Prop. 7 L (2010–2011)

Endringar i kringkastingsloven og medieeierskapsloven

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å gi Medietilsynet auka sjølvstende og etablering av ei klagenemnd på kringkastingsområdet ventar ein samla sett ikkje skal medføre auka ressursbruk for det offentlege.

Forslaga inneber overføring av myndigheit frå departementet til det som i dag er nemnda for klager som gjeld medieeigarskap. Denne nemnda har i dag få saker. Departementet legg til grunn at ei samanslåing av klagesaker over vedtak etter kringkastingsloven og medieeierskapsloven vil representere ein meir rasjonell organisering av klagehandsaminga. Den nye klagenemnda tek over arbeidsoppgåver frå departementet. Departementet kjem tilbake med omtale av eventuelle naudsynte omdisponeringar i budsjettsamanheng i samband med at endringane trer i kraft.