Ot.prp. nr. 78 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

2 Gjeldande rett for hørselshemma elevar

2.1 Hørselshemma elevar i grunnskolen

Frå og med 1. juli 1997 har det i grunnskolen vore forskriftsfesta at hørselshemma barn som har teiknspråk som førstespråk, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Forskrifta gir også førskolebarn som har særleg behov for teiknspråkopplæring, rett til slik opplæring. Hørselshemma elevar var ikkje utan rettar på dette området tidlegare, men rettane vart da utleidde av retten til spesialundervisning og retten til spesialpedagogisk hjelp for førskolebarn. I den nye opplæringslova er gjeldande regel i forskrift for grunnskolen ført vidare som lovregel i § 2-6 Teiknspråkopplæring.

Det går fram av dagens grunnskoleforskrift og av opplæringslova § 2-6 at kommunen kan bestemme at opplæringa i og på teiknspråk i grunnskolen skal givast på ein annan stad enn den vanlege heimeskolen. Formålet med regelen er å medverke til fleksible og tilpassa ordningar, der ein tek omsyn både til at dei teiknspråklege elevane har behov for å komme i eit større teiknspråkleg miljø og til behovet for å utnytte ressursinnsatsen best mogleg.

Det er utarbeidd seks læreplanar for denne målgruppa, det pågår læremiddelutvikling, og lærarar har fått 10 vekttal kompetanseheving i teiknspråk. Etterutdanningsplanar og metodiske rettleiingar er under arbeid.

2.2 Hørselshemma elevar i vidaregåande opplæring

Gjeldande regelverk for vidaregåande opplæring gir ingen særskilde rettar for hørselshemma elevar. Hørselshemma og teiknspråklege elevar har likevel fått tilrettelagd vidaregåande opplæring med heimel i reglane om spesialundervisning, jf. lov om videregående opplæring § 11.

Det er fylkeskommunane som har det lovfesta ansvaret for vidaregåande opplæring, og for å leggje opplæringa til rette for alle med særlege opplæringsbehov. Statens oppgåve er mellom anna å medverke til at elevane får pedagogisk likeverdige opplæringstilbod utan omsyn til kvar i landet dei bur. Dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma er derfor ein viktig del av det statlege støttesystemet. Kompetansesentra skal mellom anna medverke til at kommunane og fylkeskommunane får rettleiing og støtte for å sikre kvaliteten på opplæringstilboda. I tillegg blir det gitt heilårs og korttids skoletilbod for døve teiknspråkbrukarar i skoleavdelingane ved sentra.

I dag finst desse opplæringstilboda for hørselshemma ungdom:

Skoleavdelingane ved dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra

Desse avdelingane har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghørte elevar i eit teiknspråkleg miljø.

Dei er kjenneteikna ved at

  • dei har heilårs skoletilbod, med høve til korttidsopphald for elevar i vanlege vidaregåande skolar

  • dei har fast organisert internattilbod for elevar som ikkje kan bu heime eller på hybel

  • lærarane beherskar teiknspråk

  • betalinga for skole- og butilbodet skjer ved trekk i rammetilskotta

Fylkeskommunale knutepunktskolar

Desse er vanlege, fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghørte elevar i eit teiknspråkleg miljø.

Dei er kjenneteikna ved at

  • somme av lærarane har teiknspråkkompetanse

  • elevar frå andre fylke har status som gjesteelevar, og heimefylket betaler direkte til vertsfylket

  • eleven får undervisning i felles allmenne fag saman med teiknspråklege elevar frå andre studieretningar, mens undervisning i studieretningsfaga blir gitt integrert i vanlege klassar med tolk

  • det blir lagt opp til at hørselshemma elevar kan samlast mest mogleg i løpet av skoledagen for å utvikle sosialt fellesskap og teiknspråkleg miljø

  • skolane har rettleiingsansvar overfor andre skolar i fylket som har hørselshemma elevar

  • skolane samarbeider med kompetansesenter for hørselshemma

Ved vanlege vidaregåande skolar

Hørselshemma ungdom får her opplæring med tolk.

Spesialpedagogiske kompetansesentra med tilbod om vidaregåande opplæring for hørselshemma er

  • Andebu Kompetanse- og Skolesenter (AKS), Andebu

  • Vestlandet kompetansesenter med dei to skoleavdelingane:

    • Bjørkåsen videregående skole, Bergen

    • Kongstein videregående skole, Stavanger

Knutepunktskolar med tilbod om vidaregåande opplæring for hørselshemma er

  • Sandaker videregående skole, Oslo

  • Sandefjord videregående skole, Sandefjord

  • Heimdal videregående skole, Trondheim.

Knutepunktskolane gir hørselshemma fleire opplæringstilbod enn dei kunne få ved skoleavdelingane ved kompetansesentra. Kvar knutepunktskole samarbeider med eit statleg kompetansesenter om skole-, fritids- og butilbodet.

Heimdal videregående skole samarbeider med Møller kompetansesenter, Sandefjord videregående skole med Nedre Gausen kompetansesenter og Andebu Kompetanse- og Skolesenter. Sandaker videregående skole skal samarbeide med Skådalen kompetansesenter. Når det er behov for oppfølging i bustad og fritid, vil skolen i samarbeid med det nærliggjande kompetansesenteret etablere eit slikt tilbod. Heimfylket må dekkje utgiftene i samband med slike tiltak.

Frå og med skoleåret 1999-2000 gir Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Vestlandet kompetansesenter et tilbod for teiknspråklege elevar ved dei to vidaregåande skolane Bergens Yrkesskole og Krohnsminde videregående skole, Bergen.

Briskeby skole og kompetansesenter gir vidaregåande opplæring til hørselshemma elevar, men skolen nyttar den oral-aurale metoden i undervisninga, ikkje teiknspråk.

St meld nr 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov (tabell 2.6 s 70) viser at elevtalet ved dei tre senterskolane har stige frå 93 i 1995 til 115 i 1997. I tillegg har det vore gitt undervisning ved Sandaker videregående skole for ca. 25 elevar per år og nokre elevar ved Sandefjord og Heimdal vidaregåande skolar. Elevtalet ved dei to sistnemnde skolane er stigande for kvart år etter starten i 1996 og 1997. Departementet er kjent med at fleire hørselshemma elevar har valt vidaregåande opplæring etter innføringa av Reform 94.

Styret for dei landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra har kartlagt dei opplæringsløpa hørselshemma ungdom tek etter grunnskolen. Det er vanskeleg å gi ei fullgod oversikt over kva utdanning teiknspråklege elevar vel, sidan det ikkje er ført statistikk over alle studieretningsvala. Dette gjeld spesielt elevar som har teke utdanning i heimfylket.

Mange døve elevar sette ønsket om å få opplæring i eit teiknspråkleg miljø framfor valet av studieretning: Dei søkte primært til Bjørkåsen og Kongstein, eller til Sandaker (elevar i Oslo). Fleire av dei kartlagde elevane som tok utdanning i heimfylket, hadde valt ei anna utdanning enn den senterskolane kunne tilby.

Hørselshemma elevar er å finne ved 10 ulike studieretningar i skoleavdelingane ved kompetansesentra og på knutepunktskolane. I perioden 1994-98 gjekk dei fleste hørselshemma elevane ved studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag (109), helse- og sosialfag (58) og mekaniske fag (32). Tala er frå den ovannemnde kartlegginga.

Ei kartlegging 22.04.98 av teiknspråklege søkjarar til vidaregåande opplæring skoleåret 1998-99, viste at av 126 søkjarar søkte 31 studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag, 29 helse- og sosialfag og 25 mekaniske fag. Kartlegginga viste også auke i talet på søkjarar til knutepunktskolane Heimdal og Sandefjord.

Teiknspråklege søkjarar til vidaregåande opplæring for skoleåret 1999-00 viser at av 122 søkjarar søkjer 33 studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag, 37 helse- og sosialfag og 20 mekaniske fag.

Til forsida