Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1651 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på åremål frå 1. januar 2017 og ut 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 359 061 kroner i 2017. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 156 606 kroner. Sentralbanksjefens pensjon er regulert gjennom ei eiga pensjonsordning for sentralbanksjef og visesentralbanksjef. Maksimalt pensjonsgrunnlag er 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G).

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2017 utgjorde løna til no avgått administrerande direktør 3 097 000 kroner per år, pensjonsutgiftene 238 000 kroner og anna godtgjersle 34 000 kroner. Administrerande direktør sa opp si stilling 30. oktober 2017. Ho hadde 6 månaders oppseiingstid med dei siste tre månadene utan arbeidsplikt. Arbeidsavtalen gav rett til etterløn i 12 månader, rekna frå oppseiingsstidas slutt. Løna på sluttidspunktet var 3 060 000 kroner per år som òg er grunnlaget for berekning av etterløna. Det er ikkje knytt feriepengar eller pensjonsrettigheter til etterløn. All inntekt frå anna arbeid vert trekt frå etterløna.

Folketrygdfondet har frå 1.1.2016 ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. I tillegg hadde avgått administrerande direktør ein avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år skulle ha pensjonsrettar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse (SPK). Dette hang saman med at administrerande direktør etter sin tidlegare åremålsavtale med staten før Folketrygdfondet vart omgjort til særlovsselskap, hadde ein slik oppteningsrett. Denne retten vart ført vidare i arbeidsavtalen med Folketrygdfondets styre. Utgiftene vert dekte av Folketrygdfondet.

Pensjon for avgått administrerande direktør frå 65 til 67 år skal dekkjast av Folketrygdfondet. Dersom administrerande direktør i perioden 65 til 67 år tek imot yting knytt til sykdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i SPK og innskottspensjon frå 67 år.

Ny administrerande direktør byrja i stillinga 1. september 2018 med avtalt løn 3 450 000 kroner per år. Han pliktar å fråtre si stilling ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.

Til forsida