Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på åremål frå 1. januar 2017 til 31. desember 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 227 637 kroner i 2016. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 135 869 kroner. Sentralbanksjefens pensjon er regulert gjennom ei eige pensjonsordning for sentralbanksjef og visesentralbanksjef. Maksimalt pensjonsgrunnlag er 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G).

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2016 utgjorde løna til administrerande direktør 3 016 000 kroner, pensjonsutgiftene 243 000 kroner og anna godtgjersle 47 000 kroner.

Administrerande direktør har rett, men inga plikt, til å gå ut av stillinga ved fylte 65 år. Folketrygdfondet har frå 1.1.2016 ei avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. I tillegg har administrerande direktør ei avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år vil ha pensjonsrettar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse (SPK). Dette heng saman med at administrerande direktør etter sin tidligare åremålsavtale med staten før Folketrygdfondet vart omgjort til særlovsselskap, hadde ein slik oppteningsrett. Denne retten er ført vidare i tilsettingsavtalen med Folketrygdfondets styre. Utgiftene vert dekte av Folketrygdfondet.

Oppseiingstida er seks månader. Den administrerande direktøren har rett til etterløn tilsvarande 12 månaders pensjonsgjevande løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom ho vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Etterløna vert fastsett til 18 månaders pensjonsgjevande løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom oppseiingstida går ut etter fylte 62 år. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna. Til frådrag i etterløna går all inntekt vunne ved arbeid, som godtgjersle for tenester, verv o.l., i etterlønsperioden.

Pensjon for administrerande direktør fra 65 til 67 år skal dekkjast av Folketrygdfondet. Dersom admnistrerande direktør i perioden 65 til 67 år tek imot yting knytt til sykdom eller ervervsuførhet, frå Nav og/eller tenestepensjonsordninger, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i SPK og innskuddspensjon frå 67 år.

Til forsida