Meld. St. 5 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

5 Fagleg samarbeid

5.1 Kultur

Verksemda på kulturområdet er forankra i kulturministranes mål- og visjonsdokument «Det fellesnordiske kultursamarbeid: Handlingsplan for 2010–2012». Programma til ministerrådet for kultur (MR-Ks), Nordisk kulturfond, Nordisk film- og TV-fond og dei nordiske husa og institutta, spelar alle ei sentral rolle i den vidare utviklinga av kultur- og mediesamarbeidet og bidreg aktivt til å fremje nordisk språk og kultur. Nordisk råds kulturprisar bidreg til å synleggjere kultursamarbeidet for eit breitt publikum både i Norden og internasjonalt.

Den nordiske samarbeidsstrukturen på kulturfeltet har gjennomgått markante endringar dei siste åra for å gjere samarbeidet meir dynamisk og fleksibelt. På oppdrag frå MR-K har Telemarkforsking gjennomført ei evaluering av dei nye komponentane i kultursamarbeidet: kultur- og kunstprogrammet, det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet og forvaltningsorganet for programma (Kulturkontakt Nord). Formålet med evalueringa var å sjå på effektar og konsekvensar av endringane som blei sette i verk i 2007.

Den overordna vurderinga av reforma er positiv. Nyordninga av det nordiske kultursamarbeidet har vore vellykka, men det er behov for mindre justeringar. Arbeidet med oppfølging av evalueringa er sett i gang og skal vere avslutta i løpet av 2012.

Programma

Det er gjeve støtte til ei lang rekkje prosjekt – meir enn 400 – gjennom Nordisk ministerråds ulike program, som MR-K i år har vedteke å vidareføre. Kultur- og kunstprogrammet (2012–2016) er eit rammeprogram som støttar prosjekt på alle kultur- og kunstområde; Nordisk-baltisk mobilitetsprogram (2012–2014) yter mobilitetsstøtte til kultur- og kunstaktørar, støttar nettverksbygging på kunst- og kulturfeltet og bidreg til utvikling av kunstnarresidensar. Nordisk dataspelprogram skal bidra til auka kvalitet på og tilgang til dataspel med nordisk innhald for barn og unge. MR-K har vedteke å vidareføre dataspelprogrammet for perioden 2012–2015.

Kulturministranes globaliseringsstrategi – Det kreative Norden

Hovudsatsing i 2011 har vore presentasjon av nordisk litteratur på bokmessa i Paris på Salon du Livre. I tilknyting til sjølve bokmessa blei det arrangert eit kulturforum der nordisk omsetjarutdanning og nordisk forlagssamarbeid stod i fokus. Profileringa av nordisk kultur skal vidareførast.

Kultur for barn og unge

Barn og unge er definert som eit satsingsområde for NMR. MR-K ønskjer ei tydelegare og synlegare satsing på kultur for barn og unge. Dette blir det arbeidd med. Barn og unge vil òg vere eit satsingsområde under den norske formannskapen.

Norden og nabolanda

Dei nordiske og baltiske kulturministrane heldt fellesmøte i Åbo i april. Her blei det m.a. vedteke å forlengje Nordisk-baltisk mobilitetsprogram for kultur for perioden 2012–2014.

Noreg deltek aktivt i arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for Den nordlege dimensjonens kulturpartnarskap. Måla med partnarskapen er i tråd med Ministerrådets satsing på å styrkje og utvikle kulturnæringar i Norden.

Nordisk kulturfond

Fondet støttar nordisk samarbeid i det profesjonelle kulturlivet og i den frivillige sektoren. Prioriterte områder er m.a. prosjekt for barn og unge og prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga. Nye nordbuar i det nordiske kultursamarbeidet vil framleis vere fokus i 2011, og årets nordiske scenekunsthending skal finne stad.

Formannskapsprogrammet for 2012

Formannskapen vil setje nasjonale kulturpolitiske prioriteringar på dagsordenen og samtidig vareta kontinuiteten frå tidlegare formannskapar, med ei forankring i handlingsplanen for det fellesnordiske kultursamarbeidet.

5.2 Utdanning og forsking, inklusive IT

Det nordiske samarbeidet om utdanning og forsking er langsiktig, og som største enkeltområde femner det tematisk vidt. Arbeidet er i stigande grad basert på forsking, studiar og utgreiingar som grunnlag for fellesnordiske initiativ. I 2010 og første del av 2011 er resultat oppnådde og planar lagde for barnehagefeltet, grunnopplæringa, høgare utdanning, vaksnes læring og forsking. For formannskapsåret 2012 tek Kunnskapsdepartementet sikte på å utforme eit ambisiøst sektorprogram. Kommande tiltak og satsingar vil òg bli avklarte i denne prosessen.

Den nordiske barnehagemodellen

Det er behov for meir tverrfagleg forsking som kan dokumentere kvalitet, effekt og utfordringar i samband med den nordiske barnehagemodellen, der omsorg, leik og læring inngår i pedagogiske tilbod til barn mellom eitt og fem år. Kunnskapsdepartementet har for andre gong arrangert ein nordisk barnehageforskingskonferanse i 2011, der aktuell nordisk forsking på barnehagar blei presentert og diskutert.

I 2011 skal det gjennomførast ein komparativ analyse av styringsdokument (ramme- og læreplanar) og føringar for innhaldet i barnehagane i dei nordiske landa. Dette vil kunne bidra i eit arbeid med nordiske kvalitetsindikatorar på området.

Nordisk språkkampanje

I 2010 løyvde Nordisk ministerråd DKK 300 000 til kvart av dei nordiske landa til arbeid med språkkampanjen i 2011. Målet er å styrkje forståinga av skandinaviske språk blant ungdom. Kunnskapsdepartementet kanaliserer midlar til kampanjen gjennom tre ulike samarbeidspartnarar – Foreningen !les, Språkrådet og Foreningen Norden – som organiserer tiltak retta mot elevar og lærarar.

Små og verneverdige handverksfag

Nordisk råd har vore opptekne av situasjonen for små og verneverdige handverksfag i vidaregåande opplæring. Stabiliteten og kvaliteten i slike utdanningstilbod vil kunne styrkjast gjennom eit tilstrekkeleg volum av søkjarar og nordisk fagleg samarbeid. Nordisk ministerråd har vedteke å setje i gang eit samarbeidsprosjekt for små handverksfag i 2011 med Noreg som prosjektansvarleg.

Ernæring, læring og helse

Initiativet «Ernæring, læring og helse», som Noreg tok initiativet til, har i 2011 levert eit systematisk oversyn over eksisterande kunnskap om samanhengar mellom ernæring, læring og helse blant barn og ungdom i Norden, med fokus på mat i barnehage og skule.

På bakgrunn av det er det foreslått at det i neste fase av prosjektet skal undersøkast nærare kva for tilhøve kring skulemåltidet som påverkar læring og helse. For å sikre at det nordiske perspektivet blir teke vare på, skal NordForsk ta over leiaransvaret for prosjektet.

Felles nordisk utdanningsforskingsinitiativ

NMR og Nordforsk har i fellesskap løyvd DKK 30 mill. til eit breitt fellesnordisk initiativ for utdanningsforsking og forskingsformidling frå 2012. I denne satsinga er DKK 2 mill. øyremerkt til formål som gjeld fråfall i vidaregåande opplæring. Andre prioriterte tema blir klasseromsforsking, læringsutbyte og skuleleiing.

Mellom anna på grunnlag av ein rekommandasjon frå Nordisk råd og resultat frå PISA-undersøkinga er det fremja forslag om nordisk samarbeid om lærarutdanning. Ein moglegheitsrapport for eit fellesopplegg blei utarbeidd i 2010 og er no til behandling.

I overgangen 2010–2011 starta eit nordisk samarbeid for oppfølging av OECD- undersøkinga av vaksnes kompetanse, PIAAC (Programme for International Assessment of Adult Competencies, 2011–2012). Oppfølginga vil ta til så snart studien er gjennomført og dei innsamla dataa blir tilgjengelege. I arbeidet med det europeiske og dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka er det òg etablert ei nordisk arbeidsgruppe som samarbeider og utvekslar erfaringar på området realkompetanse.

Nordplus, NMRs store mobilitets- og nettverksprogram, skal bidra til å utvikle Norden til eit dynamisk og attraktivt regionalt utdanningsområde. Programmet blei positivt evaluert i 2010, og vidareføring er vedteke etter 2011.

Det nordiske masterprogrammet (Nordic Master Programme) er eit vellykka samarbeidsprosjekt om felles masterutdanning mellom universitet i minst tre nordiske land. Programmet skal òg bidra til internasjonal marknadsføring av god kvalitet i Norden og er teke inn som ein del av nordisk globaliseringsarbeid. NMR yter DKK 1 mill. i støtte til utvikling per mastergrad. Noreg kom godt ut av den nyleg gjennomførte evalueringa av programmet.

Ei stortingsmelding om utdanning for yrka i velferdsstaten skal leggjast fram hausten 2011. Oppfølging av meldinga vil vere naturleg også på nordisk nivå, i lys av det norske hovudtemaet for formannskapsprogrammet.

NordForsk arbeider for å gje Norden auka styrke og innverknad på forskinga i Europa og verda elles. Det er utarbeidd ein ny strategi som gjeld for 2011–2014. Nordforsk er blitt evaluert i 2011. Toppforskingsinitiativet for klima, energi og miljø (TFI I) går frå 2009 til 2013. Ei evaluering med vekt på organisatoriske sider ved programmet blei gjort i 2010. Vurderinga var i hovudsak positiv. TFI I representerer ein ny type nordisk samarbeidsplattform for forsking, med finansiering basert på ein felles forskingspott. Evalueringa ser eit potensial for ytterlegare utvikling av TFI som plattform for internasjonalt samarbeid.

IKT-forum

Som plattform for samarbeid er det etablert eit forum med toppleiarar frå dei nasjonale IKT-departementa i Norden. Hovudoppgåvene er erfaringsutveksling om overordna IKT-politiske strategiar og prioriteringar og drøfting av behov for felles aktivitetar og innsats. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet representerer Noreg i forumet. Nordisk ministerråd drøftar no omdanning av forumet til ei embetsmannsgruppe for IKT.

5.3 Miljø, inkl. tverrfagleg samarbeid

Det nordiske miljøsamarbeidet er omfattande, og drøftingar og vedtak i ministermøta byggjer på innspel frå EK-M og utgreiingsprosjekt frå arbeidsgruppene. Rammene for samarbeidet følgjer av det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2009–2012. Hovudfokus er klima og luftforureining, biologisk mangfald, kjemikaliar, avfall, hav og kystsoner. Det er gjennomført ei halvvegsevaluering av miljøhandlingsprogrammet. Resultata frå denne vil gje innspel til det nye miljøhandlingsprogrammet som er under utvikling. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale dagsordenen, til dømes statsministerinitiativet i samband med ein «Task Force» for grøn økonomi og førebuingar til toppmøtet for berekraftig utvikling i Rio i juni 2012, der temaet er grøn økonomi og miljøstyresett.

Miljø- og finanssektoren har utarbeidd ein rapport om karbonfotavtrykk som har vekt stor interesse i og utanfor Norden. For 2011–2012 har dette samarbeidet fokus på «grøn økonomi» og har m.a. utarbeidd ein synteserapport om nordiske lands erfaringar, resultat og utfordringar når det gjeld miljøpolitikk, økonomiske verkemiddel og grøn økonomi. Denne rapporten er miljøsektorens bidrag til statsministerinitiativet om grøn økonomi.

Det tverrfaglege samarbeidet i miljøsektoren er i hovudsak konsentrert om arbeidet med berekraftig forbruk og produksjon, samarbeid med finanssektoren og arbeidet med genetiske ressursar.

Det nordiske miljøsamarbeidet er i særleg grad retta mot å påverke regelverksutviklinga i EU og andre internasjonale prosessar.

I 2011 er samarbeid fram mot partskonferansen (COP 17) under klimakonvensjonen i Sør-Afrika spesielt viktig. I denne samanhengen er det oppretta ei eiga arbeidsgruppe som skal hjelpe dei nordiske klimaforhandlarane med relevante analysar og ta initiativ til møte mellom nordiske forhandlarar og andre nøkkelpartar.

Dei nordiske landa spelar ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle politikk for å redusere luftforureiningane i Europa. I denne samanhengen er det gjennomført faglege utgreiingar som er lagde til grunn for forhandlingar om nytt regelverk i EU på dette området og under konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar.

Oppretting av eit naturpanel etter modell av det internasjonale klimapanelet, og måtar å operasjonalisere arbeidet i naturpanelet på, er prioritert, og eit samarbeid mellom nordiske forskingsmiljø som kan bidra under naturpanelet, er under etablering.

I EU blir det arbeidd mykje med avfallsførebygging, og faggruppa for dei nordiske landa har sett på matvarebransjen og bygg- og anleggsbransjen for å få fram gode eksempel på avfallsførebyggjande tiltak. Vidare er arbeid med kriterium for å definere avfall prioritert. Arbeidet har vekt stor interesse og har eit viktig internasjonalt perspektiv.

Det nordiske havmiljøsamarbeidet er særleg retta inn mot havmiljøarbeidet i EU, HELCOM og OSPAR. Her er havforsuring eit viktig tema i år i tillegg til økosystembasert havforvaltning.

Arbeidsgruppa for berekraftig produksjon og forbruk har m.a. vurdert fordelar ved og potensial for miljøforbetringar gjennom grøne offentlege innkjøp og levert innspel til EUs økodesigndirektiv.

På kjemikalieområdet blir det arbeidd med eit vidt spekter av saker, og samarbeidet er i all hovudsak bestemt av internasjonale prosessar, først og fremst i EU, men òg i OECD og UNEP, og nordiske utgreiingar og innspel har vore lagde fram som underlagsmateriale til UNEP-forhandligane om ein ny global kvikksølvavtale. I år arbeider ein elles med hormonhermarar og kombinasjonseffektar, informasjonssystem, merking og pakking og ei rekkje andre saker.

Nordisk miljøfinansieringsselskap (NEFCO) har med åra utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste reiskapane til dei nordiske landa i arbeidet med å få sett i verk kostnadseffektive miljøtiltak i Nordens nærområde. Viktige oppgåver no og i framtida er program for energiøkonomisering, reduserte utslepp til Austersjøen gjennom støtte til reinseanlegg, utprøving av verkemiddel for å redusere klimagassutslepp (Nordic Carbon Fund) og medverknad i samband med eliminering av «hot spots» i Nordvest-Russland.

I sitt formannskapsprogram for 2011, «Det gröna Norden – klimasmart aktör», har Finland hovudfokus på klima og på samanhengen mellom miljø og økonomi, på økosystemtenester i samfunnsplanlegginga, helse- og miljørisikoar med kjemikaliar og nanomateriale og god praksis i samfunnsplanlegginga.

5.4 Nærings-, energi- og regionalpolitikk

Det nordiske regionalpolitiske samarbeidet fokuserer på å skape vekst og betre levevilkår i alle typar regionar med utgangspunkt i potensiala og behova i kvar region. Målet er å medverke til utvikling av heile det nordiske territoriets innovasjonsevne og økonomiske vekstpotensial og å skape territorialt samhøyr. Politikken er retta mot distriktspolitiske problem som finst i store delar av Norden, med lange avstandar, utflytting, ei aldrande befolkning og ein svak arbeidsmarknad.

For å møte desse utfordringane legg ein hovudvekta på regionalpolitiske tiltak for å redusere grensehinder og på sektorsamvirke og ein differensiert regional utviklingspolitikk med auka fokus på territorial integrasjon og rolla og ansvaret til det regionale nivået.

I sin formannskapsperiode i Nordisk ministerråd i 2010 har Danmark på det næringspolitiske området særleg fokusert på grøne forretningsmodellar og samfunnsansvar. Ei undersøking Nordisk ministerråd gjorde i 2010, viste at grøne forretningsmodellar skaper nye arbeidsplassar, minskar belastninga på miljø og klima, fremjar innovasjon og kan støtte ein fellesnordisk grøn vekststrategi. Når det gjeld samfunnsansvar, har danskane ved hjelp av midlar frå Nordisk ministerråd utvikla og lansert eit fleirspråkleg CSR-kompass. Tanken er at små og mellomstore bedrifter i Norden skal bruke dette verktøyet for å styrkje sitt arbeid med samfunnsansvar og leverandørstyring.

På ministermøtet for nærings-, energi og regionalpolitikk i København i oktober 2010 presenterte den danske formannskapen eit nordisk samarbeidsprogram for innovasjon og næringspolitikk 2011–2013. Visjonen er at samarbeidet skal styrkje Nordens globale rolle som ein leiande region på områda grøn vekst og velferd. Samarbeidsprogrammet inneheld seks fyrtårnsprosjekt på fire prioriterte område: grøn vekst, velferd, innovasjon og entreprenørskap. Samarbeidsprogrammet blei godteke av næringsministrane, og ansvar for dei ulike fyrtårnsprosjekta blei fordelt mellom landa. Noreg har fått ansvar for eit prosjekt knytt til innovasjon gjennom offentleg innkjøp og regulering i helsesektoren. Prosjektet skal setje fokus på behovet for innovative og effektive løysingar slik at dei nordiske landa blir i stand til å takle den aukande etterspørselen etter omsorgstenester.

Måla for dei fem andre prosjekta er oppretting av eit nordisk innovasjonsforum, ein felles nordisk CSR-strategi, eit kunnskapssenter for entreprenørskap, eit nordisk innovasjonsprogram for klimavennleg bygging og felles marknadsføring av innovative verksemder. Fleire av desse prosjekta skal gjennomførast i samarbeid med Nordic Innovation Center, som er den sentrale og implementerande institusjonen for det nordiske næringspolitiske samarbeidet.

Under sin noverande formannskap ønskjer Finland å styrkje nettverket mellom nordiske myndigheiter, næringsliv og bedrifter. Vidare vil Finland aktivt følgje opp og implementere det nye innovasjons- og næringspolitiske samarbeidsprogrammet for 2011–2013. I denne samanhengen planlegg Finland mellom anna å arrangere ein innovasjonskonferanse i Finland i løpet av 2011. Dei legg òg opp til andre seminar og workshopar knytte til m.a. CO2-utslepp, internasjonalisering av tenester og den nordiske råvarepolitikken.

Harmoniserings- og samordningsspørsmål på byggområdet blir i ministerrådet handterte under embetsmannskomiteen for næring (EK-N). Det er ønskeleg med harmonisering og koordinering av byggjereglar og byggstandardar for å fjerne handelshinder. Eit mandat for dette arbeidet blir vurdert i dei respektive landa. Vidare er det som nemnt starta eit arbeid med eit nordisk program for klimavennleg bygging.

Samarbeidet mellom sentrale bygningsmyndigheiter i Norden skjer hovudsakleg med samarbeidskomiteen for nordiske bygningsmyndigheiter som overbygning. Myndigheitene møtest årleg, og det går føre seg eit uforpliktande fagleg samarbeid på aktuelle område for å følgje opp og koordinere initiativ og utvikling av regleverk, m.a. i samband med implementering av EU-direktiv.

Ramma om det regionalpolitiske arbeidet er det nordiske regionalpolitiske samarbeidsprogrammet (2009–2013). Visjonen er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull regionalpolitikk. Programmet konsentrerer seg om grenseoverskridande samarbeid for å fjerne grensehindringar, utvikling i utkant- og byregionar og tredjegenerasjons regionalpolitikk. I tillegg blir det lagt vekt på å kaste lys over utfordringane i område med spreidd folkesetnad. Nordisk ministerråd delfinansierer Nordregio, som utviklar vitskapleg basert kunnskap om regionalpolitiske problemstillingar.

Arbeidet blir følgt opp av seks arbeidsgrupper. Tema for arbeidsgruppene er landsbygdene i framtida, nordiske byregionar, globalisering og grenseoverskridande samarbeid, tredjegenerasjons regionalpolitikk, EUs framtidige regionalpolitikk med fokus på Interreg og framtidig regional statsstøtte, og til sist utvikling av nordisk grenseregional statistikk. Den sistnemnde gruppa er nyleg oppretta. Formålet med gruppene er i stor grad å dele kunnskap og byggje kompetanse på dei ulike temaa, og i enkelte tilfelle å utarbeide innspel til nordisk policyutvikling på feltet.

I arbeidet med landsbygdene i framtida har det vore sterkt fokus på tilgang på og tilgjenge til tenester. Andre tema har vore kommunanes rolle som tilretteleggjar for næringsutvikling, styresett og lokal samfunnsutvikling. Gruppa har teke initiativ til eit prosjekt om rammene og føresetnadene for busetjing i distriktsområde og kva konsekvensar dei har for vekst og utvikling. Det blir òg planlagt eit nytt prosjekt om bygdepolitikken i EU etter 2014.

I arbeidet med tredjegenerasjons regionalpolitikk blir det særleg arbeidd med prosjekt knytte til demografisk utvikling og lokale/regionale velferdspolitiske utfordringar, dei politiske responsane på dette og regionale potensial for grøn vekst som utgangspunkt for næringsmessig innovasjon. Vidare har ein avslutta eit arbeid om regionale konsekvensar av finanskrisa og EUs samhøyrsrapport.

Arbeidet med nordiske byregionar dreier seg særleg om byane og byregionane si rolle i globaliseringsprosessen, samordning og koordinering i komplekse storbyregionar, dei nordiske byanes rolle som aktørar i arbeidet med å redusere grensehinder i Austersjøregionen og Vest-Norden, regionen og lokalsamfunnet som arena for innovasjon og entreprenørskap og regionane og den demografiske utfordringa.

Arbeidsgruppene skal i utgangspunktet avsluttast i første halvdel av 2012. I det nye samarbeidsprogrammet vil det bli teke stilling til eventuell vidareføring eller oppretting av nye grupper.

I dei grenseoverskridande samarbeidskomiteane blir det lagt vekt på breie, strategiske tiltak som reduserer grenseregionale utfordringar og dannar grunnlag for å utvikle potensialet i grenseregionane. Mykje av innsatsen gjeld auka mobilitet for bedrifter og enkeltpersonar for å redusere grensehinder. Blant organisasjonane er Tornedalsrådet, Hedmark-Dalarna, Skärgårdssamarbetet, Øresundskomiteen, ARKO, Nordkalottrådet, MittNordenkomiteen, BothnianArc, Kvarkenrådet, Mitt-Skandia, Østfold-Bohuslän/Dalsland og Värmland-Østfold. Dei har høgt aktivitetsnivå og gjennomfører konferansar og seminar om grenseregionale problemstillingar, og dei finansierer en rekkje prosjekt.

Regionalministrane møtest i Helsingfors hausten 2011 for å diskutere mellom anna EUs samhøyrspolitikk og kva konsekvensar han får for dei nordiske landa.

Energi

Det nordiske energisamarbeid har dei siste åra bygd på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2006–2009. Det har vore fokusert på ein nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd folkesetnad og Norden i eit globalt perspektiv. I tillegg har forsking og teknologiutvikling hatt høg prioritet på energiområdet gjennom eit nordisk energiforskingsprogram (NEF). Under den islandske formannskapen i 2009 blei eit handlingsprogram for det nordiske energipolitiske samarbeidet vedteke for perioden 2010–2013. Under den danske formannskapen i 2010 blei handlingsprogrammet for 2010–2013 sett i gang.

Globaliseringsinitiativet har gjeve ein ny impuls til det nordiske energisamarbeidet. Spørsmål under det nye handlingsprogrammet for 2010–2013 er relevante for dette initiativet. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å spele ei aktiv rolle i samband med utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

I den danske formannskapsperioden i 2010 sette dei nordiske ministrane i gang arbeidet med det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeid som gjaldt for perioden 2010–2013. Det blei lagt vekt på at det nordiske energisamarbeidet skal vere ein sterk og aktiv deltakar ved utforminga av energipolitikken i Norden og Europa ved å konsentrere seg om desse kjerneområda:

  • energimarknader

  • berekraftige energisystem

  • Norden i det internasjonale energisamarbeidet

Energi i transportsektoren har hittil ikkje vore på dagsordenen for det nordiske samarbeidet. I det nye handlingsprogrammet er dette området innarbeidd med fokus på energieffektivitet og alternative brensel. Prosjektet er òg ein del av det nordiske globaliseringsinitiativet. På bakgrunn av dei rammene for energipolitikken som blir utvikla gjennom EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av politikk- og regelverksutforminga. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet blir rekna som spesielt viktig. Dette blei bekrefta på møtet mellom dei nordiske energiministrane i København i oktober 2010.

Det er eit omfattande elektrisitetsmarknadssamarbeid mellom dei nordiske landa. Olje- og energidepartementet er involvert i dette samarbeidet gjennom grupper under Nordisk ministerråd. Vidare har regulatorane (NordReg) og dei systemansvarlege nettselskapa i Norden eit omfattande samarbeid. Utover dette samarbeider også konkurransemyndigheitene i Norden om spørsmål i tilknyting til elektrisitetsmarknaden.

Det nordiske samarbeidet på elektrisitetsområdet har styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringane i overføringssamband mellom landa og fremja transparens i marknaden. Det blir òg arbeidd med sikte på ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad. Det har vore svært viktig å einast om felles nordiske prinsipp for flaskehalshandtering sidan mange oppfattar dette som det største hinderet for vidareutvikling i den nordiske kraftmarknaden.

På ministermøtet i København i oktober 2010 blei dei nordiske energiministrane samde om å halde fram med arbeidet for ein grenselaus og effektiv elektrisitetsmarknad. Nettplanlegging og investeringar, ein framtidig felles sluttbrukarmarknad og integrasjon av uregulerbar fornybar energi i det nordiske kraftsystemet er saker det no blir jobba vidare med. Den nordiske elektrisitetsmarknaden står høgt på saklista hos dei nordiske energiministrane. Det er viktig at arbeidsplanen for den nordiske elektrisitetsmarknaden blir gjennomført i tråd med konklusjonane frå København-møtet i 2010.

Energidimensjonen ved klimapolitikken var eit viktig tema for Nordisk ministerråd i det førre handlingsprogrammet for perioden 2006–2009. I perioden 2010 til 2013 står temaa fornybar energi og energieffektivisering spesielt høgt.

Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa. Politikken på desse områda er samtidig rekna for å vere viktig for andre energipolitiske mål i dei nordiske landa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere leiarskap på desse områda. Dette er viktig sidan alle land blir påverka av politiske prosessar som går føre seg globalt og i Europa. Utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi blir dermed spesielt interessant for dei nordiske landa i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU og EØS. Det er etablert arbeidsgrupper på området fornybar energi og energieffektivisering. Dette arbeidet er styrkt og vidareført i 2009 og 2010 og har til mål å følgje prosessane på EU/EØS-nivå. EUs energi- og klimapakke vektlegg desse områda, og det er naturleg at det nordiske energisamarbeidet følgjer desse områda både i vedtaksprosessen og i gjennomføringa av aktuelle direktiv og politikkinitiativ. Gjennomføring av EU-direktivet for å fremje fornybar energi står sentralt som samarbeidsområde i handlingsprogrammet for 2010–2013. Dette omfattar arbeid knytt til korleis samarbeidsmekanismane mellom land som er nedfelte i direktivet, kan utviklast.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC), og i 2003 signerte dei ein avtale om etablering av Austersjøregionen som forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Som ei oppfølging av avtalen blei eit investeringsfond for implementering av fellesgjennomføringsprosjekt i regionen oppretta. Eit viktig mål er å stimulere til realisering av fellesgjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøområdet. Fondet blei positivt evaluert i 2007. Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. Det blei halde eit ministermøte innanfor BASREC-ramma i februar 2009 med støtte frå Nordisk ministerråd. Retninga på arbeidet har nordisk støtte, og i 2010 overtok Noreg formannskapen for BASREC.

Det vil vere sentralt å vidareføre det gode samarbeidet på energiområdet når det gjeld felles utfordringar i samband med EU/EØS-relaterte tema. I 2010 har det vore samarbeidd om forslaget til energimarknadspakke og forslaget til energi- og klimapakke som er under gjennomføring i EU, og som er relevant for EØS-landa. I lys av at Kommisjonen og EU-landa er midt i ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg at dei nordiske landa har auka fokus på dei felles utfordringane dette inneber.

Når det gjeld Norden og internasjonalt energisamarbeid elles, er det lagt vekt på samarbeid med Nordvest-Russland og Austersjøområdet.

Det er etablert eit velfungerande nordisk samarbeid om energiforsking. I handlingsprogrammet for energisamarbeidet 2010–2013 er målsetjinga å styrkje og utvikle konkurransekraftige kompetanse- og kunnskapsmiljø innanfor berekraftige og reine energiteknologiar og -system. Nordisk Energiforskning (NEF) er ein institusjon under Nordisk ministerråd lokalisert i Oslo. Institusjonen har til formål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet gjennom å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping i energisektoren i Norden. NEF skal utfylle og styrkje den fellesnordiske energiforskinga.

Ei hovudoppgåve for NEF er å bidra til ein felles strategi for forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse, og å støtte og utvikle FoU på sentrale energifaglege område. Det nordiske samarbeidet skal byggje på nordiske nasjonale føresetnader og styrkeposisjonar. I strategien for 2010–2013 skal det fokuserast på reinare teknologiar og løysingar, til dømes vindkraft, solenergi, bioenergi, havenergi, systemløysingar og intelligente infrastrukturløysingar.

NEF bruker ulike verkemiddel for å nå desse måla:

  • økonomisk støtte til FoU og utvikling av kompetanse

  • arenaer for etablering av forskarnettverk og informasjonsutveksling mellom forskarar, industri og myndigheiter

  • konkret oppfølging av forskingsprosjekt og initiativ

  • kommunikasjon og spreiing av forskingsresultat

Nordisk Energiforskning er samfinansiert av dei nordiske landa med ca. 29 mill. kroner årleg.

Det har i 2010 vore arbeidd med tilrettelegging av det nordiske toppforskingsprogrammet. Både fornybar energi og fangst og lagring av karbon (CCS) har her blitt prioritert som satsingsområde for FoU på energifeltet. NEF spelar ei sentral rolle i koordineringa og implementeringa av toppforskingsinitiativet på klima, energi- og miljøområdet.

Vidare har NEF i 2010 stått sentralt i arbeidet med det nye nordiske programmet for energi og transport, som skal bidra til å fremje Norden på området berekraftig transport. NEF yter òg støtte til Nordisk ministerråds arbeidsgrupper for elektrisitetsmarknaden, fornybar energi og energi for område med spreidd folkesetnad.

5.5 Fiskeri og fangst

Med bistand frå arbeidsgruppa for fisk har embetsmannskomiteen for fisk ansvaret for fiskeri- og havbruksspørsmål i NMR. Arbeidet tek utgangpunkt i handlingsplanen for 2009–2012 og dei årlege formannskapsprogramma. Danmark hadde formannskapen i 2010, mens Færøyane og Grønland hadde ansvaret for fiskerisamarbeidet.

Innsatsen er strategisk retta mot område av høg politisk relevans for Norden og mot å utvikle samarbeid med viktige atlantiske og internasjonale partnarar (særleg FAO). Både NORFORSK og NiCe krev ei meir målretta og strategisk innarbeiding av sektorinteressene i programma og porteføljane til institusjonane. Å innarbeide interessene til sektorane på forskings- og innovasjonssida har høg prioritet.

Viktige milepelar under det færøyske formannskapsprogrammet i 2010 har m.a. vore

  • dei pelagiske fiskeressursane i Nordaust-Atlanteren: klimaendringar, ressurstilstand, forvaltningsregime (medrekna ressursrenteproblematikk) og foredling

  • rettsbasert fiske: samfunnsøkonomiske effektar knytte til allokering av fiskerettar (m.a. med tanke på revisjonen av CFP)

Generelt er det høg aktivitet på operativt nivå i fiskerisamarbeidet. I 2010 har det vore 34 aktivitetar med relevans for fiskeriforvaltninga og fiskeriforskinga. Aktivitetane var fordelte mellom formannskapens eigne initiativ, oppfølging av handlingsplanen til den avtroppande formannskapen (Island) og andre nordiske ønske til aktivitetar i 2010. Fiskerisamarbeidet har ein portefølje som på slutten av året utgjorde 21 igangverande prosjekt som får økonomisk støtte frå fiskerisamarbeidet.

Gjennom fiskerisamarbeidet er det etablert kontaktar mellom nordiske forskings- og forvaltningsmiljø og ekspertar i FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO). Eit resultat av dette var at det i mars 2011 blei arrangert ein stor konferanse med deltaking frå FAO og IUCN om verna marine område. Utover dette har fiskerisamarbeidet vore sterkt engasjert i å utvikle grunnlaget for nærmare samarbeid om marin forsking i Norden. Vidare har det vore stort engasjement for – og ytt økonomisk støtte til – førebuingane til eit marint innovasjonsprogram, som òg kan komme til å omfatte eit samarbeid med m.a. Canada.

5.6 Jord- og skogbruk

Saman med strategien til Nordisk ministerråd for berekraft ligg globaliseringsinitiativet til grunn for handlingsprogrammet for ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. Dei årlege formannskapsprogramma skal medverke til å oppdatere handlingsprogrammet slik at tidsaktuelle oppgåver blir prioriterte til kvar tid.

Rammeprogrammet har seks satsingsområde og skal

  • bidra til å utvikle konkurransekraftig produksjon

  • bidra til å betre føresetnadene til dei nordiske landa i møte med klimaendringane og utfordringane med å sikre genetisk mangfald for kommande generasjonar

  • støtte ei berekraftig utvikling av kyst- og innlandsbygdene i Norden og kulturen deira

  • vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen med vekt på god folke- og dyrehelse og høg dyrevelferd

  • bidra til at felles nordiske vurderingar får gjennomslag i internasjonale prosessar og fora

Programmet «Ny nordisk mat» er blitt svært populært i dei nordiske landa. Det skaper rom og auka interesse for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, for regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Satsinga på nordisk mat blir vidareført med eit nytt program som starta opp i 2010. Programmet skal arbeide for å styrkje dei nordiske mattradisjonane og dei nordiske fortrinna i matproduksjonen. Frå norsk side legg ein stor vekt på mat til mange og på kvardagsmat, som òg skal fremje helse og velvære. Innsatsen vil bli retta mot heile verdikjeda og skal mellom anna framheve nordisk matkultur for å fremje turisme og eksport av mat. Kommunikasjon skal vere sentralt i programmet. I tillegg til hovudbodskapen skal kommunikasjon føre til rask utveksling av kunnskap og erfaringar mellom dei nordiske landa.

Programmet «Klimaeffektar på primærnæringane – tilpassingar og tiltak» er ei oppfølging under globaliseringsinitiativet. Det skal klarleggje korleis primærnæringane kan bli påverka av klimaendringane, og tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale styrkeposisjonar. Programmet skal styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området. Det er sett ned ei tverrsektoriell styringsgruppe for prosjektet. Prosjektet skal strekkje seg til 2012 med sikte på vidare drøfting og nordisk tilråding det året.

Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). Etableringa av NordGen gjer at Norden kan profilere og posisjonere seg godt i det internasjonale genressursarbeidet. Utfordringane som er knytte til genressursarbeidet, er raskt aukande både nasjonalt og internasjonalt. Det gjeld generelt for å bevare genmateriale som kan bli viktig for matproduksjonen og mattryggleiken i framtida, og det er knytt til meir spesifikke forhold som m.a. dei forventa klimaendringane, som fører til at den biologiske produksjon må gå føre seg under andre vekstforhold enn no.

Ei arbeidsgruppe la i mai 2010 fram ein rapport om framtida for NordGen («NordGen säkrar biologisk livsgrund för nutid och framtid»). Framtida for NordGen blei drøfta på FJLS-ministermøtet i København i mars i 2011, og drøftingane haldt fram på ministermøtet i Finland i juli 2011.

NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity og NordGen. Frølageret på Svalbard inneheld no meir enn 648 000 frøprøvar (mai 2011) frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring i frøkvelvet. I frøkvelvet kan det oppbevarast duplikatorar av frøsamlingar frå andre genbankar, slik at tilsvarande frø kan hentast ut dersom katastrofar, ulykker eller anna fører til at ordinære samlingar går tapt. Frølageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket.

NordGen er òg ansvarleg for sekretariatet for eit internasjonalt råd for frøkvelvet. Rådet har som oppgåve å følgje med på drifta og gje råd til Landbruks- og matdepartementet. Det ligg til rette for auka nordisk innsats i planteforedlingsarbeidet. Ein privat-offentleg partnarskap med nordiske selskap og offentlege lærestader om frøforedlingsprosjekt for utvalde vekstslag er oppretta med sekretariat i NordGen. Det startar opp i 2011 med prosjekt innan korn og fôrvekstar, som er prioriterte vekstar sett frå norsk side. Arbeidet er viktig for å møte behovet for eit breiare utval av plantemateriale i mat- og fôrproduksjonen i dei nordiske landa. Dette arbeidet er svært viktig når vekstvilkåra endrar seg. Det er venta at ein slik innsats vil ha svært god nordisk nytte. Dette nordiske arbeidet skal tilpassast det nasjonale arbeidet i landa.

Det nordiske samarbeidet om skogbruk har politisk sett vorte viktigare i dei seinare åra. Det er svært god nordisk nytte i samarbeidet om skogbruk. I dei nordiske landa står ein overfor ganske like utfordringar, mellom anna i samband med klimaendringar.

Selfossdeklarasjonen frå 2008 illustrerer korleis det nordiske skogbruket best kan møte klimaendringar og krav om god vasskvalitet. Frå før hadde ein Nørrebrodeklarasjonen, som særleg var retta mot fleirbruk av skog.

Selfossdeklarasjonen omhandlar skog og vasskvalitet, skogen som energikjelde, kriterium for miljømerking av biodrivstoff, skogen som middel for avgrensing av klimaendringar og klimatilpassingar av skog. Deklarasjonen går òg inn på nordisk samarbeid for genetisk tilpassing av skog og forslag til betre nordisk samarbeid om skogforsking sett i lys av utfordringar framover. Embetsmannsgruppa for skogbruk arbeider med å følgje opp deklarasjonen, mellom anna med forslag om policyretta tilrådingar til dei nordiske strukturane i skogssamarbeidet, men òg om direkte tiltak som til dømes ulike aktivitetar som aktuelle nordiske aktørar bør gjennomføre.

5.7 Økonomi- og finanspolitikk

Hovudmåla med nordisk samarbeid på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Vidare skal samarbeidet fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling om skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta. Vidare er det venta at arbeidet med å avvikle grensehinder mellom dei nordiske landa framleis kjem til å utgjere ein viktig del.

I åra framover vil ei aldrande befolkning leggje auka press på offentlege finansar. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og på å styrkje statens formuesposisjon. Dette speglar seg i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om vedvarande budsjettoverskot for offentleg sektor.

For å motverke skatteflukt vedtok dei nordiske finansministrane i 2006 å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. Prosjektet har vore ein suksess og resultert i at dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med meir enn tretti jurisdiksjonar. Fleire avtalar er venta underteikna i 2011. Det er vedteke at prosjektet skal forlengjast til 2012. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngådde avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.

Dei nordiske finansministrane vedtok i 2009 å starte eit nytt nordisk økonomisk tidsskrift som heiter «Nordic Policy Review». Formålet er å kaste lys over økonomisk-politiske spørsmål ut frå eit nordisk perspektiv og fremje diskusjonen om slike saker i dei nordiske landa. Tidsskriftet kjem to gonger i året. Det er etablert ei styringsgruppe med representantar frå finansdepartementa i dei fem nordiske landa og to akademiske forskarar. I samband med utgjevingane blir det arrangert eit fagseminar om emna som er tekne opp i tidsskriftet. Første utgjeving var hausten 2010, og andre nummeret kom ut hausten 2011. Nordisk ministerråd dekkjer delar av kostnadene med tidsskriftet.

Det er gjennomført tiltak, m.a. knytt til den nordiske skatteportalen, for å byggje grensehinder mellom dei nordiske landa ytterlegare ned.

Samarbeidet på miljøøkonomiområdet blir vareteke av ei felles arbeidsgruppe under embetsmannskomiteen for miljø og embetsmannskomiteen for økonomi- og finanspolitikk. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar og gjev også høve for dei nordiske landa til å koordinere førebuingar til internasjonale møte. Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2011 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart.

Verksemda i Den nordiske investeringsbanken (NIB) i 2010

Banken er eigd av dei nordisk og baltiske landa. Banken har til oppgåve å gje lån og stille garantiar til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som tek imot slike finansielle tenester. Lån og garantiar skal gjevast på bankmessige vilkår og vere i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn. Låneaktivitetane omfattar m.a. investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden og prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa.

Banken hadde eit overskot på 211 mill. euro eller om lag 1,6 mrd. kroner for rekneskapsåret 2010, mot eit overskot på 324 mill. euro året før. Overskotet har samanheng med auka internasjonale renter og høgare marknadsverdi på bankens handelsportefølje. I 2010 blei det ikkje utbetalt utbyte til eigarane.

NIB fekk grunnkapitalen sin styrkt i 2011 ved at medlemslanda utvida garantiforpliktinga si med 2 mrd. euro. For Noreg innebar dette ein auke i garantiansvaret på 527,7 mill. euro, og Noreg fekk sin eigardel i banken auka frå 19,1 til 21,5 prosent.

NIBs samla utlån og garantiar var ved utgangen av 2010 på 13,8 mrd. euro eller om lag 108 mrd. kroner, og av dette var utbetalingane i 2010 på 1,3 mrd. euro. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda var på 11 mrd. euro eller om lag 86 mrd. kroner.

Banken har eit formelt samarbeid med 38 land utanfor Norden og Baltikum. Utlåna til desse landa kom i 2010 opp i eit samla beløp på 2,8 mrd. euro, som er noko mindre enn i dei føregåande åra. NIB deltek òg i miljøfinansiering. I 2010 gjekk 48 prosent av innvilga lån til miljøprosjekt.

5.8 Sosial og helse, inkl. narkotika

Ny institusjonsstruktur

Som eit ledd i moderniseringa av Nordisk ministerråd vedtok dei nordiske samarbeidsministrane i desember 2008 den endelege institusjonsstrukturen på sosial- og helseområdet. Den nye institusjonsstrukturen vart teken i bruk 1. januar 2009 og innebar etablering av ein ny institusjon på det sosiale området med namnet Nordens velferdssenter (NVC), med hovudkontor i Stockholm. NVC er ei samanslåing av Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål, Nordisk utviklingssenter for hjelpemiddel og Nordisk utdanningssenter for utvikling av sosialservice. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking og Nordisk utdanningssenter for døvblinde, som høvesvis held til i Helsingfors og i Dronninglund på Jylland, er omdanna til dotterinstitusjonar under den nye institusjonen. Den nordiske høgskulen for folkehelsevitskap (NHV) i Göteborg består som institusjon på helseområdet, og det er lagt opp til eit utstrekt samarbeid mellom NVC og NHV. Nordisk institutt for odontologiske materiale (NIOM) er frå januar 2010 omdanna til eit nordisk samarbeidsorgan, organisert som dotterselskap under statsaksjeselskapet UniRand AS ved Universitetet i Oslo, med verknad frå januar 2010. Helse- og omsorgsdepartementet eig 49 prosent av aksjane i NIOM AS, medan UniRand AS eig 51 prosent. Hovudformålet med omdanninga er å finne ei tenleg og effektiv driftsform og å oppnå synergieffekt ved tilknytinga til universitetsmiljøa, samtidig som den nordiske profilen på verksemda vert vidareutvikla. NIOM flytta i desember 2010 inn i nye lokale ved Ullevål stadion. Alle kostnader med flyttinga og innreiing av dei nye lokala blei finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet, jf. Prop. 1 S (2010–2011) og Stortingets behandling av denne. Den nye lokaliseringa med moderne laboratorieutstyr legg til rette for tverrfagleg forskingsaktivitet i samarbeid med medisinske miljø og universitetsmiljø.

Status på samarbeidsområde

Nordisk samarbeid om demensforsking

Dei neste 35 åra er det venta ei dobling av talet på demente i Norden. Demens er ein av dei vanlegaste mentale sjukdommane. Innbyggjarane i Norden vert stadig eldre, og fleire enn før er utsette for alderssjukdommar, samtidig som demens òg rammar stadig fleire unge. Dei nordiske landa er ofte for små potensielle marknader kvar for seg til at medisinindustrien vil finansiere forsøk med nye behandlingstypar, men saman kan dei nordiske landa ha større gjennomslagskraft. Tettare nordisk samarbeid om demensomsorg og avansert demensforsking vil gje denne gruppa ein betre livskvalitet.

Eit NordForsk-støtta forskarnettverk, «The Nordic Network in Dementia Diagnostics», arbeider for å auke kunnskapen om årsakene til demens. Ei multidisiplinær gruppe som er sett saman av ni forskargrupper frå fem nordiske land og Litauen, samarbeider om å harmonisere diagnostiske arbeidsmetodar og bidra til tidlegare og betre diagnostisering av sjukdommen.

Noreg er åleine i Norden om å ha ein nasjonal plan for demensomsorg og avansert demensforsking. I regi av Demensplan 2015 er det mellom anna sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt om utvikling av teknologiske hjelpemiddel for yngre personar med demens. Teknologiske hjelpemiddel kan bidra til at menneske med demens kan leve eit sjølvstendig og meiningsfylt liv trass i funksjonssvikt og sjukdom.

Japansk-nordisk samarbeid

I eit møte mellom dei nordiske statsministrane og Japans statsminister i 1997 vart det starta eit samarbeid mellom Norden og Japan for å møte dei framtidige omsorgsutfordringane. Samarbeidet tek utgangspunkt i felles utfordringar med ei aldrande befolkning og byggjer på gjensidig kunnskapsutveksling om korleis landa møter omsorgsutfordringane i dag og i framtida.

Det er halde åtte seminar i perioden 1997–2009. Intensjonen med seminara er å bidra til erfaringsutveksling og gjensidig læring. Målet er at landa skal kunne dra nytte av kunnskap, modellar/verktøy og politikkutforming som deltakarane utviklar for å kunne møte utfordringane i framtida og for å identifisere felles utfordringar som landa ikkje kan løyse åleine. Erfaringane frå seminara er at denne kunnskapsutvekslinga er viktig og gjev partane nye idear og ny kompetanse om aktuelle metodar og verkemiddel for å løyse dei felles utfordringane ein står overfor, som særleg er knytte til ei stadig større aldrande befolkning.

Kvalitet og pasienttryggleik

Noreg deltek i ei ekspertgruppe under EK-S som blei sett ned under den danske formannskapen, og som har fått mandat til å vurdere utsiktene for eit nordisk samarbeid om høgspesialisert pasientbehandling. Arbeidet skal konkretiserast og følgjast opp under den norske formannskapen.

Noreg har delteke i arbeidet med å utarbeide felles nordiske kvalitetsindikatorar for helsesektoren. Under den norske formannskapen vil vi ta initiativ til å vidareføre det nordiske samarbeidet om pasienttryggleik og kvalitet. Noreg vil òg foreslå eit samarbeid om tiltak som kan fremje pasienttryggleikskultur og læringskultur både i og utanfor sjukehus. I tillegg vil vi foreslå tiltak for å rekruttere og behalde tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Innovasjon i helse- og omsorgstenesta

Den demografiske utviklinga fører til at det i åra framover blir relativt fleire eldre og færre i arbeidsfør alder til å pleie dei. Lik tilgang til likeverdige helse-, omsorgs- og velferdstenester må framleis vere ein av berebjelkane i den nordiske velferdsmodellen. Hjelpemiddel og ny teknologi kan gje nye moglegheiter for eit meir sjølvstendig og meiningsfylt liv og overta mange av rutineoppgåvene som pleie- og omsorgspersonell utfører i dag. Det er behov for eit nærmare samarbeid mellom offentlege myndigheiter, næringsliv, forsking og utvikling når det gjeld å finne nye løysingar på omsorgs- og velferdsutfordringane i framtida. Vidare er IKT eit sentralt verktøy for å oppnå betre kvalitet i helse- og omsorgssektoren. Teknologien gjer at nødvendig helseinformasjon kan vere tilgjengeleg for helsepersonell gjennom heile pasientforløpet, og pasient og brukar kan vere ein aktive deltakar i spørsmål og problemstillingar rundt eiga helse gjennom tilrettelagde nettenester. Noreg vil under sin formannskap foreslå eit nordisk samarbeid for å drøfte løysingar på omsorgs- og velferdsutfordringane i framtida.

Noreg har vore leiar for ei arbeidsgruppe i regi av EK-S som skal greie ut korleis det kan etablerast eit nordisk samarbeid for å auke omfanget av kliniske studiar på nye behandlingsmetodar i Norden. Formålet vil vere å gje pasientar raskare tilgang til ny behandling med tilstrekkeleg vitskapleg dokumentasjon av nytte og biverknader og å auke omfanget av både industrifinansierte og offentleg initierte kliniske studiar. Noreg vil følgje opp forslaget under sin formannskap.

Alkohol

Dei nordiske sosial- og helseministrane vedtok i 2004 å samarbeide om alkoholpolitiske spørsmål i internasjonale organ. Det er særleg overfor Verdas helseorganisasjon og EU slikt samarbeid er etablert. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking (NAD), seinare NVC Finland, har sidan 2004 utarbeidd ein årleg statusrapport for dei nordiske sosial- og helseministrane. Etter vedtak på det nordiske ministerrådsmøtet i Visby i juni 2008 er det sett ned ei nordisk tenestemannsgruppe for alkoholpolitisk samarbeid til å organisere det praktiske samarbeidet.

Europakommisjonen la hausten 2006 fram ein kommunikasjon om ein alkoholpolitisk strategi for EU. Det er sett i gang eit omfattande arbeid rundt oppfølginga av tiltaka i strategien, og det blir arbeidd nordisk for å sikre oppfølging også etter at strategien blir avslutta ut i 2012. Verdas helseforsamling vedtok i 2010 ein global strategi for å redusere skadeleg bruk av alkohol. Det nordiske samarbeidet var viktig i framkant av dette vedtaket og er òg ein viktig kanal i oppfølginga av strategien. Vidare knyter det seg eit kontinuerleg samarbeid til partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjonen, der det mellom anna er ei eiga ekspertgruppe for alkoholskadar.

Narkotika

Nordisk narkotikaforum, eit uformelt nordisk samarbeid på embetsnivå, blei arrangert i Ilulissat på Grønland 24.–26. august 2010. Representantar frå dei nordiske landa deltok. Eit sentralt tema var om det er mogleg og formålstenleg å arbeide for ein felles nordisk strategi på narkotikafeltet. Forumet konkluderte med at

  • det allereie i dag eksisterer eit utstrekt og fruktbart samarbeid mellom dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda på narkotikafeltet

  • dei grunnleggjande narkotikapolitiske synspunkta som landa og dei sjølvstyrte områda er samde om, utgjer eit godt fundament for å fasthalde og utvide samarbeidet

  • erfaringsutveksling og dialog er eit betre grunnlag for å byggje ut samarbeidet enn ein formalisert strategi

  • Nordisk narkotikaforum også framover vil ha fokus på å utvikle den erfaringsutvekslinga og dialogen som finn stad på årlege møtet i forumet og mellom møta

  • Nordisk narkotikaforum i den samanhengen mellom anna vil halde temadrøftingar om vesentlege narkotikapolitiske spørsmål med sikte på at likskapar og forskjellar i synspunkta til landa og dei sjølvstyrte områda kan tene til gjensidig inspirasjon for utviklinga av den nasjonale narkotikapolitikken

Møte vart halde i Finland i august 2011.

Helseberedskapssamarbeid

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Den nordiske helseberedskapsavtalen frå 2002 dannar den formelle ramma. Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2004–2005) Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og avgjerda til utanriksministrane frå 2005 om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa ved kriser og katastrofar i utlandet har ei arbeidsgruppe tilrådd eit formalisert samarbeid på dette området. Det blir samarbeidd om førebyggjande tiltak, varsling, gjennomføring av redningsarbeidet, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Det er utarbeidd retningslinjer som konkretiserer rutinar og prosedyrar for dette samarbeidet. Samarbeidet ved kriser skal prøvast hausten 2011 i to store feltøvingar, Skag Ex 11 og Barents Rescue 11. Ved fleire høve har det nordiske helseberedskapssamarbeidet vore til nytte under hendingar dei seinare åra, mellom anna pandemien i 2009, hendinga med vulkansk oske frå Island i 2010 og 2011 og jordskjelvet, tsunamien og atomulykka i Japan i 2011. Ved dessa høva har dei nordiske landa samarbeidd, utveksla informasjon og ytt kvarandre rask hjelp. Norske helsestyresmakter summerer for tida opp erfaringane med handteringa av pandemien (H1N1). Dette vert m.a. gjort gjennom eit samarbeid med dei andre nordiske landa. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde.

Kommunal- og regionaldepartementet deltek i ein del samarbeid/erfaringsutveksling på departementsnivå knytt til arbeidet med å avskaffe bustadløyse.

Utsette barn og unge

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil medverke til at barneperspektivet blir vareteke gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. Det nordiske ministerrådet for sosial- og helseområdet vedtok i juni 2010 at prosjektmidlane i sektoren i 2011–2012 særleg skulle brukast på emnet tidleg førebyggjande innsats for familiar med risiko for sosial marginalisering. Embetsmannskomiteen for sosial- og helseområdet (EK-S) har fått i oppdrag å implementere avgjerder gjennom ein tredelt prosjektorganisasjon samansett av Nordens Velferdssenter, ei referansegruppe av nasjonale ekspertar og EK-S, som er eigar av prosjektet og fungerer som styringsgruppe.

Internnordiske trygdespørsmål

Ei arbeidsgruppe som blei sett ned i april 2008, leverte sommaren 2009 sitt forslag til ny nordisk konvensjon om trygd til den nordiske sosialforsikringsgruppa (trygdegruppa). Den nye konvensjonen tek sikte på tilpassingar til nye EF-forordningar på området og skal etter planen gjelde frå den tid dei nye forordningane blir ein del av EØS-avtalen. Etter dei signala Island og Liechtenstein har gjeve om sine godkjenningsprosedyrar, vil dette tidlegast kunne skje i byrjinga av 2012.

5.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Ministerrådet for arbeidsliv har halde fram med å samarbeide med utgangspunkt i samarbeidsprogrammet for perioden 2009–2012. Dei to globaliseringsprosjekta i tilknyting til programmet Helse og velferd er sette i gang i løpet av 2011. Det eine prosjektet skal sjå på migrasjonsmønster, arbeidsvilkår og rekrutteringspraksis for arbeidsinnvandrarar frå Sentral- Europa til dei nordiske landa. Det andre vil ta opp spørsmålet om korleis mellom anna arbeidslivspolitikken kan medverke til å styrkje utsiktene for at dei nordiske landa får utbyte av nye økonomiske vekstområde. EK-A har to fagutval – arbeidsmiljøutvalet og arbeidsmarknadsutvalet – som er aktive i styringa av dei to globaliseringsprosjekta, som etter planen skal avsluttast i andre halvår 2012.

På møtet i ministerrådet for arbeidsliv (MR-A) blei dei nordiske landa sin innsats mot arbeidsløyse blant unge diskutert. Dette var ei oppfølging av diskusjonane under den islandske formannskapen om same temaet i 2009, og diskusjonen gjekk føre seg på bakgrunn av ei særskild kartlegging av kva tiltak landa har sett i verk for å motverke den auka arbeidsløysa blant ungdom, og kva tiltak som blir sette inn overfor gruppa med tanke på den framtidige mangelen på arbeidskraft. Representantar for Ungdommens Nordisk råd, Nordens faglege samanslutning og Dansk Arbejdsgiverforening deltok òg i temadrøftinga. Det blei vedteke at arbeidsmarknadssituasjonen for dei unge skal takast med som eit eige punkt i landrapportane om arbeidslivet i dei nordiske landa som blir lagde fram for MR-A-møta.

Den norske formannskapen vil prioritere eit inkluderande arbeidsliv og innsatsen dei nordiske landa gjer for å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse. Dette er i tråd med programmet for Nordisk ministerråds samarbeid på arbeidslivsområdet 2009–2012. Eit meir inkluderande arbeidsliv skal fremje arbeidsmoglegheiter for dei som kan og vil arbeide, og bidra til sosial inkludering. Formannskapsprogrammet skal òg bidra til å styrkje yrkesaktiviteten blant eldre.

I 2012 vil søkjelyset særleg bli retta mot inkludering og tilrettelegging for yrkesdeltaking for vanskelegstilte og utsette grupper i arbeidslivet. Dette gjeld mellom anna arbeidet for redusert sjukefråvær og tilrettelegging for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet. Den norske formannskapen vil arrangere ein erfaringskonferanse mellom dei nordiske landa. Formålet er å fremje kunnskap om tiltak som gjev god effekt, for å sikre eit meir inkluderande arbeidsliv og motverke utstøyting av vanskelegstilte og utsette grupper i arbeidslivet.

2012 er EU-året for aktiv aldring. Dette året skal eldres deltaking i arbeidslivet vere i fokus. Det skal takast initiativ til ein nordisk konferanse som skal bidra til den samla kunnskapsutvekslinga på området aktiv aldring.

I 2010 blei det sett ned ei ekspertgruppe under EK-A og EK-S som fekk i mandat å kartleggje grensehindera for velferdsytingar på arbeidsmarknads- og sosialområdet, og som skal komme med løysingsforslag der det blir konstatert behov for det. Ekspertgruppa skal levere sin rapport i første halvdel av 2012, og den norske formannskapen vil bruke denne gjennomgangen som grunnlag for ein konferanse der grensehinder mellom dei nordiske landa kan takast opp til diskusjon.

Noreg skal i 2012 leie arbeidet med å utarbeide eit nytt samarbeidsprogram på arbeidslivsområdet under Nordisk ministerråd for perioden frå 2013.

5.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juli 2006 ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet. Som eit ledd i oppfølginga av planen vart det i 2009 gjennomført eit pilotprosjekt for felles nordisk overvaking av kosthald, fysisk aktivitet og overvekt. Nullpunktmåling av fysisk aktivitet, kostvanar og førekomst av overvekt blir gjennomført blant barn og vaksne i alle land i 2011. Den første statusmålinga skal gjennomførast i 2013.

Monitoreringssystemet skal vurdere effekten av politiske tiltak opp mot mål og visjonar i handlingsplanen. Arbeidet blir finansiert av globaliseringsinitiativet Helse og velferd. Med utgangspunkt i handlingsplanen er det òg etablert eit nordisk nettverk for fysisk aktivitet, mat og helse i regi av Helsedirektoratet, Statens folkhälsoinstitut og Sundhedsstyrelsen. Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Göteborg er sekretariat. Nettverket omfattar òg regionalt nivå i dei tre landa. Det overordna målet for nettverket er å bidra til å fremje utviklinga og utbreiinga av effektive reseptmodellar og lågterskelaktivitetar som gjennom det offentlege tilbodet kan medverke til å endre levevanar. Nettverket gav i 2010 ut ein rapport om fysisk aktivitet på resept og arrangerte ein nordisk konferanse der temaet var forsking på førebyggjande tiltak innan fysisk aktivitet og kosthald, og som hadde fokus på å fremje nordisk samarbeid på området. På sommarmøtet i MR-FJLS 2009 vart det lagt fram ein statusrapport for handlingsplanen.

Som oppfølging av handlingsplanen er det utarbeidd ein katalog over «best practice» på området sunn livsstil i ungdomsutdanningar i Norden. Noreg har bidrege med eksempel frå vidaregåande skule. Katalogen kan sjåast som ei utviding av den nordiske katalogen over «best practice-initiativ» for barn og unge mellom 0 og 15 år. Det er òg løyvd midlar til eit prosjekt om friluftsliv og helse. Kombinasjonen av fysisk aktivitet og naturopplevingar har stort potensial som helsefremjande aktivitet.

Noreg, Sverige og Danmark innførte den felles nordiske ernæringsmerkeordninga «Nøkkelholet» som ei felles frivillig merkeordning for sunne matvarer i 2009. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av ordninga og ein informasjonsbrosjyre til forbrukarane på 14 språk. Det er òg sett i gang prosjekt for å undersøkje verknadene av merkeordninga. Arbeidet med revidering av kriteria skal starte opp i 2011. Det er sett i gang eit arbeid for å vurdere om nøkkelholordninga kan innførast i serveringsmarknaden for å bidra til sunnare mat på farten.

Nordiske næringsstoffanbefalingar (NNR) frå 2004 skal reviderast. NNR dannar grunnlag for arbeidet med ernæringsspørsmål i Norden. Nye anbefalingar (NNR 5) vil vere klare i 2012. Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har framleis høg prioritet. Målsetjinga er å styrkje beredskapen i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet. Samarbeidet har brei deltaking frå dei nordiske og dei baltiske landa, og i 2010 vart arbeidet utvida til å femne Austersjøregionen innanfor rammene av EUs austersjøstrategi.

Mikrobiologi er eit anna satsingsområde. Det vart i 2010 arrangert ein vellykka workshop som resulterte i eit prosjekt som skal sjå nærmare på fastsetjing av risikobaserte mikrobiologiske kriterium i Norden. I det nordiske klimasamarbeidet blir beredskap mot nye plante- og dyresjukdommar ei viktig utfordring i åra som kjem. Det er sett i gang fleire nordiske prosjekt knytte til moglege «nye» dyresjukdommar som kan komme som følgje av klimaendringar.

5.11 Likestilling

I 2010 blei ministerrådet for likestilling einig om eit nytt fireårig samarbeidsprogram, «Likestilling skaper eit berekraftig samfunn». Som ein del av arbeidet med nytt samarbeidsprogram tok den danske formannskapen initiativ til å få evaluert NIKK (Nordisk institutt for kunnskap om kjønn) si rolle og tilknyting til Nordisk ministerråd. Programmet er tredelt og omfattar samarbeidet i Norden, samarbeidet med dei tre baltiske statane og samarbeidet med Nordvest-Russland.

Overordna tema for det nordiske likestillingssamarbeidet i det fleirårige samarbeidsprogrammet for Norden (det vil seie Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige og dei tre sjølvstyrte områda Færøyane, Grønland og Åland) er:

  1. Likestilling på arbeidsmarknaden

  2. Likestilling i utdanninga

  3. Kjønn, etnisitet og likestilling

  4. Nulltoleranse mot kjønnsrelatert vald

For samarbeidet mellom Norden og dei tre baltiske landa Estland, Latvia og Litauen:

  1. Likestilling på arbeidsmarknaden

  2. Likestillingsopplæring

  3. Likestilling/likebehandling i det offentlege rom og i media

  4. Nulltoleranse mot kjønnsrelatert vald

For samarbeidet mellom Norden og Nordvest-Russland:

  1. Likestillingsopplæring

  2. Nulltoleranse mot kjønnsrelatert vald

Samarbeidsprogrammet har to tverrgåande tema som skal integrerast i alle områda og samarbeidskonstellasjonane som er omtalte i programmet. Desse temaa er integrering av eit kjønns- og likestillingsperspektiv og aktiv deltaking av menn og gutar.

Prioriteringa av tema i samarbeidsprogrammet skal fortløpande evaluerast og tilpassast av kvar formannskap i den årlege handlingsplanen. Ministerrådet for likestilling har vedteke at det under den norske formannskapen i 2012 skal gjerast ei grundigare midtvegsevaluering med vurdering for kvar av dei tre samarbeidskonstellasjonane og innhaldet i dei. I tillegg vil ein i 2012 implementere dei vedtekne endringane når det gjeld framtidig organisering og finansiering av NIKK.

Under World Economic Forum i 2011 blei rapporten «The Nordic Way» presentert. Rapporten forklarer kvifor Norden som region takla finanskrisa betre enn andre. Blant årsakene er element som inngår i den nordiske velferdsstaten, m.a. likestilling.

Under den norske formannskapen i 2012 er det fireårige samarbeidsprogrammet «Likestilling skaper eit berekraftig samfunn» for perioden 2011–2014 inne i sitt andre år. I det nordiske likestillingssamarbeidet vil Noreg knyte band både til den tidlegare finske formannskapen i 2011 og den kommande svenske formannskapen i 2013.

5.12 Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag av Helsingforsavtalen frå 1962 til mål å skape mest mogleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogleg samanfall. Under Sveriges formannskap i Nordisk ministerråd var ei av prioriteringane å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter, mellom anna rettsakter omfatta av EØS-avtalen, i nasjonal rett. Som ledd i dette arbeidet utarbeidde dei nordiske justisdepartementa i 2008 ein promemoria som gjer greie for korleis og i kva samanhengar det vert samarbeidd for å få til like reglar i Norden. Promemoriaen er send alle departementa i dei nordiske landa. Helsingforsavtalen og verdien av nordisk rettseinskap blei òg tekne opp på Forum for lovteknikk og lovførebuing våren 2010.

I desember 2010 fekk embetsmannskomiteen for nordisk lovsamarbeid overlevert ei utgreiing om lovval, jurisdiksjon og godkjenning av avgjerder om gjeldsordningar. Både Noreg, Danmark, Finland og Sverige har reglar om gjeldsordningar, men dei er ikkje tilpassa grenseoverskridande saker. I utgreiinga vert det foreslått at dei nordiske landa skal ha like reglar om verneting, lovval og godkjenning. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet arbeider vidare med saka.

Også når det gjeld utlevering av lovbrytarar, er det eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa. Utlevering av lovbrytarar mellom dei nordiske landa er i dag regulert av felles nordisk lovgjeving. Dei nordiske statane underteikna 15. desember 2005 ein konvensjon om nordisk arrestordre, som inneber at gjeldande fellesnordisk utleveringsordning skal erstattast av eit nytt og meir effektivt system for overlevering av personar som er sikta eller domfelte i eit nordisk land. Avtalen er gjennomført i norsk rett ved lov av 19. september 2008 om pågripelse og overlevering mellom de nordiske stater på grunn av straffbare forhold (lov om nordisk arrestordre). Lova er ikkje sett i kraft.

Den 24. juni 2011 la regjeringa fram forslag til lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (Prop. 137 LS (2010-2011)). Forslaget gjennomfører ein avtale frå 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane. Lovforslaget tek òg opp i seg lov om nordisk arrestordre.

I dag går det ikkje alltid like greitt å overføre ein som er dømd til samfunnsstraff, til soning i eit anna nordisk land. Embetsmannskomiteen for nordisk lovsamarbeid har derfor gjeve ein utgreiar i oppdrag å sjå nærmare på problemstillinga og komme med forslag til moglege løysingar. Utgreiaren har fått frist til april 2012 med å levere utgreiinga.

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU. Det er ein naturleg konsekvens av at tre av dei nordiske landa er medlem i EU, medan Island og Noreg står utanfor. Mellom anna vil den såkalla Prüm-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, vere grunnlaget for nye tiltak innan nordisk politisamarbeid. Det svenske Justitiedepartementet har teke imot ei utgreiing om auka politisamarbeid i Norden og i EU. Denne vil danne eit utgangspunkt når ein etter kvart skal sjå nærmare på korleis samarbeidet bør organiserast.

Men også i ein nordisk samanheng er det ønske om å gjere det nordiske politisamarbeidet meir slagkraftig. Dei nordiske justisministrane har derfor gjeve rikspolitisjefane i oppdrag å undersøkje kva for tiltak som kan forbetre samordninga av politiets innsats i Norden, særleg mot mobile vinningskriminelle. Rikspolitisjefane skal levere sitt forslag i 2012.

Det nordiske politisamarbeidet er i aukande grad prega av at dei baltiske landa og andre land som grensar til Austersjøen, vert trekte med i det tette operative samarbeidet som er etablert mellom dei nordiske landa. Til dømes involverer det nordiske politi- og tollsamarbeidet (PTN) i aukande grad også andre austersjøland i konkrete politi- og tollsaker, og gjennom Austersjørådets Task Force on Organised Crime (BSTF) vil det operative samarbeid i aukande grad involvere Russland. Austersjørådet fornya på toppmøtet i juni i år mandatet til BSTF til og med 2016. Noreg skal leie arbeidet frå 2013, og Justisdepartementet har starta arbeidet med å førebu seg til denne oppgåva.

Samfunnstryggleik

Det er aukande politisk merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sidan april 2009 er det halde ministermøte mellom ministrar med ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i Norden. Eit felles og overgripande mål er å førebyggje og avgrense konsekvensar av større ulykker, naturkatastrofar og andre samfunnskriser. Det går fram av ei felles erklæring frå møtet (Haga-erklæringa) at dei nordiske landa i fellesskap skal undersøkje og konkretisere eit samarbeid innanfor redningsteneste, øving og utdanning, beredskap mot masseøydeleggingsmiddel (CBRN), krisekommunikasjon med publikum, bruk av frivillige og forsking og utvikling. Justisministeren var i desember 2009 vertskap for eit nytt møte mellom nordiske ministrar, og eit nytt møte vil finne stad i Finland i november 2011. Ministrane har tidlegare vore samde om at det nordiske samarbeidet skal styrkjast ytterlegare gjennom prosjekt om brannførebyggjande tiltak og potensialet for kapasitetsstøtte i samband med store arrangement i dei nordiske landa. Eit forslag frå ei arbeidsgruppe om auka samarbeid for forsking om samfunnstryggleik vil bli behandla. Det konkrete oppfølgingsarbeidet frå norsk side skjer i hovudsak på direktoratsnivå.

Rapporten frå Thorvald Stoltenberg om framtidig nordisk utanriks- og tryggingspolitisk samarbeid frå 2009 har òg medverka til auka merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet.

Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen i det nordiske redningstenestesamarbeidet NORDRED. NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg frå 1989 om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skader på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker. Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Noreg vil i formannskapsperioden (2009-2012) følgje opp avgjerda frå ministermøtet i april 2009 om at det skal vurderast alternativ for vidareutvikling av NORDRED-arbeidet, mellom anna spørsmålet om dette arbeidet kan utvidast til å omfatte samfunnstryggleik og beredskap i vidare forstand.

Med bakgrunn i Stoltenberg-rapporten, Haga-erklæringa og NORDREDs arbeid har det vorte oppretta eit nordisk prosjekt, EU Cross Border, med økonomisk støtte frå EU. Formålet er å forsterke det nordiske grenseoverskridande operasjonelle arbeidet knytt til redning og beredskap. Det er òg etablert eit nordisk RITS-samarbeid (redningsinnsats til sjøs), som blant anna har bidrege i samband med øvinga SkagEx11.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har eit naudsynt og nært samarbeid med dei nordiske landa om internasjonal katastrofehjelp. Det gjeld oppretting og drift av ein felles nordisk leir for innkvartering av naudhjelpsarbeidarar gjennom FN. Saman med systerorganisasjonane i mellom anna Norden, som arbeider saman i nettverket International Humanitarian Partnership (IHP), etablerte og dreiv Norwegian Support team (NST) ein leir for 450 hjelpearbeidarar på Haiti frå januar til oktober 2010. Evalueringar viser at Haiti-oppdraget var vellykka og innebar ei vesentleg betring for ei rekkje hjelpearbeidarar etter jordskjelvet. Til saman deltok om lang 30 personar frå NST i oppdraget.

I september 2010 etablerte IHP ein leir med kapasitet til å innkvartere 70 hjelpearbeidarar i byen Sukkur i Pakistan. I dette oppdraget har NST berre delteke med personell. Oppdraget blei avslutta i første kvartal i 2011. NST har så langt delteke med i alt åtte personar i dette oppdraget. IHP deltok òg med bistand til Tunisia i samband med flyktningstraumar frå Libya sommaren 2011.

5.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål. Justisdepartementet har hovudansvaret for denne gruppa på norsk side. NSHF har kvart år eit embetsmøte og eit kombinert ministermøte/embetsmøte. Det finst for tida to arbeidsgrupper under NSHF: ei om retur og tilbakevending og ei om gjenbusetjing. Arbeidsgruppene har møte 1-2 gonger i året.

Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det gjev høve til informasjonsutveksling og ei opning for å diskutere problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, og byr i tillegg på uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg elles ikkje har tilgang til.

Formannskapen i NSHF går på omgang mellom dei nordiske landa, og kvar formannskap utarbeider eit program over tema som det er ønske om å diskutere på ministermøtet og embetsmannsmøta. Det vart halde eit kombinert embetsmanns- og ministermøte i Sverige i juni 2011. Island tok over formannskapen etter Sverige i juni 2011 for eitt år framover.

I Nordisk utlendingsutval deltek representantar for utlendingsdirektorata og visumstyresmaktene i dei nordiske landa. Gruppa har bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse, til dømes om behandling av visumsaker. Utlendingsdirektoratet (UDI) har hovudansvaret på norsk side. Gruppa har bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse, til dømes om behandling av visumsaker. Ansvaret for møta i Nordisk utlendingsutval går på omgang mellom dei nordiske landa.Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Det er gjort avtale om gjennomføring av visse avgjerder om statsborgarrettar for nordiske borgarar frå eit anna nordisk land. Ein revidert avtale blei underteikna i København 13. september 2010, men har ikkje tredd i kraft. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte om statsborgarskap der Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet deltek. Det blir òg halde eit uformelt nordisk samarbeidsmøte på lågare nivå om integreringspolitikk. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) deltek på vegner av Noreg.

5.14 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Det går føre seg gjennom ein statleg arbeidsgjevarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen vert arrangert annakvart år, sist hausten 2010 i Finland. I 2012 skal konferansen haldast i Noreg. I tillegg blir det mellom konferansane samarbeidd i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område.

Det er etablert eit nordisk lønns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgjevarsida i Norden. Utvalet er eit rådgjevande organ for Nordisk ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk råds presidium i lønns- og personalspørsmål.

Nordisk ministerråd oppretta i 1978 ei tenesteutvekslingsordning for alle grupper av statstilsette i dei nordiske landa. Etter eit avbrot er ordninga no gjeninnført. Ordninga har til formål å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske statsetatane og gje impulsar til nytenking på eige arbeidsfelt. Ministerrådet løyver kvart år pengar til stipendmidlar for utvekslinga. Årleg vert det gjennomført to samarbeidsmøte med dei andre nordiske landa.

I Nordisk forvaltningspolitisk forum har departementa i dei nordiske landa med ansvar for forvaltningspolitikk jamlege møter for å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker. Leiinga av forumet følgjer formannskapen i Nordisk ministerråd, og møtet i 2012 skal haldast i Noreg. Møtet i 2011 bli halde i Helsingfors 26. mai.

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid gjennom møte, pågåande nasjonale saker og fellesnordiske prosjekt. Konkurransestyresmaktene samarbeider til dels òg om utvikling av konkurransereglar i EU/EØS og andre internasjonale fora.

Det blir halde nordisk plenumsmøte kvart år i august/september, med deltakarar frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. I år vart plenumsmøtet i Helsingfors. Eit sentralt tema for møtet vart arbeidet med eit felles nordisk prosjekt med temaet «Competition Policy in the Nordic Welfare States». Prosjektet skal etter planen oppsummerast i ein rapport som skal presenterast for direktørane på nordisk direktørmøte våren 2012.

I tillegg blir det halde årlege møte der direktørane for konkurransetilsyna trekkjer opp linjene for det nordiske samarbeidet. Det blir òg halde årlege samarbeidsmøte for juridiske direktørar/sjefsjuristar og sjefsøkonomar, i tillegg til møte i ei nordisk kartellgruppe for etterforskarar.

Datatilsynet har i alle år hatt tett samarbeid og dialog med dei andre nordiske personvernmyndigheitene, både gjennom regulære møte, samarbeidsprosjekt og løysing av konkrete enkeltsaker. Om lag seks gonger i året er alle dei nordiske datatilsyna representerte i den såkalla Artikkel 29-gruppa, som er oppretta etter personverndirektivet artikkel 29. Gruppa har til oppgåve å drive fram koordinering og synkronisering av det nasjonale personvernarbeidet i EU/EØS-landa med utgangspunkt i personverndirektivet. Dei nordiske representantane koordinerer ofte synspunkta sine før møta i Artikkel 29-gruppa. Annakvart år møtest i tillegg leiinga i dei nordiske datatilsyna til eit nordisk datatilsynssjefmøte, der dei drøftar saker av felles interesse. Det vert i tillegg arrangert årlege møte på saksbehandlarnivå for juristar. Det same gjeld for teknologane. Desse møta er arenaer for erfaringsutveksling og for å utvikle gode samarbeidsrelasjonar mellom personvernmyndigheitene i dei nordiske landa.

Statsbygg deltek i eit samarbeid mellom dei ulike statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane i Norden. Tema som har vore drøfta den seinare tida, er mellom anna organisering av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for desse, uvissestyring, forvaltning av kulturhistoriske eigedommar og kulturmiljø og universell utforming.

I tillegg er det oppretta ei nordisk arbeidsgruppe som skal samarbeide om energispørsmål og energibruk.

Det er òg etablert eit eige nordisk kontaktutval for utanlandseigedommar i nært samarbeid med utanrikstenesta i dei nordiske landa. I dette kontaktutvalet vert det utveksla erfaringar med bygging og forvaltning av utanlandseigedommane, mellom anna eventuell samlokalisering av ambassadar for dei nordiske landa, tryggleik, miljø- og energispørsmål, etikk og anna.

5.15 Barn og ungdom

Nordisk ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2010 er retningsgjevande for den samla aktiviteten ministerrådet driv overfor barn og unge. Med bakgrunn i strategien utarbeider Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) ein handlingsplan. I NORDBUKs handlingsplan for perioden 2010–2013 vil m.a. innsatsen for å styrkje samarbeidet på tvers av sektorane og å inkludere globaliseringsperspektivet stå sentralt. NORDBUK rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane. NORDBUK arbeider i hovudsak med å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid blant unge, stimulere til nye metodar for unges deltaking og innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. NORDBUK har ei støtteordning for ungdomsarbeid retta mot organisasjonar og ungdomsmiljø. Målet med denne ordninga er å styrkje barn og unges deltaking i aktivitetar som dreier seg om kulturelle, politiske og sosiale spørsmål i Norden.

Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar. Årleg blir det halde uformelle samarbeidsmøte mellom representantar for dei nordiske landa for å diskutere både generelle problemstillingar og konkrete saker.

5.16 Frivillig sektor

Frivilligheit for alle er den overordna visjonen for frivilligpolitikken til regjeringa. Regjeringa støttar aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn gjennom eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Forskingsresultat viser ein livskraftig og dynamisk frivillig sektor som held seg i toppen i internasjonal samanheng. Forsking viser at det skjer ei rekkje endringar i frivillig sektor, både i omfang, form og innhald. Frivillig arbeid på kultur- og fritidsfeltet utgjer tyngdepunktet i sektoren. Forsking er eit prioritert område i frivilligpolitikken til regjeringa. Forskingsprogrammet «Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor» er finansiert av Kulturdepartementet i samarbeid med andre departement. Behovet for kunnskap om frivillig sektor og sivilsamfunnet er framleis stort. Ein nordisk forskarkonferanse i Bergen i mai i år hadde fokus på frivilligpolitikken i dei nordiske landa. I konferansen inngjekk ein open brukarkonferanse for representantar for frivillig sektor, offentleg tilsette og politikarar. Tema for konferansen var forskjellar og endringar i frivilligpolitikken i dei skandinaviske landa med vekt på samspel mellom dei ideelle frivillige organisasjonane og det offentlege.

5.17 Forbrukarpolitikk

I samband med at ministerrådet for forbrukarspørsmål blei nedlagt frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons), samansett av medlemmane i det tidlegare EK-Konsument.

Samarbeidet i NordKons er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. Dei nordiske forbrukarministrane fastsette i 2010 eit samarbeidsprogram for det uformelle samarbeidet på forbrukarområdet for perioden 2011–2013. Elles deltok Noreg i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om å gjennomføre eit måldokument for forbrukarundervisning (ferdig utarbeidd i oktober 2009), og i eit arbeid for å fremje nettverksbygging og relevant prosjektarbeid mellom aktørar i Norden som er opptekne av forbrukarspørsmål.

5.18 Samferdsel

Etter at den nye ministerrådsstrukturen tok til å gjelde 1. januar 2006, er transportsektoren ikkje lenger med i det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 blei det vedteke at transportsamarbeidet skulle halde fram utanfor ramma av Nordisk ministerråd. Det var brei semje om at eit samarbeid framleis er viktig for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å ta vare på det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Det nordiske regjeringssamarbeidet i transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokus på område der landa har felles problemstillingar.

I tillegg er det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka ti1 ei positiv utvikling i dei nordiske landa.

EØS-spørsmål har fått stadig større merksemd, og samarbeidet har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjonen. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på auka samarbeid med dei baltiske landa. Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eitt møte i året mellom dei nordisk-baltiske transportministrane. Ordninga dei seinare åra der dei nordiske transportministrane møtest før rådsmøta i EU, blir vidareført.

Samferdselsdepartementet samarbeider med svenske myndigheiter om kjøp av tre grensekryssande togtilbod: på Meråkerbanen, på Ofotbanen og på strekninga Oslo–Karlstad– Stockholm. I august 2011 overtok den nye svenske organisasjonen Norrtåg ansvaret for kjøp av persontransporttilbod på Ofotbanen og Meråkerbanen frå Trafikverket.

Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Samferdselsdepartementet i Noreg og Näringsdepartementet i Sverige er det etablert eit internasjonalt vegsamband frå vest i Noreg til aust i Sverige gjennom ei forlenging av eksisterande E16.

Statens vegvesen og Trafikverket i Sverige har no starta eit samarbeid om skilting av nye E16 og utgreiing av behov og løysingar for vidare utvikling av delar av ny E16 i grenseområdet mellom Noreg og Sverige.

5.19 Samar og nasjonale minoritetar

Ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Noreg og Sverige og sametingspresidentane i dei respektive landa etablerte i 2000 eit fast samarbeid for regelmessig orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målet med samarbeidet er å styrkje og utvikle språk, kultur, næringar og samfunnsliv hos det samiske folket. Samarbeidet har ei uformell, men nær tilknyting til Nordisk ministerråd.

Under det årlege fellesmøtet mellom sametingspresidentane og ministrane med ansvar for samiske saker vil ein drøfte saker som er viktige for det samiske samarbeidet over landegrensene. Nordisk samisk språkpris, Gollegiella, blir delt ut annakvart år. Prisen skal vere med og fremje, utvikle og bevare det samiske språket i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Arbeidet med ein nordisk samekonvensjon har vore organisert gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. På fellesmøtet mellom sametingspresidentane og ministrane for samiske saker i Stockholm hausten 2010 ble det vedteke at ein skulle gå i gang med forhandlingar om ein nordisk samekonvensjon i 2011. Det første forhandlingsmøtet blei halde i Sverige i mars 2011. Den norske delegasjonen til forhandlingane har fem medlemmer. Leiar og to medlemmer er utnemnde av regjeringa, mens to medlemmer er utnemnde etter forslag frå Sametinget. Sametinget skal elles konsulterast under forhandlingane. Utkastet til ein nordisk samekonvensjon vil vere ramma om forhandlingane. Konvensjonsutkastet er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.

Samisk parlamentarisk råd (SPR) er det parlamentariske samarbeidsorganet mellom sametinga i Finland, Noreg og Sverige. Samane i Russland har permanent deltaking i rådet. Regjeringa ser på rådet som eit viktig organ både for utviklinga av det nordiske samarbeidet og for eit styrkt samarbeid urfolk imellom og mellom urfolka og styresmaktene. Samekonferansen og Samerådet har spela ei viktig rolle i den samepolitiske utviklinga sidan dei blei oppretta etter andre verdskrigen, og er framleis svært viktige. Samerådet er samansett av samiske hovudorganisasjonar i Finland, Noreg, Sverige og Russland som møtest til Samekonferansen fjerdekvart år.

Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar blei oppretta på embetsmannsnivå mellom dei departementa i Sverige, Finland og Noreg som har ansvaret for gjennomføringa av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Europarådspakta for region- og minoritetsspråk. Arbeidsgruppa er eit viktig forum for å førebu rapporteringa til Europarådet om gjennomføringa. Gruppa møtest éin gong i året. I 2008 tok Noreg initiativ til ein samanliknande studie av gjennomføringa av rammekonvensjonen og språkpakta i dei tre landa. Studien blei gjennomført av Senter for menneskerettigheter i Oslo og blei presentert på møtet i arbeidsgruppa i Oslo 12. mai 2011.