Prop. 100 S (2016–2017)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen no gjeld berre lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har óg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd. For tida før 1. januar 1996 blir pensjon av statskassa gjeve som tillegg til den pensjonsgjevande tenestetida. I vedlegget blir denne tida omtala som tilleggstid.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar. Dette er òg tatt inn i utanriksinstruksen: «lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger

Utanriksstasjonane skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Dette blir gjort gjennom kurs og opplæring av ansvarlege medarbeidarar, og ved pålegg til alle stasjonane om å følgje opp. Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp på pensjoneringstidspunktet. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.

Til forsida