Ot.prp. nr. 115 (2001-2002)

Om lov om endringar i inkassolova

Til innhaldsliste

7 Andre endringar

7.1 Uttrykkeleg heimel til å setje vilkår for løyve til å drive oppkjøp og inndriving av fordringar

Ved lov 16. mars 2001 nr. 8 vart det innført krav om løyve for verksemder som driv oppkjøp og inndriving av forfalne pengekrav, jf. inkassolova § 5 tredje ledd. I spesialmotiva er det uttalt at § 5 tredje ledd andre punktum gir Kredittilsynet heimel til å setje vilkår for slike løyver, jf. Ot.prp. nr. 26 (2000-2001) s. 52. Høvet til å setje vilkår er også omtalt på s. 37 i proposisjonen og i Innst. O. nr. 47 (2000-2001) s. 4. Ifølgje forarbeida kan vilkåra til dømes gå ut på at det krevst røynsle frå bank- eller inkassoverksemd for den som skal leie eit foretak som driv oppkjøp og inndriving av fordringar.

Vilkårsheimelen har ved ein inkurie falle ut av lovforslaget og har heller ikkje kome med i den vedtekne lova. Justisdepartementets lovavdeling har i brev 2. januar 2002 til Kredittilsynet (sak 01/2155 EP) lagt til grunn at det er eit visst høve til å stille vilkår, sjølv utan uttrykkeleg heimel.

Justisdepartementet meiner at høvet til å stille vilkår bør kome klart til uttrykk i lova, og gjer derfor framlegg om at dette vert presisert i § 5 tredje ledd andre punktum. Sidan det er tale om å rette opp ein inkurie, har ein ikkje funne grunn til å sende spørsmålet på særskilt høyring.

7.2 Spørsmålet om eit inkassoforetak kan ha fleire faktiske leiarar

Inkassolova § 5 første ledd regulerer kva vilkår som må vere oppfylt for at eit foretak skal kunne få løyve til å drive stadig og ervervsmessig inndriving av forfalne pengekrav for andre. Eitt av vilkåra er at «den som faktisk leder inkassovirksomheten» har personleg inkassoløyve, jf. første ledd bokstav a. Føresegna fekk sin noverande ordlyd ved lov 16. mars 2001 nr. 8. Tidlegare brukte lova formuleringa «den eller de som har den faglige ledelsen av inkassovirksomheten» (utheva her). Det var dermed klart at eit inkassoforetak kunne ha fleire faglege leiarar for ulike delar av verksemda. Det kan reisast spørsmål om lovendringa inneber at eit inkassoforetak berre kan ha einfaktisk leiar.

Ordlyden i § 5 første ledd bokstav a trekkjer i retning av at det berre kan vere ein faktisk leiar i kvart foretak. Etter ei nærmare drøfting, der det m.a. er lagt vekt på uttalar i forarbeida og reelle omsyn, har Justisdepartementets lovavdeling likevel kome til at eit inkassoforetak etter omstenda kan ha fleire faktiske leiarar, jf. brev 15. april 2002 til Kredittilsynet (sak 01/2155 EP).

Etter departementet sitt syn er dagens lovtekst noko misvisande. Det vert derfor foreslått å endre lovteksten, slik at det kjem klart fram at eit inkassoforetak kan ha fleire faktiske leiarar. I tillegg til endringa i § 5 første ledd, må det gjerast ei tilsvarande endring i § 5 fjerde ledd (tredje ledd etter forslaget her), som regulerer vilkåra for løyve til å drive oppkjøp og inndriving av forfalne pengekrav for eiga rekning. Spørsmålet er ikkje sendt på særskilt høyring, ettersom departementet ser det slik at det berre er tale om å presisere innhaldet i gjeldande rett.

7.3 Kredittilsynets høve til å leggje ned forbod mot lovstridig inkassoverksemd - inkassolova § 24

Inkassolova § 24 fjerde ledd slår fast at Kredittilsynet kan leggje ned forbod mot inkassoverksemd dersom eitt eller fleire av vilkåra i § 4 første ledd ikkje er oppfylt for ei inkassoverksemd som vert driven i medhald av inkassoløyve etter § 5. Etter inkassolova § 4 første ledd kan inkassoverksemd berre drivast av foretak som er registrert i foretaksregisteret og har løyve dersom ikkje noko anna følgjer av unntaksreglane i tredje og fjerde ledd.

Føresegna i inkassolova 4 første ledd vart endra ved lov 16. mars 2001 nr. 8. Dei føresegnene som svarer til den tidlegare § 4 første ledd, er no plassert i § 5 første ledd og § 4 andre ledd andre og tredje punktum. Konsekvensen av at § 4 første ledd vart endra utan at ein samtidig endra tilvisinga i § 24 fjerde ledd, er at Kredittilsynets kompetanse til å leggje ned forbod mot lovstridig inkassoverksemd etter ordlyden synest å vere innskrenka. Eksempelvis kan det no verke som om Kredittilsynet manglar heimel til å leggje ned forbod dersom eit inkassoforetak ikkje tilfredsstiller suffisienskravet (som no er formulert i § 4 andre ledd andre og tredje punktum). Det har ikkje vore meininga å innskrenke Kredittilsynets kompetanse til å leggje ned forbod mot ulovleg inkassoverksemd.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at Kredittilsynet skal ha kompetanse til å leggje ned forbod mot inkassoverksemd dersom eitt eller fleire av vilkåra i § 4 og § 5 første, tredje og fjerde ledd ikkje er oppfylt. Dette inneber at Kredittilsynet kan leggje ned forbod dersom vilkåra for å drive inkassoverksemd eller vilkåra for inkassoløyve ikkje er oppfylt. Sidan det er tale om å rette opp ein feil, har departementet ikkje funne grunn til å sende spørsmålet på særskilt høyring.

7.4 Andre formelle endringar

I tillegg til dei endringane som er nemnde under 7.1-7.3, gjer departementet framlegg om nokre reint lovtekniske endringar for å bringe utforminga av inkassolova meir i samsvar med dei allmenne tilrådingane som Justisdepartementets lovavdeling har gitt i «Lovteknikk og lovforberedelse» (2000). Nokre av endringane er ei følgje av at det blir tatt inn eit nytt kapittel VII med seks nye paragrafar, slik at dei åtte paragrafane som kjem sist i lova, får nye paragrafnummer.