Prop. 148 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Nord-Trøndelag grense – Korgen, inkl. Brattåsen – Lien i Vefsn og Grane kommunar (E6 Helgeland sør) i Nordland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Som grunnlag for finansieringsvurderingane i Prop. 55 S (2013–2014), vurderte Statens vegvesen korleis innkrevjinga av bompengar vil påverke trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonssnitta. Trafikkanalysen blei gjort med bruk av Regional transportmodell (RTM) og tilleggsvurderingar med grunnlag i trafikkteljingar på dagens veg. Det blei nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga. Trafikkprognosane som er lagt til grunn i finansieringsanalysen for E6 Helgeland sør, er noko justerte som følgje av nye trafikkteljingar og nokre tilleggsvurderingar.

Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det rekna med ein samla ÅDT på 5 130 køyretøy gjennom dei tre bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2016. Utan bompengar er ÅDT rekna til om lag 5 450 køyretøy. Innkrevjinga av bompengar er følgjeleg rekna til å gi ein reduksjon i trafikken på om lag 6 pst. Det er ikkje lagt til grunn trafikkoverføringar til andre vegruter. Tabell 4.1 viser venta ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i 2016, samanlikna med forventa ÅDT utan innkrevjing av bompengar.

I trafikkprognosane som er utarbeidde for Nordland i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg årleg trafikkvekst på 0,9 pst. i perioden 2010–2014, 0,5 pst. i perioden 2015–2023, 0,7 pst. i perioden 2024–2030 og 0,5 pst. etter 2030. På bakgrunn av dette er det lagt til grunn ein generell trafikkvekst i bompengeperioden på i gjennomsnitt 0,5 pst. per år.

Tabell 4.1 Forventa ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2016.

Bomstasjonssnitt

Utan bompengeinnkrevjing

Med bompengeinnkrevjing

Svenningvatn

1 150

1 140

Kommunegrense Grane/Vefsn

2 000

1 920

Fusta

2 300

2 070

Sum

5 450

5 130