Prop. 129 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

2 Forhandlingar om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar gjeld frå 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2011 vedtok Stortinget at eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi ikkje skulle aukast. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2011 – 30. juni 2012, tok til i midten av mai 2011. Det same gjeld forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk psykologforening og staten og dei regionale helseføretaka. Forhandlingane mellom Norsk Fysioterapeutforening og staten og KS starta i byrjinga av mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram forhandlingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Eit tema i forhandlingane med Norsk Fysioterapeutforbund er omlegging av finansieringsordninga, slik at det kommunale driftstilskotet skal utgjere ein større del av fysioterapeutane si omsetjing. Det kan då bli aktuelt å overføre midlar frå folketrygda til kommunane. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.