Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Direktivet vil føre til behov for endring i lova om betalingssystem og lova om finansiell trygdgjeving. I lova om betalingssystem vil det vere naudsynt å gjere endringar i einskilde definisjonar, m.a. vert definisjonen av trygd (collateral security) presisert i direktivet ved å vise til finansiell trygdgjeving som vert omtala i direktivet om finansiell trygdgjeving. Det må òg innførast nye definisjonar av kva som er meint med bankdag (business day), samverkande system og systemansvarleg. I føresegnene i kapittel 4 om rettsvern og trygd for avreknings- og oppgjersavtaler i lova vil det måtte presiserast ytterlegare når ordrar og avrekning av ordrar er juridisk bindande, òg i ein situasjon med insolvens hos ein deltakar i eit system eller eit samverkande system eller hos den systemansvarlege for eit samverkande system.

I tillegg til visse tekniske justeringar må Noregs Bank si meldeplikt til EFTAs overvakingsorgan utvidast til òg å omfatte systemansvarlege.

I lova om finansiell trygdgjeving vil det vere behov for endringar i definisjonar, m.a. definisjonen av finansiell trygdgjeving med omsyn til gjeldsfordringar. Det må òg innførast ein definisjon av gjeldsfordringar. I lova må det dessutan presiserast at styresmaktene kan stille krav om registrering eller melding av slike fordringar, at gjeldsfordringa sin debitor, uavhengig av lova om kredittkjøp, kan fråseie seg retten til motrekning overfor kreditor og gje avkall på teieplikta til kreditor som elles ville hindre eller avgrense kreditor sitt høve til å leggje fram informasjon om gjeldsfordringa eller debitor for å kunne bruke gjeldsfordringa som trygdgjeving.

Det må dessutan vurderast om ein skal ha ein regel som gjer det mogleg å halde gjeldsfordringar der debitor er ein forbrukar eller ei lita eller mellomstor bedrift, utanfor definisjonen av gjeldsfordringar i lova.Finansdepartementet vil fremme ein eigen proposisjon til Stortinget med dei naudsynte lovendringane.