonn lodde for fiske i 2011/2012. Utsiktene for bestanden har vore usikre og Noreg har difor med bakgrunn i avtalen gått inn i forhandlingar om alternativ kompensasjon ved eit bortfall av loddefiske ved Island. Dette vil bli vidareført.

Smottholavtalen vart forlenga med fire nye år i 2010.

Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2011 (tonn):

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Torsk

3835

124

3711

Hyse

2095

88

2007

Kviting

1050

19

1031

Raudspette

7950

159

7791

Reker

8330

3882

4448

Sild

30 000

4001

25 999

Brisling

52 000

3900

48 100

Noreg og EU vart 4. desember 2010 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2011.Totalkvotane for torsk, hyse, raudspette, reker og sild er noko reduserte, medan totalkvotane for kviting og brisling er dei same som i 2010.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2011. Norske fiskarar kan i 2011 fiske inntil 50 prosent av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, som er frå 1966, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg har difor starta ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett. Som ein start på dette sa Noreg opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten opphøyrer 7. august 2012.

Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2011 vart underskriven av Noreg og EU i Bergen 4. desember 2010.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2011:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 123 tonn reker, 846 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået frå 2010, bortsett frå ein liten reduksjon i rekekvoten.

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltinga av silda. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 prosent. Med basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003-2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 også med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av NVG-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av NVG-silda. Avtalen inneheldt og ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var også samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

For 2011 har kyststatane sett TAC til 988 000 tonn, som er ein reduksjon på om lag 33 prosent frå 2010. Noregs del på 61 prosent ligg fast og utgjer for 2011 602 680 tonn. Sildebestanden er i god forfatning og vert hausta berekraftig. Reduksjonen i kvotane for 2011 kjem av ei svakare rekruttering etter 2004. Partane er framleis einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen frå 2007 som har til formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. I følgje ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 prosent av den nasjonale kvoten til påfølgjande år. Det er også høve til å forskotere 10 prosent av kvoten for påfølgjande år. Alt overfiske (også utover 10 prosent) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga også gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 prosent.

I tilknyting til kyststatsavtalen vart partane einige om å vidareføre sonetilgangen i 2011 på same relative nivå som i 2010.

  • Fartøy frå Island kan fiske 143 359 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62°N, men ikkje meir enn 26 676 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 197 600 tonn av dei 26 676, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 988 tonn. Norske fartøy kan fiske 69 469 tonn i islandsk økonomisk sone.

  • Fartøy frå Færøyane kan fiske 30 103 tonn sild i norske jurisdiksjonsområde nord for 62°N, men ikkje meir enn 22 384 tonn i NØS. Norske fartøy kan fiske 23 156 tonn sild i Færøyane si fiskerisone.

  • Fartøy frå EU og fartøy frå Noreg kan fiske 57 887 tonn i kvarandre sine farvatn nord for 62°N.

  • Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote på 126 661 tonn i norske farvatn nord for 62°N.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen i 2010, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2012. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2011.

Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule i 2011. Bestandssituasjonen for kolmule er framleis prega av sviktande rekruttering, og difor har kyststatskvoten for 2011 vorte redusert til 40 100 tonn kolmule. Innanfor denne kvoten har kyststatane gjennom NEAFC også lagt til rette for ei avsetning til andre lands fiske i internasjonalt farvatn.

Sidan bestandssituasjonen for kolmule har vore dårleg dei seinare åra på grunn av sviktande rekruttering, vart kyststatane i 2008 samde om ein ny forvaltningsplan for å sikre berekraftig forvaltning på føre-var-nivå. Partane har for 2011 fastsett ein kvote som er i samsvar med planen.

Noreg og EU er einige om å oppretthalde den gjensidige sonetilgangen for 2011 på same nivå som i 2010. Dette inneber at norske fartøy også i år kan fiske 68 prosent av den norske kyststatskvoten i EU-sona, og det betyr at norske fartøy kan fiske 6587 tonn i EU-farvatn i 2011.

I kyststatsavtalen har norske fartøy òg fått vidareført sonetilgang på 4,53 prosent av referanse-TAC til færøysk sone i 2011. Norske fartøy kan såleis fiske inntil 1672 tonn kolmule i færøysk sone i år.

Den norske totalkvoten er på 22 033 tonn kolmule i 2011, etter overføring på inntil 10 prosent av ufiska kvantum frå 2010 som det er opna for i kyststatsavtalen.

Russland har for 2011 reservert seg frå NEAFC sitt vedtak om tredjelandskvote for kolmule. Dei har fastsette ein eigen (unilateral) kvote på 45 000 tonn i internasjonalt farvatn.

Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane var kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Partane vart ikkje einige om ein ny trepartsavtale for 2010. Noreg og EU inngjekk derfor ein bilateral avtale om forvaltninga av makrell 26. januar 2010. I avtalen vart partane samde om fordelinga seg imellom og tilgang til kvarandre sine farvatn for fisket etter makrell.

15.-18. mars 2010 møttest Noreg, EU, Færøyane og Island med sikte på å inngå ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. Dette var første gong Island var invitert til å delta på lik linje med dei opphavlege kyststatane. Russland deltok som observatør. Forhandlingane vart avslutta utan resultat. Usemja gjaldt Island og Færøyane sine krav til bestandsfordeling og sonetilgang.

I løpet av 2010 vart det halde heile seks forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. Forhandlingane held fram i 2011.

Forvaltninga av uer

Det finst tre artar av uer i Nordaust-Atlanteren, der to er av kommersiell interesse. Det er størst merksemd knytt til snabeluer-bestandane i Irmingerhavet og i Norskehavet, som vert utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Irmingerhavet

ICES sitt råd for 2011 var at ein ikkje skulle fange meir enn 20 000 tonn.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Alle partane utanom Russland vart i mars 2011 samde om ein fordelingsnøkkel og nedtrappingsplan for fisket. Noreg har i denne avtalen ein andel på 3,85 prosent av totalen. Det samla uttaket har vore altfor høgt, og Russland er ein av dei store aktørane i dette fisket. Uttaket vil truleg vere vesentleg høgare enn ICES si tilråding så lenge Russland ikkje vil bli part i ein avtale. Fram til og med 2010 var det berre semje om at kvoten ikkje skulle aukast. Noreg fiska heile kvoten i 2010. Avtalen som no er inngått inneber ei utvida tid- og områdeavgrensing for fisket.

Snabeluer i Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter uer i den internasjonale delen av Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men dreg på næringsvandring til internasjonalt farvatn tre månader om hausten. ICES tilrår nullfiske i mangel av ein gjenoppbyggingsplan. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Ei uavhengig utgreiing vart sett i gang av NEAFC i 2008 med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på minst 90 prosent. Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar om fordeling hausten 2009, utan at ein vart samde.

Noreg fremma forslag i NEAFC om nullfiske i i åra 2007-2010, men fekk ikkje gjennomslag. NEAFC vedtok derimot ein totalkvote på 15 500 tonn for 2007, 14 500 tonn for 2008,10 500 tonn for 2009 og 8600 tonn for 2010. For 2011 vart totalkvoten sett til 7900 tonn. Fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle kappfiskar inntil totalkvoten er teken og fisket vert stogga. Frå og med 2010 vart fiskeperioden utvida til å gjelde frå 15. august til 1. desember, til sterke protestar frå Noreg.

NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra, gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2011 12 medlemsland, frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegne av St.Pierre et Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøtet i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum. Noreg har ratifisert den reviderte konvensjonen, men han har enno ikkje tredd i kraft.

På grunn av den dårlege bestandssituasjonen for torsk i reguleringsområde 3 M, vedtok NAFO i 1999 eit forbod mot direktefiske etter torsk i dette området. Etter ti år med moratorium tilrådde vitskapskomiteen på møtet sitt i juni i 2009 å gjenopne direktefisket i 2010 innanfor ein kvote på 4125 tonn. Noreg støtta denne tilrådinga, men fleirtalet av NAFO sine medlemsland gjekk inn for ein høgare totalkvote (TAC), som vart sett til 5500 tonn. Totalkvoten vart fordelt etter den historiske fordelingsnøkkelen, noko som innebar at Noreg fekk behalde sin del på 9,25 prosent. Dette gav Noreg ein kvote i 2010 på 509 tonn. For 2011 vart TAC sett til 10 000 tonn i tråd med tilrådinga frå havforskarane. Den norske kvoten var på 925 tonn.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det har føregått to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3 M og eitt i reguleringsområde 3 L. Rekebestanden i område 3 M har ikkje vore regulert med kvotar, men med ei avgrensing av tillate tal på fartøy og fiskedøgn. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn har vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring.

Rekebestanden i 3 M har gått ned dei seinare åra, og for 2010 tilrådde forskarane å redusere fisket ned mot null. Noreg, Canada, Island og USA støtta denne tilrådinga og gjekk inn for stopp i direktefisket. Det vart likevel vedteke ein reduksjon av innsatsreguleringa på 50 prosent. Denne reduksjonen innebar i praksis inga endring for fisket fordi innsatsen har lege betydeleg lågare enn det reguleringa opnar for. I rådgjevinga for 2011 stadfesta forskarane den sviktande bestandssituasjonen, og rådde til å stanse fisket i 2011. Årsmøtet i NAFO vedtok å følgje forskarane sitt råd for 2011.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reguleringsområde 3 L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere TAC. Partane vart samde om ein reduksjon over 2 år. TAC vart fastsett til 19 200 tonn for 2011 og til 17 000 tonn for 2012. For 2011 gav dette Noreg ein del på 214 tonn. Noreg har og kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten.

Bestandsevalueringa for blåkveite har lenge vore vurdert som usikker. Ei arbeidsgruppe vurderte derfor i 2010 alternative forvaltningsstrategiar og haustingsreglar. Med utgangspunkt i modellar frå arbeidsgruppa vedtok NAFO sitt årsmøte ein TAC for 2011 på 17 500 tonn. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen som FN vedtok i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har også arbeidt med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande områda. NAFO har vidare vedteke at det skal stillast ulike krav i noverande og i nye område. Men dersom fisket i noverande område inneber store endringar samanlikna med tidlegare år, for eksempel bruk av nye reiskapstypar, eller på bakgrunn av ny vitskapleg informasjon, vil dei strengaste reglane verte nytta.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område for fiske med botnreiskapar. I dag er i alt 18 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar. Desse inkluderer 12 viktige korall- og svampområde, ei sone med beskytta korallar og fem område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt med sårbare marine økosystem. Grenseverdiane for samanstøyt er sett til 60 kg korallar og/eller 800 kg svamp per fangst i noverande område og nye område. Det er stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord i nye område. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst 2 nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på årsmøtet i NEAFC i 2007 inkludert i NEAFC si svarteliste. Vidare finnast det eit krav på 100 prosent satellittsporing og observatørdekning i NAFO sitt område.

Noreg har for tida presidentskapet i organisasjonen.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har som formål å sørgje for ei langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal vidare leggje til rette for ei berekraftig, samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskeressursane. For å nå målet skal kommisjonen sørgje for at forvaltninga er basert på den best tilgjengelege vitskapelege kunnskapen og ei føre-var-tilnærming. Samtidig skal forvaltninga ta omsyn til den påverknaden fiskeria har på marine økosystem og behovet for å bevare den marine biologiske biodiversiteten.

NEAFC har dei siste åra arbeidd for å tilpasse organisasjonen til utviklinga i internasjonal havrett, i tråd med m.a. prinsippet om føre-var og økosystemforvaltning. Noreg har vore ein sentral pådrivar for denne utviklinga.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gje organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Partane har også slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft. Noreg og EU har ratifisert endringa i konvensjonen. Dei andre partane har varsla at dei har sett i gang ein prosess for å ratifisere konvensjonen.

Den viktigaste funksjonen til NEAFC i dag er derfor å bidra til utviklinga av gode regionale kontrollregime og ei utvikling mot ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar i den grad dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (for eksempel tunfisk). Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde merka i blått, myndigheitsområde er merka i oransje.

Fiskerireguleringar

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane.

I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om ei regulering av fisket etter kolmule. Frå 2008 til 2009 og 2010 vart totalkvoten på kolmule redusert frå 1 250 000 tonn til høvesvis 590 000 og 540 000 tonn. Reduksjonen heng saman med den dårlege bestandssituasjonen etter sviktande rekruttering dei seinare åra. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde for 2010 var på 78 516 tonn, og innanfor denne vart Russland tildelt 40 054 tonn og Grønland 2924 tonn. Dette er ei vidareføring av dei relative andelane til partane. I tillegg har Russland hatt ein særskilt kvote som skal fasast ut innan 2012.Denne særskilde kvoten var på 8000 tonn i 2010 og er på 4000 tonn i 2011.

Kyststatane vart hausten 2010 samde om ei samla kyststatsavsetning i tråd med den langsiktige forvaltningsstrategien på 36 908 tonn, innanfor ein referanse-TAC på 40 100 tonn. Avsetninga til kyststatane er redusert med heile 92,6 prosent i høve til 2010. Dette gjev ein kvote i NEAFC på 5831 tonn i 2011. Avsetninga til Russland og Grønland i NEAFC vert redusert i tråd med nedgangen i TAC, og er sett til høvesvis 2974 og 217 tonn. I tillegg kjem den særskilde overføringa til Russland på 4000 tonn. Den norske kvoten i NEAFC er på 683 tonn.

Russland har reservert seg mot NEAFC-reguleringa og fastsett ein eigen autonom kvote i internasjonalt farvatn på 45 000 tonn.

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på pelagisk uer i Irmingerhavet. Island, Færøyane og Grønland er rekna som kyststatar. Partane i NEAFC vedtok for 2007 og 2008 reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet innanfor ein totalkvote på 46 000 tonn. Denne reguleringa vert videreført i 2009 og 2010, men utan at det vert sett nokon eksplisitt totalkvote i reguleringa og med marginale justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Det vart vedteke at kvar part skulle etablere forvaltningstiltak og fastsetje ein totalkvote som ikkje var høgare enn totalkvoten i 2008. Den norske kvoten var på 1691 tonn for 2010.

Kystatane kom ikkje fram til nokon avtale hausten 2010. Etter eit møte i Reykjavik i mars 2011 har Island, Færøyene, Grønland, EU og Noreg gjennom postavstemming fremma eit forslag om regulering innanfor ein kvote på 38 000 tonn for 2011. Forslaget tilsvarer posisjonane til kyststatane når det gjeld del av kvoten. Forslaget inneber også ein nedtrappingsplan for TAC, slik at gjeldade ICES-råd for beskatning, 20 000 tonn, vil verte nådd innan 2014. Elles inneheld forslaget ei oppdatering av kontroll- og rapporteringsrutinar og det skal også lagast ein forvaltningsplan i perioden. Den norske delen av kvoten er på 3,85 prosent.

Noreg foreslo på årsmøta i 2007, 2008, 2009 eit forbod mot direktefiske av uer i Norskehavet, i tråd med den vitskaplege rådgjevinga frå ICES. Noreg fekk ikkje tilslutning til forslaga, og det vart fastsett kvotar på 14 500 tonn i 2008, 10 500 tonn i 2009 og 8600 tonn i 2010.

Før årsmøtet i 2010 fremma Noreg igjen eit forslag om forbod på direktefiske av uer i Norskehavet. Det viste seg nok ein gong at det ikkje var mogleg å få kvalifert tilslutning til forslaget. Russland fremma under årstmøtet eit forslag om ein kvote på 8600 tonn og ein fangstperiode frå 15. august til 30. november, men dei gjekk med på å redusere kvoten til 7900 tonn. For å unngå ein situasjon med eit uregulert fiske, støtta Noreg forslaget.

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2011 i tråd med den langsiktige forvaltningsplanen. Avtalen tilseier ei vidareføring av NEAFC-reguleringa, der dei nasjonale kvotane kan fiskast i NEAFC-reguleringsområde. Totalkvoten i 2011 er på 988 000 tonn. Dette er ein nedgang på 495 000 tonn frå 2010. Den norske delen på 61 prosent ligg fast og utgjer 602 680 tonn, mot 904 630 tonn i 2010.

På eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i 1999 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn etter forslag frå Noreg, EU og Færøyane, mot stemmene til Russland og Island. Kvoten for dette området vart for 2008 fastsett til 43 629 tonn og 57 884 tonn i 2009. Kvoten vart fordelt etter fastsette prosentar. Kyststatane får 50 prosent til fordeling, medan Russland og Island får høvesvis 47 prosent og 3 prosent. Kyststatane overførte 2500 tonn frå deira felleskvote til Russland i 2009.

Partane vart ikkje einige om ein trepartsavtale for 2010. I løpet av 2010 vart det halde heile seks forhandlingsrundar om forvaltning av makrell, utan at partane nærma seg nemneverdig. 2010 er det første året Island vart invitert til å delta på lik linje med dei opphavlege kyststatane i forhandlingane. Forhandlingane held fram i 2011. I 2010 vart det fastsett ei ad hoc-regulering av makrellfisket i NEAFC som mellom anna regulerer sonetilgangen til fiske av makrell i internasjonalt farvatn. Reguleringa er vidareført i 2011.

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. I 2004 vedtok NEAFC å redusere innsatsen i fisket etter djuphavsartar med 30 prosent. På årsmøtet i november 2006 var det semje om ein ytterlegare reduksjon av innsatsen med 5 prosent, slik at innsatsen vart sett til 65 prosent eller lågare i 2007. Dette er vidareført og gjeld framleis. Under årsmøtet i 2009 vart det vedteke ein kvote på arten orange roughy på 150 tonn for 2010 og 2011. Noreg er prinsipielt for eit nullfiske på denne arten, men støtta forslaget for å unngå eit uregulert fiske. Noreg har ikkje noko fiske på denne bestanden.

Under årsmøtet i 2010 vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske av brugde (heile konvensjonsområdet) og håbrann (NEAFC-reguleringsområde). Samtidig er ICES bedt om å komme med rådgjeving som kan klargjere kva for ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon (RFMO) som har forvaltningsansvaret for dei ulike haiartane i Nordaust-Atlanteren.

På årsmøtet i 2005 tok Noreg opp spørsmål knytt til tapte og etterlatne garn i djuphavsfiske. Som følgje av dette vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, mellom anna med reglar om røkting av garn. Seinare er dette forbodet vidareført og gjeld også for 2011.

Områdeforvaltning

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar, for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde også i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev, og stenginga gjeld ut 2009.

På bakgrunn av tilråding frå ICES fremma Noreg eit forslag om å revidere dei stengde områda. Det norske forslaget vart behandla på eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der Noreg foreslo at dei eksisterande verneområda med forbod mot botnfiske, oppretta i 2004, skulle opphevast og erstattast av fem nye område, tre større og to mindre.

Partane sende det norske forslaget vidare til ICES for vurdering. ICES tilrådde å halde fast på dei lukka områda med ein del justeringar, mellom anna utviding av områda.

Noreg fremma på årsmøtet i november i 2008 nytt forslag om lukking basert på rådgjevinga frå ICES, men sidan partane framleis ikkje hadde klart å førebu seg tilstrekkeleg til å ta standpunkt vart saka utsett, og dei eksisterande verneområda vart forlenga til 31.mars 2009. Noreg sitt reviderte forslag vart behandla på nytt i eit ekstraordinært møte i NEAFC i mars 2009. Forslaget vart vedteke med nokre mindre justeringar og avgjort gjennom postavstemming.

Under årsmøtet i 2009 vart det vedteke å utvide eit område stengd for botntråling på Hattonbanken og å stengje eit område for fiske på blålange utanfor Islands økonomiske sone. I tilegg vart det avgjort at eit forslag frå EU om utviding av dei stengde områda på den midtatlantiske ryggen skal sendast til ICES for vurdering.

Etter forslag frå Noreg vedtok årsmøtet i 2008 operasjonelle reglar for fiske i sårbare område. Desse reglane vart justerte under årsmøtet i 2009. Då vart grenseverdiane for samanstøyt med sårbare marine økosystem redusert frå 100 til 60 kg for korallar og frå 1000 kg til 800 kg for svamp per fangst. I reglane er det stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapeleg inspektør om bord i nye område. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Alle tiltaka som er vedtekne om marine verneområde og botnfiskeri er element i NEAFC si oppfølging av fiskeriresolusjonen til FN frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri, vedtekne i august 2008.

På årsmøtet i 2010 vart det teke initiativ til eit utvida samarbeid med OSPAR om områdeforvaltninga i Nordaust-Atlanteren, og å få til eit felles arbeidsmøte med NEAFC, OSPAR og CBD i 2011. Dette vert sett i samband med ei rapportering til FNs generalforsamling om oppfølginga frå NEAFC av FN-resoulusjon 61/1050 og 64/72, som skal gjerast i løpet av våren 2011. Det er enno ikkje fastsett noko tidspunkt for eit slikt felles møte. Uavhengig av dette arbeider NEAFC-sekretaritaet, PECMAS og kontraktspartane vidare med rapporteringa til FN. I september 2011 vil NEAFC og kontraktspartane delta på eit arbeidsmøte i FN om evalueringa til FN av oppfølginga av resolusjonane, frå dei regionale organisasjonane og dei enkelte statane.

Kontroll og handhevingsregimet

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Med det nye regelverket er grunnlaget for å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det også aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta i mot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart også vedteke at NEAFC skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.

NEAFC har, som første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon, etablert reglar for hamnestatskontroll (Scheme of Control and Enforcement) som har vist seg å vere eit effektiv verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. NEAFC har også sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

Under årsmøtet i 2009 vedtok NEAFC eit forbod mot utkast i NEAFCs reguleringsområde for dei viktigaste artane som vert regulerte av NEAFC i anneks I A i kontroll og handhevingsregimet. Vedaket har formelt tredd i kraft 3. mars 2010. EU reserverte seg mot tilrådinga, og vedtaket er difor ikkje bindande for EU.

Under årsmøtet i 2010 vart det berre gjort mindre justeringar i kontroll og handhevingsregimet.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

IWC og NAMMCO

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2011 har Noreg fastsett ein norsk kvote på 1286 vågekval.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002-2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er noko meir usikkert. Det står att noko utrekningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen av forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vart endeleg godkjent på IWC sitt årsmøte i juni 2010.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr.

NAMMCO sin vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren.

Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

CCAMLR

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde.

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Målet om «å bevare dei levande marine ressursane» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting. I starten vart CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar om totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på fleire mindre underområde. Formålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Alt fiske med norske fartøy skal gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med innsamling av data som kan nyttast av CCAMLR sin vitskapskomite.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Noreg har dei siste åra ikkje hatt fartøy i fisket etter patagonsk tannfisk.

Det er store krillressursar i Sørishavet. Ein reknar biomassen til 60 millionar tonn i eit statistisk avgrensa område der det vert fiska i dag. I dette området er det tilrådd ein fangst på 5,61 millionar tonn. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Den maksimale fangsten for heile område 48 er delt på mindre kvotar i dei statistiske underområda 48.1 – 48.4, og samla må ikkje fangsten utgjere meir enn 620 000 tonn inntil desse særlege forvaltningsområda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 250 000 tonn. Dei norske fartøya har stått for om lag halvparten av dette For sesongen 2010/2011 (1. desember 2010 – 30. november 2011) har Noreg meldt på tre fartøy for krillfiske i CCAMLR. Noreg har gjort avtale om vitskapleg observasjon av dette fisket med andre land.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2010. Estimata for ulovleg, urapportert og uregulert fiske er usikre, men det er teikn som tyder på at omfanget no er monaleg mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne dei siste åra er særskilde tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskaplig vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 48 partar (medrekna EU som ein part). Organisasjonen sitt kompetanseområde omfattar omkring 30 artar, mellom anna makrellstørje som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske har ført til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn er i dag nærast ikkje-eksisterande.

Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen bli tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med våre havrettslege plikter til samarbeid med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. Formålet med den norske deltakinga har i første rekkje vore å søkje å bidra til ei forvaltning som sikrar gjenoppbygging av makrellstørjebestanden i det austlege Atlanterhavet. Deltakinga i ICCAT er også viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

ICCAT fastset kvotar for periodar på fire år. I samband med kvotefastsettinga for perioden 2007-2010 fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestandskomponent som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhav) som gjenspeglar ein fast del.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje som etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Men TAC vart sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité. Gjenoppbyggingsplanen har vore revidert kvart einaste år sidan 2006. Revisjonane har medført ein gradvis reduksjon av TAC, men denne har heile tida lege på eit høgt nivå. Kombinert med manglande oppfølgjing av kontrolltiltaka i planen har bestandssituasjonen for makrellstørje vorte stadig dårlegare. På årsmøtet i 2009 vart det vedteken ei rekkje nye tiltak for å betre forvaltninga, inkludert ein 40 prosent reduksjon i TAC som vart sett til 13 500 tonn. Dette var likevel høgare enn rådet frå vitskapskomiteen på 8500 tonn. For 2011 vedtok årsmøtet ein TAC på 12 900 tonn. Dette kvotenivået tok utgangspunkt i eit mål om å nå eit berekraftig bestandsnivå innan 2022 med 60 prosent sannsyn.

Den reviderte gjenoppbyggingsplanen for 2011 inneheldt også ei endring av fordelinga av totalkvoten på partane. Endringa vart drøfta verken i den kompetente forvaltningskomiteen i ICCAT eller i plenum, og endringa vart heller ikkje omtalt då forslaget om den reviderte planen vart framlagt. På grunn av manglande innsyn i avgjerdsprosessen, har Noreg på prinsipielt grunnlag reservert seg mot den reviderte planen. På bakgrunn av bestandssituasjonen har Noreg sidan 2007 fastsett forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norske og internasjonalt farvatn.

ICCAT har òg forvaltningsansvar for pelagiske haiartar i heile konvensjonsområdet, inkludert i NEAFC-området og i område under norsk fiskerijurisdiksjon. ICCAT har dei siste åra vedteke reguleringar av fleire haiartar, men førebels ikkje av nokon artar som normalt finst i våre farvatn. Reguleringane omfattar påbod om utkast og Noreg har derfor reservert seg mot desse. Forvaltninga av hai vert drøfta i ein eigen underkomite (Panel 4) som Noreg til no ikkje har vore medlem av. For betre å sikre norske interesser, tek ein frå norsk side sikte på å melde seg inn i den aktuelle komiteen på neste årsmøte.

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.int/

SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i Søraust-Atlanteren. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg, Sør-Korea og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Japan, Namibia, Sør-Afrika og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

Som vi veit vert UUU-fartøy svartelista av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og Noreg har no gjort opptaket til ein prosess som skaper ei global svarteliste ved at dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane godkjenner svartelistene til kvarandre. På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det bestemt at SEAFO skal godkjenne listene frå CCAMLR, NAFO og NEAFC. Systemet for hamnestatskontroll i SEAFO inkluderer no utpeiking av spesielle hamner, etablering av eit SEAFO-register over slike hamner, krav om notifisering før ein kjem til hamna, forbod mot mottak av UUU-fangstar, inspeksjonsprosedyrar og krav om utfylling av ein harmonisert inspeksjonsrapport.

På møtet i 2010 vedtok SEAFO nye tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskapleg vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fisket. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til å verne område med sårbare økosystem er på plass for å svare til krava i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Noreg har hatt presidentskapet i SEAFO dei siste to åra. SEAFO har i 2010 hatt ei ekstern evaluering av organisasjonen, som viser at SEAFO no fungerer godt etter føresetnadene.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.seafo.org

Til forsida