Prop. 7 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2013 er 59,3 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 605, post 01.

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2013 er 25,5 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga i 2013. Mindreforbruket er knytta til lågare utgifter til EU-kontingentar enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2013 er 10 622,1 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsetaten deltar i eID-programmet. Det er tidlegare rammeoverført midlar frå kap. 605, post 1 til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for å dekke transaksjonskostnadene i programmet. Rammeoverføringa skulle justerast når transaksjonsvoluma vert klare i 2013. Ein foreslår difor å auke Arbeids- og velferdsetaten si driftsløyving med 1,27 mill. kroner mot tilsvarande å sette ned løyvinga under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt kap. 1560, post 22.

Eit mål for Arbeidsdepartementet si forskningsverksemd er å sørgje for at det eksisterer, er tilgjengeleg og vert brukt god og sikker kunnskap for forvaltning og politikkutforming innan arbeids- og velferdsområdet. I samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og departementet er det i gang eit arbeid med å betre kunnskapsgrunnlaget. I dette arbeidet ser ein blant anna korleis andre land gjer det.

Ein foreslår difor å auke Arbeids- og velferdsetaten si driftsløyving kap. 605, post 01 med 2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 601, post 21.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga samla med 3,3 mill. kroner.

Kap. 611 Pensjonar frå statskassa

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 19 mill. kroner.

Overslaget er basert på utbetalte pensjonar så langt i 2013 og prognose ut året.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 på post 01 er 9 025,8 mill. kroner. Løvinga for 2013 på post 70 er 100 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 282,8 mill. kroner, fordelt med 279,8 mill. kroner på post 01 og 3 mill. kroner på post 70.

Reduksjonen skriv seg frå fleire årsaker:

  • Overslaget over premieinntekter (arbeidsgjevarpremie og medlemsinnskot) er redusert med 146,3 mill. kroner. Reduksjonen i premieinntektene skuldast i hovudsak lågare vekst i premiegrunnlaget for 2013 som følgje av at tariffoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2013 vart lågare enn forutsett i Revidert nasjonalbudsjett 2013.

  • Refusjonar av pensjonar betalt ut på vegne av andre pensjonsordningar er auka med 64 mill. kroner. Overslaget er basert på faktisk refunderte pensjonar pr. august 2013 og prognose ut året.

  • Overslag for utbetalte pensjonar (alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar) er redusert med 484 mill. kroner. Overslaget er basert på faktisk utbetalte pensjonar pr. august 2013 og prognose ut året. Reduksjonen skriv seg frå at overslaga for vekst i utbetalte pensjonar, som låg til grunn for Revidert nasjonalbudsjett 2013, er redusert. Reduksjonen skuldast vidare ei forskyving av utbetalingar av refusjonar til andre ordningar i samband med etterbetaling av etterlatnepensjon til enkemenn. Desse refusjonane er no forventa utbetalt frå 2014.

  • Oppdaterte overslag for avskrivingar er auka med 26 mill. kroner. Overslaget er basert på avskrivingar pr. august 2013 og prognose ut året. Auken skriv seg mellom anna frå ein meir fokusert innsats knytte til behandlinga av feilutbetalingssaker.

  • Oppdaterte overslag for utbetalte AFP-pensjonar er auka med 93 mill. kroner. Overslaget er basert på faktisk utbetalte AFP-pensjonar pr. august 2013 og prognose ut året. Auken skriv seg frå at overslaga for reduksjon i utbetalte AFP-pensjonar, som låg til grunn for Revidert nasjonalbudsjett 2013, ikkje vart så stor som forventa.

Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 964 mill. kroner.

Posten gjeld berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga, for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivardel og medlemsinnskot direkte til Statens pensjonskasse. Nytt overslag på posten kjem i hovudsak av ein generell auke i det berekna premiegrunnlaget.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 23 mill. kroner.

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2013 er 89 mill. kroner.

Nytt overslag på posten baserer seg på føresetnader om fleire behandla søknader i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 614, post 90.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 33 500 mill. kroner.

Nytt overslag på posten baserer seg på føresetnader om fleire behandla søknader og høgare gjennomsnittleg utbetalt beløp.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 400 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Løyvinga for 2013 er 66 mill. kroner.

Nytt overslag baserer seg på føresetnader om fleire behandla søknader i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 614, post 90.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2013 er 8 500 mill. kroner.

Nytt overslag skyldast ein auke i talet på innfridde lån og ein auke i størrelsen på gjennomsnittleg innfridd beløp.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 100 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga for 2013 er 1 401 mill. kroner.

Nytt overslag har samanheng med auke i hovudstol og høgare rentenivå samanlikna med det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 177 mill. kroner.

Kap. 621 Tilskott til sosiale tenester og sosial inkludering

Post 63 Tiltak for vanskelegstilte, kan overførast

Arbeids- og velferdsdirektoratet har hausten 2013 etter søknad tildelt 16 mill. kroner i eingongstilskott til bruk for den kommunale delen av NAV-kontoret i samband med arbeidet med å avklare dei som vart konvertert frå rehabiliteringspengar, tidsavgrensa uførestønad og attføringspengar til arbeidsavklaringspengar. Nærare 100 kommunar har fått innvilga søknaden sin. Ledige middel på posten har framkommen grunna overføringar frå 2012 til 2013 og frå planlagde prosjekt som likevel ikkje har vore igangsette.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

Post 21 Forsøk, utviklingstiltak mv., kan overførast

Løyvinga for 2013 er på 66,9 mill. kroner.

Det ligg an til eit lågere forbruk av løyvinga i 2013 enn venta. Dette er knytta til lågare bruk av tilretteleggingstilskott for arbeidssøkarar og funksjonsassistent i arbeidslivet enn lagt til grunn for løyvinga.

Tilretteleggingstilskott var ei ny ordning i 2012. Det tar normalt noko tid før nye ordningar vert kjent og tatt fullt i bruk.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 640 Arbeidstilsynet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod

Løyvinga for 2013 er 10,3 mill. kroner.

Posten dekkjer kostnader som Arbeidstilsynet har ved å administrere ordninga med regionale verneombod i overnattings- og serveringsverksemdene og reinhaldsbransjen.

Då ordninga er ny, er mellom anna dei siste av totalt 12 regionale verneombod ikkje tilsette før i mars 2013. Arbeidsdepartementet foreslår difor å sette ned løyvinga med 3,3 mill. kroner til 7 mill. kroner for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, sett i samanheng med ein tilsvarande reduksjon av kap. 3640, post 08.

Kap. 3640 Arbeidstilsynet

Post 08 Refusjon utgifter regionale verneombod

Løyvinga for 2013 er 10,3 mill. kroner.

Inntektene på posten er refusjonar for utgifter til drift av regionale verneombod som vert administrerte av Arbeidstilsynet. Utgiftene vert førte under kap. 640, post 21.

Då ordninga er ny er mellom anna dei siste av totalt 12 regionale verneombod ikkje tilsette før i mars 2013. Arbeidsdepartementet føreslår difor å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner til 7 mill. kroner for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, sett i samanheng med ein tilsvarande reduksjon av kap. 640, post 21.

Kap. 660 Krigspensjon

Post 70 Tilskott, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 149 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på militære krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting vert litt lågare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 71 Tilskott, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 334 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting vert litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 11 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

Post 70 Tilskott

Løyvinga for 2013 er196,610 mill. kroner.

Avgiftsinntektene er justert opp med om lag 38 mill. kroner, mens stønadsutgiftene er justert ned med om lag 11 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på administrasjonsbudsjettet med 0,8 mill. kroner som følgje av at tidspunktet for sluttføringa av IKT fornyingsprosjektet PTS 2013 er forskuva frå 2013 og ut i 2014, med tilhøyrande forskyving av kostnader. Den totale økonomiske ramma for PTS 2013 vert ikkje endra som følgje av reduksjonen i 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 48,2 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

Post 70 Tilskott

Løyvinga er 1 861 mill. kroner i 2013.

I overslaga er det skilt mellom AFP etter reglane som var gjeldande til og med 2010, og dei nye reglane som gjeld for alle arbeidstakarar som tok ut AFP med verknadstidspunkt tidlegast 1. januar 2011.

Talet på mottakarar og gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt høgare enn forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene vert litt høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, både for dei nye reglane og dei gamle reglane.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 59 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år

Post 70 Tilskott, overslagsløyving

Løyvinga er på 419 mill. kroner i 2013.

Talet på mottakarar ser ut til å bli litt lågare enn forventa, mens gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt høgare enn forventa. Samla sett reknar ein med at utgiftene vert litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

Post 24 Driftsresultat

Løyvinga for 2013 er 1,834 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 24 med 0,5 mill. kroner.

Forslaget til justering av driftsresultatkravet er knytt til følgjande endringar:

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving

Departementet foreslår ein auke i driftsinntektene med 6,3 mill. kroner til 609,4 mill. kroner. Auken i driftsinntektene skuldast i hovudsak fleire behandla lånesøknader og auka inntekter frå kapitalforvaltningsområdet.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Departementet foreslår ein auke i driftsutgiftene med 28 mill. kroner knytt til gjennomføringa av ulike prosjekt og tiltak i Statens pensjonskasse, mellom anna oppgradering av økonomisystemet i samband med innføring av ny statleg kontoplan, tiltak knytt til fleire uttak av AFP og gjennomføring av eit prosjekt knytt til premieberekning i Statens pensjonskasse. Løyvingane under underpost 24.5 og 24.6 vert i sum foreslått redusert samla med tilsvarande beløp, jf. omtale under underpost 24.5 og 24.6.

Departementet foreslår vidare ein auke i driftsutgiftene med 6,3 mill. kroner som følgje av fleire behandla lånesøknader og fordi kostnadane knytt til legeerklæringar i uføresakene ikkje vart redusert i det omfang som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2013.

Samla foreslår Arbeidsdepartementet ein auke i driftsutgiftene med 34,3 mill. kroner til 489,6 mill. kroner.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

Departementet foreslår ein auke av underpost 24.4 med 0,5 mill. kroner til 21,9 mill. kroner. Auken skuldast bruk av om lag 13 mill. kroner i lånefinansierte overførde midlar i 2013.

Underpost 24.5 Til investeringsføremål

Underposten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap 5470, post 30. Departementet foreslår ein reduksjon av løyvinga med 18,1 mill. kroner knytt til gjennomføringa av ulike prosjekt og tiltak i Statens pensjonskasse, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.2, post 45 og kap. 5470, post 30.

Underpost 24.6 Til reguleringsfond

Departementet foreslår å trekkje 10 mill. kroner frå reguleringsfondet som følgje av gjennomføringa av ulike prosjekt og tiltak i Statens pensjonskasse, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.2. Som følgje av dette vil reguleringsfondet utgjere om lag 33 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga for 2013 er 29,8 mill. kroner.

Dei eigenfinansierte investeringane reduserast, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5 og kap. 5470, post 30.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 18,1 mill. kroner.

Kap. 5470 Statens pensjonskasse

Post 30 Avsetning til investeringsføremål

Løyvinga for 2013 er 18,1 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 18,1 mill. kroner.

Kap. 2541 Dagpengar

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 10 000 mill. kroner.

Departementet anslår dagpengeutbetalingane i 2013 til 10 200 mill. kroner, med grunnlag i tal til og med september 2013. Det vert no lagt til grunn ei noko høgare pårekna arbeidsløyse i 2013. Det vert samstundes lagt til grunn at ein større del av ledige får dagpengar. Den venta aukinga i gjennomsnittleg yting vert noko redusert samanlikna med overslaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 200 mill. kroner.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

Post 04 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar mv. busett i Noreg

Løyvinga for 2013 er på 3 mill. kroner.

Frå 1. juni 2012 vart det innført ei ny refusjonsordning for utbetalte dagpengar til personar som bur i Noreg, som har blitt heilt arbeidslause frå arbeid i eit anna EØS-land. Rutinar for ordninga er enno ikkje på plass. På usikkert grunnlag er det no ikkje venta innbetalte refusjonar under denne posten i 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 750 mill. kroner.

Utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga er sterkt konjunkturavhengige, og det er særleg talet på konkursar på landsbasis, talet på tilsette og lønnsnivået for desse som påverkar den samla utbetalinga. Økonomien i det einskilde buet har også stor innverknad på utbetalingane og moglegheitene for å innkrevje dividenden.

Hittil i 2013 er det ei auke i talet på konkursar. Endringa 1. halvår er på om lag 26,6 pst. samanlikna med same periode i 2012. Som ei følgje av dette har talet på saker inn til garantiordninga auka med om lag 7,8 pst. i same periode. Dette er noko høgare enn tidlegare venta. Talet på saker til behandling er også noko høgare for inneverande år.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 65 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er på 2 481 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser at overslaget for utbetalinga til overgangsstønad bør justerast noko samanlikna med overslaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 49 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er på 370 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2013 er på 55 mill. kroner.

Utviklinga så langt i år viser at både gjennomsnittleg utbetaling og talet på mottakarar av utdanningsstønad kan bli noko høgare enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Post 75 Tilskott til flytting for å komme i arbeid

Løyvinga for 2013 er på 300 000 kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 100 000 kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2013 er på 785 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på mottakarar vert litt lågare enn lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar mv.

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 32 820 mill. kroner.

I Prop. 149 S (2012–2013) er det lagt til grunn ein vekst i talet på trygdefinansierte sjukepengedagar per sysselsett på 2 pst. frå 2012 til 2013.

Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2013 tilseier ein nullvekst i talet på sjukepengedagar per sysselsett frå 2012 til 2013. Arbeidsdepartementet legg for 2013 til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 4,2 pst., som er noko høgare enn lagt til grunn for løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013). Samstundes legg Arbeidsdepartementet til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 1,1 pst., som er noko lågare enn lagt til grunn for løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013). Samla sett gir dette lågare sjukepengeutbetalingar i 2013 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 520 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 1 660 mill. kroner.

Det trygdefinansierte sjukefråveret for sjølvstendige er venta å bli noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 550 mill. kroner.

Utgiftene i 2013 ser ut til å bli noko lågare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 35 641 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2013 er noko lågare enn lagt til grunn i Prop. 149 S (2012–2013). Ein legg no til grunn eit gjennomsnittleg tal på 165 200 mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2013 mot 166 300 mottakarar i Prop. 149 S (2012–2013). Samstundes er utbetalinga per mottakar høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 169 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 465 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 70 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2013 er 350 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 23 368 mill. kroner.

Utgiftene i 2013 har auka meir enn venta. Talet på mottakarar er noko lågare, samstundes er veksten i utbetalingane per mottaker høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samla sett gir dette ein auke i utgiftene til grunnpensjon.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 42 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 36 159 mill. kroner.

Utgiftene i 2013 har auka noko mindre enn venta fordi talet på mottakarar er lågare. Samstundes er veksten i utbetalingane per mottaker noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Samla sett gir dette ein reduksjon i utgiftene til tilleggspensjon.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 159 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 2 246 mill. kroner.

Utgiftene i 2013 har auka noko mindre enn venta fordi talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Post 75 Mènerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er på 114 mill. kroner.

Utgiftene ser ut til å bli noko høgare enn rekna med då løyvinga vart fastsett.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er på 68 mill. kroner.

Utgiftene ser ut til å bli noko lågare enn rekna med då løyvinga vart fastsett.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 1 770 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 10 mill. kroner lågare enn løyvinga. Grunnen er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 1 690 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 10 mill. kroner lågare enn løyvinga. Årsaka er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel mv. under arbeid og utdanning

Løyvinga for 2013 er 145 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har auka mindre enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 74 Tilskott til bilar

Løyvinga for 2013 er 740 mill. kroner.

Det er venta ein auke i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har samanheng med ein auke i utgifter til kjøp av gruppe 2-bilar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 65 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2013 er 2 599,1 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,9 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2013 er 245 mill. kroner.

Utgiftene har auka noko mindre enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2013 er 1 110 mill. kroner.

Utgiftene er venta å verte 10 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene aukar for alle enkeltstønader.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2013 er 401 mill. kroner.

Utgiftene er venta å verte 31 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga som følgje av at volumveksten er lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Redusert volumvekst har samanheng med at ein har gått over til ny innkjøpsordning for høyreapparat.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 31 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 56 216 mill. kroner.

Ein reknar med at antall mottakarar og gjennomsnittleg yting vert noko høgare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 54 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 102 517 mill. kroner.

Ein reknar med at antall mottakarar vert litt lågare enn lagt til grunn ved løyvinga og at gjennomsnittleg yting vert litt høgare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga. Samla sett reknar ein med at utgiftene vert litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 67 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 5 921 mill. kroner.

Oppdaterte berekningar viser at antall mottakarar vert noko høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 49 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 1 241 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på mottakarar og den gjennomsnittlige grunnpensjonen vil verte litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 49 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 995 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på mottakarar og den gjennomsnittlige tilleggspensjonen vil verte litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 45 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er 95 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på mottakarar og det gjennomsnittlige særtillegget vil verte litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2013 er på 200 mill. kroner.

Talet på mottakarar og gjennomsnitteleg yting ser ut til å bli litt lågare enn forventa.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 14 mill. kroner.

Kap. 2690 Diverse utgifter

Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet

Løyvinga for 2013 er 330 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og utgiftene er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga til og med september er det grunn til å justere ned løyvinga for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 77 Pasientar frå gjensidighetsland mv.

Løyvinga for 2013 er 130 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og utgiftene er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga til og med september justeres løyvinga opp for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 45 mill. kroner.

Kap. 3635 Ventelønn mv.

Post 85 Innfordring av feilutbetaling av ventelønn

Løyvinga for 2013 er 1,1 mill. kroner.

Departementet anslår innfordringar av feilutbetalingar i 2013 til 1,2 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner.

Kap. 3642 Petroleumstilsynet

Post 03 Gebyr tilsyn

Løyvinga for 2013 er 46,9 mill. kroner.

Posten omfattar gebyr for Petroleumstilsynet sitt tilsyn med helse-, miljø og sikkerheit i petroleumssektoren.

Overslaga viser at det vert ei meirinntekt på om lag 27,5 mill. kroner på denne posten i 2013.Ein årsak til dette er at det frå 1. januar 2013 er innført eit nytt finansieringssystem for Petroleumstilsynet. Finansieringssystemet er lagt om frå ei refusjonsordning til ei gebyrordning og ei sektoravgift. Praksisen i det nye finansieringssystemet har medført at fordelinga mellom sektoravgift og gebyr i 2013 har vore ein anna enn lagt til grunn for løyvingane.

Samstundes er praksisen for utfakturering innskjerpa slik at større delar av dei opptente inntektene for gebyr i 2013 vil bli innbetalte i 2013. Dette er gjort for å unngå for store forskyvingar mellom rekneskapsperiodane.

Samla sett vil dette for 2013 gje auka inntekter på posten på om lag 27,5 mill. kroner. Samstundes vil det på kap. 5571, post 70 vere ein reduksjon i inntekter på om lag 27,5 mill. kroner, jf. kap 5571, post 70 nedanfor.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 27,5 mill. kroner.

Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeidsdepartementet

Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift

Løyvinga for 2013 er 74 mill. kroner.

Posten omfattar sektoravgift som Petroleumstilsynet har for faktiske kostnader for oppfølging av næringa.

Petroleumstilsynet har for 2013 innført eit nytt finansieringssystem. Omlegginga til eit nytt og meir komplekst internt system for å berekne aktivitetstimar i etaten har tatt lengre tid enn venta, og utfaktureringa har difor blitt forseinka.

Praksisen for utfakturering er innskjerpa slik at større delar av dei opptente inntektene for sektoravgift i 2013 vil bli innbetalte i 2013. Dette er gjort for å unngå for store forskyvingar mellom rekneskapsperiodane.

Samstundes har rekruttering til nye stillingar i samband med auken av driftsløyvinga på kap. 642, post 01 på 20 mill. kroner for 2013 tatt lengre tid enn venta, då det har vist seg vanskeleg å få tilgang på naudsynt kompetanse. Dette har ført til færre fakturerte timar enn først berekna.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 27,5 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga for 2013 er 570 mill. kroner.

Posten omfattar mellom anna tilbakebetaling av for mykje utbetalt til stønadsmottakarar og legar og inntekter frå renter og avdrag på attføringslån. Innbetalingar pr. 31. august 2013 var 543 mill. kroner. Samla inntekter er venta å verte 709,5 mill. kroner på posten for 2013.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 139,5 mill. kroner.

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2013 er på 925 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2012, som er innbetalt til folketrygda i 2013, vert overslaget for 2013 89,9 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 89,9 mill. kroner.

Post 73 Refusjon frå bidragspliktige

Løyvinga for 2013 er på 330 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til forskottering på kap. 2620 post 76. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert litt lågare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 74 Refusjon medisinsk handsaming

Løyvinga for 2013 er på 20 mill. kroner.

Inntektene på denne posten varierer mykje frå år til år og er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert om lag 30 mill. kroner høgare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om auke løyvinga med 30 mill. kroner.