Prop. 104 S (2010–2011)

Finansiering og utbygging av rv 2 Kongsvinger (Kurusand) – Slomarka i Hedmark

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Rv 2 er eit viktig regionalt samband frå Solør/Glomdalsregionen til Oslo/Akershus, og er mellomriksveg til Sverige. Vegen har i tillegg ein funksjon som lokalveg, og på lange strekningar er det bustader langs vegen, mange avkøyrsler og manglande tilbod for gåande og syklande. Det ligg føre planar om å forlengja E16 frå Hønefoss til Gävle i Sverige. Dersom desse planane blir realiserte, vil rv 2 bli ein del av ein framtidig E16 mellom Gävle og Bergen.

Figur 2.1 Kongsvinger – Kløfta

Figur 2.1 Kongsvinger – Kløfta

Rv 2 mellom Kongsvinger og Kløfta er om lag 60 km og har ein årsdøgntrafikk (ÅDT) som varierer mellom 7 000 og 14 000 køyretøy. Det er nedsett fartsgrense på 55 pst. av strekninga, og årleg er det rundt 20 ulukker med personskade. I perioden 1996-2010 er 13 personar blitt drepne i trafikkulukker, medan 47 personar er blitt hardt skadde. Ny trasé vil betra situasjonen for trafikken mellom Oslo og Kongsvinger/Sverige, og vil føra til redusert ulukkesrisiko både på eksisterande rv 2 som blir lokalveg med gang- og sykkelvegfunksjon, og på ny rv 2.

Strekninga frå Kurusand i Kongsvinger til Slomarka i Sør-Odal er om lag 16,5 km lang. Ny veg blir bygd langs fv 175 (riksveg før 2010) og kryssar Glomma med ny bru. Ny veg gjennom Sør-Odal blir bygd langs noverande rv 2 nord for Glomma. I tillegg inngår m.a. bygging av tre planskilde kryss og ei omfattande omlegging av fylkesvegar, kommunale vegar og private tilkomstvegar. Vegen skal byggast som firefelts veg med vegbreidde 16,5 m. Prosjektet tar om lag 1000 daa matjord. Kongsvinger kommune godkjende reguleringsplan for rv 2 Kurusand – Sør-Odal grense 11. desember 2008. Sør-Odal kommune godkjende reguleringsplan for rv 2 Kongsvinger grense – Slomarka 18. desember 2008.

Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Det er semje mellom Statens vegvesen og dei eksterne kvalitetssikrarane om styringsramme og kostnadsramme. Etter dette legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme på 1 620 mill. 2009-kr og ei kostnadsramme på 1 730 mill. 2009-kr. Omrekna til 2011-prisnivå er styringsramma 1 700 mill. kr og kostnadsramma 1 816 mill. kr.

Netto nytte for prosjektet (NN) er rekna til om lag -210 mill. 2010-kr. Netto nytte over budsjettkostnad (NNB) er rekna til om lag -0,25. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,13.