Prop. 182 S (2012–2013)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 1

Til innhaldsliste

5 Finansierings- og bompengeopplegg for trinn 1

Finansieringa av prosjekt og tiltak på fv 714 er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at 50 pst. av utbyggingskostnadene blir finansierte med bompengar og 50 pst. med fylkeskommunale midlar.

Samla kostnadsoverslag for prosjekta som er føresette å inngå i trinn 1, er rekna til om lag 680 mill. 2013-kr basert på den gamle mva-ordninga. Dette gir eit samla fylkeskommunalt bidrag på 340 mill. kr og eit bompengebidrag på 340 mill. kr. Opphevinga av vegfritaket er venta å gje ei auke i mva på om lag 80 mill. kr. Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen finansierer auken i meirverdiavgift. Fylkeskommunen får kompensasjon frå staten for betalt meirverdiavgift. Kostnadsoverslag inkl. full mva er 760 mill. kr. Fylkeskommunen dekkjer 420 mill. kr og bompengar 340 mill. kr. Det vil bli utarbeida oversikter over påløpne kostnader i dei ulike delprosjekta i trinn 1 så langt dei er komne, før trinn 2 blir lagt fram for Stortinget. Oversiktene vil vere offentlege.

Bompengeopplegg

Det er lagt opp til innkrevjing av bompengar i to automatiske bomstasjonar på fv 714 i Snillfjord kommune, ein på Valslag og ein ved Våvatnet (nord for kryss mellom fv 301 og fv 714). Innkrevjinga vil skje i begge retningar. Det er lagt opp til at innkrevjinga av bompengar kan starte så raskt som råd etter vedtak i Stortinget.

I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett ein grunntakst for lette køyretøy (totalvekt til og med 3 500 kg) på 105 2009-kr ved passering av begge bomstasjonane. Taksten for tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal vere det femdoble av taksten for lette køyretøy. I 2013-prisnivå blir dette 115 kr for lette køyretøy og 575 kr for tunge køyretøy. På bakgrunn av dette er det lagt til grunn følgjande takstar i dei to bomstasjonane:

Bomstasjon

Lette køyretøy

Tunge køyretøy

Valslag

65 kr

325 kr

Våvatnet

50 kr

250 kr

Sum

115 kr

575 kr

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. Vidare er det lagt til grunn rabattar i tråd med retningslinjene som har vore gjeldande fram til no. Dette inneber at abonnentar med Auto PASS-brikke får rabattar på 30-50 pst. Trafikantar med abonnement i andre bompengeselskap får 10 pst. rabatt ved bruk av Auto PASS-brikke.

Retningslinjene for bompengeprosjekt føreset at det skal vere samanheng mellom nytte og betaling. Det inneber at dei som betaler bompengar, skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, skal betale bompengar. Det er trafikk til/frå kommunane Snillfjord, Hitra og Frøya og mot Trondheim som i hovudsak vil ha nytte av utbygginga på fv 714, og det vil også vere denne trafikken som må betale bompengar. Ut frå dette bør den foreslåtte plasseringa av bomstasjonane kunne leggjast til grunn.

Sidan fleire av prosjekta som inngår i trinn 1, er fullførte eller i sluttfasen, vil det vere vanskeleg å endre på omfanget av utbygginga ved eventuell kostnadsauke og/eller reduserte inntekter. Det blir derfor lagt til grunn at kostnadsauke, ut over prisstigning, på inntil 10 pst. skal dekkast med fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som i den samla finansieringsplanen. Eventuelle overskridingar ut over 10 pst. er fylkeskommunen sitt ansvar og skal dekkast med fylkeskommunale midlar.

Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

I forslaget til finansieringsplan er det lagt til grunn at bompengeselskapet vil ta opp lån for å kunne framskunde utbygginga. Elles er finansieringsplanen basert på følgjande basisføresetnader:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2 pst.

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 5 mill. kr (summen for begge bomstasjonane).

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden knytt til finansiering av prosjekta i trinn 1 rekna til omlag 10 år. Om det skulle vise seg at bompengetakstane er vesentleg høgare enn naudsynt for å nedbetale lån som føresett, bør Statens vegvesen ta initiativ til ei vurdering av om lån bør betalast ned raskare eller om takstane bør reduserast. Ei slik vurdering må leggast fram for lokale styresmakter.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som elles er lagt til grunn, er det rekna med at trafikantane vil betale om lag 460 mill. kr i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 340 mill. kr gå til investeringar, om lag 70 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 50 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:

  • Kostnadene på attståande utbygging aukar med 10 pst.

  • Årleg trafikkvekst blir redusert til 0,4 pst.

  • ÅDT i opningsåret blir redusert med 10 pst.

  • Lånerente på 8 pst. i heile perioden

  • Takstauke på 20 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 12 år, dvs. ein auke på om lag 2 år ut over basisalternativet.