Prop. 74 S (2012–2013)

Noregs deltaking i europeiske romprogram

Til innhaldsliste

5 Kontingent i ESA

Utgiftene til administrasjons- og vitskapsprogrammet til ESA blir dekte gjennom obligatorisk innbetaling av kontingent frå medlemslanda. I ESA-konvensjonen, som Noreg slutta seg til i 1987, blir det slått fast at medlemslanda skal betale kontingent etter ein skala som blir vedteken med to tredels fleirtal. Skalaen byggjer på den gjennomsnittlege netto nasjonalinntekta (NNI) i medlemslanda for dei siste tre åra. Kontingenten blir betalt i euro.

I perioden 2009–2011 har Noreg betalt ein kontingent til ESA som tilsvarer 2,24 prosent av totalbudsjettet. Den norske delen for perioden 2012-2014 var opphavleg sett til 2,46 prosent av totalbudsjettet. Årsaka til auken er at den økonomiske utviklinga i Noreg har vore god samanlikna med fleire europeiske land dei siste åra. Etter at Polen vart medlem av ESA i november, er Noregs bidrag for 2013-2014 korrigert til 2,39 prosent.

Det vart vedteke å halde driftsbudsjettet for perioden 2013-2017 på dagens nivå, berre auka med bidraga frå dei nye medlemslanda Romania (frå 2011) og Polen.

Drifta av oppskytingsbasen CSG Kourou i Fransk Guyana er knytt til den obligatoriske kontingenten. Bidraget frå kvart enkelt medlemsland blir rekna ut etter ein skala basert på netto nasjonalinntekt og på kor stor del av industrireturen til landet som går til Ariane-rakettane. Noreg skal bidra med 1,5 prosent til drifta av CSG Kourou i perioden 2013-2017.

I Prop. 1 S (2012–2013) vart det teke omsyn til det opphavlege nivået på den norske kontingenten på 2,46 prosent. Valutakursjusteringar kan føre til justering av kontingenten for 2013.