Meld. St. 13 (2023–2024)

Bustadmeldinga— Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet

Til innhaldsliste

6 Forsterka innsats for dei som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad sjølve

Figur 6.1 

Figur 6.1

Foto: iStock

Bustaden dekkjer eit grunnleggjande velferdsbehov. Ein god busituasjon er viktig for å gjennomføre utdanning, stå i arbeidslivet og delta i samfunnet elles. Bustaden kan bidra til tilhøyrsle og fysisk tryggleik, og han kan skape identitet. Og omvendt: Å bu dårleg kan påverke livskvaliteten negativt. Dei fleste bur i dag godt og trygt, men det er nokre som ikkje får dekt bustadbehova sine godt nok. Mange som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, får hjelp og oppnår ein betra busituasjon gjennom bustadsosiale verkemiddel som startlån og bustøtte.

Vanskelegstilte på bustadmarknaden er personar som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad sjølve. Dei kan bu i ein ueigna bustad eller eit ueigna bumiljø, eller dei kan vere utan bustad i korte eller lengre periodar. Det varierer mykje kva behov vanskelegstilte på bustadmarknaden har for bistand. For dei fleste er situasjonen mellombels, og dei får forholdsvis raskt betra busituasjonen sin med eller utan hjelp frå det offentlege. Dei individuelle behova er ulike og vil ofte variere over tid. Mange treng hjelp frå fleire sektorar eller fagfelt på ein gong. Nokre har komplekse og samansette utfordringar som krev langvarig innsats og koordinering på tvers av etablerte fag, sektorar og forvaltningsnivå. For enkelte er det nok å få tilgang til ein eigna bustad, andre har behov for ulike oppfølgingstenester i tillegg.

Men nokre personar kan ha særlege utfordringar som gjer at bustadsosiale tiltak og verkemiddel ikkje er nok til at dei oppnår ein god og trygg busituasjon. For å hjelpe dei meiner regjeringa det er behov for tiltak på tvers av sektorar.

6.1 Tiltaka til regjeringa

Regjeringa vil forsterke innsatsen for personar som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad sjølve. Målet er at ingen skal vere bustadlause. Dette er konkretisert gjennom to delmål:

  1. Bustadlause skal raskt få tilbod om varig bustad. Barn og unge skal prioriterast

  2. Ingen skal bli bustadlaus etter lauslating frå fengsel, etter utskriving frå institusjon, etter opphald på krisesenter eller etter tiltak i barnevernet

For å nå måla ser regjeringa at det trengst ein forsterka innsats på tvers av sektorar og tiltak innanfor fleire fagområde. Regjeringa vil

  • gi kommunane fagleg støtte gjennom Husbanken, slik at dei kan følgje opp ansvaret sitt etter den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet

  • tilby alle kommunar å bruke Kobo – digitalt system for kommunale bustader og bustadsosialt arbeid

  • jobbe for eit betre bu- og tenestetilbod til personar med langvarige og samansette behov jf. Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)

  • stimulere til at fleire kommunar set inn eigna tiltak for å hjelpe ungdom i barnevernet, og sårbare unge elles, med å etablere seg i eigen bustad

  • forsterke arbeidet med å redusere økonomiske og sosiale forskjellar, og vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet i 2025

6.2 Utviklingstrekk – sårbare grupper på bustadmarknaden

6.2.1 Vanskelegstilte på bustadmarknaden

Vanskelegstilte på bustadmarknaden er målgruppa for den bustadsosiale politikken. Dette er personar eller familiar som ikkje har moglegheit til å skaffe seg og/eller behalde eit tilfredsstillande buforhold på eiga hand. Dei kan anten vere utan eigen bustad, stå i fare for å miste bustaden sin eller bu i ein ueigna bustad eller eit ueigna bumiljø.1

Som følgje av samfunnsutviklinga, med dyrtid, press i leigemarknaden og høgare bu- og levekostnader for både bustadeigarar og leigarar, er det grunn til å forvente at talet på personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, er aukande og vil auke vidare i tida framover.

6.2.2 Barn i låginntektsfamiliar

Figur 6.2 

Figur 6.2

Foto: Husbanken

Bustaden og nærområdet utgjer ei viktig ramme for oppveksten til barn og unge. Barn i låginntektsfamiliar har i gjennomsnitt dårlegare buforhold enn andre barn. Dei opplever å måtte flytte oftare, og familien har ei mykje høgare buutgiftsbelastning enn barnefamiliar generelt.2 I 2022 budde 62 prosent av alle barnefamiliar med låg inntekt i ein leigd bustad. Blant barnefamiliar totalt er det 18 prosent som leiger.3 Barnefamiliar med ei inntekt under låginntektsgrensa har mindre plass, og dei opplever meir støy, ròte, støv og fukt i bustaden enn barnefamiliar generelt gjer. Vedvarande låginntekt og avgrensa moglegheiter på leige- eller eigemarknaden kan føre til at barnefamiliar med låginntekt blir ufrivillig bufaste eller opplever hyppig uønskt flytting som følgje av høg husleige, avslutta leigekontraktar eller dårlege buforhold. Ungdom i kommunale bustader fortel om negative erfaringar med utryggleik i dei kommunale bustadene.4

Det er identifisert negative samanhengar mellom trongbudd hushald, leige av bustad, støy og hyppig flytting, og skuleresultata til barn.5 Dette gjeld særleg blant eldre barn, og det kan verke inn på korleis det går med dei i vaksenlivet. Dårleg bustandard, til dømes at bustaden er liten, eller generelt dårleg bustadkvalitet kan påverke barns moglegheit til å konsentrere seg om skulearbeid og til å ha vener på besøk. Eit belasta bumiljø kan òg avgrense moglegheita barna og unge har til å ferdast fritt eller leike ute. Samla sett kan dårlege buforhold for barn og unge i låginntektsfamiliar påverke moglegheitene deira som vaksne.6

6.2.3 Bustadlause

Den aller mest sårbare gruppa på bustadmarknaden er personar utan tilgang på verken eigd eller leigd bustad. Internasjonalt blir det brukt ulike kriterium for å definere bustadløyse. Fleire europeiske land avgrensar bustadløyse til personar som søv ute, og som nyttar seg av lågterskeltilbod for bustadlause. Noreg og dei andre nordiske landa har valt ei breiare og meir inkluderande tilnærming og definerer bustadlause både som personar utan nokon tilhaldsstad for komande natt og personar som er tilviste til mellombelse og tilfeldige overnattingar.7

Boks 6.1 Definisjon av bustadlause

Figur 6.3 

Figur 6.3

Foto: Husbanken

I Noreg blir personar rekna som bustadlause når dei ikkje disponerer eigen eigd eller leigd bustad og er tilviste til tilfeldige og mellombelse butilbod, bur mellombels hos vener, kjende eller slektningar, er i institusjon eller under kriminalomsorga og skal skrivast ut/lauslatast innan to månader utan å ha eigen bustad, eller søv ute/ikkje har ein stad å sove. Personar som bur varig hos nære pårørande eller i ein framleigd bustad, blir ikkje rekna som bustadlause.

Feantsa er ein europeisk samanslutning av nasjonale organisasjoner frå 30 land som jobbar med bustadløyse. Dei har utarbeidd eit felles europeisk system for klassifisering og definisjon av bustadlause, ETHOS, som samsvarar med den norske definisjonen.

Kjelder: Dyb (2021) og Feantsa – typology on Homelessness Exclusion

I Noreg har bustadlause etter desse kriteria, blitt kartlagde gjennom eigne undersøkingar kvart fjerde år sidan 1996. For å bli registrert som bustadlaus må ein vere kjend med eller i kontakt med hjelpeapparatet. Kartleggingane fangar dermed i lita grad opp personar som ikkje har fast opphald i landet, og som ikkje er i kontakt med myndigheitsorgan eller anna hjelpeapparat.8

Boks 6.2 Kartlegging av bustadlause i 2020

Dei typiske bustadlause har over tid vore norskfødde einslege menn i 30-åra med økonomisk sosialhjelp eller uføretrygd som viktigaste inntektskjelde. I 2020 endra biletet seg noko, med ein auke i delen kvinner og personar over 35 år. Delen bustadlause som var fødde i utlandet, auka òg. Dette gjeld både flyktningar og migrantar. Halvparten av dei som var bustadlause i 2020, hadde rusmiddelproblem, 24 prosent hadde både eit rusmiddelproblem og ei psykisk liding (ROP), og 28 prosent var i kontakt med kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Høgare alder blant dei bustadlause medfører at fleire har funksjonsnedsetjingar og somatisk sjukdom enn før.

Nær éin av to bustadlause oppheld seg i Oslo, Bergen, Trondheim eller Stavanger. Personar som er bustadlause finst òg i mindre kommunar. Bustadlause oppheld seg som oftast i mellombelse butilbod eller hos vener og kjende. Halvparten har vore bustadlause over seks månader og blir definerte som langvarig bustadlause. Blant dei som opplever bustadløyse som ein tilbakevendande situasjon over fleire år, er åtte av ti avhengige av rusmiddel. Den største årsaka til bustadløyse er utkastingar og tap av bustad som følgje av skade eller uro.

Kjelde: Dyb mfl. (2021)

Frå 2012 til 2020 fall talet på bustadlause, og i 2020 var rundt 3 300 personar bustadlause. Talet hadde aldri tidlegare vore så lågt og var nær halvert sidan den første kartlegginga. Forsterka bustadsosial innsats over tid saman med tiltak på tvers av sektorar både nasjonalt og lokalt blir trekt fram som ei forklaring på den gode utviklinga. Det dreier seg både om innsats og tiltak for å førebyggje bustadløyse og om tiltak for å hjelpe personar ut av bustadløyse.9

Neste nasjonale kartlegging av bustadlause blir gjennomført i november 2024. For å følgje med på utviklinga mellom dei nasjonale kartleggingane innhentar Husbanken informasjon frå 25 større kommunar, som i 2020 til saman hadde rundt 70 prosent av landets bustadlause. På bakgrunn av denne informasjonen har Husbanken berekna talet på bustadlause. Dei siste to åra har talet på bustadlause auka etter fleire år med nedgang. I 2022 var talet 3 800.10 For 2023 anslår Husbanken at om lag 4 200 personar er bustadlause.11 Dette er 900 fleire enn i 2020.

Tal over bruken av mellombelse butilbod i kommunane i 2022 viser same tendensen.12 I 2022 var det 1 300 fleire husstandar enn i 2021, med opphald i eit mellombels butilbod. Dette var ein auke på 30 prosent. Talet på barnefamiliar i eit mellombels butilbod auka frå 341 husstandar i 2021 til 471 husstandar i 2022. Same utvikling gjeld bruken av mellombelse butilbod blant unge mellom 18 og 25 år. Også talet på opphald i nattheim auka – frå 135 i 2021 til 239 i 2022. Ein nattheim er eit mellombels butilbod der bebuarane må forlate overnattingsstaden om morgonen og bruke dagen ute. NAV-kontoret registrerer busituasjonen blant husstandar som søkjer økonomisk sosialhjelp. Frå 2019 til 2021 var det ein nedgang i talet på bustadlause sosialhjelpsmottakarar, men i 2022 auka talet med over 500 personar, frå 3 480 til 4 018 personar.13 Husbanken har i dialog med kommunane og gjennom kommuneundersøkinga for 2023, fått tilbakemelding om at utfordringane no aukar ytterlegare. Til saman indikerer dette ein auke i talet på bustadlause etter fleire år med nedgang.

6.2.4 Personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding (ROP)

Kommunane skal etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1 tilby personar som har opphald i kommunen nødvendig helse- og omsorgstenester. Dette gjelder òg for personar med samtidige rusmiddelproblem og psykiske lidingar (ROP). I dei fleste kommunane omfattar dette relativt få personar, men kommunane opplever ofte arbeidet med å tilby eigna butilbod til denne gruppa som utfordrande.14 Personar med ROP-lidingar er særleg i risiko for å bli bustadlause. Nær éin av tre personar som har ei ROP-liding og tek imot tenester, har ikkje ein permanent eller tilfredsstillande busituasjon.15 Samanlikna med andre bustadlause har personar med ROP-lidingar oftare tilbakevendande problem med å finne seg ein stad å bu eller med å behalde bustaden. For å oppnå ein stabil busituasjon treng dei ofte både ein tilrettelagd bustad, oppfølging i bustaden, helsetenester og andre tenester. I tillegg møter kommunane ofte lokal motstand når dei planlegg bustader til denne gruppa i ordinære bumiljø.

Der det er grunnlag befolkningsmessig, er det fleire stader oppretta oppsøkjande tenestemodellar som følgjer opp personar med samansette utfordringar og lågt funksjonsnivå på fleire livsområde som ACT og FACT (sjå boks 6.3). Dette er tverrfaglege og aktivt oppsøkjande behandlingstilbod som bidreg til betre samhandling og samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta overfor personar med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem.

Boks 6.3 Oppsøkjande tenester

ACT (Assertive Community Treatment) og FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er tverrfaglege, ambulerande team som gir oppsøkjande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlege psykiske lidingar, ofte òg med rusmiddelproblem, eller har langvarig skadeleg bruk eller avhengnad av rusmiddel med mistanke om, eller etablert, psykisk liding. Teama leverer både kommunale tenester og spesialisthelsetenester. Teama gir alle typar tenester som brukaren har behov for, blant anna integrert behandling av rusmiddelproblem og psykisk liding og tett individuell oppfølging retta mot arbeid, familie, fritid og bustad. Den viktigaste skilnaden mellom ACT og FACT er målgruppa. ACT rettar seg mot menneske med psykoseproblematikk, mens FACT har ei breiare målgruppe.

Kjelde: ACT- og FACT-team – NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

6.2.5 Personar som er skrivne ut etter opphald i institusjon

Vel éin av ti bustadlause som var i institusjonsbehandling for rusmiddel- eller helserelaterte problem i 2020, og som skulle skrivast ut innan to månader, hadde ingen eigna bustad å flytte til.16 Delen utan butilbod etter opphald i institusjon har gått noko ned dei siste åra.17 Eit eigna butilbod kan vere avgjerande for å lukkast i rehabiliteringsfasen etter opphald i institusjon. Hjelp med bustad ved utskriving frå institusjon har vore prioritert i arbeidet med å førebyggje og motverke bustadløyse. Men i 2020 var det framleis enkelte som blei skrivne ut utan å ha ein eigna bustad, eller som blei reinnlagde fordi dei ikkje hadde ein eigna stad å bu.

Fleire rapportar skriv om utfordringar knytta til utskrivningsprosessar for pasientar med alvorleg psykisk liding og samtidig alvorleg voldsproblematikk.18 Opptrappingsplanen for psykisk helse viser til utfordringar knytta til å skaffe eigna bustader for personar med omfattande tenestebehov og voldsproblematikk, inkludert dei som er dømde til tvunge psykisk helsevern.19 Brukare og pasientar med valds- og utageringsproblematikk er ofte blant dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Utfordringane er knytta til både å finne ein eigna bustad og til å oppretthalde buforholdet over tid. I tillegg har dei behov for særleg tilpassa og samtidige helse- og omsorgstenester.20

6.2.6 Lauslatne etter gjennomført straff i fengsel

Innsette i norske fengsel har dårlegare levekår enn resten av befolkninga.21 Både delen som er i arbeid, og utdanningsnivået deira er lågare enn snittet generelt. Mange lever eit økonomisk usikkert liv. Innsette har òg dårlegare helse enn tilsvarande grupper som ikkje sit i fengsel. For at kvar enkelt skal kunne gå tilbake til eit liv utan kriminalitet, og for å førebyggje kriminalitet i samfunnet, er det viktig å sikre lauslatne frå fengsel rettmessige helse-, opplærings- og velferdstenester på lik linje med befolkninga elles (sjå boks 6.4).

Mange innsette og lauslatne har bustadproblem. Berre 22 prosent budde i ein bustad dei eigde, da dei blei sette inn, mens 46 prosent leigde bustaden sin. Om lag éin av tre innsette verken eigde eller leigde ein bustad da straffegjennomføringa starta. Av desse budde dei fleste mellombels hos vener eller familie. Éin av tre innsette mistar bustaden sin mens dei gjennomfører straffa.22 Mange blir lauslatne utan at dei har ein stad å bu.23

For at innsette skal få eit tryggare møte med framtida etter lauslating, må dei innsette sjølve, kommunen og kriminalomsorga i løpet av fengselsopphaldet lage ein plan for busituasjonen etter lauslating. Det kan vere ein plan for å behalde ein bustad eller for å skaffe ein ny. Mange innsette har avgrensa tilgang til digitale tenester mens dei gjennomfører straffa si. Det gjer det vanskeleg for dei å søkje bustad. Saman med kriminalomsorga bør dei få kartlagt bustadbehova sine, og behova bør deretter vidareformidlast til heimkommunen deira. Innsette som blir lauslatne, kan ha krav på eit mellombels butilbod. Kommunane har òg plikt til å gi individuelt tilpassa hjelp. Rett og samordna hjelp til rett tid er avgjerande for å unngå bustadløyse etter lauslating. For mange handlar det om å få eit eigna butilbod på plass før dei blir skrivne ut, for å få ein meir føreseieleg overgang og for å ha føresetnader for å jobbe vidare med eigne mål og klare seg sjølve. For nokre handlar det òg om å få trening i korleis det er å bu og klare seg sjølv, og å få støtte og hjelp i gjeremål i overgangsfasen og tida etterpå (sjå boks 6.5).

Boks 6.4 Forsking på levekår blant domfelte

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet gjennomfører Universitetet i Oslo ei undersøking av helse, sosiale levekår, rus og psykiske helseproblem blant domfelte. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet bidreg med å finansiere undersøkinga. Når resultata ligg føre, blir det mogleg å samanlikne domfelte med relevante grupper i resten av befolkninga. Samtidig vil vi få oppdatert informasjon som gjer det mogleg å sjå endringar frå tidlegare undersøkingar.

Den siste landsomfattande undersøkinga av levekår blant innsette i norske fengsel, som blei gjennomført av Statistisk sentralbyrå i 2014, viste at fleirtalet av dei innsette hadde levekårsproblem på eitt eller fleire område, og at det var ein klar samanheng mellom omfanget av levekårsproblema og trua deira på at dei ville klare å unngå lovbrot etter lauslating. Ved lauslating mangla 44 prosent bustad, 58 prosent var ikkje i jobb, og 40 prosent opplevde at dei ikkje hadde nok pengar til å klare seg. Ei landsdekkjande undersøking av den psykiske helsa til innsette frå same året viste at 92 prosent hadde psykiske lidingar eller personlegdomsforstyrringar, og at opptil halvparten hadde dagleg inntak av rusmiddel dei siste seks månadene før dei blei innsette.

Ei rekkje studiar og evalueringar har peikt på at gruppa av innsette i norske fengsel har endra seg dei siste åra. Innsette som er dømde for alvorleg kriminalitet og valdsbrotsverk, gjennomfører framleis straffa si i fengsel. Delen innsette som er dømde for seksuallovbrot, har auka betrakteleg. Det har òg vore ein auke i delen eldre innsette og innsette med nedsett funksjonsevne. Samtidig har mange av dei innsette samansette psykiske og somatiske lidingar.

Undersøkinga som no blir gjennomført, skal vise utfordringsbiletet slik det er. I heile prosjektet vil dei sårbare overgangane mellom straffegjennomføring og lauslating vere i fokus, og undersøkinga skal gi eit enda betre grunnlag for å vurdere om tenestetilbodet samsvarer med behova blant dei straffedømde i fengsel og i samfunnet. Behov for og tilbod om bustad under og etter straffegjennomføring inngår i undersøkinga. Ho skal ferdigstillast i juni 2024.

Kjelder: Cramer (2014), Riksrevisjonen (2022) og Kriminalomsorgsdirektoratet (2023)

Boks 6.5 Tiltaksplanen etter Riksrevisjonen si undersøking

Riksrevisjonen hadde i 2022 ei undersøking av helse-, utdannings- og velferdstenester til innsette i fengsel. Kriminalomsorgsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland, Helsedirektoratet, Husbanken og Utdanningsdirektoratet har saman utarbeidd ein plan for oppfølging av undersøkinga. Planen inneheld ei rekkje tiltak som sektorane skal gjennomføre, anten i samarbeid eller kvar for seg. Tiltaka er knytte til innkomstfasen, gjennomføringsfasen og lauslatingsfasen for innsette.

Eit av tiltaka er prosjektet «Hendene og ressursene som må finne hverandre». Prosjektet skal sjå nærare på det tverrgåande samarbeidet mellom kriminalomsorga og velferdstenestene for å finne ut korleis dei kan jobbe på nye måtar slik at lauslatne kan få ein god start på livet i fridom. Prosjektet fekk Stimulab-midlar i 2023.

Kjelde: Husbanken og Kriminalomsorgsdirektoratet (2023)

6.2.7 Unge med barnevernsbakgrunn

Unge som har vore under omsorga til barnevernet, har oftare utfordringar på område som utdanning, arbeid, inntekt, bustad, helse, bruk av rusmidlar og kriminalitet samanlikna med unge frå den generelle populasjonen.24 I 2021 blei aldersgrensa for tiltak i barnevernet sett opp frå 23 til 25 år. Bakgrunnen for endringa var større forståing av at unge med barnevernsbakgrunn har særlege behov og kan ha ein høgare risiko for å hamne utanfor seinare i livet. Unge vaksne mellom 18 og 25 år som tidlegare har hatt tiltak i barnevernstenesten, får tilbod om ettervern som skal gi dei nødvendig hjelp og støtte i overgangen til vaksenlivet. Økonomisk hjelp, bustad med oppfølging og fosterheim er dei tre mest brukte tiltaka i ettervernet (sjå boks 6.6 og 6.7). Etablering i eigen bustad, saman med sosial støtte, utdanning og tilknyting til arbeidslivet, er avgjerande i eit godt ettervernsarbeid og i arbeidet med å førebu ungdom i overgangen til vaksenlivet.

Boks 6.6 Modell for hjelpetiltak i barnevernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har i samarbeid med kommunar og kompetansemiljø utvikla ein «grunnmodell for hjelpetiltak» i barnevernet. Formålet er at barn, ungdom og familiar som er i kontakt med barnevernet, skal få tilpassa og rett hjelp til rett tid. Grunnmodellen har ein eigen modul om ettervern, der bustadtiltak òg er ein viktig del av oppfølginga. Direktoratet skal vidareutvikle og tilpasse modellen slik at han kan spreiast til alle kommunar som ønskjer å ta han i bruk.

Kjelde: Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU)

Boks 6.7 Bustadtiltak for unge

På oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har Oslo Economics og NIBR/OsloMet evaluert tre ulike kommunale butiltak for unge i barnevernet: DUE i Bergen, Gartnerhaugen i Trondheim, og DUE/Foyer i Bodø. Alle tre butiltaka har som mål å tilby utsett ungdom eit systematisk, koordinert, heilskapleg og individuelt tilpassa tilbod i eigen bustad som rustar ungdomane i overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv. Målgruppa er unge frå 16 til 23/25 år som blant anna står i fare for å bli bustadlause eller bli plasserte i institusjon, som treng oppfølging etter opphald i institusjon eller fengsel, eller som ikkje fungerer godt i heimen.

Evalueringa viser at butiltaka utgjer eit godt supplement til den eksisterande tiltaksporteføljen barnevernet har for ungdom som ikkje bør eller vil bu heime, i fosterheim eller i institusjon. Tiltaka verkar i tråd med måla om å gi utsett ungdom eit koordinert, heilskapleg og individuelt tilpassa tilbod om oppfølging i nær tilknyting til nettverket og nærmiljøet deira og å leggje til rette for meistring og evne til å handtere vaksenlivet på eiga hand.

Kjelde: Svensgaard (2023)

6.2.8 Valdsutsette vaksne og barn

Eit krisesenter er eit senter der kvinner, menn og barn som er utsette for vald i nære relasjonar, kan opphalde seg og søkje rettleiing og hjelp. I 2020 oppheldt om lag fire prosent av alle kartlagde bustadlause seg på eit krisesenter. Det er ein auke frå 2016, da dette gjaldt berre éin prosent. I mangel av ny bustad blir opphaldet på krisesenter lengre enn nødvendig, og det er større risiko for at den valdsutsette vender tilbake til valdsutøvaren og seinare hamnar på krisesenter enda ein gong. Dette gjeld særleg personar som manglar kunnskap om norske forhold og norsk språk, og som manglar eit nettverk i Noreg. Gjentekne opphald på krisesenter og mangel på ein fast og trygg bustad gir barn ein svært ustabil oppvekst.

Dei fleste krisesentera melder at dei samarbeider med blant andre NAV-kontoret og bustadkontoret i kommunane, men forsking viser at hjelpa brukarane får ofte er fragmentert og til tider mangelfull. Når det gjeld bustader, erfarer krisesentera at ansvaret for å finne ny bustad til brukarane ofte blir overlate til dei tilsette ved krisesentera, som må leite etter bustader i den private marknaden.25 Det kan vere ei utfordring å finne ein bustad som er tilpassa behova til den enkelte brukaren, til dømes når det gjeld sikkerheit, avstand til tidlegare partnar, tilgang til skule/barnehage og brukaren sine økonomiske rammer.

6.3 Rammer og verkemiddel

Kommunane har hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det bustadsosiale arbeidet til kommunane er styrkt dei ti siste åra, og ansvaret er gjort tydeleg i den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Det kommunale ansvaret for å hjelpe personar med å behalde bustaden sin, skaffe seg bustad eller meistre buforholdet sitt, er òg forankra i ei rekkje andre lover og reglar. Kommunane har tilgang til både statlege og kommunale verkemiddel for å kunne følgje opp det bustadsosiale ansvaret sitt. Dette er bustadpolitiske verkemiddel og verkemiddel og tiltak innanfor sosial- og helsetenesta, arbeids- og inkluderingssektoren og sektorar som omfattar oppveksten til barn og unge. Kommunane kan bruke verkemidla kvar for seg eller samla.

Blant dei som ber om hjelp til å skaffe seg bustad, er det ein del personar som har behov for ulike oppfølgingstenester i tillegg. Bustaden har ikkje alltid den kvaliteten, plasseringa eller utforminga som trengst for at dei skal kunne oppnå ein god og trygg busituasjon. Det er krevjande for kommunane å finne gode løysingar gjennom bustadsosiale tiltak aleine. Mange som treng hjelp, har komplekse og ofte samansette utfordringar. Omfanget av problem kan variere over tid, og mange kan trenge hjelp frå fleire sektorar i kommunen.26

6.3.1 Statlege rammer og verkemiddel

Lovforankring av det bustadsosiale ansvaret til kommunane

Kommunal- og distriktsdepartementet:

  • Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (den bustadsosiale lova) tydeleggjer og samlar regelverket på det bustadsosiale feltet. Formålet med lova er å førebyggje bustadsosiale utfordringar og å bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får hjelp til å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. I følgje § 6 har kommunane ei plikt til å gi individuell tilpassa hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden (for meir informasjon om lova sjå kapittel 7.2.6 om det bustadsosiale ansvaret til kommunane).

  • Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) fremjar berekraftig utvikling til beste for kvar enkelt, samfunnet og framtidige generasjonar. Lova skal bidra til god forming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  • Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtenestelova) regulerer kva oppgåver og tenester kommunen skal utføre. Formålsregelen seier blant anna at lova skal bidra til at kvar og ein får høve til å leve og bu sjølvstendig. Det følgjer av § 15 at kommunen skal hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden etter reglane i den bustadsosiale lova. Den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid. Kommunen er forplikta til å finne eit mellombels butilbod til dei som ikkje klarer det sjølve (§ 27). Opplysning, råd og rettleiing, inkludert økonomisk rådgiving (§ 17), økonomisk stønad (§ 18), individuell plan (§ 28) og kvalifiseringsprogram (§ 29), er òg viktige tenester i det bustadsosiale arbeidet.

Barne- og familiedepartementet:

  • Lov om barnevern (barnevernslova) regulerer kva som er formålet og ansvaret til barnevernet, og korleis barnevernet skal organiserast. 1. januar 2023 blei det innført ei eiga føresegn om tiltak til ungdom over 18 år (§ 3-6) og gitt klarare vilkår for når barnevernstenesta har plikt til å tilby ettervernstiltak. Det er òg innført ei eiga føresegn om oppfølging etter vedtak om hjelpetiltak til ungdom over 18 år (§ 8-5). Dersom ungdomen ønskjer det, skal barnevernstenesta som ein del av oppfølginga formidle kontakt med andre hjelpeinstansar.

Helse- og omsorgsdepartementet:

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstenestelova) regulerer kommunen sitt ansvar for å sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen, får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Oppfølging og bistand i form av personleg assistanse, som omfattar praktisk hjelp, opplæring eller støttekontakt, er kommunale tenester som skal bidra til å utvikle og styrkje evna til å meistre kvardagen og buforholdet.

  • Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, under dette jamnar ut sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremje helsa og trivselen i befolkninga og gode sosiale og miljømessige forhold, og bidra til å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. I § 5 blir det stilt krav til kommunen sitt ansvar for å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som kan verke inn på denne. Bustad er nemnd som ein av faktorane (§ 7).

Statlege lån og tilskot

Kommunal- og distriktsdepartementet:

  • Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Husbanken tildeler lånemidlar til kommunane, som vidaretildeler lånet til den enkelte.

  • Bustøtte skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein eigna bustad.

  • Lån til utleigebustad for vanskelegstilte skal bidra til fleire eigna utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

  • Tilskot til bustadsosiale tiltak skal bidra til utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet:

  • Tilskot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontoret skal bidra til å skape heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane.

Barne- og familiedepartementet:

  • Tilskot til inkludering av barn og unge skal bidra til at alle barn og unge får moglegheit til meistring og til å delta i samfunnet.

Helse- og omsorgsdepartementet:

  • Investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar skal stimulere kommunane til å fornye og auke tilbodet av plassar i sjukeheim og omsorgsbustader for personar med behov for helse- og omsorgstenester heile døgnet.

  • Tilskot til kommunalt rusarbeid og tilskot til psykisk helsearbeid i kommunane skal bidra til betre livskvalitet, meistring og moglegheit for ein aktiv og meiningsfull tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande.

6.3.2 Kommunale rammer og verkemiddel

Kommunane har ulike utfordringar, dei organiserer det bustadsosiale arbeidet ulikt, og dei følgjer opp dei vanskelegstilte på bustadmarknaden på ulike måtar. Lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet forpliktar kommunane til å gi individuelt tilpassa hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kommunane skal vurdere kva hjelp dei skal gi, etter eige skjøn. I det bustadsosiale arbeidet må dei òg nyttiggjere seg brukarane sine eigne ressursar og erfaringar. Den som får hjelp, skal ha innverknad på hjelpa. Det bustadsosiale arbeidet og medverknadsansvaret for å skaffe bustader til vanskelegstilte personar som ikkje kan vareta interessene sine på bustadmarknaden sjølve, ligg i den kommunale delen av NAV-kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga. Der det er behov for hjelp innanfor fleire sektorar, skal kommunane sørgje for tverrsektorielt samarbeid, samordning av tenester og samarbeid med andre offentlege aktørar.27

Kommunalt disponerte utleigebustader

Kommunalt disponerte utleigebustader er eit sentralt verkemiddel i arbeidet kommunane gjer med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dette er bustader som i hovudsak er reserverte for leigarar med særlege behov og/eller vanskelegstilte personar eller hushald. Kommunale bustader blir nytta både som omsorgsbustader for personar med ulike oppfølgingstenester og som bustader for vanskelegstilte med og utan oppfølgingsbehov. Bustadene blir tildelte etter kommunalt bestemde kriterium og etter behovsprøving. Mange kommunar praktiserer at ein må ha budd minst to år i kommunen for å bli vurdert for ein kommunal bustad. 56 prosent av dei kommunale bustadene i landet blir nytta til vanskelegstilte. Delen som blir nytta til vanskelegstilte, er høgast i dei store byane og i sentrale kommunar.28

Mellombelse butilbod

Kommunane er forplikta til å finne eit mellombels butilbod til dei som ikkje klarer det sjølve. I samsvar med sosialtenestelova har NAV-kontoret i kommunen plikt til å hjelpe personar som er i ein akutt nødssituasjon og ikkje har ein stad å sove eller opphalde seg komande døgn, med å finne eit konkret og tilgjengeleg mellombels butilbod. Årsaka til behovet for ein mellombels bustad og om situasjonen har vart over tid, speler inga rolle for retten til tenesta. Eit mellombels butilbod skal avhjelpe akutt bustadløyse og er ikkje meint å vare over tid. Butilbodet kan vere eit pensjonat, eit hospits eller ei campinghytte der ein kan opphalde seg heile døgnet. Det mellombelse butilbodet som blir nytta, må vere kvalitetsmessig forsvarleg ut frå behova til den enkelte tenestemottakaren og ha ein forsvarleg standard. Rundskriv til lov om sosiale tenester i NAV gir føringar om mellombelse butilbod og bruken av dei. Rundskrivet legg vekt på at butilboda skal ha ein forsvarleg standard. Normalt inneber dette at tenestemottakaren har tilgang til bad og toalett og moglegheit til å lage mat og vaske klede. I tillegg skal hen ha rett til privatliv og kunne få besøk. Krava til eit forsvarleg butilbod er strengare for barnefamiliar og ungdom. Det blir òg vist til at mellombelse butilbod ikkje bør vare meir enn tre månader.

Ifølgje rundskrivet er ikkje krava til mellombelse butilbod oppfylte dersom butilbodet er slik at tenestemottakaren blir utestengd frå å nytte si eiga eining eller sitt eige rom store delar av døgnet. Butilbod med korttidskontrakt og korttidsopphald på institusjon blir ikkje rekna som mellombelse butilbod.

Kommunale støtteordningar

Mange kommunar har eigne økonomiske støtteordningar for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det kan vere støtte i form av lån til eller garanti for depositum, kommunale tilskot til etablering og tilpassing eller det kan vere kommunal bustøtte. Årleg får rundt 17 000 husstandar støtte til depositum i private leigeforhold i form av garanti og lån.29 Eit mindretal kommunar har ei eiga kommunal bustøtte i tillegg til den statlege. Dei kommunale bustøtteordningane varierer i innretning og omfang, men gjeld ofte leigarar i kommunal bustad. Rundt 16 000 husstandar fekk kommunal bustøtte i 2022, dei fleste i Oslo og Bergen.30 Den mest omfattande økonomiske kommunale støtta blir gitt i form av økonomisk sosialhjelp. I 2022 fekk til saman om lag 137 000 husstandar utbetalt 7,4 milliardar kroner i sosialhjelp. Ein stor del av sosialhjelpa går til å dekkje løpande buutgifter.31

Burettleiing/-oppfølging og praktisk hjelp til å meistre buforholdet

Burettleiing/-oppfølging og praktisk bistand er viktig for at dei som har behov for det, kan få hjelp til å skaffe seg ein bustad og meistre buforholdet, til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære. Retten til opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem, inngår i dei sosiale tenestene i NAV-kontoret. Rettleiingsplikta som følgjer av sosialtenestelova, er litt meir omfattande enn rettleiingsplikta som følgjer av forvaltningslova, og inneber dessutan at det skal drivast alminneleg opplysningsverksemd i tillegg til at det skal givast råd og rettleiing overfor enkeltpersonar.

Plikta til å gi opplysning, råd og rettleiing etter § 17 er eit viktig verkemiddel for å nå målet i lova om å bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. NAV-kontoret skal gi den opplysninga, dei råda og den rettleiinga som dei vurderer er nødvendig for å førebyggje eller løyse dei sosiale problema til den enkelte tenestemottakaren, inkludert eventuelle utfordringar knytte til busituasjonen. Føresegna omfattar alt frå rutinemessige svar av generell karakter til fagleg kvalifiserte råd, rettleiing og familieoppfølging i kvart enkelt tilfelle. Innhaldet i råda og rettleiinga må vurderast ut frå sosialfaglege normer og behova til kvar enkelt tenestemottakar. Sentralt i råds- og rettleiingsplikta til NAV-kontoret står ansvaret for å gi økonomisk rådgiving. Økonomisk rådgiving skal førebyggje økonomiske problem, søkje å løyse akutte økonomiske problem og bidra til å finne heilskaplege og varige løysingar for tenestemottakarar med behov for økonomisk rehabilitering.

Ofte vil det vere helse- og omsorgstenesten i kommunane som har best kunnskap om behovet for tilpassa bustader til personer som treng det grunna helse- og omsorgsbehov. Kommunane har etter lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet, plikt til å gi bistand til å skaffe bustader med særleg tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dei som treng det grunna alder, funksjonsnedsettingar eller av andre grunnar. I plikten til å tilpasse bustaden ligg òg ein plikt til å sørge for at bustaden er funksjonell og fysisk tilgjengeleg.

Helse- og omsorgstenestelova har som formål å bidra til at den enkelte skal kunne leve og bu sjølvstendig. Helse- og omsorgstenesten skal blant anna tilby sosial og psykososial og medisinsk rehabilitering, praktisk bistand og opplæring. Innhald og utforming av tenestene kan vere ulike etter kommunane si organisering og tenestemottakarane sine individuelle behov. Tenester som gis i heimen som oppsøkande behandling og oppfølging av somatisk helse, psykisk helse og rusmiddelproblem i form av oppsøkande team som ACT og FACT, kan støtte opp om meistring av buforholdet.

Boks 6.8 Husbankens fem prinsipp for arbeidet med bustadløyse

Husbanken har utarbeidd fem prinsipp for arbeidet med bustadløyse:

1. Bustad først

Å ha ein tilfredsstillande stad å bu er eit grunnleggjande menneskeleg behov og ein føresetnad for helse, utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking. Dei fleste treng først og fremst ein ordinær bustad i eit vanleg buområde, det er få som treng tilrettelagde bustader. Det bør ikkje setjast nokre krav til bukompetanse for å kunne få ein bustad, men hjelpetilboda bør støtte opp om og sørgje for behandling og meistring i bustaden.

2. Respekt og verdigheit

Bustad- og tenestetilbodet bør innrettast med respekt for sjølvråderetten, eigenverdet og livsførselen til den enkelte og sikre at brukaren blir møtt med respekt og verdigheit. Eit verdig liv er å kunne bruke ressursane sine som menneske. Ein føresetnad er fagleg forsvarlege tenester. Verdigheit er å ha fridom til å ta avgjerder og gjere val som vedkjem eige liv – og oppleve at denne retten blir møtt med respekt.

3. Heilskapleg tankegang med brukaren i sentrum

Dette handlar om å sjå bustad- og tenestetilbodet ut frå behova til brukaren, justere og forbetre tilbodet kontinuerleg etter behov, setje saman tverrfaglege team som saman tilpassar til brukarbehova, og nytte brukarmedverknad.

4. Langsiktig, tverrfagleg og forpliktande samarbeid

For brukaren kan det vere krevjande å navigere rundt i tenestesystemet, og hen treng dermed hjelp til å koordinere tenestene. Det bør vere ein hovudkontakt som koordinerer tenestene og bidreg til at desse har eit forpliktande, tverrfagleg og langsiktig samarbeid.

5. Tryggleik for brukaren, tenesteapparatet og nærmiljøet

Eit bustad- og tenestetilbod er først eigna når det òg blir opplevd som trygt. Det er viktig at møtet mellom brukaren og tenesteapparatet kjennest trygt for begge partar. Kommunen kan leggje til rette for god naboskap og opplevd tryggleik i nærmiljøet gjennom gode prosessar for informasjon, dialog og konflikthandtering.

6.3.3 Frivillig sektor og ideelle organisasjonar

Frivillig sektor og ideelle organisasjonar har fleire viktige roller i det bustadsosiale arbeidet, både ved å tilby ulike tenester og bustadtilbod og ved å få fram kunnskap. Organisasjonane har lang erfaring og er viktige samarbeidspartnarar for offentleg sektor i velferdspolitikken. Kirkens Bymisjon og Frelsesarmeen er sentrale ideelle organisasjonar innanfor bustad- og tenesteområdet.

Boks 6.9 Prosjekt i ideelle organisasjonar

Ideelle organisasjonar har hatt ei sentral rolle i utviklinga av tenester og butilbod til vanskelegstilte i bustadmarknaden. Husbanken har gjennom ordninga med tilskot til bustadtiltak og det tidlegare kompetansetilskotet støtta utviklinga av fleire av desse tilboda. Kirkens Bymisjon har ei rekkje tilbod som utfyller det kommunale tilbodet, både i Oslo og i andre byar. Frivillige er ein viktig ressurs i desse tilboda. I Halden har Bymisjonen til dømes etablert Bo-team i samarbeid med NAV-kontoret og Halden bustadbyggjarlag. I Oslo har ByboUng-metoden vore utprøvd. Bo og leve godt (tidlegare Boligskolen) på Safir frivilligsentral i Oslo gir kurs og opplæring til bustadlause. Tilsvarande tilbod finst i Tønsberg. I Oslo finst det òg eit eige butilbod med 20 plassar til bustadlause med minoritetsbakgrunn, som ofte fell utanfor andre tilbod. Bymisjonen har fleire tilrettelagde tilbod for personar med psykiske lidingar, som Kvartal XIII, og driv ei eiga akuttovernatting for bustadlause EØS-borgarar i Oslo.

Frivillige aktørar som nærmiljøsentralar, frivilligsentralar og lokallag bidreg med tiltak som gir større trivsel, innverknad og meistring og skaper gode buområde og nærmiljø. Småskalafrivilligheita organiserer tilbod som blant anna besøkstenester, tur- og aktivitetsven og leksehjelp. Omfanget av småskalafrivilligheita har auka dei siste åra.

6.3.4 Brukarmedverknad

Seks faktorar blir trekte fram som viktige for å lukkast i det bustadsosiale arbeidet: forankring og eigarskap, organisering og samordning, økonomiske ressursar, ein overordna strategi, kompetanse og brukarmedverknad. Brukarmedverknad handlar om at tenestetilbodet så langt som mogleg blir utforma i samarbeid med brukaren, og at det blir lagt vekt på kva brukaren ønskjer. Brukaren kan medverke både på individnivå og på systemnivå. Kvar og ein kjenner sin eigen livssituasjon best og skal ha høve til å påverke kva hjelp eller tenester dei skal få. Det er òg formålstenleg å involvere representantar for brukarar og målgrupper i arbeidet med å planleggje, utføre og evaluere tiltak og tenester.32 Brukarane skal oppleve at dei bustadsosiale tenestene er samanhengande og heilskaplege, uavhengig av kva for offentlege verksemder som tilbyr dei. I metoden «Bustad først» er brukarmedverknad sett i system (sjå boks 6.11).

Boks 6.10 Nasjonalt brukarråd for den sosiale bustadpolitikken

Gjennom den nasjonale strategien for sosial bustadpolitikk Alle trenger et trygt hjem er det oppretta eit nasjonalt brukarråd for den sosiale bustadpolitikken for perioden 2021–2024. Brukarrådet består av sju representantar frå grupper som har utfordringar på bustadmarknaden. Rådet er eit rådgivande organ og forum for å utvikle brukarmedverknad i den sosiale bustadpolitikken. Det skal bidra til eit betre og meir brukarorientert tilbod til dei som har utfordringar på bustadmarknaden, og til å inkludere brukarperspektiv og medverknad i utviklinga av politikkområdet.

Dei seinare åra har brukarmedverknad fått større merksemd i den sosiale bustadpolitikken. Likevel opplever offentlege aktørar at det er vanskeleg å få til god medverknad i praksis. Fleire undersøkingar viser at det offentlege i for lita grad involverer brukarar og innbyggjarar i spørsmål som gjeld dei. Mange kommunar opplever at dei har god dialog med brukarane i oppfølginga av deira eiga sak, men at medverknaden i lita grad er sett i system.33 Små kommunar har i mindre grad etablert brukarmedverknad på systemnivå enn større kommunar. I det bustadsosiale arbeidet meiner brukarar det er viktig å få medverke på mange ulike område, for å kunne ha ein god og trygg stad å bu. Dette gjeld blant anna krav om og vilkår for bistand, prosessen for tildeling av bustad, forhold ved bustaden og bumiljøet, behov for hjelp og oppfølging i bustaden og bustadpolitikken i stort. For å oppnå god medverknad i bustadspørsmål er det viktig å utvikle rammer og prosessar for medverknad, å styrkje kompetansen blant innbyggjarane og tilgangen deira til medverknadsarenaer og å styrkje kompetansen og haldningane blant medarbeidarar og i tenestene.34 På nasjonalt nivå har målgruppene i det bustadsosiale arbeidet dei siste åra òg blitt representerte i større grad enn tidlegare (sjå boks 6.10).

Boks 6.11 Bustad først (Housing First)

Hausten 2023 blei det markert at det var ti år sidan metoden Bustad først (Housing First) blei teken i bruk i Noreg. Det sentrale i metoden er at brukaren sjølv skal kunne bestemme korleis hen vil bu. Dette samsvarer godt med den norske normaliseringstilnærminga. Hovudprinsippa i Bustad først er brukarmedverknad, å skilje bustad og tenester, tenester etter behov, recovery-basert arbeid og sosial inkludering.

Basert på forsking i mange land (inkludert Noreg) er det godt dokumentert at Bustad først gir høg bustabilitet – også for menneske som har store utfordringar med bruk av rusmidlar og psykisk helse.

I dag finst det Bustad først-team i 23 kommunar, og fleire er under planlegging. Teama har sosial- og helsefagleg kompetanse, og halvparten har eigne erfaringskonsulentar. Kommunane møtest jamleg i eit fagnettverk leidd av Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid for å dele erfaringar og få oppdatert kunnskap.

Kjelde: Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)

6.3.5 Nye løysingar i det bustadsosiale arbeidet

Sosiale entreprenørar bidreg med nye løysingar på sosiale og samfunnsmessige utfordringar. Sosiale entreprenørar skaper nettverk på tvers av fagfelt og verksemdsmodellar, og dei utviklar nye måtar å samarbeide på som gir alternativ til tradisjonelle offentlege løysingar.35 Sentralen i Oslo, Impact Hub Bergen, Samfunnssentralen i Stavanger og Gateentreprenørene i Arendal er arenaer for sosial entreprenørskap som tilbyr samarbeid med kommunar. Husbanken gir tilskot til bustadsosiale tiltak som støttar opp under utvikling av nye bustadsosiale løysingar. Tilskotet stimulerer til utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet. Frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar kan søkje (sjå boks 6.12).

Boks 6.12 Døme på innovative bustadsosiale tiltak

Figur 6.4 Illustrasjon av «minihus»

Figur 6.4 Illustrasjon av «minihus»

Kjelde: Heim kommune

Heim kommune har utvikla modellane Ung-Heim og Gammel-Heim.

Ung-Heim er eit UNGBO-prosjekt som har til formål å skaffe bustader til førstegongsetablerarar opptil 28 år. Salsprisen for bustadene er under to millionar kroner. Bustadene er små einebustader («minihus») med eitt soverom, er universelt utforma og tilfredsstiller krava i byggteknisk forskrift. Prosjektet krev noko eigeninnsats frå dei unge. Modellen hjelper unge inn på bustadmarknaden, rekrutterer nyutdanna til distriktskommunen og gjer det attraktivt for unge å busetje seg der.

Gammel-Heim byggjer på dei same prinsippa og har same standarden som Ung-Heim. Dette er rimelege huskonsept som kan gi alle tilgang til tilpassa bustader. Målgruppa er eldre og andre med nedsett funksjonsevne. Bustadene ligg sentralt, dei blir bygde enkeltvis eller i klyngjer og nær tenester, og det blir lagt vekt på moglegheiter for sosiale møteplassar.

Foyer-modellen er bustader med integrerte støtteordningar for unge i alderen 16–24 år. Målgruppa er unge bustadlause eller unge som er i kontakt med barnevernet, NAV-kontoret eller flyktningkontoret, og som står i fare for å bli bustadlause. Bustadtilbodet varer i eitt til tre år og skal hjelpe sårbare unge til ein sjølvstendig og meiningsfull overgang til vaksenlivet. Tenestene dei får tilbod om, inkluderer bustad, opplæring og rettleiing (også i livsferdigheiter), støtte til jobbsøking, sosiale aktivitetar og hjelp til bustad før dei flyttar ut. Målet er at ungdomane skal kunne utvikle seg som sjølvstendige vaksne, ha eigen bustad og vere i jobb, lærlingavtale eller utdanning i løpet av tre år. I Noreg er det etablert fire Foyer-tilbod. Dei ligg i Bodø, Harstad, Mo i Rana og Melhus.

PRIOslo, programmet for rusmiddelfeltet i Oslo kommune, har utvikla ei matrise for rusmiddelffeltet som spesifiserer bustad- og tenestebehov for personar med omfattande rusmiddelproblem og psykiske og somatiske helseproblem. Matrisa har gitt bydelar, etatar og ideelle eit nytt felles «språk» og ei tydelegare ansvarsfordeling, og kommunen bruker ho i kartlegginga av bustadbehov. Det er i tillegg laga generiske planløysingar og tekniske teikningar for to bueiningar og ein base som kan brukast både til småhus og til samlokaliserte bustader med base. Bygga kan reisast på staden eller byggjast som modular. I tillegg er det utvikla ein kravspesifikasjon for forsterka bustader som kan brukast i anbodsprosessar overfor leverandørar.

Kjelder: Husbanken og Program for rusfeltet i Oslo (2020–2024)

6.4 Nasjonale bustadsosiale strategiar og innsatsar

Sidan år 2000 har innsatsen overfor sårbare grupper på bustadmarknaden blitt styrkt gjennom fleire nasjonale strategiar. Innsatsane har vore ulikt forankra og innretta. Dei har til dels òg hatt ulike målgrupper. Dei to første var retta mot dei aller mest vanskelegstilte på bustadmarknaden, personar utan bustad. I Prosjekt bostedsløse (2001–2004) var formålet å utvikle arbeidsmetodar for å førebyggje og motverke bustadløyse. Arbeidet blei følgt opp av den nasjonale strategien På vei til egen bolig (2005–2007) med konkrete mål for arbeidet med å redusere talet på bustadlause.36

I 2014 blei Bolig for velferd – Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid (2014–2020) lansert.37 Eit overordna mål var å samle og målrette den offentlege innsatsen slik at fleire fekk ein god og trygg stad å bu. I tillegg skulle strategien bidra til ein meir samordna stat og til at kommunane fekk betre rammevilkår i arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Strategien var, i større grad enn tidlegare innsatsar, tverrsektoriell. Han blei utarbeidd og gjennomført i fellesskap av seks departement med underliggjande etatar.

Bolig for velferd blei etterfølgd av ein nasjonal strategi for sosial bustadpolitikk i 2021 (sjå boks 6.13).38 I Alle trenger et trygt hjem – Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021–2024) er det overordna målet at innsats og tiltak skal bidra til at fleire vanskelegstilte får ein trygg og god heim. Strategien har fire konkrete mål og tre prioriterte innsatsområde. Strategien byggjer vidare på erfaringar, tiltak og samarbeidsstrukturar som blei utvikla og etablerte under Bolig for velferd, men er ikkje i same grad tverrsektorielle.

Evaluering av «Bolig for velferd»

Strategien Bolig for velferd bidrog til auka kompetanse, til betre samarbeid mellom ulike einingar og fagområde og til at det bustadsosiale feltet blei betre forankra i kommuneleiinga.39 På fleire område var det òg teikn til forbetring i busituasjonen til målgruppene. Spesielt betra busituasjonen seg for barnefamiliar, flyktningar og personar med rusmiddelproblem og/eller psykiske lidingar. Personar med rusmiddelproblem og/eller psykiske lidingar er personar med samansette helse- og levekårsutfordringar, noko som gjer at dei er ei meir krevjande gruppe å hjelpe. Mange har behov for ein tverrfagleg innsats, og dei treng gjerne både ein tilrettelagd bustad, oppfølging i bustaden, helsetenester og andre tenester. I tillegg er det ofte stor lokal motstand når det skal etablerast butilbod for personar med store rusmiddelproblem. Evalueringa av opptrappingsplanen for rusmiddelfeltet underbyggjer òg at det er vanskeleg å få tilgang til bustader til gruppa.40

Boks 6.13 Alle trenger et trygt hjem – Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021–2024)

I desember 2020 blei Alle trenger et trygt hjem – Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021–2024) lansert. Strategien styrkte målet for den sosiale bustadpolitikken om at alle skal kunne skaffe seg og behalde ein eigna bustad, og at dei som ikkje klarer dette sjølve, skal få den hjelpa dei treng. Husbanken har hovudansvaret for å følgje opp strategien. Strategien har fire mål:

  1. Fleire skal kunne eige eigen bustad

  2. Leige skal vere eit trygt alternativ

  3. Sosial berekraft i bustadpolitikken

  4. Tydelege roller, og nødvendig kunnskap og kompetanse

I strategiperioden skal tre innsatsområde prioriterast særleg:

  • Ingen skal vere bustadlause

  • Barn og unge skal ha gode buforhold

  • Personar med nedsett funksjonsevne skal kunne velje kvar og korleis dei bur.

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2020)

Status for «Alle trenger et trygt hjem» etter to års verketid

Husbanken vurderte statusen for strategien Alle trenger et trygt hjem etter at han hadde verka i to år.41 Føresetnadene for måloppnåing er endra sidan 2021. Dyrtid med høgare renter, auka leige- og straumprisar, inflasjon og auka byggjekostnader og rekordhøgt tal på flyktningar som skal busetjast, påverkar tilbodet av bustader i marknaden og moglegheitene vanskelegstilte har til å finne ein eigna bustad.

For fleire av måla i strategien viser Husbanken likevel til ei god utvikling. Bruken av startlån har auka, og fleire hushald med langvarige finansieringsproblem har blitt bustadeigarar. Delen barnefamiliar som har kjøpt eigen bustad gjennom startlånsordninga, har òg auka. Førebels kan ein ikkje sjå at ein større del personar med utviklingshemming har kjøpt eigen bustad. Det er sett i gang ei rekkje tiltak som bidreg til tryggare forhold i leigemarknaden. Ni av ti bustøttemottakarar er leigarar, så styrkinga av bustøtta og dei mellombelse straumstøtteordningane har hatt ein direkte positiv effekt på deira økonomiske situasjon. I 2023 fekk kommunane tilgang til Kobo, som gjer det enklare for dei å finne eigna bustader til kvar enkelt søkjar. Husbanken viser til at det framleis er store og udekte behov for eigna bustader til dei prioriterte målgruppene bustadlause og personar med rusmiddelproblem og psykiske lidingar.

6.5 Vurderingane til regjeringa

6.5.1 Ingen skal vere bustadlause

Samanlikna med korleis det er i andre land, er ikkje bustadløyse eit omfattande problem i Noreg. For dei det gjeld, er situasjonen likevel svært alvorleg. I den siste kartlegginga av bustadlause i 2020 var talet på bustadlause historisk lågt. Langvarig innsats på tvers av sektorar er noko forskarar trekkjer fram som ei forklaring.42

Regjeringa er uroleg for at den positive trenden er i ferd med å snu. Dyrtid, press i leigemarknaden og høg etterspurnad etter kommunale tenester kan innebere at fleire står i fare for å bli eller er bustadlause. Ambisjonen til regjeringa er klar: Ingen skal vere bustadlause. Det betyr at vi må forsterke innsatsen for å hjelpe dei som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad sjølve. Bustad og tenester må sjåast i samanheng, og staten og kommunane må samarbeide.

Akutt bustadløyse er ofte eit eingongstilfelle som kjem av utkastingar, samlivsbrot eller familiekonfliktar. Éin av tre akutt bustadlause er kvinner som oppheld seg på krisesenter eller i andre mellombelse butilbod. Personar som opplever akutt bustadløyse, må få raskt tilbod om ein varig bustad. Det er viktig for å førebyggje vidare sosiale problem.

Blant dei som er bustadlause over lengre tid, har dei fleste eit rusmiddelproblem og store helseplager. Nokre har komplekse utfordringar som krev langvarig innsats og koordinering på tvers av etablerte fag, sektorar og forvaltningsnivå. Regjeringa har merka seg at dette er eit krevjande arbeid for mange kommunar.

Etter nedbygginga av dei store psykiatriske institusjonane i 1990-åra har kommunane fått større ansvar for bu- og tenestetilbodet til personer med ulike psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem. I dei fleste kommunar dreier det seg ikkje om mange personar. Mange kommunar manglar likevel eigna butilbod, og det kan vere vanskeleg og dyrt å leggje til rette for ordinære buforhold. Tilgangen på tomter, omsynet til naboar og den praktiske organiseringa av tenestetilbodet påverkar kva butilbod kommunane kan få til. Personar med psykiske helse- og rusmiddelproblem kan ha behov for ulike butilbod, alt frå ein ordinær bustad til butilbod med del- eller heiltidsbemanning.

Regjeringa vil støtte kommunane i arbeidet gjennom fleire innsatsar. I opptrappingsplanen for psykisk helse 2023–2033varslar vi at vi vil jobbe for å betre bu- og tenestetilbodet til personar med langvarige og samansette behov.43 Regjeringa har òg nett lagt fram ein med ein ny nasjonal plan for helse- og samhandling der tiltak for å skape gode pasientforløp med trygge overgangar, særleg for pasientar med store og samansette behov er viktig.44 Regjeringa viser vidare til tilskotet til bustadtiltak som Husbanken forvaltar, som blant anna kan gå til å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet.

Gode tenester må vere i tråd med behovet til brukarane og bør så langt det lèt seg gjere, basere seg på samarbeid med kvar enkelt brukar. Regjeringa meiner det er positivt at mange kommunar jobbar med brukarmedverknad i utviklinga av tenestene sine. For kommunane vil det vere viktig å byggje vidare på dette for å nå måla i det bustadsosiale arbeidet. Nasjonalt brukarråd for den sosiale bustadpolitikken har vore eit viktig bidrag for å styrkje representasjonen til brukarane på nasjonalt nivå. Brukarrådet har kome med innspel til viktige saker i politikkutviklinga og vil halde fram med å vere viktig framover. Regjeringa vil vurdere den framtidige innretninga av brukarrådet etter at strategiperioden for Alle trenger et trygt hjem (2021–2024) er over.

6.5.2 Bustadlause skal få tilbod om ein varig bustad raskt, og barn og unge skal vere prioriterte

Alle som ikkje har ein stad å opphalde seg og sove det neste døgnet, har krav på eit mellombels butilbod frå kommunen. Regjeringa er bekymra for den auka bruken av mellombelse butilbod, og følgjer utviklinga nøye. Bruken av mellombelse butilbod kan vere ein indikasjon på den pressa situasjonen i bustadmarknaden no og på at fleire treng bistand.

Belastningene som dårlege buforhold gir, er ekstra store for barn og unge. Ein dårleg og utrygg busituasjon har negative konsekvensar for barn og unge her og no, og det kan gi konsekvensar på sikt og påverke moglegheiter seinare i livet. Regjeringa vil forsterke arbeidet med å redusere økonomiske og sosiale forskjellar, og vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet i 2025. Barn i låginntektsfamiliar har auka risiko for å oppleve dårlege buforhold. Regjeringa meiner ein aktiv og heilskapleg bustadpolitikk, som skildra i dei andre kapitla i meldinga, vil bidra til betre buforhold for desse barna.

For barn som lever i ein familie med vald, kan deira eigen heim vere utrygg. Regjeringa er oppteken av å styrkje arbeidet mot vald i nære relasjonar, og la i 2023 fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn i nære relasjonar.45

Regjeringa legg til grunn at for å få ned behovet for mellombelse butilbod, og få dei som treng bustad raskt over i eit varig butilbod, er det nødvendig med ein heilskapleg bustadpolitikk som sikrar nok bustader, at fleire kan eige, og at leigemarknaden er trygg og føreseieleg. Kommunane må føre ein aktiv bustadpolitikk, og Husbanken er – og skal framleis vere – ein viktig støttespelar i dette arbeidet.

6.5.3 Ingen skal bli bustadlaus etter lauslating frå fengsel, utskriving frå institusjon, opphald på krisesenter eller tiltak i barnevernet

Ein langvarig felles innsats har gjort at bustadløysa blant dei som snart blir skrivne ut frå institusjon eller blir lauslatne frå fengsel, har gått betydeleg ned dei siste åra. Regjeringa har merka seg at evalueringa av opptrappingsplanen for rusmiddelfeltet likevel viste at manglande tilgang på eigna bustader etter utskriving er ei stor utfordring.46 Regjeringa vil greie ut om Kobo (digitalt system for bustadsosialt arbeid – sjå kap. 4.3.4) kan vidareutviklast for å sikre betre brukarreiser og styrkje samarbeidsstrukturar i sårbare overgangar.

Overgangen til vaksenlivet kan vere vanskelegare for ungdom i barnevernstiltak enn for andre unge som flyttar heimanfrå. Mange har hatt ein utfordrande oppvekst og kan ha lite nettverk utover det som følgjer med barnevernstiltaket. Regjeringa meiner det er behov for auka forståing av risikoen for bustadløyse og viktigheita av ein stabil busituasjon, både i barnevernet og i ettervern som følgjer opp ungdomane i vaksenlivet. Busituasjonen bør planleggjast i samarbeid mellom barnevernet og andre relevante instansar, som bustadkontoret og NAV-kontoret.

Fotnotar

1.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet mfl. (2014)

2.

Poppe mfl. (2023)

3.

Ekspertgrupperapport om barn i fattige familier (2023)

4.

Brattbakk mfl. (2023)

5.

Simson mfl. (2021)

6.

Simson mfl. (2019)

7.

Dyb mfl. (2021)

8.

Kirkens Bymisjon (2023)

9.

Dyb mfl. (2021)

10.

Husbanken (2023)

11.

Husbankens foreløpig årsrapport for 2023

12.

Statistisk sentralbyrå: KOSTRA Kommunale boliger 2022

13.

Statistisk sentralbyrå: Boligsituasjon for sosialhjelpstilfeller 2022 (tabell 13993)

14.

Osnes mfl. (2023)

15.

Asphjell (2020)

16.

Dyb mfl. (2021)

17.

Ibid.

18.

Hansen mfl. (2023)

19.

Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)

20.

Helsedirektoratet (2014)

21.

Statistisk sentralbyrå (2016)

22.

Ibid.

23.

Riksrevisjonen (2022)

24.

Oterholm mfl. (2022)

25.

Jahnsen mfl. (2022)

26.

Prop. 132 L (2021–2022) Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet

27.

Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet

28.

Holmøy (2018)

29.

Statistisk sentralbyrå: Kommunale boliger 2022 (tabell 12013)

30.

Statistisk sentralbyrå: Kommunale boliger 2022 (tabell 12013)

31.

Statistisk sentralbyrå: KOSTRA Økonomisk sosialhjelp

32.

Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA)

33.

Asphjell mfl. (2020) og Ose mfl. (2022)

34.

Bliksvær mfl. (2022)

35.

Eimhjellen mfl. (2016)

36.

Kommunal- og regionaldepartementet mfl. (2005)

37.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet mfl. (2014)

38.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2020)

39.

Asphjell (2020)

40.

Skog Hansen mfl. (2018)

41.

Internt notat frå Husbanken til Kommunal- og distriktsdepartementet (2023)

42.

Dyb (2019)

43.

Meld. St. 23 (2023–2024) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033)

44.

Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027 Vår felles helsetjeneste

45.

Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle

46.

Skog Hansen mfl. (2021)

Til forsida