Ot.prp. nr. 103 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov om elektronisk signatur

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til endringar i § 3 nr. 1:

Definisjonen «elektronisk signatur» er justert slik at han ikkje berre omfattar signaturar frå ein fysisk person. Omgrepet er nøytralt i forhold til kven som vert identifisert, (autentisert), slik at det mellom anna også omfattar servarar som signerer meldingar automatisk på vegne av verksemda, utan at signaturen er knytt til ein person.

Til endringar i § 7 andre ledd:

Føresegna gjev Datatilsynet heimel til å ta i bruk verkemidlane i personopplysningslova §§ 42-47 ved tilsyn med at føresegnene i § 7 vert etterlevde.

Lov om elektronisk signatur avvik frå personopplysningslova berre på to punkt. I følgje lov om elektronisk signatur § 7 kan innsamling og bruk av personopplysningar berre skje på grunnlag av samtykkje frå den registrerte, jf. personopplysningslova § 8 første ledd. Dessutan er det ei særleg straffeføresegn i lov om elektronisk signatur § 21 første ledd bokstav c, som erstattar personopplysningslova § 48 om straff. Reglane i lova om elektronisk signatur har forrang ved motstrid med personopplysningslova.

Til endringar i § 25

Omgrepet «EØS-området» er endra til «EØS», som er ei forkorting av «Europeiske Økonomiske Samarbeidsområdet».

Til endringar i § 25 andre ledd bokstav a:

Endringa inneber at det er tilstrekkeleg at utferdaren er godkjent i samsvar med ei frivillig godkjenningsordning i ein EØS-stat.

Til endringar i § 25 andre ledd bokstav b:

Endringa inneber at det er tilstrekkeleg at sertifikatutferdarar som stiller som garantist oppfyller krava i den staten innanfor EØS der utferdaren er etablert.

Til endringar i § 25 andre ledd bokstav c:

Ved ein inkurie kom det inn ein feil i denne føresegna i lova. Endringa klarlegg mellom kva for partar aktuelle multilaterale eller bilaterale avtalar kan inngåast.