Ot.prp. nr. 17 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane i yrkestransportloven vil i første rekkje få konsekvensar for politi, påtalemakta og domstolane fordi fleire spørsmål om fastsetjing av tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag må prosederast i samband med straffesaka. Vidare vil endringane få konsekvensar for Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet og Politidirektoratet som må utarbeide nærare retningslinjer, rundskriv og andre administrative tiltak.

Elles blir det vist til Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) der det er gjort nærare greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane i samband med overføring av kompetansen frå politi til domstol.

Det er ein føresetnad for at loven skal kunne gjennomførast i tråd med formålet at det finst ei samla oversikt over utferda kjørsetlar. Det er i dag inga slik samla oversikt. Påtalemakta må derfor ta kontakt med alle politidistrikta og lensmannskontora for å undersøkje om ein tiltalt har kjøresetel i anna distrikt. Dersom tiltalte har kjøresetel i eit anna distrikt utan at påtalemakta er klar over det, vil ikkje påtalemakta kunne fastsetje tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag på eit seinare tidspunkt, om dei først då blir klar over at tiltalte har kjøresetel. Sjølv om ei slik undersøkjing om vedkommande har kjøresetel i andre politidistrikt blir nødvendig, er ein slik praksis også naturleg for politiet i høve til gjeldande regelverk.