Prop. 18 L (2009-2010)

Endring i akvakulturloven

Til innhaldsliste

2 Gjeldande rett. Innhaldet i høyringsutkastet

Akvakulturloven gir heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve. Akvakulturloven fastset ikkje ein absolutt storleik på løyvet. Det inneber at det er mogleg å auke storleiken på nye løyve utover det nivået vi har i dag, som går ut på at kvart løyve er avgrensa av maksimalt tillaten biomasse (MTB) – 900 tonn i Troms og Finnmark og 780 tonn i resten av landet. Loven er heller ikkje til hinder for å auke storleiken på gjeldande løyve, dvs. auke av MTB i det enkelte gjeldande løyvet. Det lova ikkje gir heimel til i dag, er å ta vederlag for å auke omfanget av eit gjeldande løyve.

I 2001 vart den dåverande oppdrettsloven endra slik at det skulle vere mogleg å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve. Dette er vidareført i akvakulturloven. Grunngjevinga for å ta vederlag er at når oppdrettaren blir tildelt eit løyve som kan seljast, og har ein verdi i andrehandsmarknaden, er det rimeleg at samfunnet (staten) får noko tilbake i form av vederlag. Dette har skjedd ved tildelingane av nye løyve i 2002, 2003, 2006 i Finnmark og i 2009. Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på gjeldande løyve som regjeringa legg opp til i 2010. På denne bakgrunn foreslår departementet at akvakulturloven blir endra slik at det kan takast vederlag for auka produksjonskapasitet ved gjeldande løyve.