Prop. 94 S (2010–2011)

Auka låneramme i Husbanken

Til innhaldsliste

5 Framlegg om endringar

Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 5 mrd. kr i 2011, frå 15 mrd. kr til 20 mrd. kr, jf. framlegg om endra løyvingar og framlegg til romartalsvedtak.

På bakgrunn av framlegget om å auke låneramma, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2011 på kap. 2412, post 90 Lån frå Husbanken med 1 069,4 mill. kr til 15 187,0 mill. kr og på kap. 5312, post 90 Avdrag med 685,8 mill. kr til 9 911,0 mill. kr. Regjeringa gjer òg framlegg om å redusere løyvinga på kap. 5615, post 80 Renter med 248,4 mill. kr til 3 915,0 mill. kr.

Til forsida